DAGBOK ACONCAGUA 2013


Sjå fleire bilete frå ekspedisjonen nederst på denne sida (Foto: Brynjulv Eide)

 

TYSDAG 26. FEBRUAR


Brynjulv melder at dei har hatt eit par flotte dagar i Mendoza, med besøk på vingård (dette området er kjent for gode vinar) og nokon har til og med flydd i paraglider. Dei har hatt avskjedsmiddag med dei lokale guidane Micky og Mariano som har gjort ein fantastisk jobb. No sit dei på flyet heimover igjen til Norge. Ein lang og begivenheitsrik ekspedisjon er over.
- Jarle

 

LØRDAG 23. FEBRUAR


I dag gjekk dei inn til Confluencia på normalruta i Horoconesdalen. Sjølv på denne høgda var det svært sterke vindar. No er den fysiske delen av turen over, i morgon køyrer dei til storbyen Mendoza. Der blir det nok ein aldri så liten fest vil eg tru... Når ein har vore så lenge i villmarka er det alltid kjekt å ta seg ein solid kveld på byen. Det å sjå masse menneske rundt seg, å eta frå porselentallerkar og ikkje minst å faktisk kunne sitta på ein doring når ein går på do... alt dette er no luksus for gjengen vår.
Takk for at du har fulgt med på denne sida undervegs. Om nokre få dagar er alle heime igjen i Norge og dei har sikkert mange minner og bilete å dela med familie, vennar og kollegaer.
Eg legg nok ut nokre bilete på denne sida når eg får bileta som Brynjulv har tatt.
- Jarle

 

FREDAG 22. FEBRUAR


Brynjulv ringte frå Pampa de Lenas i dag tidleg. Dei kom ned hit i går og skal i dag gå vidare ned til Punta del Inka. Ein stor gjeng nådde onsdag toppen av Evanez på nesten 5500 meter. Eit stort fjell når du startar toppstøtet heilt nede frå Base Camp på 4200 meter. Men sjølvsagt ikkje fullt så stort når du står på toppen og ser opp på Aconcagua som ragar nesten 1500 meter over deg. Det vart dermed ein flott avslutning på turen sjølv om dei ikkje nådde hovudmålet denne gongen. Dei blir dei to neste nettene i Punta del Inka, og i morgon går dei ein fin fjelltur innover Horocones-dalen som er normalruta på Aconcagua.
- Jarle

 

TYSDAG 19. FEBRUAR


Desverre, det gjekk ikkje... Værvinduet som me håpa på slo ikkje til, og svært kraftige vindar herjar no på fjellet igjen. Gjengen vår hadde to tøffe netter sjølv heilt nede i Camp 1 som i utgangspunktet ligg skjerma for vestavinden. Temperaturen inne i teltet til Brynjulv var minus 10 grader natt til i dag, og vinden reiv i teltet heile natta. Korleis forholda då er i Camp 2 og endå høgare på fjellet er vanskeleg å forestille seg. Slik er det med Aconcagua. Når dette fjellet er i dårleg humør og ikkje vil ha besøk er det berre å halda seg langt unna. I følge Brynjulv har det i år vore svært mange frostskadar på fjellet.

 

Men gjengen heng ikkje med hovudet av den grunn. Dei har endra fokus til eit anna fjell som ligg rett sørvest for Aconcagua. Og sjølv om dette fjellet er langt lågare enn Aconcagua, er det likevel eit 12 timars og 1300 høgdemeters toppstøt opp ei spektakulær rute til toppen. Utsikta inn i Aconcaguas sørvegg skal vera heilt spesiell frå denne toppen. Vinden kjem nok til å ta godt også her, så det er slett ingen opplagt sak at dei når toppen. Følg med her i morgon kveld så håpar eg å få lagt ut ein fersk rapport frå Brynjulv korleis det gjekk.
- Jarle

 

SUNDAG 17. FEBRUAR


Brynjulv melder at dei kom opp til Camp 1 i dag, og slik det ser ut no blir det to overnattingar her. Det er ikkje forsvarleg å gå over 5500 meter no fordi ein då vil møta dei vestlege vindane med full styrke. Men den positive nyheita er at det er meldt litt mindre vind onsdag og torsdag, så det kan vera eit lite håp om at det er mogeleg å toppe ut då. Men dei må imidlertid gjera det frå Camp 2 fordi me ikkje vil risikera å ha gjengen i Camp 3 dersom vinden skulle bli kraftigare enn meldt. Dei må derfor evt. forsøka seg frå Camp 2 direkte til toppen, dvs. eit toppstøt på nesten 1500 høgdemeter. Tøft, men absolutt mogeleg - og ikkje minst mykje tryggare slik forholda er no. Gjengen er ved godt mot og i god form. Bursdagen til Erling vart feira i går, så det har blitt ein del feiringar i det siste... Ellers melder Brynjulv at det største problemet er mus som tar seg inn i telta både i Base Camp og Camp 1 og går laus på utstyr og bekledning. Reknar med at dei ikkje har lært seg korleis ein glidelås virkar, så dei gneg seg sannsynlegvis gjennom teltduken. Neste år må nok musefelle med på utstyrslista...
- Jarle

 

FREDAG 15. FEBRUAR


No er dei vel nede igjen i luksustilværelsen i Base Camp etter nokre litt meir primitive dagar høgare på fjellet. To netter i Camp 1 på 5000 meter er perfekt akklimatisering, for så å gå ned igjen til Base Camp for å restituera. Både immunfosvar og apetitt blir dårlegare i høgda, så det er svært viktig å gå ned for å kvila mellom slaga høgare på fjellet. Torsdag var dei heilt opp til Camp 2 på 5500 meter med ein del utstyr, slik at det blir mindre å bæra på toppstøtet. Sundag startar dei oppover mot toppen. Planen er då å ha ei overnatting i Camp 1, to i Camp 2 og siste natta i Camp 3 før dei tar dei siste 1000 høgdemetrane mot toppen på torsdag. Men - det er berre å innsjå at det ser ikkje veldig lyst ut akkurat no med hensyn til værmeldingane. Utruleg sterke vindar har prega dei siste vekene på Aconcagua, og det ser ut til å fortsetta den neste veka. Så vidt me veit er det nesten ingen som har vore på toppen på veldig lenge. Vanlegvis er det beste værvinduet på Aconcagua heilt på slutten av sommaren, men ikkje slik i år ser det ut til. Men dei gir sjølvsagt ikkje opp. Forhåpentlegvis åpnar det seg ein mogelegheit, me får kryssa fingrane for at metereologane er for pessimistiske. Men vindane på Aconcagua skal ein ha den største respekten for, det er definitivt den største værmessige utfordringa på dette fjellet. Men dei har eit par dagar å gå på, så dei kan avventa i Camp 3 dersom det ser ut som det blir betre på fredag eller lørdag.
- Jarle

 

TYSDAG 12. FEBRUAR


Brynjulv melder at dei i går var opp til Camp 1 på 5500 meter med utstyr. I dag slappar dei av i Base Camp og nyt livet. Det er slik ekspedisjonslivet er. Store kontrastar frå dag til dag! I morgon går dei opp att til Camp 1 og dagen etter flyttar dei litt utstyr opp til Camp 2 på 5500 meter. Kraftig høgdevind har gjort at det er få som har nådd toppen den siste veka. Men heldigvis har det ikke vore spesielt mykje vind lenger ned på fjellet, så gjengen vår har det veldig bra. Brynjulv sa også at dei aller fleste er i toppform og at det var ei sterk gruppe som kom opp til Camp 1 i går - dette lovar bra! Ellers vart 27-årsdagen til Hans feira med song og norske flagg i går, og i morgon er det Tone sin tur - og då er det sjølvaste 50-års dagen som står for tur...
- Jarle

 

SØNDAG 10. FEBRUAR


Dei kom i går inn til Base Camp - Plaza de Argentina (4200 moh.). På etappen inn hadde dei omsider strålande vær og elvane gjekk heldigvis litt ned slik at dei vart enklare å kryssa. I dag har dei kviledag. På store ekspedisjonar er kviledagane like viktige som akklimatiseringsdagane. Ein må få restituert seg etter strabasane og kroppen brukar lenger tid på dette dess høgare ein kjem. Ellers så melder Brynjulv om at det har gått mange jordskred over bilvegen frå Mendoza til Punta del Inca, så det ser ut som uværet dei siste dagane verkeleg har vore noko utanom det vanlege. Nasjonalparkmyndigheitene har i følge det Micky og Brynjulv har fått informasjon om no stengt fjellet for fleire ekspedisjonar denne sommaren. På grunn av forholda i fjella legg me sannsynlegvis om strategien for å unngå å bruka leir 2 under Polskebreen på 5850 moh. Det blir då 3 leirar oppover, i staden for 2 som me har hatt før. Alle er friske og raske, og i morgon skal dei for første gong opp til leir 1 på ca. 5000 meter.
- Jarle

 

FREDAG 8. FEBRUAR


Brynjulv melder om ein frisk men våt gjeng i Casa di Piedra, den siste leiren før Base Camp. Dei siste to dagane har det vore mykje regn i Vacasdalen. Dette er uvanleg, me har faktisk knapt opplevd nedbør i form av regn tidlegare på alle våre Aconcagua-ekspedisjonar. Det einaste me har opplevd før er litt snø høgt på fjellet. Forhåpentlegvis blir været litt lettare i morgon når dei skal gå den flotte etappen inn til Base Camp. Det blir også meldt om at det er store værutfordringar på fjellet, mange grupper har avbrutt toppstøt og returnert til Base Camp. Ikkje spesielt kjekt å få slike meldingar når ein er på veg til Base Camp - men slik er det alltid - negative meldingar frå fjellet kan gjera sjølv den største optimist skeptisk. Men for vår gjeng er det godt å vita at det fortsatt er 12-13 dagar til toppstøtet, så været vil nok som vanleg roa seg ned innan den tid.
- Jarle

 

TYSDAG 5. FEBRUAR


Dei overnattar i Punta del Vacas i natt, og startar å gå innover Vacasdalen i morgon. Vandreturen inn til Base Camp tar fire dagar, og er ein fantastisk flott tur i seg sjølv. Det tørre klimaet på austsida av Andesfjella gjer at naturen er heilt spesiell, med tørre kaktusliknande plantar og ellers lite vegetasjon. Kanskje er dei heldige og ser ein condor som svevar høgt på himmelen, eller ein guanaco langt oppe i den bratte lia (ein variant av lama). Dei er utanfor mobildekning i Vacasdalen, så frå no av mottar eg oppdateringar på satellitt-telefon med nokre dagars mellomrom.
- Jarle

 

MANDAG 4. FEBRUAR


Og ikkje før hadde eg skrevet forrige oppdatering før den oppløftande meldinga kom frå Brynjulv: All bagasjen er på plass i Mendoza! Dette betyr at avreise ikkje treng å bli forsinka i det heile tatt, dei kan begynne å gå innover dalen i morgon formiddag dersom dei reiser forholdsvis tidleg med buss til Punta de Vacas. Då slepp ein overnattingen på det enkle herberget i Punta del Inca. Men den endelege beslutninga om dette overlater eg til Brynjulv og Micky, den dyktige lokale turledaren som har vore med på alle våre Aconcagua-ekspedisjonar opp gjennom åra. No kan ekspedisjonen endeleg starte for alvor!
- Jarle

 

Det blir meir biff enn planlagt for gjengen... Bagasjen har ikkje dukka opp endå, men det er eit håp om at den kjem med eit fly i ettermiddag lokal tid. Det er kun Birgitta som fekk bagasjen sin ved ankomst Mendoza. Akkurat samme problem hadde me i fjor, då tok det to dagar før bagasjen dukka opp. Kva er oddsen for at dette skal skje to år på rad? Men det er foreløpig ingen problem med hensyn til akklimatiseringa, me har allerede forskyvd avreise til Punta del Inca til i morgo. Det er der vandreturen startar innover mot Base Camp. Gjengen får god tid til å nyta den varme argentinske sommaren, det kan vera trykkande varmt i Mendoza på denne tida.
- Jarle

 

SUNDAG 3. FEBRUAR


Første rapport frå gruppa etter dei landa i Mendoza var desverre av den typen som ein helst ikkje vil høyra... Nesten alle mangla bagasjen sin ved ankomst Argentina! Kjedeleg, men forhåpentlegvis er den på plass seinast i morgon. Reknar med at Brynjulv får informasjon i kveld om korleis det ligg an. Ellers brukar dei den første dagen til den siste handleturen på lang tid, og sjølvsagt å smaka på den verdensberømte argentinske biffen. Mendoza-området er kjent for å ha kanskje det beste kjøtet i verda!
- Jarle

 

TORSDAG 31. JANUAR


Hans, Torill, Gro, Merete, Marit, Tone, Svein, Erling og Birgitta er no klare for å prøva seg på det største fjellet sør for ekvator. Leda av Brynjulv Eide drar dei på lørdag til Argentina og Mendoza, der dei siste forberedelsane vil bli gjennomført. Deretter brukar dei fire dagar på trekkingen inn til Base Camp ved foten av fjellet.

 

På denne sida vil du få oppdateringar etter kvart som ekspedisjonen nærmar seg målet. Oppdateringar kjem ikkje kvar dag, men me skal prøva å halda dei heime oppdatert om det som skjer på fjellet med få dagars mellomrom.

 

Les meir om detaljar og dagsprogram for ekspedisjonen.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

NB! Vil du vera med i 2014? Ikkje vent lenge med å ta kontakt, det er stor interesse for denne ekspedisjonen.

 


Bilete frå årets ekspedisjon (Foto: Brynjulv Eide)