DAGBOK ACONCAGUA 2008

 

Sjå bilder frå ekspedisjonen.

 

Sjå film:

Etter ein perfekt akklimatisering, nesten utan antydning til høgdesjuke hjå nokon av deltakarane, var me endeleg klar for toppstøtet grytidleg om morgonen 8. februar. Toppstøtet starta kl. 0530 om morgonen. Me vart litt forsinka i forhold til planen om å starte kl. 0500. Dette førte til at nokon fekk kalde tær før me starta, noko me var veldig opptatt av å forhindre i utgangspunktet. Men heldigvis for oss vart dette toppstøtet meir prega av varme enn av kulde - me opplevde omtrent ikkje eit vindpust på heile turen mot toppen. Ned igjen Canaletaen var det største problemet faktisk intens strålevarme frå sola som vart reflektert i snøen, noko mange fekk merka konsekvensen av dagane etterpå i form av solbrente ansikt og lepper.

 

Fantastisk innsats av alle gjorde at me fekk heile 13 personar på toppen. Hovedgruppa på 10 stod på toppen ca. kl. 1530, mens dei 3 neste kom opp 45 minutt seinare. Ove og Olav måtte desverre hiva inn håndkleet forholdsvis tidleg på toppdagen pga. helsemessige plager. Gunn hadde og eit eller anna i kroppen og klarte ikkje siste innspurt opp Canaletaen. Rune B. og Anne hadde ikkje sin sterkaste dag, og snudde også ved botnen av Canaletaen sammen med guiden Rollo. Men alle desse gjorde ein heilt utruleg innsats for å nå målet der oppe... Også turen ned igjen var lang og tøff, og fleire var ikkje i teltet før rett før solnedgang. Dagen etter gjekk me heilt ned til BC og deretter brukte me to dagar på å gå ut Vacas-dalen. Feiringa i Santiago skal me ikkje komma nærmare inn på her, men den vart også lang og tøff...

 

FREDAG 8. FEBRUAR
ME KLARTE DET!!! 13 av oss stod på toppen av Aconcagua i går rundt kl. 1600. Gjengen presterte ein enorm bragd i den ekstremt tynne lufta. Me opplevde hard vind dagen før toppstøtet og mykje nedbør (snø) på sjølve toppstøtet. Alle var einige om at det var det hardaste og tøffaste dei nokonsinne hadde vore med på. Alle er no attende i Base Camp der kokka vår Caroline stod klar med hamburger til alle. I kveld blir det Barbeque og øl... Stemninga har vore på topp heile tida og det er ein superglad gjeng som no legg ut på den to dagar lange trekkingen ut til Punta del Vacas der bussen til Santiago står og ventar på oss. Det store samtale-emnet akkurat no er feiringa som me skal ha i Santiago. Njål har lova å synga karaoke og Tor skal synga 23 vers av den nederlandske nasjonalsongen - me gledar oss... Fleire detaljar kjem seinare. Me er attende i gamlelandet 13. februar.

 

TIRSDAG 5. FEBRUAR
Om 1 time startar me toppstøtet... endeleg! Alle er toppmotiverte, og værmeldingane har heldigvis vorte mykje betre. I dag går me til Camp 1 som står ferdig etablert. I morgo flyttar me leiren heilt opp til Camp 2 på 5800 meter. Torsdag startar me grytidleg om morgonen frå Camp 2 og satsar på å bruke ca. 7-8 timar til topps. Akkurat no er det få skyer i horisonten, både med tanke på været og formen til deltakarane. Me står forhåpentlegvis på toppen torsdag rundt kl. 13 lokal tid (kl. 16 norsk tid). Men det vil ta over eit døgn etter dette før eg får oppdatert nettsida mi. Dersom det blir ekstra overnattingar i Camp 2 vil det ta ytterlegare ein dag eller to før eg får oppdatert. Alle deltakarane helsar til alle heime og ber alle om å kryssa både fingre og tær for oss (så får me håpa me har alle fingre og tær i behold når me kjem ned igjen...)

 

SUNDAG 03. FEBRUAR
Så er me igjen nede i BC etter 4 netter i Camp 1 (5000 meter). Me hadde først ein kviledag, så bar me utstyr til High Pass på 5450 meter og i går var det planen at nokre av oss skulle heilt opp til Camp 2 ved botnen av Polskebreen (5800m) med utstyr. Men det endte faktisk med at alle sammen kom heilt opp i C2. Utruleg sterk gjeng, nesten ingen har fått føla høgesjuken endå - det einaste eg har brukt fra det fyldige medisinskrinet mitt så langt er aspirin... Me skal no kvila i BC 2 netter før me startar toppstøtet. Sidan akklimatiseringa har gått så greit til no, er optimismen svært høg med tanke på toppstøtet. Men... det er alltid eit skår i gleda... værmeldingane er alt anna enn lovande. Det er meldt storm og store snømengder akkurat dei dagane som er aktuelle for toppstøtet vårt, onsdag og torsdag. Me må berre satsa på at langtidsmeldingane her nede er like dårlige som i mange andre fjellområde i verda. Det blir svært surt viss me no skal bli stoppa av været, når alt anna ligg så godt til rette for eit vellykka toppstøt. Eg reknar med å få lagt inn ei oppdatering til innan toppstøtet startar på tirsdag.

 

ONSDAG 30. JANUAR
Beklager dårleg oppdatering på sida i det siste... eg la nok igjen ein beskjed på feil mobilsvarar for nokre dagar sidan... sikkert nokon som undrar seg mykje over den beskjeden... :-)
No er "luksus-oppholdet" i Base Camp over, og i dag flytter me til Camp 1 (5000m). Der skal me bu i 4 netter før me drar ned igjen til BC for å kvila ut før toppstøtet. Me har blitt ein samansveisa gjeng, og viss det er humøret det står på vil alle nå toppen! Me har ein konservativ akklimatiserings-strategi og det gjer at me ikkje har noko problem med høgdesjuke endå. Gjengen imponerer med sin sterke kondisjon og dersom ingenting spesielt skjer begynner eg å bli svært optimistisk angånde kor mange som kjem til å stå på toppen om ei god veke. Været er ustabilt, meir nedbør enn då eg var her for eit år sidan. I C1 skal me først ha ein kviledag, deretter ein akkl.tur til ca. 5400 og tredje dagen når nokre av oss kanskje C2 på 5900m. Mange morsomme episodar - ingen kjedar seg sjølv om me har hatt fleire kviledagar der ingen "får lov" til å gjera noko fysisk. Turens til no artigaste episode oppsto då Monica kjøpte ein boks vatn då me skulle starta frå Puente del Inca. Det viste seg å vera øl, og våre Argentinske guidar undra seg nok over desse tøffe vikingane som klatrar høge fjell med øl på drikkeflaskene... Oppdatering om akkl.turen til C1 når me returnerer til BC på søndag eller mandag. Alle helsar så mykje til kjente og kjære heime!

 

TIRSDAG 22. JANUAR
Vel framme og klare til å ta iferd med "erobringa" av fjellet. Turen har gått greit og me er framme i Puente del Inca. Herifrå skal me starta vandringa inn til BC. Me skal bruka 4 dagar inn til BC. Me har då god tid slik at me får ein fin start på "høgden". Turen inn mot BC går innover den vakre Vacas-dalen. Det er strålande vær og det skal vera maksimale forhold på fjellet. Dette ifg. guiden var, Miguel. "Kjemien" i gruppa er god og optimismen stor. Me er igang, men sjølve eventyret startar no................

 

FREDAG 18. JANUAR
Siste innspurt... Alt er no klart for årets største norske Aconcagua-ekspedisjon. Deltakarane har drøymt om dette i mange, mange år - å stå på toppen av Sør-Amerikas høgaste fjell. Dei neste vekene kjem til å bli eit eventyr, med oppturar og nedturar, intense opplevelsar, fantastisk og ekstrem natur, tøffe tak både fysisk og psykisk, men me satsar på at alt også endar som i eventyret, med ein lykkeleg slutt...

 

Personleg er eg også ydmyk og stolt, som får lov til å leda ein så stor gjeng med dyktige og godt forberedte deltakarar. At alle tiltrur meg å vera den som skal leda dei til topps, er både ei ære og ein utfordring.

 

Det er ingenting som får eit menneske til å bli så godt kjent med seg sjølv, som å klatre eit høgt fjell. I det toppstøtet nærmar seg, vil det nok snika seg inn usikkerheit, frykt og ein følelse av å vera veldig, veldig liten. Dette gjer at me blir ydmyke, og det er bra. Ein tullar ikkje med eit fjell på nesten 7000 meter. Suksess kjem til dei som har forberedt seg optimalt, og som gjer alt riktig på fjellet. Suksess kjem til dei som ikkje trur at det er grenser for kva ein kan klara sammen. Suksess er å komma heim att friske og med nye livslange vennskap knytta. Suksess er resultatet av mot. Ikkje mot på fjellet, me tar ikkje sjangsar... Men mot til å bli med på denne ekspedisjonen. Det er suksess. Å nå toppen er berre krona på verket.

 

Aconcagua, 6963 meter høgt.
MANDAG 14. JANUAR
No er me snart i gang med årets tøffaste og største ekspedisjon. Akkurat no driv heile 16 deltakarar frå heile landet (og Sverige) og pakkar alt for mykje utstyr ned i alt for små ryggsekkar... Min gode venn Martin Hindenes er med som ass. ekspedisjonsledar. Han har på superkort varsel (1 veke), steppa inn for Torunn som desverre måtte melda forfall pga. sjukdom. Me er dermed 18 personar som drar frå Norge laurdag 19. januar. Me har også med oss 2 lokale Argentinske guidar.

 

Eg tippar at dei fleste er spente og forventningsfulle akkurat no. "Kva er det eigentleg eg har gitt meg ut på..." Men med grundige forberedelsar, gjennomtenkt logistikk og fornuftig akklimatisering skal det nok bli ein stor gjeng som står på toppen ca. 7. februar. Å nå toppen er sjølvsagt viktig, men me har også eit anna mål med turen: Å ha ein fin og trygg tur sammen med kjekke turkameratar.

 

Akkurat no les eg på internett at Hvitserk har hatt to av sine åtte deltakarar på toppen. Om det er dårleg vær eller andre årsaker til at ikkje fleire kom opp, seier ikkje meldingane noko om. Det blir spennande å lesa meir om kva forhold det er på fjellet no.

 

Planlegging og organisering har gått veldig fint, med unntak av ein ting, og det bidrar til eit unødvending høgt blodtrykk akkurat no: 70 kilo med frysetørka mat står bom fast i tollen i Buenos Aires. På grunn av uforklarleg og utilgiveleg rot frå transportør, ser det ikkje ut til at eg får frigitt pakkane. Utruleg unødvendig og irriterande, men sånn er det av og til i denne "bransjen". Ein må hiva seg rundt på ein femøring og ta utfordringane på strak arm - det fins alltid ei reserveløysing. Ein må berre ta det med eit smil - om enn eit rimeleg oppgitt sådant...

 

DELTAKARAR ACONCAGUA 2008:
Rune Birkeland
Tryggve Soldal
Olav Saue
Rune Sætveit
Tor Nedrebø
Monica Solberg
Njål Nyre
Anne Grøttå
Geir Unhjem
Ove Unhjem
Gunn Unhjem
Dag Unhjem
Lars Holme
Tor Tveit
Kristina Paltén
Rune Larsson
Martin Hindenes (ass. ekspedisjonsleder)
Jarle Trå (ekspedisjonsleder)

 

Sjå bilder frå ekspedisjonen.