DAGBOK KILIMANJARO 16. FEBRUAR 2008

 

Sjå bilder nederst på sida.
Siste oppdatering øverst.

ONSDAG 27. FEBRUAR
Eva og vennane hennas er no vel installert på Nungwi på nordspissen av Zanzibar. Dei ligg sikkert akkurat no på krittkvite strender og nyter følelsen av å ha besteget Afrikas høgaste fjell. Det vart ein tøff tur oppover mot 5895 meter for fleire av deltakarane, men då me stod samtidig på toppen alle sammen var det ikkje berre eg som hadde ei tåre i augekroken. Ein fantastisk soloppgang, ein like flott fullmåne og i tillegg fekk me ein av dei finaste storfjells-skyggane eg nokonsinne har sett. Det vil sei at Kilimanjaro er så stor at skyggen frå soloppgangen vert kasta langt utover i atmosfæren.

Me feirte på tak-terrassen i 5. etasje på eit hotell i Moshi sentrum, med nydeleg utsikt både opp mot Kilimanjaro, og ned mot det yrande gatelivet i denne spesielle byen. Safarien i Tarangire og Lake Manyara vart også svært spektakulær, høgdepunktet var ei jaktande løve og store flokkar med morsomme bavianar. Kamelonen som drog i gang sitt eige "silly walk"-show vert heller aldri gløymt... Lodgen som me ligg på i Lake Manyara er noko heilt spesielt, den må rett og slett berre opplevast.

Eg har lagt ut bilder frå turen nedanfor. Les dag-for-dag oppdateringane frå turen under.

MÅNDAG 25. FEBRUAR
Ein fantastisk safari er over. Høgdepunktet var ei jaktande løve. I kveld drar eg heim igjen, mens gjengen drar vidare til Zanzibar der dei skal avslutte Afrikaeventyret under palmane på Nungwi`s krittkvite strender. (Bilder frå Kilimanjaro og safarien kjem i løpet av få dager).

FREDAG 22. FEBRUAR
Alle 20 stod på toppen av Uhuru Peak kl. 06.15 i dag. Fantastisk innsats! Hard vind oppover mot Stella Point, men heldigvis roa det seg til me kom på toppen. No skal det feirast...

TORSDAG 21. FEBRUAR
Fantastisk dag gjennom månelandskap opp til Kosovo Camp (4880 moh). Alle friske, kun beinbrudd kan hindre denne gjengen å nå toppen... Nydeleg vær i dag også. Toppstøtet startar rundt midnatt i lyset frå fullmånen. Kryss fingrar og tær for oss... Helsingar frå Afrikas tak til alle heime i Norge.

ONSDAG 20. FEBRUAR
Mystisk! I dag hadde alle plutseleg blitt høgdesjuke og måtte få akevitt. Dei insisterte også på å få litt ekstra profylaktisk framfor morgondagen... Ellers går alt strålande. Me ligg no og slappar av i Karanga Camp (4050 moh). I morgo går me til Kosovo Camp, der me startar siste etappe mot toppen natt til fredag. Følg med...no drar det seg til mot det spennande toppstøtet (også kalla toppstønnet...)

TYSDAG 19. FEBRUAR
18 fjellgeiter klatra til topps på Lava Tower (4695 moh) i dag. Stort sett ingen problem med høgdesjuke sjølv etter dagens lange og tunge etappe. Dei få som kjente ein antydning vart heilt fine igjen etter ein støyt akevitt... Natta skal tilbringast i Barranco camp (4000 moh), kanskje den leiren med flottast utsikt. No gledar me oss til nok ein 3-rettars gourmet-middag i vårt store spisetelt.

MANDAG 18. FEBRUAR
Me er no i Shira camp (3850 moh). Første gong eg har opplevd at ingen har antydning til høgdesjuke i denne leiren - veldig lovande! Varmt og fint, me låg og sola oss utanfor telta i dag etter at me ankom leiren. I morgo går me via Lawa Tower til Barranco camp. Alle helsar til kjente og kjære i regntunge Bergen...

SUNDAG 17. FEBRUAR
Alle vel framme i Machame camp (3000 moh). Fin første etappe gjennom jungelen. Alle i fin form, me brukte berre 4,5 timar i dag på 1200 høgdemeter. Kokken Benson slo til med alle tiders fiskemiddag. Alle gledar seg til forsettelsen. Til og med været har vore max idag, i motsetning til dei siste vekene.

FREDAG 15. FEBRUAR
Eva Fjærestad er litt av ei dame... I forbindelse med at ho fylte 50 år 8. februar i år, inviterte ho liksågodt ein kjempestor gjeng med venner til århundrets bursdags-markering!!! 20 deltakarar totalt, av desse skal 19 prøva å nå toppen. Så skal me på safari i Tarangire og Lake Manyara og til slutt skal dei slappe av nokre dagar på Zanzibars fantastiske strender. Berre to dagar etter at eg returnerte frå Aconcagua og Argentina, er det altså av gårde igjen til Afrika. Travle tider, men eg gledar meg verkeleg til denne turen. Eg har hatt to informasjonsmøter med deltakarane tidligare, og maken til humørfylt og positiv gjeng skal du nok leita lenge etter. Dette kan ikkje verta anna enn suksess!!!

Me drar grytidleg om morgonen Lørdag 16. februar frå Norge. Dersom alt går etter planen står me på Afrikas tak om morgonen 22. februar.

Følg med her framover for oppdateringar etter kvart som me nærmar oss toppen.

DELTAKARAR:
Eva Fjærestad
Arve Helgesen
Grethe Indredavik
Per Indredavik
Liv Bleiklie Oppedal
Guttorm Oppedal
Anne Kjerstin Smedsvik
Rune Smedsvik
Marit Stene
Ole Tom Pettersen
Kari Dalland
Runar Tyssebotn
Trine Jæger
Einar Synnevåg
Tove Dragesund
Jarle Rørvik
Stein Nilsen
Liv Magnussen
Anne Wiig
Gustav Wiig