DAGBOK ELBRUS 2012


Ein vellykka Elbrus-ekspedisjon er over. Eit bilete kan sei meir enn 1000 ord - i begynnelsen av neste veke legger eg ut Knuts bilete frå turen. Eit bilete kan sei meir enn 1000 ord - sjå nederst på denne sida for å sjå Knuts bilete frå turen.

 

TIRSDAG 24. JULI

Idag kom me oss av gårde på ein dagstur i 9-tida. 8 stk var med, det var ganske bra med tanke på at det vart litt feiring i går kveld :) Me var på tur i ein flott dal eit stykke lenger nedover dalen ved Elbrus city. Ifølge vår lokale guide Gia var det bjørn i skogen innover dalen. Me såg ingen bjørn, men eit par lettkledde budeier møtte me på, så me rusla fornøgde tilbake igjen til bussen og lunch i Cheget. Nå har gruppa fått climbing certificate og me er klar for heimreise som starter 0730 i morgo tidleg.
- Knut

 

MANDAG 23. JULI

Nok ein dag med strålande vær! Starta frå hytta kl. 1000 og var nede igjen "blant folk" kl. 1200. Her venta ein etterlengta dusj og ein kald øl. Seinare blir det middag og sikkert ein liten feiring... Satsar på ein fjelltur i nærområdet i morgon for dei som våknar tidleg :)
- Knut

 

SUNDAG 22. JULI

14 av 15 til topps. Gratulerer!! Knut sendte akkurat ein kort melding om fantastisk vær og kjempeinnsats av gjengen. Fleire detaljar kjem i kveld...
- Jarle
Då ligg me som slakt på Diesel Hut på 4000m. Det var eit flott men tungt toppstøt. Sol og vindstille heile dagen - og dermed ein makalaus utsikt frå toppen. Utruleg flott! Kjempebra innsats av heile gjengen i dag. Elbrus og Kaukasus imponerer for kvar dag me er her, fantastisk plass, fjell og folk! I morgon set me kursen ned mot sivilisasjonen. Blir vel litt prøvesmaking på Russisk Standard...
- Knut

 

LØRDAG 21. JULI

Knut og gjengen er no åleine på Diesel Hut og forbereder toppstøtet som startar tidleg i morgon. Været er fortsatt fantastisk, me får håpa det fortsetter eit døgn til. I går gjekk dei opp til ca. 4700 meter uten store problem. Dei fleste har akklimatisert veldig bra og det ser veldig lovande ut før toppstøtet. Kryss fingrane og følg med her utover dagen i morgon - eg oppdaterer når eg høyrer frå gjengen.
- Jarle
Hadde kontakt med Knut igjen i kveld. Dei startar toppstøtet kl. 0400 i natt og reknar med å bruka 6-8 timar til topps. Det har no blitt litt skya, men værmeldingane er bra for morgendagen. Alt ser veldig bra ut akkurat no. Alle er supermotivert og friske.
- Jarle

 

TORSDAG 19. JULI

Knut melder at dei i dag har flytta opp til Diesel Hut. Etter å ha inntatt lunsj der gjekk dei vidare opp til 4300 meter. Det betyr at dei har hatt ein super akklimatiseringsdag i dag. I morgon satsar dei på å gå endå litt høgare, før toppstøtet tidleg laurdag morgon. Knut melder også om 18 danskar som deler hytte med dei på Diesel Hut. Dei prøver å overdøyve dansk hiphop med Åge Aleksandersen, så det er nok eit leven uten like der oppe no...
- Jarle

 

ONSDAG 18. JULI

Då er me komme opp til hytta på 3000 m. Og her har dei wifi!? Var ein tur opp til Diesel Hut tidligare i dag. I morgo tar me med oss bagane opp til Diesel Hut. Fint vær fortsatt, alle stort sett i fin form, litt hosting og nokon som er litt forkjøla. Sit ute og nyter fin solnedgang no:) Fredrik vil gjerne hilse til mor Inger.
- Knut

 

TYSDAG 17. JULI

I dag har det vore varmt - og bratt! Og ei fantastisk utsikt. Me begynte dagen med det ein kan kalle ein pangstart. Rett opp ein skibakke 1000 høgdemeter. Så fortsatte me 400 høgdemeter til før me nådde den første toppen på Mt. Cheget (3400m). Fantasisk utsikt over Elbrus og Kaukasus, me såg til og med så vidt inn i Georgia. Dei fleste tok heisen ned, men 5 stk. gjekk heilt ned igjen også. No er me på hotellet og skal ta ein gjennomgang av utstyret før me i morgon reiser opp til ei hytte på 3000 meter. I morgon tar me sannsynlegvis også ein akklimatiseringstur opp til Diesel Hut på ca. 4000 meter. Flott dag og trøtte bein!
- Knut

 

MANDAG 16. JULI

Mt. Terskol (3100m) vart besteget i god stil av alle mann og damer i dag. Det var ein fin tur i strålande solskinn og med fantastisk utsikt over fjella rundt Elbrus. Me fekk og god utsikt mot Elbrus sine to toppar. Litt solbrente og svoltne kom me ned igjen til hotellet der ein velfortjent øl venta oss. Viktig med god veskebalanse på slike ekspedisjonar.... I morgon står Mont Cheget for tur, me satsar på å nå 3400 meter. Værmeldingane ser veldig bra ut.
- Knut

 

SUNDAG 15. JULI

Då er me ankommet Povorot Hotell i Cheget. Me har ete pannekaker (uten flesk!) og hatt informasjonsmøte om morgendagen og resten av ekspedisjonen. Sjefsguiden Gia har jobba på Elbrus sidan 1993, så me er i gode hender. I morgon satsar me på å nå 3000m på Mt. Terskol, og dagen etter er planen Mt. Cheget. I formiddag hadde me fin sightseeing i Moskva med Nikolai og ein guide som kunne ALT om Moskva. God stemning i gruppa.
- Knut

 

ONSDAG 11. JULI

I år blir det Elbrus-tur igjen. Etter at eg i samarbeid med andre operatørar valgte å avlyse turen i fjor i sommar pga. den politiske situasjonen i området, er det godt å vera i gang igjen. Elbrus reiser seg heile 5642 meter over havet og er det høgaste fjellet i Europa.

 

Siv Anita, John, Reidun, Jonas, Katrine, Fredrik, Frida, Mats, Svein, Bartek, Axel, Kirsten, Hans og Bendik er klar for Kaukasus!

 

Knut Horvei er turledar for denne turen, og han vil prøva å senda meg oppdateringar og kanskje også bilder. Følg med her for oppdateringar undervegs.

 

Les alt om turen her
Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Foto: Knut Horvei