DAGBOK INKA TRAIL 13. - 29. SEPTEMBER 2014

 







Foto: Vidar Volden

 

 

TORSDAG 25. SEPTEMBER


I dag fekk eg mange flotte bilete frå Vidar, både frå Inka Trail og jungelen:

 
















 

 

TYSDAG 23. SEPTEMBER


Gjengen vår er no i jungelen, etter ein suksessfull tur langs Inka Trail fram til Machu Picchu. No er det altså regnskogen som skal utforskast. Dei blir transportert med smale elvebåtar opp til lodgen dei skal bu på, langt inne i den tjukkaste jungelen. Her går dei på utforskarferd både til fots, med båt og opp i lufta (tårn på 42 meter der dei kjem over tretaket og ser jungelen og dyrelivet frå oven). Dei får sjå enormt med dyr og fuglar - den eine rasen meir iaugnefallande enn den andre. I jungelen finns det ikkje gråtrost og svartmeis - her er det skarpe fargar og spektakulære mønster som gjeld...
Fekk ein kort melding frå turledar Tito i dag, men gjengen har ikkje sendt meg noko oppdatering, dei har sikkert hatt problem med nettet slik at dei ikkje fekk sendt meg bilete.
- Jarle

 


Inka Trail (Bilete frå ein tidlegare tur)

 

 

TYSDAG 16. SEPTEMBER


Vidar har sendt meg nokre bilete frå dei flytande Urosøyane på Titicacasjøen som dei besøkte i går. I dag er det busstur over Altiplanosletta til Cusco. No nærmar det seg turens høgdepunkt for mange, Inka Trail og Machu Picchu.

 





 

 

MANDAG 15. SEPTEMBER


Gjengen er no ved Titicacasjøen der dei i dag skal besøka dei flytande øyane som er laga av siv - Urosøyane. Titicacasjøen er verdas høgast beliggande innsjø 3812 moh. Rita har sendt over nokre bilete frå flyturen frå Lima til Puno.

 



 

 

KLAR FOR AVREISE


Fem vennepar frå Hauge i Dalane legg på lørdag ut på det store Sør-Amerika-eventyret.
Følg med på denne sida kva Bess, Jan Ove, Rita, Arve, Brit, Johannes, Siv, Vidar, Mona og Henning opplever undervegs på denne svært varierte og kontrastrike turen. Dei skal blant anna besøka Titicacasjøen, gå Inka Trail fram til Machu Picchu og leva nokre dagar langt inne i Amazonasjungelen.

 

Min gode venn Augusto (Tito) skal leda dei gjennom denne turen, slik han gjer med stort sett alle mine grupper til Peru.

 

Følg med på denne sida framover - me oppdaterer med få dagars mellomrom.

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

Bilete frå tidlegare turar (Foto: Anna-Marie Haugen og Jarle Trå)