DAGBOK SVALBARD SKITUR 2014

 


Les Stian Aadland sin fine oppsummering av turen på si nettside, og sjå hans stemningsfulle film:

 

Skitur Svalbard- jarletraa.no from stian aadland on Vimeo.

Anbefaler å sjå denne filmen på fullskjerm...

 

 

SUNDAG 20. APRIL


Kyrre melder at dei no er tilbake i Longyearbyen etter at ein flott skitur er over. Dei gjekk dei siste 7 kilometrane frå Bolterskardet ned til bilvegen i dag. Fekk også snakka litt med Cornelia, og eg trur eg trygt kan slå fast at dei no er smitta av "Svalbardfeberen"... Dei skryter uhemma av guidane Kyrre og Stian som har leda dei på turen gjennom gjennom Drønbreen-området. Kyrre og Stian på sin side skryter av deltakarane som visstnok har hatt eit heilt usedvanleg godt humør. Dei har fått oppleva Svalbards villmark på alle måtar - det spesielle lyset, vind og uvær, strålande sol og toppturar med utsikt til store deler av Svalbards fjell. I kveld satsar dei på å også få oppleve utelivet på Svalbard...
- Jarle

 

LØRDAG 19. APRIL


To supre turer oppe i høyden i går. 10 minus og nydelig vær.Vi fortsetter ned Kokbreen og opp til snøhuler og isgrotte rundt Bolterskardet. God påske!
- Kyrre

 

 

FREDAG 18. APRIL


Kyrre meldte i dag at dei gjekk til klokka 0130 i natt og at dei no ligg ved Pjalten - som planlagt! 12 minusgrader, klart og nesten vindstille. Masse nysnø. I dag har dei vore på ein tur i nærområdet. I morgon er planen å gå ned Kokbreen til Reindalen. Sitat tekstmelding frå Kyrre : "Fy sakkori, hvor vakkert det er her!!!".
- Jarle


(Foto: Anders Bull)

 

 

TORSDAG 17. APRIL


Gjengen vår har bestemt seg for å bruke natta til å bevega seg vidare oppover Møysalbreen mot Pjalten - ein imponerande nunatak som stikk rett opp av Rugaasfonna. Dersom nokon lurar på kvifor dei går om natta så er ikkje det noko problem på Svalbard no, det er nesten like lyst om natta som om dagen. Sola er berre så vidt nedanfor horisonten nokre timar midt på natta, men det er lyst og fint heile døgnet. Vinden ser nemleg ut til å løya litt i natt, så det gjeld å bruke dei beste periodane til å bevega seg. Å gå om natta i arktiske strøk kan vera noko av det flottaste du gjer. Lyset som kjem og går på fjelltoppane rundt deg i løpet av den veldig lange solnedgangen og den like lange soloppgangen skaper ein heilt spesiell atmosfære. Som du ser på nettkameraet er det litt skya akkurat no i Longyearbyen, men det er meldt lettare vær utover kvelden og natta, så dette kan bli ei magisk natt for gjengen vår...
- Jarle

 

 

ONSDAG 16. APRIL


På topptur på Halwylfjellet i vindstille og -8'C. Har ridd av morgenens vær i teltet. Nok en storslått dag :)
- Anders

 


(Foto: Anders Bull)

 

 

TYSDAG 15. APRIL


I dag gjekk dei vidare opp Janssondalen til der Møysalbreen ender. På grunn av værmeldingane slo dei leir i morenen der, og satsa heller på ein topptur nesten opp på toppen av Skolten (1130 moh). Kyrre forteller om flott utsikt og eit heilt spesielt lys i dag - sjølv for han som har så lang erfaring med det spesielle Svalbardlyset. Det er ikkje så mykje vind der dei har leiren, men oppe mot toppen var det kraftig vind. Vinden skal bli svært sterk i morgon og torsdag, så dei må sjå an kva dei gjer. Liggedager pga. dårleg vær kan ofte vera ein realitet på slike turar, forhåpentlegvis får dei kun ein og ikkje to. Så lenge dei ligg i le der dei er no kan dei uansett gå turar i nærområdet. Men å bryte og etablere leir i sterk vind er noko ein helst vil unngå. Frå fredag er veærmeldingane langt betre. Kyrre beskriver i kveld gjengen som "super-happy" så eg tippar at stemninga er høg sjølv om vindkastene skulle rive godt i teltduken i morgon.
- Jarle

 

 

MANDAG 14. APRIL


I dag har gjengen pakka og forberedt seg i Longyearbyen - under ein knallblå himmel og strålande sol! Etter at alt var klart vart dei transportert med bil austover Adventdalen nesten så langt vegen går (ca. ei mil). Her starta Svalbard-eventyret, og det er ein litt spesiell følelse når ein begynner å gå vekk frå sivilisasjonen med alt ein trenger den neste veka i pulken bak seg. Etter nokre timars marsj rett austover i den enorme Adventdalen slo dei leir nederst i Janssondalen. Kyrre melder om ein "super-happy gjeng", sjølv om det er litt kaldt i kveld...
- Jarle

 

Dersom du vil følge med på kvar ruta går, sjå dette kartet. Eg skal prøve å forklare så nøyaktig i referatet at du lett kan følge med.

 

Ellers kan du ta ein titt på dette nettkameraet som viser eit fantastisk flott 360 graders bilete av omgivelsane rundt Longyearbyen døgnet rundt. Anbefaler spesielt å sjå innom seint om kvelden, då det nesten er midnattssol i Longyearbyen no. Du kan også "spole" deg tilbake i tid ved å trykke på pilene under biletet.

 



Og dei første stavtaka er tatt... sjekk været!
Forfra: Kyrre, Bibbi, Stian og Cornelia. (Foto: Anders Bull)

 



Cornelia og Knut pakker pulk. Bibbi (Inger Kristine) ferdig pakket. (Foto: Anders Bull)

 

 

LØRDAG 12. APRIL


Ei lita privatgruppe på tre deltakarar skal sammen med turledar Kyrre og assistent Stian gå den spektakulære turen gjennom Drønbreen-massivet, Reindalen og tilbake til Longyearbyen. Inger Kristine, Cornelia og Anders driver akkurat no med dei aller siste forberedelsane og setter seg i morgon på flyet i retning Svalbard. Følg med her for nyheiter undervegs, me satsar på å få til oppdateringar via satellitt-telefon ca. annakvar dag.

 

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

 

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

 

(Bilete frå ein tidlegare tur, foto Knut Horvei og Brynjulv Eide)