DAGBOK EVEREST BC / LOBUCHE EAST 12. MARS - 1. APRIL 2016 

 

TYSDAG 29. MARS

Heisan
Då har me ankomme Kathmandu og Thor og Sigurd er komme og frå Pohkara.
Vore ein tur innom barbershopen idag og nå lunsj. Så satser me på massasje i kveld og middag :) Sightseeing i morgon.
- Knut Kathmandu har mykje spennande å by på for turistar... (Bilete frå tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

MÅNDAG 28. MARS

I går kom dei ned att til Lukla og ein vellykka tur er snart over. I dag flyr dei til Kathmandu. Men turen er ikkje over utan ein sightseeing i den spennande og eksotiske hovedstaden. Kathmandu gjer inntrykk på alle som besøker byen. Kontrastane er enorme, og ingen forlater byen utan å ha fått inntrykk som ein hugsar resten av livet. (Foto: Knut Horvei)

 

LØRDAG 26. MARS

Knut melder at dei i går gjekk frå High Camp til Pangboche, og i dag vidare ned til Namche. Dagens etappe var på sju timar, men no går dei stort sett nedover og alle er topp akklimatisert, så det går mykje lettare enn for ei vekes tid sidan då dei gjekk motsatt veg opp dalen. Været er fortsatt varmt og fint og dei går no berre og nyter tilværelsen etter det vellykka toppstøtet for eit par dagar sidan. I morgon går dei til Lukla der dei forhåpentlegvis flyr ut frå tidleg neste morgon.
Dagens sitat frå Knut: "Dagens desiderte største høgdepunkt var dusjen me fekk her i Namche, fytti katta!"
- Jarle

Namche, ein av verdas mest spektakulære "landsbyar" (Bilete frå tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

TORSDAG 24. MARS

Alle på toppen i dag tidleg! Gratulerar!
Knut fortel om ein heilt utruleg flott dag med ei utsikt som han aldri har sett maken til. Dei var heilt åleine på fjellet, og det var mykje sikring med faste tau då det er forholdsvis bratt is og snø opp mot toppen. Julie, Mads, Egil og Knut brukte 10 timar totalt opp og ned. Inge var ikkje med på topptøtet. Ein stor takk til vårt dyktige sherpa-team som leda dei trygt og sikkert til toppen og ned att. No er dei altå nede i High Camp og begynner snart vandringa ned mot sivilisasjonen igjen. Tippar dei har ein god følelse i kroppen no når målet er nådd og det berre er "innspurten" igjen - no er det nok ein skikkeleg dusj dei gledar seg mest til...
- Jarle

 

TYSDAG 22. MARS

Snakka med Knut på satelittelefonen i dag tidleg. Dei er no komne ned att til Lobuche etter å besøkt Everest Base Camp i går. Det er så langt inn Khumbudalen det er mogeleg å gå for "vanlege"vandrarar, skal du vidare må det klatrast... No begynner dei for alvor å forbereda toppstøtet på Lobuche East. I morgon går dei opp til High Camp og deretter prøver dei seg på toppen dagen etter. I dag øver dei på bruk av utstyret som dei skal bruke mot toppen. Blant anna stegjern, isøks og tauklemme. Alle er friske og sterke - dette lovar bra!
- Jarle

Foto: Knut Horvei

 

SUNDAG 20. MARS

Knut melder at to av deltakarane måtte avbryta turen i dag pga. sjukdom. Sånn er det av og til, men uflaks at det skulle skje akkurat når ein er på tur i Himalaya. Men dei er ved godt mot og hadde heldigvis fått oppleva og sett mykje av Nepals fantastiske fjellverden før dei no måtte kasta inn håndkleet. Resten av gjengen fortsetter i dag oppover mot Lobuche. I morgon vil dei etter planen komma fram til Everest Base Camp der forberedelsane til årets klatresesong er i gang. Sherpaer setter no opp leirane og fraktar utstyr inn til leiren. I løpet av dei neste vekene ankjem klatrarar frå heile verda for å starte akklimatiseringsprossesen fram mot toppstøtet i slutten av mai.

Utsikta frå Everest Base Camp opp mot det berykta brefallet som klatrarane må gjennom for å nå toppen av Mount Everest. (Bilete frå ein tidlegare tur. Foto: Jarle Trå)

 

LØRDAG 19. MARS

Heisan
Me har hatt to tøffe dager. Litt forkjølelse og noko oppkast, men ting er på bedringens veg. 5 av 7 var på toppen bak hotellet idag på akklimatisering. Me prøver å lade opp med god mat på hotellet for morgon dagen då me skal gå opp mot Lobuche. Været er stort sett fint, med litt skyer utover ettermiddagen.
- Knut

 

TORSDAG 17. MARS

Hei
Då sitt me gode å mette på Rivendell Lodge i Debouche og høyre på 80's slægers. Var bra vær når me starta frå Namche idag, men når me kom opp til klosteret på Tengbouche så begynte det å snø. Me tok ein tur bort og såg på Arne Næss sitt minnesmerke og ein tur innom tempelet. I Debouche venta ein flott lodge med god middag. Sludder litt fortsatt, men været i morgo skal bli bedre. Utsikten på turen idag er jo så klart verdensklasse.
Adjø :)
- Knut

Eit lett lag med snø hadde lagt seg på bakken i Tengbouche. Men værmeldingane framover ser bra ut så me får satse på at snøen forsvinn med ein gong sola begynner å varma seinare i dag. (Foto: Knut Horvei)

 

ONSDAG 16. MARS

Heisan.
Idag var me ute på spasertur opp til Everest View Hotel, utsikta der er upåklagelig! Everest, Lothse, Ama dablam og ein svær ørn som kom sussende forbi. For eit skue! Ein blir aldri lei den utsikta. Så var det lunsj i Namche og litt shopping. Sol og litt vind med skyer om ettermiddagen har det stort sett vært kvar dag. Men kanskje det aller beste i dag...alle har fått seg ein varm dusj! Så nå setter me kursen oppover dalen nydusja og ved godt mot! Buddhi herjer med oss i kortspelet 'president' og den norske turledaren kjem stort sett sist... finst ingen rettferdigheit!
Ein som er litt forkjøla ellers er me i bra form.
- Knut

I dag såg dei Everest for første gong. Verdas høgaste fjell stikk opp bak fjellryggen (Nuptse) rett bak nr. 2 frå venstre. Lhotse rett til høgre for Everest. Ama Dablam lenger til høgre.(Foto: Knut Horvei)

 

TYSDAG 15. MARS

Startet fra Phakding 08:15 - ankomst Namche Bazar 15:30, 3350 moh. Nydelig turvær, imponerende terreng og spenstige hengebruer når vi flere ganger krysset elven på turen oppover dalen. Fjelltoppene rage opp i 6000m rundt oss. Første syn av Everest i dag. Bratt oppstigning til Namche. Innlosjert på Hotel Hilt-ten. Forøvrig ingen likhetstrekk med Hilton. Slitne da vi kom opp, men flott turdag. Popcorn og black tea ved ankomst. Dusj og wc på rommet, men iskaldt vann, muligens 3 grader ifølge Inge. Dvs ble ingen dusj på gutta, men Julie var tøff nok til å dusje. Nå venter vi på middagen, blir nok chicken rice ikveld igjen.
- Thor

 

MÅNDAG 14. MARS

Heisan!
Då har me akkurat ete ein god middag i Phakding. Dal bhat stod på menyen idag :)
Bagasjen til Mads og Inge kom ikkje fram til Kathmandu i går, men Loben ringte no i kveld og sa at den no var på plass. Så den blir sendt oppover i morgo, bra!
Me reiste til flyplassen kl 05 i dag og kom på første fly til Lukla, åt frokost der og så gjekk me til Phakding. Brukte ca 4 timar med lunsj. Litt overskya men fint vær idag, litt regn no i kveld. I morgo skal me gå over elva 4 gonger og så opp til Namche ! Me gleder oss!!
- Knut

Undervegs til Phakding (Foto: Knut Horvei)

 

SUNDAG 13. MARS

Gjengen har landa i Kathmandu!
Knut ringte meg frå flyplassen og dei er no i den hektiske og eksotiske hovedstaden i Nepal. I morgon flyr dei etter planen vidare til Lukla, så i dag gjer dei dei siste forberedelsane før fotturen byrjar.

Typisk syn i Kathmandu...

 

NAMASTE!

("Namaste" blir nytta som helsing i Nepal. Det tyder "Eg helsar guden i deg").

No er ei lita privatgruppe på seks personar klare for avreise til Nepal - landet med dei verkeleg store fjella... I Nepal skal dei vandra inn Khumbudalen (dalen med verdas råaste utsikt?) heilt inn til Everest Base Camp. Etter at dei har utforska Everest Base Camp og Kala Pattar skal dei gjera eit forsøk på Lobuche East, eit fjell som ragar heile 6119 moh. Frå toppen av Lobuche East ser dei rett over dalen på fjell som Everest, Lhotse og Nuptse.

Lobuche East er ein divisjon opp i forhold til f.eks. Kilimanjaro. Toppstøtet er lenger og tøffare, og det er definitivt brattare og meir eksponert. Her treng ein stegjern og diverse anna utstyr for å nå toppen. Eit ekte Himalaya-fjell der sherpaer hjeper til med å sikre undervegs for at alle skal nå toppen, akkurat som på ekspedisjonane på dei aller høgaste fjella i verda. Her får du førstehånds kjennskap til kva Himalaya-klatring dreiar seg om, om enn i litt lågare høgder.

Thor, Egil, Inge, Sigurd, Julie og Mads flyr frå Norge no på laurdag 12. mars. Turledar Knut Horvei vil saman med vårt eminente sherpa-team leda gruppa på denne store og lange turen gjennom hjartet av Himalaya.

Les alt om dagsprogrammet for turen her

På denne sida legg me ut oppdateringar frå turen. Ikkje forvent oppdateringar kvar dag, men me satsar på å få oppdatert alle heime med eit par dagars mellomrom.

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

(Bilete frå tidlegare turar. Foto: Jarle Trå og Knut Horvei