DAGBOK KILIMANJARO 1. SEPTEMBER 2012

 

Sjå mange flotte bilder frå turen nederst på denne sida...

SØNDAG 16. SEPTEMBER

Opphaldet på Zanzibar rundar av Afrikaturen på ein perfekt måte. I kveld setter gjengen seg på flyet tilbake til Norge. Minnene frå fjellturen, safarien og Zanzibar er sannsynlegvis så mange og sterke at ein trenger litt tid for at dei verkeleg skal synke inn. Afrika gjer verkeleg noko med deg. Velkommen heim igjen i morgon!

ONSDAG 12. SEPTEMBER

I går var dei i Lake Manyara der dei fekk oppleva det unike dyrelivet der. Safari i Afrika er noko du aldri gløymer. I dag skal dei vidare til Zanzibar og kosa seg på dei flotte strendene der nokre dagar. Det er vel ingen som er misunnelege med tanke på det flotte haustværet me har her heime vel...
- Jarle

MÅNDAG 10. SEPTEMBER

Då var dagens første løve observert, 10 minuttar etter me kom inn i Ngorogoro nasjonalpark. Overskya og litt kaldt vær. I går var me på fin sykkelsafari til Lake Manyara og på eit grønnsaksmarked der me fekk smaka på lokalt banan-øl. Det smaka sjit :)
- Knut

LØRDAG 8. SEPTEMBER

Då er me komme vel ned. Varmt og godt og deilig med kald øl! Nokon har dratt på sightseeing til Moshi mens resten slapper av på hotellet.
- Knut

FREDAG 7. SEPTEMBER

Alle på toppen!!! Gratulerer til heile gjengen... Knut ringte akkurat frå 5895 meter over havet - Uhuru Peak - Afrikas tak! Dei nådde toppen kl. 0730 norsk tid. Alt står bra til med alle. No begynner den lange turen ned igjen. Fleire detaljar kjem seinare i dag når dei er vel nede i neste leir og får slappa av etter ein lang dag.
- Jarle
Starta toppstøtet ca. klokka 0030. Oppe på Uhuru kl. 0800. Det var eit flott toppstøt med fin soloppgang rett før Stella Point. Været var strålande heilt til me var 500 meter frå leiren igjen på veg ned, då kom skodda. Perfekt timing med andre ord :) Me var nede i leiren litt over kl. 1000. No ser me fram til morgondagen, stjerneklart og nesten fullmåne akkurat no. Me koser oss! Lalla salama :)
- Knut

TORSDAG 6. SEPTEMBER

Då er dei vel installert i den høgaste leiren som dei skal bruke mens dei er på fjellet, og det betyr at det er i natt det skal skje... Ved midnatt norsk tid startar dei den lange vandringa mot toppen - sjølve toppstøtet. Ca. 1000 høgdemeter bratt oppover toppkjegla på Kilimanjaro, eller Kibo som den blir kalla. Sjefsguiden Eliezer og hans team av assistentguidar vil sammen med turledaren Knut leda gjengen sakte men sikkert oppover. I nattemørket vil stemninga vera nesten magisk når dei mange hodelyktene frå alle som prøver seg lagar lysande hårnålssvingar oppover. Utan dei afrikanske guidane og bærarane hadde det vore vanskeleg å bestige dette fjellet. Dei gjer ein uvurderleg innsats! Været er veldig bra i kveld så alt ligg til rette for ei flott natt på fjellet, sjølv om det er litt kaldare enn vanleg. I morgon tidleg norsk tid vil me få vita om alle kom seg til topps. Sjekk inn på denne sida då. Lykke til til gjengen - Hakuna Matata!
- Jarle

ONSDAG 5. SEPTEMBER

Framme i Karanga Camp og stort sett alle i god form. Fint vær med litt skyer. Toppstøt-nervene begynner å kommme. Pannekaker til forrett og yatzy etterpå... Eivind vant :) På morgenkvisten får me servert kaffe "på senga" i teltet kl. 0630 om morgenen. Fantastisk! Alle helsar heim.
- Knut

TYSDAG 4. SEPTEMBER

Knut melder om ein lang dag på veg til Barranco Camp. Dette er den lengste etappen, dersom en ser bort frå toppstøtet. Alle var med opp og runda Lawa Tower, eit flott og høgreist tårn av lava som har blitt ståande igjen etter kvart som erosjonen har herja med området omkring. Tre av dei var heilt opp på toppen, noko som krever litt enkel klyving og at ein ikkje er ekstremt redd for høgder... Nokon merkar litt til høgda i denne leiren, det er normalt etter denne lange etappen der ein faktisk er oppe i heile 4700 meter før ein går ned igjen til rundt 4000 meter der leiren ligg. Knut fortel at nettene har vore kaldare enn normalt, og at det i kveld faktisk er snøfnugg i lufta. Men dei kosar seg nok i det store messeteltet, der temperaturen som regel er meir enn høg nok.
- Jarle

MÅNDAG 3. SEPTEMBER

Då ventar me på middag i Shira Camp. Me har hatt ein roleg og fin dag opp, med flott utsikt! Starta 08:30 og kom fram 15:30. Hadde god lunch på vegen. Alle er i fin form. Fin og positiv gjeng, me gleder oss til middag om ein time. Sol og fryd og gammen:) Merkar at det snart er på tide med litt regntid. Blir mykje støv frå den tørre sanden.
- Knut
I dag har dei gått ut av jungelen og opp i den meir sparsommelege vegetasjonen i beltet mellom 3000 og 4000 meter. Men det er fortsatt mange buskar og spesielle plantar. Faktisk er det fleire plantar her som ikkje fins andre stader i verda enn på sørsida av Kilimanjaro. Shira Camp ligg på ca. 3850 moh, og denne høgda skal dei nå bu på dei neste 2 nettene også. Det er det som er så fint med Machame-ruta, det gir ein veldig god akklimatisering å tilbringe 3 netter på rundt 4000 meter. Til no har dei gått meir eller mindre rett opp, men no rundar dei fjellet på sørsida.
- Jarle

SUNDAG 2. SEPTEMBER

Alle mann og kvinner framme i Machame Camp, 3000 moh. Lunsjen var eit eventyr, nett som resten av dagen. Me har og fått erfara (igjen...) at 10 minutt i Afrika ikkje er det samme som i Norge... Det var overskya i starten i dag, men i ettermiddag og kveld har det vore strålande sol.
- Knut

LØRDAG 1. SEPTEMBER

Knut melder at dei har landa trygt i Afrika, og at dei no er vel installert på hotellet. I morgon startar eventyret oppover eit av verdas høgaste frittståande fjell - følg med her for oppdateringar.
- Jarle

ONSDAG 29. AUGUST

11 stordabuer er i gang med aller siste innspurt i forberedelsar og pakking. Førstkommande lørdag flyr dei sørover, og Hilde, Grethe, Anne Grethe, Eivind, Ragnar, Reidun, Hildegunn, Sissel, Eirik, Mona og Anngun skal sørga for at Stord vert godt representert på Afrikas tak neste helg! Turledar Knut Horvei skal leda dei trygt til topps.

Les alt om dagsprogrammet og andre detaljar om turen her

Legg gjerne igjen ei helsing til deltakarane i gjesteboka

Alle foto: Knut Horvei