DAGBOK EKSPEDISJONSKURS PÅ FINSE MARS 2018

 

Torsdag 1. mars

Linn, Fredrik, Gro og Lasse vart med på kurs i helga. Været dei siste dagane har vore prega av sterk kulde og mykje vind, så det var godt å sjå at vinden skulle løye fram mot helga.

Torsdag kveld møtest me i leilegheit på Finse, der Knut ordna med middag og me fekk gått gjennom ruta for dei neste dagane. Planlegging av fin og trygg rute samt gode leirplasser er lurt å planlegge før turen startar. Me snakka litt om forskjellig utstyr, og  om snøskred før me pakka og gjorde oss klart for tur neste dag.
 

Fredag 2. mars

Fint vær, men kaldt. Me åt god frukost, pakka pulkane, sjekka telt og primus før me satte kursen vestover mot Fagernut. 

På veg mot Fagernut gjekk me forbi Rødekors si årlige skredøving vest for Finse. Me gjekk forbi Fagernut voktarbolig og inn i Larsdalen, her bestemte me oss for å slå leir. Me fant ein fin, men hardpakka vindformasjon som me bestemte oss for å prøve å lage snøhole i. Me starta med friskt mot på å lage to snøholer. 4 timar seinare var me ferdige.....bokstavelig talt. Det var tungt arbeid, men det vart to trivelige snøholer og me fekk ei god natts søvn og erfaring med å bu i snøhole.
 

Lørdag 3. mars

Lørdag morgon var det kommt litt god lett pudder, så skiføret var mykje betre enn dagen før. Me tok ut kursen mot det markante fjellet Såta.

Dette vart ein flott dag, og me avslutta med ein god porsjon motbakke opp mot Omnsbreen der me slo leir for natta.

Me laga oss ein fin leir, med bra toalett og alt som skal til. Det var kaldt, men med litt tjuvtriks så holdt alle varmen om natta. Ca -20 grader.
 

Søndag 4. mars

Me våkna til ein vindstille og kald morgon. Litt snøvær og ymse sikt, men me fant vegen ned til Finse. Hadde nokre småstopp på vegen og snakka om brattheit og litt førstehjelp.

Nede på Finse åt me lunsj og så pakka me om og satte oss på toget.

Takk for ei flott helg !

 

1 Leirliv

Leirliv

7 Utsikt fr snhola

Sjekke telt før tur

7 Utsikt fr snhola

4 Den viser 8 for mykje men kaldt lll

Den viser -8 for mykje, men kaldt læll

7 Utsikt fr snhola

6 Morgenstund i snhole

Morgenstund i snøhole

7 Utsikt fr snhola

 Utsikt frå snøhola