FOTTUR I ATLASFJELLA


Bli med å gå vår populære fottur i Atlasfjella. Den ultimate blandinga av eksotisk fjellferie og fascinerande kulturopplevelse. Den utrulege gjestmildheita, dei dramatiske alpine fjella, den spesielle stemninga oppe i dei smale fjelldalane og i tillegg den eksotiske byen Marrakech som berre må opplevast. Og som avslutning får du nokre dagar på eit fantastisk hotell i den pittoreske fiskarlandsbyen Essaouira, som også har ei tre kilometer lang sandstrand av beste kvalitet. Når du får alt dette på ein to vekers ferie så er det vel ingen grunn til å vente med å melde seg på!

Me skal i løpet av ein 7 dagars trekking-tur sjå det flottaste av natur som Atlasfjella har å by på, og som avslutning bestiger me Nord-Afrikas høgaste fjell, Jebel Toubkal (4167m). Me har med oss guide, kokk og muldyr som bærer det meste av bagasjen vår. Du bærer kun dagstursekk sjølv. Før me drar opp i Atlasfjella, så skal me ta Marrakech nærmare i augesyn, kanskje ein av dei mest spesielle og fascinerande byane i verda. Me bur på eit hotell heilt inntil Djeema el Fna, Marokkos mest kjente souk, dvs. markedsplass. Om kvelden gjer slangetemmarar, akrobatar og eventyrfortellarar Djeema el Fna til ein magisk plass.

Etter mange dagar i Atlasfjella og kulturelle opplevelsar som du aldri kjem til å gløyme, fortjener du å slappa skikkeleg av på stranda i Essaouria på vestkysten. Les meir om Essaouira lenger nede på denne sida.

Dersom du ikkje ønsker å vera med til Essaouira etter fjellturen så flyr du heim att dagen etter de returnerer frå fjellet.

NB!  Viktig å melde seg på tidleg - f.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

  

Reisemål Atlasfjella
Land Marokko
Max. høgde 4167 moh. (Jebel Toubkal, Nord-Afrikas høgaste fjell)
Antall dagar 14 (7 dagar på fjelltur) 
Dersom du ikkje ønsker å vera med til Essaouira blir turen 10 dagar
Datoar Sjå min fullstendige turkalender med oversikt over påmeldingsstatus
Min. antal 7
Max antal 16
Påmelding Sjå påmeldingsskjema

Påmeldingsfrist

Ingen konkret påmeldingsfrist, men eg anbefaler tidleg påmelding. Ved sein påmelding kan det bli eit tillegg for flybilletten. F.o.m. 2024 er det kr. 1000 i rabatt ved tidleg påmelding! Les meir

Pris 2024 32 900   (Ikkje Essaouira: 26 900)
Pris 2025 33 900   (Ikkje Essaouira: 27 900)  (+ evt. tilslutning)  
  NB! 1000 i rabatt ved tidleg påmelding

Eg kan arrangere alle mine turar som lukka privattur dersom de er ein vennegjeng, familie eller firma som ønsker ein tur kun for dykk. De kan då bestemma avreisedato sjølv, og dagsprogrammet kan til ein viss grad tilpassast slik de ønsker det.

 

Prisen inkluderer

  • Fly tur/retur frå Gardermoen (tilslutningsavgift frå andre flyplassar f.o.m. 2025)
  • All transport i Marokko
  • Alle overnattingar
  • 7 dagars fottur med lokal guide, kokk og muldyr
  • Alle måltider på fjellet
  • Norsk turledar med høgde-erfaring og medisinsk kompetanse (blir ikkje med til Essaouira)

 

PRISEN INKLUDERER IKKJE

  • F.o.m. 2025: Evt. tilslutning til Gardermoen
  • Tips til lokal guide, kokk og muldyr-drivere (ca. 6-700,- kr.)
  • Lunsjar og middagar på hotellet i Marrakech, Imlil og Essaouira
  • Drikkevarer
  • Evt. enkeltrom

 

TRANSPORT

Fly frå Norge til Marrakech (evt. Casablanca) i Marokko. Me køyrer i privat buss eller taxi til Oukaimedene før fjellturen (ca. 1,5 time), til Essaouira etter fjellturen (ca. 4 timar) og tilbake til Marrakech på slutten av turen (ca. 3 timar).

 

OVERNATTING

I Marrakech bur me på eit hotell eit steinkast frå Djeema el Fna, kanskje verdas mest berømte markedsplass. I Imlil bur me på ein fjell-lodge av forholdsvis høg standard. Det er dusj og toalett på alle rom, og maten er framifrå. Takterassen er kanskje ein av dei flottaste utsiktsplassane i Imlil, og fjella tronar 2500 meter over oss dersom me inntar frukosten eller lunsjen på taket. På sjølve fjellturen bur me i enklare lodgar oppe i fjellet (ingen telt-overnattingar). I Essaouira bur du på eit hotell med eksotisk atmosfære.

 

MAT

Gode lammegryter, fantastiske salatar, eksotisk krydra grilla kylling. Dette blir ingen slanketur! I tillegg så er det betrakteleg mindre risiko for å få mageproblem i Atlasfjella enn på mange andre eksotiske reisemål.

 

FYSISK FORUTSETNING

Denne turen er omtrent på samme nivå som Kilimanjaro, dersom ein ser bort frå toppstøtet som er enklare og lågare. Me går forholdsvis lange dagsetappar i kupért terreng, så du må vera i stand til å gå minst 6-7 timar utan at du blir heilt utslitt. Muldyr tar bagasjen din, så du bærer aldri meir enn ein lett dagstursekk. Me er ikkje ofte over 3500 meter så høgda vil sannsynlegvis ikkje by på store utfordringar. Unntaket er sjølvsagt bestigninga av Jebel Toubkal, men sidan det er den siste dagen så er ein godt akklimatisert. Det vert heller ikkje spesielt kaldt, kanskje ned mot 0 grader dei første timane av toppstøtet sidan de startar grytidleg om morgonen.

  • Dag 1

    Dag 1

    Me flyr frå Norge til Marrakech. Dersom du sit på venstre sida av flyet nedover får du sannsylegvis ei fantastisk utsikt til Atlasfjella i det flyet nærmar seg landing. Me blir transportert inn til eit hotell nær sentrum og den berømte marknadsplassen Djeema el Fna.
  • Dag 2

    Dag 2

    Me drar på sightseeing i i den eksotiske byen Marrakech med lokal guide. Om kvelden tar me oss ein tur ut og opplever livet på Djeema el Fna, ein opplevelse som du seint kjem til å gløyme.
  • Dag 3

    Dag 3

    Avhengig av kva rute me skal gå blir me transportert til Oukaimedene eller Imlil (ca. 1,5 time). Så pakkar me om bagasjen og gjer oss klar for å starte vandringa. Me setter igjen bagasjen som me ikkje treng ha med oss på fjellet.
  • Dag 3 - 7

    Dag 3 - 7

    Me vandrar gjennom Atlasfjella, gjennom bebudde dalar med små berber-landsbyar, og over høge pass og ned i djupe dalar. Me kjem tett innpå levemåten til berberane og me møter mange gjetarar med geiteflokkar høgt oppe i fjellsidene. Guiden vår, som snakkar godt engelsk, er født og oppvokst i området og forklarer oss det meste om natur, kultur, geologi og geografi i området.
  • Dag 8

    Dag 8

    Me startar tidleg på morgonen og begynner oppstigninga mot toppen av Nord-Afrikas høgaste fjell, Jebel Toubkal. Etter 3-4 timar når me topp-punktet, 4167 meter over havet. Me står då på Nord-Afrikas høgaste punkt. Me nyter den storslagne utsikta ei god stund. Sannsynlegvis er det heilt grei temperatur sjølv på toppen. Ned igjen går det berre litt over timen ned til lodgen, og etter ein matbit går me sannynlegvis vidare nedover dalen til Around.
  • Dag 9

    Dag 9

    Me startar dagen med å gå ned til Imlil, dersom me ikkje gjorde det dagen før. Fjellturen er no over og me nyter dagen i Imlil på den koselege fjell-lodgen Dar Imlil, som har ein heilt spesiell atmosfære.
  • Dag 10

    Dag 10

    Me blir transportert direkte til hotellet i Essaouira (ca. 4-5 timar). Essaouira er ein heilt spesiell landsby, ikkje så langt frå Agadir i mil, men likevel ein heilt annan opplevelse enn dei overbefolka og turistifiserte byane lenger sør. (Dersom du kun vil vera med på fjellturen blir du denne dagen transportert til flyplassen og flyr heim igjen til Noreg).
  • Dag 10 - 14

    Dag 10 - 14

    Essaouira har ei tre km. lang sandstrand av ypperste kvalitet men er først og fremst kjent for den spesielle stemninga. Essaouira er vanskeleg å beskrive, men har ein opplevd den fantastiske solnedgangen frå takterassen, mens Imanenes bønner ljomar frå megafonar i alle moskeane i byen - så gløymer ein den ikkje så lett. Ein magisk opplevelse!

    NB! På hausten kan temperaturen i Essaouira variere ein del. Nokre år er det varmt og godt langt ut i oktober, mens andre år kan det vera kjøligare. Og Atlanterhavskysten av Marokko er også kjent for vind. Eg anbefaler derfor å ta med litt varme klær også til Essaouira, det kan vera godt å ha om kvelden i alle fall. Men som sagt har Essaouira utruleg mykje å tilby sjølv om det ikkje er forhold til å ligga på stranda. Og hotellet har uansett basseng som ligg beskytta mot evt. vind.
  • Dag 14

    Dag 14

    Om ettermiddagen blir dere transportert til flyplassen i Marrakech der dere tar kveldsflyet tilbake til Gardermoen. Dei som skal vidare til andre flyplassar må kanskje overnatte på Gardermoen og ta morgenfly neste dag.

rgf logo


Arrangøren er medlem av Reisegarantifondet (www.rgf.no). Turen vert arrangert i samsvar med Pakkereiseloven av 1995 og Reisegarantifondet (RGF) sine retningslinjer.