• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
INFORMASJON ANGÅANDE KORONAVIRUSET
NYE TURAR 2021:  MERA PEAK OG AUSANGATE / RAINBOW MOUNTAIN / MACHU PICCHU 
SVALBARD 2021:  HEILE FEM FORSKJELLIGE TURAR PÅ SKI OG TIL FOTS ER SATT OPP
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 25. - 28. MAI 2017

 

Sjå bilete frå turen nederst.

 

Torsdag 25.mai

Ein spent og turklar gjeng møtest på bremuseet i Fjærland for å gå ein av dei store vårski klassikarane på vestlandet. Vært var meldt middels pluss så dette skulle bli spennande.

Me køyrde inn til Gjerde i Jostedalen der me overnatta første natta på hotell.

Her gjekk me gjennom ruta og lada opp med god mat og ein øl frå Tya bryggeri.

 

Fredag 26.mai

Me vakna til overskya himmel, men elles fint vær. Etter ein solid frukost fekk me skyss inn til Fåbergstølen. Her starta me med å gå nokre hundre meter på ski på bilvegen, men etterkvart vart det skia på sekken og trasking innover dalen mot Fåbergstølbreen til fots.

Eit lite stykke før brearmen tok me på oss skia og begynte å snike oss oppover langsmed brearmen.

Når me kom på toppen av denne lange stigninga og endelig inn på sjølve breplatået vart det tropevarme. Så då tok me oss ein god pause.

Etter nokre timars gange innover breen letta skydekket og me såg sørover breen og leirplassen vår ved Kjendalskruna som Håkon hadde gått opp i forvegen dagen før og laga til. Her stod telta flott oppsatt og me kunne gå bort og innlosjere oss.

Tikka masala var dagens middag, før det venta ein drink og kaffi før me la oss i soveposane spente på kva morgondagen ville bringa.

 

Lørdag 27.mai

Sol ! Me vakna til eit strålande vær, så her vart det berre å få i seg frukosten og spenna på seg skia. Me satte kursen mot høgste breakul. Etter å ha sett Hurrungane stige til værs i øst og tatt av fellane satt me kursen mot Ramnane og så til leirplass ved Bings Gryte. Været ved Bings gryte var rett å slett heilt topp, sol og heilt vindstille.

Bingsgryte er ein djup liten dal forma av vind og vatn oppkalla etter advokaten Kristian Bing som vandra rundt på breen mykje på slutten av 1800-tallet.

 

Søndag 28.mai

Tidlig opp og avgårde mot Supphellebreen og så nedover til Flatbrehytta. Ved Flatbrehytta tok me lunsj og det var mykje folk på veg ned frå breen. Me tok skia på sekken og gjekk siste stykket ned til Øygarden.

Takk for ein flott tur !

- Knut

 

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

Bilde 28.05.2017 10.39.48

(Foto: Knut Horvei)

DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 16. - 19. MAI 2011

 

MANDAG 16. MAI

Etter ei fin natt på Bødalssetra, der dei fekk kvilt ut ømme og slitne kroppar, kom bussen og henta dei i dag tidleg og dei er no på veg tilbake til Fjærland der bilane står. Pga. dårlege værmeldingar som sannsynlegvis vil føra til at skiføret blir mykje det samme som på denne turen, har me valgt å avlyse neste tur som skulle starte i dag. Heldigvis fekk denne gjengen ein fantastisk flott dag den første dagen på breen, og fleire var faktisk også på toppen av Lodalskåpa. Knut, Øyvindog Hans Petter sin jobb er derimot ikkje over. Dei har slete opp og ned mangfoldige tusen høgdemeter dei siste 5-6 med tunge bører på ryggen. No må alt utstyret og massevis av mat som står igjen i Himmelleiren og på Flatbrehytta bærast ned igjen. Det blir nok finnbiff, rømmegraut og spekemat på meg dei neste vekene...

 

Gjengen klar for start frå Bødalssetra. (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Strålande vær, og føret er bra - enn så lenge... (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Viktig å ikkje gløyme solkrem. (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Været blir litt dårlegare og varm lunsj er ikkje å forakte. Og sjekk desserten - bløtkake er nok ikkje vanleg kost på Josten på langs... (Foto: Bjørn-Olav Hagesether)

 

Kari på veg mot Lodalskåpa. (Foto: Knut Horvei)

 

Josten med Himmelleiren til høgre. (Foto: Knut Horvei)

 

Glad gjeng på toppen av "Vestlandsdronninga" Lodalskåpa i flott vær, med fantastisk utsikt!
(Foto: Knut Horvei)

 


Frå toppen av Lodalskåpa. (Foto: Knut Horvei)

 

Taulag på veg opp det kjente brefallet "småttene". (Foto: Knut Horvei)

 


Gjengen på veg ned frå Lodalskåpa. Bratt, men fin snø å gå i. (Foto: Knut Horvei)

 

Himmelleiren (Foto: Knut Horvei)

 

 

SUNDAG 15. MAI

Skikkeleg dårleg føre gjorde at turledarane tok beslutninga om å snu rett nordøst for Høgste Breakulen. Framdrifta var svært låg pga. 10-15 cm. nysnø oppå gammal våt snø. Dermed klabba det veldig under skiene og det var ingenting anna å gjera enn å returnera til Himmelleiren. Sikta var også omkring null, såkalla whiteout på godt norsk. Vel tilbake i leiren valgte dei å gå vidare heilt ned til Bødalssetra. Dei ankom Bødalsetra godt ut på kvelden, slitne men glade over å sleppa å tilbringa natta i telt.

 

LØRDAG 14. MAI

SMS frå Knut kl. 1626
Då er ein liten gjeng på toppen av Lodalskåpa i kjempevær!! Resten i Himmelleiren. Super dag. Kjapp gruppe.
Kl. 1300:
I dag er den store gjengen på veg oppover Brattebakken til sjølve bre-platået. Eg gjekk sammen med gruppa til Bødalssetra i går og tilbrakte kvelden sammen med dei. Det var ein svært humørfylt og forventningsfull gjeng som gleda seg til at turen skulle starte for alvor i dag. Rømmegraut og spekemat stod på menyen. Været var flott i går, sjølv om meldingane ikkje var så bra. Det starta med regn i dag tidleg, men no lovar meldingane flott vær frå ca. kl. 1200 og resten av dagen. Dersom været blir bra så kan det hende nokon i gruppa tar ein tur på Lodalskåpa og Brenibba. Det er dårleg mobildekning i området, men eg reknar med å få ein oppdatering frå Knut på satelitt-telefon seinare i dag. Knut, Øyvind og Hans Petter har gjort ein enorm innsats dei siste dagane ved å bæra mange tunge bører svært mange høgdemeter opp både til Flatbrehytta og til Himmel-leiren.

 

ONSDAG 11. MAI

Dette året arrangerer eg kryssing av Jostedalsbreen for første gong. Tanken er å gjera denne turen tilgjengeleg for fleire ved å bruka bærarar slik at ikkje ryggsekken blir på langt over 20 kilo, som den fort kan bli om du gjer det på den tradisjonelle måten. Turledarane Knut, Øyvind og Hans Petter bærer utstyr og mat opp til leiren oppe på breen no i dagane før avreise. Responsen var så stor at det blir to grupper, den første startar på Bødalssetra på fredag den 13. (!!!) mens den andre går motsatt veg og startar den 16. Følg med her for oppdateringar undervegs og kanskje også ferske bilete frå turen.

 

Les alle detaljar om turen her

DAGBOK JOSTEN PÅ LANGS 18. - 21. MAI 2012


Dagen etter nasjonaldagen starta ein sprek jentegjeng på årets første Josten-tur, dei fleste frå Nesbyen-området. Me hadde garantert flott vær og føre, og det slo sjølvsagt til 100%. Strålande sol og silkeføre heile vegen. Ein god gjeng var også opp på Lodalskåpa og kunne nyte utsikta frå denne fantastiske toppen. Knut og Knut Ådne leda gjengen trygt over breen og ned til Fjærland, mens Øyvind, Isak og Åsmund var sherpaer. Dei sleit alt av fellesutstyr opp Brattebakken og etablerte den første av to teltleirar her. Isak og Åsmund er no høgdesherpaer i ordets rette forstand, då dei skal halda seg på Norges tak i ei veke og frakte utstyr fram og tilbake melom dei to leirane. Det er nemleg ei til gruppe på veg rett etter denne første.

 

Denne turen er på ingen måte som ein tradisjonell tur over Jostedalsbreen. Heller ikkje menyen:
Dag 1: Rømmegraut med spekemat
Dag 2: Reinsdyrkjøtt med potetmos og tyttebær
Dag 3: Hjortegryte med ris

 

Les alle detaljar om turen her

 

(Alle foto: Knut Horvei)

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.