• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

OL DOINYO LENGAI / MOUNT KENYA

JANUAR 2015 

Sjå fleire bilete nederst på sida


0105 2 


Etter ein lang dags humpete og strevsom køyretur meir i terrenget enn på det som kan kallast vegar, var me framme ved foten av vulkanen. Mike, Hussein (min faste safariguide) og eg.  Dei siste timane møtte me ikkje ein einaste turist, så no var me verkeleg utanfor allfarveg. Hussein, Kipete (lokal masaii-guide) og eg starta kl. 2 om natta for å sleppe å gå i solsteiken opp dei 1800 bratte høgdemetrane. Dette er ein vulkan tatt rett ut frå Donald Duck, dvs. ei perfekt kone. Me fulgte dei gamle lavastraumane oppover, på ein svært spennande «sti». Utan Kipete hadde me aldri funne vegen, då det kun er nokre få personar her kvar veke i snitt. Me møtte ikkje eit menneske på heile turen. Ein av grunnane til at det er lite folk her – ved sida av at det er ei lang reise – er at det ikkje er ufarleg å gå opp. Er du vant med å ferdast i bratt og utsatt terreng går det fint, men du går heile tida på stupbratt lava/stein som er dekka av sand. Dermed er det vanskeleg å få feste med skoen, og den kan forsvinne under deg før du forstår kva som skjer. Og mistar du først kontrollen her er det stor fare for at du ikkje klarer å stoppe. Planen min om kanskje ein gong å arrangere turar på dette fjellet må derfor tenkast grundig gjennom.

I det me nærma oss toppen var det fortsatt mørkt, og me bestemte oss derfor for å sette oss ned å vente i le for vinden. Det var ikkje spesielt kaldt, kanskje rundt 10 grader. Tåka låg tett rundt oss, og då me såg det begynte å lysne gjekk me dei siste hundre høgdemetrane opp på toppen, fortsatt utan å sjå nokon ting. På toppen høyrte me voldsom aktivitet nede i krateret, lyden var den mest intense eg har høyrt frå ein vulkan nokon gong. Kipete, som har vore her nokre gonger før, hadde heller aldri høyrt slike voldsomme lydar før. For dei som aldri har vore på ein aktiv vulkan så er det vanskeleg å beskrive lyden. Den går gjennom marg og bein og du føler deg utruleg liten når det smell og rumlar på det mest intense. Men me såg ingenting, og det var frustrerande å tenka på at det skjedde store ting under oss utan at me kunne sjå det.

Men lykka stod oss bi – og etter 45 minutts venting løfta skyene seg, og me såg plutseleg alt – både nede i vulkanen og den imponerande utsikta ut over Afrika langt under oss. Men vulkanen var hovedfokuset no, svart lava eksploderte ut av ein stor ventil i kraterveggen. Det fulgte eit typisk mønster der det bygde seg opp aktivitet i ein ca. 10-minuttars syklus, og på det mest intense var det voldsomme eksplosjonar som heiv store mengde lava ned i hovedkrateret. Ol Doinyo Lengai er ein ustabil og svært aktiv vulkan og vil sannsynlegvis i løpet av forholdsvis kort tid (geologisk sett) forårsake ein stor katastrofe i området. Det var store sprekker nede i sidene der det kom ut store mengder varm damp, noko som indikerer at heile toppmassivet bevegar seg. Me var på toppen i tre timar før me starta den utfordrande turen ned att. Ein fantastisk dag på eit heilt spesielt fjell.

På Zanzibar møtte eg Mads og Johny og etter nokre begivenheitsrike dagar på dei fantastiske strendene der, reiste me vidare til Mount Kenya. Dixon, hovedguiden min på Kilimanjaro, og den lokale guiden David var med oss på turen, saman med kokk, servitør og ein gjeng med bærarar (engelsk ekspedisjonsstil er obligatorisk i Afrika...). Me brukte fire dagar på ein fantastisk vandretur gjennom Mount Kenya-massivet. Frå sørvest gjekk me frå Met. Station via McKinders Camp over Point Lenana (4985m), som er det tredje høgaste punktet i Mount Kenya-massivet. Utsikta mot sentralmassivet og dei to høgaste toppane er nesten like imponerande som utsikta frå Chamonix i Alpane, og desse to toppane krev ein del klatring. Me gjekk ned att på nordvestsida, via Shiptons Camp til Old Moses Camp. Ein fantastisk tur – Mount Kenya har heilt annleis og meir variert natur enn Kilimanjaro nokre hundre kilometer lenger sør.

Turen gjennom Mount Kenya-massivet står no også på turprogrammet mitt. 
Anbefales for dei som vil oppleva alpin og eksotisk fjellnatur på ekvator, kombinert med eksklusiv og eksotisk safari.


0105 1

Ol Doinyo Lengai

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

Ikkje så lett å ta bilete av svart lava som eksploderer mot mørk bakgrunn, men her ser ein at det blir slengt ut store mengder frå hovedventilen

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

 

0114 4

Mellom Ol Doinyo Lengai og Mount Kenya var det heilt ok med nokre dagar på Zanzibar

0114 4

 

0117 39

Til slutt på denne kontrastfylte turen var det Mount Kenya som stod på programmet

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.