• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

eVEREST  2009

APRIL - MAI 2009 


Sjå fleire bilete nederst på sida
Utdrag frå boka mi: Livet i fjella


Everest 2009 1

Det var eigentleg tilfeldig at det blei ein ny Mount Everest-ekspedisjon på meg i 2009. I 2007 nemnde ein kjenning av meg, som også har klatra fjell over 8000 meter, at han hadde planar om ein travers av Mount Everest. Opp frå Tibet og ned i Nepal. Han spurde om eg ville vera med. Føresetnaden for dette prosjektet var sjølvsagt bruk av både sherpaer og kunstig oksygen, i og med at ein skulle ned att på den andre sida. Det er utenkeleg å bera med seg alt utstyret over toppen, så me var avhengige av at sherpaer kunne etablera leirar til oss på sørsida på førehand. Tanken fascinerte meg, og etter kvart blei det konkrete planar av det. At ein kunne få oppleva ruta både frå nord og sør på same turen, var for meg ein svært spennande tanke. Men på grunn av personlege forhold måtte han fyrst utsetta turen eit år, og deretter blei han nøydd til å legga planane på hylla. Eg var definitivt i Mount Everest-modus att, og i og med at planlegginga alt var i gang, var det berre å justera litt på planane. Eg bestemte meg for å gjera eit nytt forsøk åleine.

Det viste seg etter kvart å vera to ekspedisjonar i tillegg til min som skulle forsøka seg på Mount Everest frå nordsida i 2009. Petter Kragset, Stein R. Grønnerøe og Johnny Brevik utgjorde den eine, mens Petter Nyquist og Lars Oma Erichsrud utgjorde den andre. Eg kjende nokre av dei frå før, fleire av dei hadde også prøvd å klatre Mount Everest tidlegare. Me bestemte oss for å samarbeida om logistikk og transport av utstyr, og å ha felles Base Camp og Advanced Base Camp. Me møttest fyrste gongen i oktober 2008, heime hjå Stein i Oslo. Samarbeidet innebar mellom anna å transportera ned ein god del mat frå Noreg. Planen var mellom anna å læra leirkokken å baka norsk grovbrød til frukost. Stein stod for prøvebaking og utrekning av kor mykje me skulle ha med oss av mat. I tillegg til diverse typar pålegg, smør og ingrediensane til brødet var middagsmenyen viktig. Mykje røykt kjøtt, klippfisk, raspekaker og andre kulinariske delikatesser gjorde at også middagen blei eit høgdepunkt når me var i Base Camp.

Me hadde ulike planar for akklimatisering og strategi på fjellet, men alle var interesserte i å ha det så bra som mogeleg i Base Camp. Det sosiale er alltid viktig når ein drar på ein slik tur. Sjølv om eg har vore åleine på nokre av ekspedisjonane mine, har det heldigvis som regel vore andre nordmenn på fjellet samtidig. Eg trivst veldig godt i mitt eige selskap, men det betyr ikkje at eg ikkje set pris på godt selskap og sosial omgang med likesinna. Det har fungert veldig bra før, og det skulle det visa seg å gjera også denne gongen. Kombinasjonen av å dra på akklimatiseringsturar åleine og det at nokre av dei andre nordmennene stort sett alltid var å tref­fa i Base Camp, var perfekt. Det var kjempefint å møta att dei andre etter at eg hadde vore for meg sjølv nokre dagar. Me blei ein samansveisa gjeng, og me delte same humor.

Eg er ein forholdsvis utolmodig person, og som sagt likar eg å akklimatisera på andre fjell enn det eg skal klatra. Det blir rett og slett for lenge å vera på det same fjellet under heile akklimatiseringsprosessen.

Toppturar på ski er kanskje det eg likar aller best av fysisk aktivitet. Kjensla ein får når ein står på toppen og tar av skifellene, full av forventing framfor turen ned att, er kanskje den beste eg veit om. Turen ned att er ikkje berre lønn for slitet opp. For meg er også turen opp eit høgdepunkt. Eg har alltid hatt ein merkeleg fascinasjon for lange og bratte motbakkar. Når Mount Everest-ekspedisjonen var under planlegging, var det derfor naturleg å akklimatisera på ein plass der eg kunne gå toppturar på ski. Saman med ein gjeng kameratar valde eg derfor å dra til Elbrus i Russland for å gå toppturar i Kaukasus-fjella. Elbrus er Europas høgaste fjell, 5642 meter høgt. Byrjinga av april er ei perfekt tid for å gå toppturar i dette området. Temperaturen er fin, og ein kan framleis finna pudder.

Les om akklimatiseringsturen til Elbrus her

Eg hadde ingen kontakt med dei andre nordmennene som skulle på Mount Everest, mens eg var på Elbrus. Gjensynet med Petter K., Stein og Johnny er derfor hjartleg. Petter N. og Lars er alt på plass i Base Camp i Tibet. Me har hatt forskjellig opplegg for akklimatiseringa. Petter K., Stein og Johnny akklimatiserte eit par veker i Khumbu-dalen på sørsida av Mount Everest. Petter N. og Lars skulle eigentleg komma til Base Camp lenge før oss andre, men blei tvinga til å vera mykje lenger enn planlagt i Katmandu fordi dei kinesiske myndigheitene ikkje opna grensene til Tibet før i midten av april. Grunnen til dette var at det i 2009 var 50 år sidan Dalai Lama flykta, og at kinesarane dermed er redde for demonstrasjonar og uro. Dersom det blir bråk, vil dei i alle fall ikkje at det skal vera turistar eller journalistar i landet som kan formidla kva som skjer, til verda utanfor. Eg har ikkje vore i Tibet eller Kina etter skyteepisoden i Nangpa La i september 2006. Etter det som skjedde, la eg ut ein tekst på framsida av nettstaden min, med svært hard kritikk av kinesiske myndigheiter. Eg la også ut eit bilete frå hendinga og ei lenke til ein video som viser at den tibetanske kvinna fell saman i snøen etter å ha blitt skoten.

I Katmandu får me tak i det siste nye innanfor høgdemedisin, nemleg Viagra. Det er ikkje berre menn som slit med lengd og konsistens på eit visst kroppsleg organ, som bruker sildenafil, som er verkestoffet i Viagra. Også klatrarar på fjell over 8000 meter har sett nytten av denne medisinen. Effekten som klatrarar er ute etter, er at dei små blodårene i lungene lettare tar opp oksygenmolekyl, og at transporten av oksygen med blodet til dei arbeidande musklane dermed blir høgare. Sjølv om det så vidt eg veit, ikkje finst nokon vitskapeleg dokumentasjon enno, viser forsøk på syklistar i USA ei oppsiktvekkande forbetring i fysisk kapasitet i stor høgd. Me har ingen konkrete planar om å bruka det, men me sørger for at det blir eit supplement i dei frå før rikhaldige medisinskrina våre. Sjølvsagt blir det mykje humor rundt dette, og me finn ut at dersom me må bruka dette på fjellet, har det også ein fin biverknad. Me slepp å ta med oss teltstenger.

Når me nærmar oss grensa, er eg litt bekymra for om kinesarane har fått med seg det eg skreiv på nettstaden min i 2006, og kanskje vil nekta meg innreise. Eg er absolutt ikkje av den paranoide typen som trur at mine små ytringar på ei lite besøkt nettside på den andre sida av kloden har nokon ef­fekt på ei av verdas supermakter. Men det er eit faktum at Kina i tida etter denne episoden følgde veldig godt med på kva som blei skrive på diverse nettsider, og rykte gjekk om at dei stod bak hackeråtak mot nokre av dei meir profilerte nyheitssidene som kritiserte dei. Heldigvis går det greitt å kryssa grensa, og etter nokre timar i Zangmu køyrer me vidare til Nyalam. Det er ingen veg utanom ei overnatting i den vesle byen også i år.

Køyreturen vidare til Base Camp neste dag er like spektakulær som forventa. Shisha Pangma, Cho Oyu og til slutt Mount Everest, som viser seg frå si flottaste side. Me stoppar for å eta lunsj i Tingri, på ein plass som nok ikkje ligg an til å få særleg mange Michelin-stjerner. Som i Nyalam er «restaurantane» også her eit kapittel for seg. Når du et suppe, dukkar det plutseleg opp eit hønsenebb på skeia, og pinnane som du et med, blir berre tørka av med ei skitten fille før dei blir sette attende i skåla i midten på bordet. Du kan ikkje be om å få maten godt, medium eller lite steikt, men du kan sikkert be om å få han svidd, med parafinsmak eller med sigarettsneipsmak.

Når me rullar inn i den vesle norske leiren i Base Camp, er me nøgde med å sjå at det er få ekspedisjonar her. Det er ikkje mange som har hatt tru på at kinesiske myndigheiter til slutt ville opna grensa. Her møter me att Petter N. og Lars, og stemninga er høg rundt middagsbordet om kvelden.

Neste dag blir brukt til å få oversikt over utstyr. Alt personleg utstyr er heldigvis uskadd, men maten som me har sendt ned i plasttønner, har dessverre fått gjennomgå. Smørpakkar og kaffiboksar har blitt øydelagde og delvis laga ein slags «kaffisaus» som har runne nedover matvarene. I tillegg har varmen fått smøret til å lukta, så det er ikkje nokon spesielt takknemleg jobb å sortera innhaldet i tønnene.

Me har forskjellige planar for akklimatiseringa også etter at me har komme til Base Camp, men i den fyrste tida går Petter K., Johnny, Stein og eg akklimatiseringsturar saman i fjella rundt Base Camp. Eg akklimatiserer forholdsvis konservativt. Eg oppheld meg lenge i Base Camp på 5200 meter og går dagsturar opp på fjell over 6000 meter i området. Både vest og aust for leiren er det mogeleg å komma opp mot 6500 meter på dagsturar. Men det er vanskeleg terreng, bratt og med store, lause steinar. Eg trur dette er ein optimal måte å gjera det på når eg skal klatra utan kunstig oksygen, fordi eg då får kvila ut forholdsvis bra på 5200 meter kvar natt. Det blir ikkje aktuelt å overnatta høgare enn 7100 meter før toppstøyten.

Stein lærer kokken Pema å laga skikkeleg norsk grovbrød. I motsetning til på tidlegare Himalaya-ekspedisjonar er det ein fryd å stå opp kvar morgon og gå til matteltet for å eta frukost. Nysteikt grovbrød, skikkeleg smør, brunost, jordbærsyltetøy og kaviar frå Noreg gjer at frukosten kan måla seg med det som me er vane med heimanfrå. Og middagen står heller ikkje attende. Ein kombinasjon av norske middagar og kokken Pema sine eigne spesialitetar gjer at dei fleste av oss ikkje tar av så mange kilo som me kanskje hadde rekna med. Pinnekjøt, raspekaker med saltkjøt og klippfisk er blant rettane som står på menyen under ekspedisjonen.

I Base Camp er kontrasten til 2005 stor, då ein nesten måtte gå i sikksakk mellom telt og jakoksar. Straumaggregat gjorde det til ein bråkete plass å vera på. Det såkalla sirkuset på Mount Everest har vanlegvis framsyning både på sørsida og nordsida av Mount Everest kvar vår, men i år er det dobbel framsyning på sørsida. Den spente politiske situasjonen i Tibet gjer at dei fleste av ekspedisjonane har valt å klatra frå sørsida for å sleppa all usikkerheita med omsyn til visum til Tibet. På sørsida er det tilnærma kaos, og me høyrer rykte om at det rett og slett ikkje er teltplassar nok til alle i Base Camp. Dermed må det nødvendigvis også bli kaos høgare på fjellet, der det verkeleg er vanskeleg å laga teltplassar. Camp 3 i Lhotse-veggen består for eksempel berre av nokre små ishyller, og der er det også vanlege år vanskeleg å få plass til alle telta.

Me opprettar etter kvart i fellesskap ein liten norsk minileir på 6000 meter i fjellsida rett vest for Base Camp. Ein tibetansk berar får nokre dollar for å bera opp eit telt som me kan bruka for å overnatta litt høgare enn Base Camp utan å gå den lange vegen inn til Advanced Base Camp. Eg overnattar berre ei natt der oppe. Det blir ei flott natt. Når eg kikkar ut av teltopninga, ser eg Mount Everest litt lenger oppe i dalen, bada i måneljos. Eit flott syn. Eg skriv følgjande oppdatering på nettstaden denne kvelden:

- No riv vinden så hardt i teltet at eg får stenga opninga og sjå om Jon Blund tar seg ein tur heilt opp hit. Trur han bruker underbetalte og lite motiverte vikarar i ekstrem høgd, for søvnen blir ofte uroleg her oppe. God natt!

Dagen etter går eg heilt opp til 6500 moh., men eg må gi opp å nå toppen på over 6700 meter litt lenger borte på ryggen, på grunn av veldig laust og ustabilt fjell. Mount Everest er så enormt stort at det av og til er vanskeleg å sjå føre seg at det er mogeleg å nå toppen. Sjølv når ein står på ein av toppane som ragar 1200– 1300 meter over Base Camp, verkar det som om Mount Everest tronar akkurat like høgt over deg som det gjer frå leiren. Profilen er like vanvittig stor uansett.

Det er denne gongen eit uvanleg aktivt dyreliv rundt Base Camp. Eg har aldri før sett så mange forskjellige dyr så høgt oppe. Den flotte Himalaya-steinbukken ser eg fleire gonger på akklimatiseringsturane mine. Store murmeldyr dukkar opp frå holene sine berre 50 meter unna teltet mitt, og då eg overnattar i teltet på 6000 meter, ser eg ei svær mus. To store ørnar ser eg også på ein av turane. Det som overraska oss mest, var då det blei observert to ulvar som følgde elva forbi Base Camp. Natta som følgde, var prega av laushundar som sprang att og fram i leiren og heldt eit spetakkel utan like. Det var tydeleg at dei også hadde fått med seg at det var andre rovdyr på ferde.

Før den siste delen av akklimatiseringa startar, drar eg ned til Tashetom, ein liten tibetansk landsby som ligg på 4300 meter. Her slappar eg av eit par dagar og prøver å restituera best mogeleg. Eg overnattar på noko som trygt kan kallast «hotell i særklasse», med ein litt spesiell eigar. Det er ein hyggeleg og smilande fyr, men han har nok ei legning som han aldri har fått leva ut her i Tibet. Han daskar meg på rumpa kvar gong eg går forbi, og ler sin karakteristiske latter. Alkoholdunsten kjenner eg på god avstand når han nærmar seg. Hans to døtrer slit og strevar heile dagen, mens han berre går rundt og spyttar på golvet og kjem med tilnærmingar til sine mannlege gjester.

Så er det på tide å overnatta i Advanced Base Camp på 6400 moh. Ei av utfordringane på Mount Everest er den lange og svært tøf­fe transportetappen frå Base Camp til Advanced Base Camp. Det er 1200 høgdemeter og nesten 25 kilometer inn til foten av fjellet. Men du går heile tida opp og ned på morenerygger, så talet på høgdemeter du må gå, er nok sikkert rundt 1500 meter.

Den dagen eg planlegg å gå høgast på fjellet før toppstøyten, startar eg frå Advanced Base Camp tidleg om morgonen. Etter kort tid møter eg ein annan einsleg klatrar, Frank Ziebarth frå Canada, som også er på veg opp til Nordskaret. Han klatrar utan kunstig oksygen og sherpaer. Me føler oss begge sterke, og me gjer unna etappen mellom Advanced Base Camp og Camp 1 på godt under tre timar, sjølv om eg har forholdsvis tung ryggsekk. Det var litt spesielt å møta Frank, i dobbel forstand. Eg møtte han nemleg fyrste gongen på omtrent nøyaktig same staden som eg møtte Marco på for fyrste gong i 2005. Det var så mykje som minte meg om møtet med Marco at det nesten var litt skummelt.

Forholda oppover det bratte brefallet er vanskelege. Eg må trakka spor i opptil 40 centimeter nysnø, og i tillegg må eg leita og grava i snøen for å finna att dei faste taua som er lagde gjennom dette området. Brefallet opp til Nordskaret er i år lettare enn i 2005, det er ingen parti med direkte klatring. Men til gjengjeld er det farlegare på grunn av ein del ustabil is. Dei 400 høgdemetrane under Nordskaret er nemleg eit stort brefall som er i konstant bevegelse, og dermed forandrar det seg heile tida. Det som ein gong var eit trygt vegval, kan neste år vera brattare og meir utsett for utrasing av isblokker eller snøras. I år treng ein berre stegjern for å ta seg opp og ned denne breen, ikkje isøks. Men det er likevel større risiko for at store isblokker skal rasa ut der som tauet er lagt. Få dagar før me gjekk opp, var det store isras som tok med seg fleire taulengder av dei faste taua. Sherpaer måtte legga nytt tau som erstatning for alt som forsvann. Heldigvis var det ingen på veg opp eller ned akkurat då raset gjekk. Eg har vore kritisk til kvar ruta er lagd, heilt frå fyrste gongen eg såg ho. Ved å legga ho meir til høgre kunne ein enkelt unngått dei farlege partia. Ruta hadde rett nok blitt brattare og vanskelegare, men likevel tryggare.

Eg set opp teltet mitt og bruker over ein time på å sikra det. Kastevindane frå Rongbuk-breen kjem over kanten med ein styrke som eg sjeldan har opplevd tidlegare. I fleire minutt kan det vera heilt stille, så høyrest det ut som om eit svært godstog kjem gjennom skaret, og når det smell, er det berre å kasta seg ned og håpa at teltet står gjennom infernoet. Det blir om mogeleg endå verre etter at eg har komme meg inn i teltet, og nokre gonger lurer eg verkeleg på om sikringane mine vil halda. Dersom vinden får tak, er det ingenting som vil stoppa meg og teltet før det flatar ut 600 meter lenger nede på breen. På grunn av vêret blir det ikkje til at eg går høgare denne dagen. Det er rett og slett ikkje forsvarleg. Vinden vil nok ta endå mykje kraftigare i den lange snøbakken opp til Camp 2. Eg blir i Nordskaret heile dagen, delvis slappar eg av i mitt eige telt, og delvis på besøk i Frank sitt vesle telt. Han fortel om sine tidlegare ekspedisjonar, og eg fortel om mine. Han er veldig klar på at dette er siste ekspedisjonen i Himalaya for hans del.

Når det nærmar seg kveld, går eg ned att til Advanced Base Camp. Eg har no altså etablert ein enkel leir i Camp 1 i Nordskaret. Eit lite telt med ein ultralett sovepose, liggeunderlag og kokeustyr. Eg hadde håpt å komma endå eit stykke høgare, kanskje opp til 7500 meter, men det var umogeleg slik vêret utvikla seg. Den siste delen av akklimatiseringa blir prega av dårleg vêr og kraf­tig vind. Dette er sjølvsagt ikkje uventa på eit så stort fjell, og det hindrar meg ikkje i å få gjennomført den siste delen av akklimatiseringa omtrent etter planen. Eg har på dette tidspunktet ikkje bestemt meg akkurat for korleis eg skal gjera det på toppstøyten, og kor mange overnattingar eg skal ha over Advanced Base Camp. Sidan eg skal bera med meg alt sjølv, vil eg prøva å klara meg med eit minimum av leirar. Det vanlege er tre overnattingar på veg opp og éin på veg ned att. Reinhald Messner brukte to leirar på veg til toppen i 1980.

På veg ned gjennom brefallet såg eg eit telt som låg i ein bresprekk, om lag 150 høgdemeter rett under Nordskaret. Vinden hadde fått tak i det og kasta det utfor stupet. Frank overnatta i Nordskaret og kunne etterpå fortelja om ei forferdeleg natt, der vinden hadde auka endå meir, og mange telt blei skadde eller forsvann. Heldigvis stod mitt telt då han forlét leiren.

I dei siste par vekene av akklimatiseringa er eg ikkje mykje saman med dei andre nordmennene. Me akklimatiserer med litt forskjellig rytme, og det er berre av og til at me er i same leiren. Johnny bestemmer seg etter kvart for å avbryta forsøket og reiser heim att til Noreg. Etter den avsluttande delen av akklimatiseringa med utgangspunkt i Advanced Base Camp er det, slik eg ser det, viktig å komma seg langt ned for å kvila ut før toppstøyten. Eg går derfor heilt ut att til Base Camp og får Dawa til å organisera transport ned til ein av dei små landsbyane i området. I tre netter bur eg i Xegar på 4300 moh., på eit forholdsvis bra hotell. Jenta i resepsjonen svarar bekreftande når eg spør om det er varmt vatn i dusjen, men ho gløymer å informera om at det gjeld berre ein time om kvelden. Det fører til ei kald og ubehageleg oppleving i dusjen, og stor latter blant dei tilsette når eg kjem ut på gangen berre iført handkle. Men med eit par dollarsetlar ordnar alt seg også i Tibet. Til og med fjernsyn er det på rommet, med mange kanalar. Diverre berre kinesiske.

Deretter drar eg opp att til Base Camp. Eg er spent, men optimistisk, og eg gleder meg veldig til den kommande toppstøyten. I motsetning til i 2005 har eg halde meg frisk gjennom heile akklimatiseringa.

Toppstøyten 18. mai sender eg heim følgjande oppdatering via SMS:

- Startar frå Base Camp no. Reknar med å stå på toppen 21. eller 22. mai. Vêrmeldingane ser lovande ut. Spent, men optimist.

Eg har no bestemt meg for kva strategi eg vil bruka på fjellet. Eg vil gå til Intermediate Camp den fyrste dagen. Dagen etter går eg til Advanced Base Camp, der eg tar nokre timars pause for å gjera dei siste førebuingane. Så vidare til Camp 1 i Nordskaret same kveld. Neste dag flyttar eg leiren opp til om lag 7800 meter, der eg startar toppstøyten frå.

Som sagt så gjort. Eg overnattar i Intermediate Camp og startar tidleg neste dag for å nå Advanced Base Camp før dei andre nordmennene startar sine toppstøytar. Tilfeldigvis har det blitt slik at me satsar på toppstøyten omtrent samtidig. Eg kjem fram til leiren om lag klokka 11, rett før gjengen startar opp over mot Nordskaret. Eg får dei siste vêrmeldingane, og Petter N. fortel meg at ein italienar omkom høgt på fjellet få dagar før.

Dei startar oppover saman med Dawa, Jangbu, Lhakpa og Tenzing. Eg kviler nokre timar før eg gjer meg klar til å gå den same strekninga. Utstyret som eg skal ha med meg oppover, har vore klart i vekevis, så det er stort sett berre å knyta storskoa og ta med ryggsekken som står klar. Dei store Himalaya-skoa tar det litt tid å få på seg. Fyrst den varme innerskoen, så den store og stive ytterskoen. Klatreutstyret består av ein ultralett klatresele, stegjern, jumar, rappellåttar pluss ein del slynger og karabinar. Eg fyller vatn på dei to flaskene mine og pakkar ned nokre kyllingstykke som eg får av kokken. Dundressen pakkar eg ned i sekken, det er altfor varmt å gå med han på. Eg har ei svært god kjensle i kroppen. Eg gleder meg til det som skal skje dei neste dagane. Eg er sjølvsagt litt spent, men på ein god måte. Akklimatiseringa har vore maksimal, og kroppen følest sterk. Eg vinkar farvel til Pema og startar oppover den slake stien mot breen. Sjølv om stien er god, går eg med stavar. Dei store skoa er ikkje spesielt gode å gå med på sti, det er derfor godt å ha stavane for å finna den gode rytmen. Varmen er intens, eg tar av meg både jakke og fleece og går i berre nettingen oppover. Området mellom Advanced Base Camp og Camp 1 verkar i formiddagssola som ei gigantisk parabolantenne. Strålinga frå sola blir derfor konsentrert, og dersom det er vindstille, kan det nesten vera shortstemperatur.

Eg tenker litt på kva som vil møta meg på veg til Nordskaret. Petter N. fortalte meg også at ein tsjekkar døydde i teltet sitt i Camp 1 i løpet av natta. Eg reknar med at kompisane hans vil frakta han ned i løpet av dagen. Tanken på å møta eit gravfølgje er ikkje særleg lysteleg.

Stegjerna tar eg på idet eg går inn på breen. Herifrå er det stegjernterreng heilt opp til toppen. Stavane fortset eg med fram til der det bratte partiet under Nordskaret byrjar – på dette punktet står det mange par med stavar lagra sidan det ikkje er bruk for dei lenger oppe. Oppover det bratte snø- og ispartiet går det lett og ef­fektivt. Eg ser fram til å komma forbi dei stygge partia der isblokkene heng truande rett over ruta. Det går heldigvis greitt, og under tre timar etter at eg starta frå Advanced Base Camp, er eg oppe ved teltet. Når eg nærmar meg teltet mitt, er eg veldig spent på om alt utstyret mitt framleis er der. Heldigvis er det ingen som har forsynt seg av sakene mine sidan sist gong eg var her. Eg smeltar umiddelbart snø slik at eg får varm drikke. Det viser seg at tsjekkaren som døydde, er gravlagd i snøen berre to meter frå teltet mitt. Faktisk har dei flytta den eine teltpluggen min for å få plass til grava. Eg undrar meg litt over at dei ikkje har transportert han ned, men sjølv frå denne høgda er det ein tøff jobb å få ned ein død person.

Eg går gjennom leiren opp til dei andre nordmennene sine telt. Dei slappar av i telta sine, og forma er stort sett bra. Petter K. hostar litt, men ikkje verre enn at han framleis er optimist. Eg sit ei stund i teltet til Petter N. og Lars, stemninga er god, og me gleder oss til det som skal skje dei neste par døgna. Eg sender ei tekstmelding heim til Martin. Eg må 50 meter bortover i skaret for å få dekning. Meldinga er kort:

- Er i Camp 1. Gjekk frå Intermediate Camp direkte til Camp 1, berre ein kort pause i Advanced Base Camp. Føler meg sterk. Framleis vind på fjellet, håper det løyar snart.

Natta i Nordskaret er bra, og eg søv godt. Tanken på at det ligg ein død person i snøen under to meter frå hovudet mitt, plagar meg ikkje. På dette stadiet fokuserer eg berre på alt som skal gjerast med tanke på min eigen toppstøyt. Det er tidsaspektet som er den største risikoen ved det å klatra dei aller høgaste fjella. Eg har alltid prøvd å unngå å vera lenge høgt oppe, ved å klatra fort og unngå å sova i dei høgaste leirane. Dette er viktig for å unngå dei alvorlege følgjene av høgdesjuke. Vanlegvis vil ein gjennomgå stadium av mild høgdesjuke før ein får alvorleg høgdesjuke. Alle fornuf­tige klatrarar vil snu dersom dei opplever symptoma på mild høgdesjuke, eller i alle fall ikkje gå høgare på fjellet før symptoma er borte. Mild høgdesjuke kan samanliknast med den tilstanden du er i morgonen etter ein litt for fuktig kveld på byen. Hovudpine, kvalme, apati og generell nedsett fysisk og mental kapasitet er dei fyrste teikna på at kroppen ikkje er tilpassa den høgda du er på. Akklimatisering er som ein balansegang på ein skarp knivsegg. Du må sørgja for at kroppen tilpassar seg den nye høgda, men går du for fort fram, bryt du berre ned kroppen.

Før eg sovnar, tenker eg litt på at eg kjem til å passera Marco rett under toppen, dersom eg kjem så høgt. Han ligg i ein makaber stilling rett før snøpyramiden som leier opp til toppen. Eg håper at det ligg såpass med nysnø at eg slepp å sjå ansiktet hans.

Eg står opp når det lysnar, men før sola kastar dei fyste strålane sine på teltduken. Klokka er om lag 05 når eg kryp ut av soveposen. Det er aldri kjekt å krypa ut av soveposen i eit iskaldt og nedrima telt. Men eg tar på dundressen, i den er det i alle fall ikkje mogeleg å frysa. Eg smeltar snø til drikke og får i meg ein solid frukost, så solid som det går an i denne høgda. Eg har mellom anna med meg ein del knekkebrød med ost, det har eg god appetitt på også over 7000 meter. Så pakkar eg ned det meste i sekken. Det er ein omfattande jobb å ta ned teltet. Eg la mykje snø på stormmattene for å unngå at vinden skulle få tak då eg sette det opp, og dermed bruker eg lang tid på å spa det ut att. Snøen har blitt så kompakt og hard at eg verkeleg må bruka kref­ter for å knekka han laus. Eg må heile tida vera forsiktig så eg ikkje skader teltduken eller bardunane. Også snøpluggane sit godt, det positive er at ingen vindkast i verda kunne ha rikka teltet mitt.

Mens eg arbeider med teltet, blir det varmare og varmare. Sola tar godt sjølv om klokka enno ikkje er 06 om morgonen. Eg håper at det blir litt vind når eg kjem forbi den store isveggen som skjermar leiren frå dei vestlege vindane. Etter monsunen kjem nesten alltid vinden frå vest. Ofte er denne vinden så kraf­tig at det er vanskeleg å gå oppover snøfeltet mot Camp 2. Spesielt her i Nordskaret, der vinden blir pressa opp. Eg legg att det utstyret som eg ikkje treng, i ein plastpose som eg grev ned i snøen. Planen er å henta dette når eg er på veg ned frå fjellet att. Gore-Tex-jakka og -buksa er blant utstyret som eg legg att. Det treng eg ikkje så lenge eg har dundressen. Men idet eg startar å gå, angrar eg nesten på at eg ikkje pakka dundressen i ryggsekken. Eg forstår at varmen vil bli den største utfordringa opp til Camp 2. Eg snakkar så vidt med dei andre nordmennene før eg legg i veg. Det meste står framleis bra til også hjå dei. Dawa er i godt humør, og me spøker litt om alt me skal finna på etter at me returnerer til Katmandu. Dei treng ikkje å starta så tidleg som eg. Min plan er å starta toppstøyten i kveld etter å ha slappa av heile ettermiddagen og kvelden i Camp 2. Derfor må eg komma fram til leiren forholdsvis tidleg. Dei andre nordmennene skal overnatta i Camp 2 før dei går vidare til Camp 3 dagen etter.

Eg merkar at kroppen fungerer bra. Bortsett frå varmen verkar alt optimalt. Eg har ei kjempegod kjensle i kroppen. Etter kvart blir varmen faktisk eit problem. Eg opnar alle glidelåsar i dundressen, som heldigvis er laga med langsgåande glidelåsar både på overkroppen og nedover beina, og dermed blir det i alle fall luf­tig. Eg har med to liter drikke, men i denne varmen er eg skeptisk til om det er nok.

Under ein av pausane mine langt oppe i snøbakken ser eg nordmennene heilt nedst. Dei har akkurat starta. No strålar sola endå meir, men til gjengjeld har det så vidt begynt å blåsa litt. Eg håper derfor dei slepp den steikande varmen som eg måtte slita med oppover dei fyrste to timane. Trass i den svake vinden er varmen framleis intens. Eg byrjar å frykta at eg vil bli dehydrert, og prøver å porsjonera ut drikka som eg har med. Den eine foten blir flytta framfor den andre i ein sakte, repeterande rytme. Eg tar ein kort pause kvar gong jumaren må flyttast forbi eit forankringspunkt. Eg set meg av og til ned i snøen og nyt den fantastiske utsikta over Tibet og Himalaya.

I horisonten i nordvest ser eg Shisha Pangma, og ein god del nærmare ligg Cho Oyu. Synet bringar attende gode minne frå suksessfulle ekspedisjonar til desse gigantane nokre år tidlegare. Eg hugsar kjensla idet eg stod på toppen. Den gode kjensla av å vera på toppen av eit fjell som ein har drøymt om i lang tid. Kjensla av å ha full kontroll over alle faremomenta rundt ein. Lite anar eg at den kontrollen akkurat no er i ferd med å forsvinna. Akkurat no er verdas høgaste fjell i ferd med ta å kontrollen over meg.

Etappen frå Camp 1 opp til Camp 2 går for det meste oppover ein bratt snøbakke. Det er ingen tekniske utfordringar, men det er bratt nok til at du ikkje skal gjera ein einaste tabbe. Dersom du fell her, er det svært usannsynleg at du klarer å stoppa. Idet eg når den øvste delen av snøbakken, er eg berre nokre få meter under der Camp 2 startar. Camp 2 er altså ein svært langstrakt leir. Han startar på 7600 meter, men strekker seg nesten 300 høgdemeter oppover. Det er ikkje mange plassar det går an å setta opp eit telt i denne leiren. Det er så bratt at ein må grava ut hyller i steinrøysa for å laga ein flat plass å ligga på. Planen er å setta opp teltet i øvre delen av leiren. Men når eg nærmar meg det øvste teltet, har eg vanskar med å finna ledige teltplassar. Vidare oppover blir det endå brattare, og eg byrjar å lura på om det i det heile er mogeleg å finna ein plass. Eg har lite lyst til å gå nedover i leiren att. På nokre av dei opparbeidde plassane ligg det haugar av telt og oksygenflasker. Det er kamp om plassane, og ofte blir ikkje telta slått opp. Men haugen av utstyr er ein klar indikasjon på at plassen er opptatt.

Til slutt finn eg ei lita hylle heilt øvst i leiren, på om lag 7900 meter. Ho er så lita at eg reknar med at litt av teltet kjem til å stikka utanfor. Men det er den einaste plassen som er ledig. Det tar ikkje lang tid å slå opp teltet, det er berre tre lange teltstenger som held den tynne, pustande teltduken oppe. Men det tar lang tid å sikra det. Berre det å henta ein stein eit par meter unna gjer at eg må setta meg ned og kvila lenge. Å knyta bardunen fast i steinen er også eit slit. Teltpluggar er håplaust då det berre er stein under teltet.

Når eg endeleg kryp inn i teltet, merkar eg at eg er tørr i munnen. Varmen har gjort at eg ikkje har fått i meg nok drikke i forhold til det eg har sveitta ut. Fyrste prioritet blir derfor å henta snø og smelta drikkevatn. Men det er lettare sagt enn gjort. Det er eit lite snøfelt ti meter frå teltet, men eg må kryssa eit svært bratt parti for å nå bort dit. Forsiktig lurer eg meg over. Dei store skoa er gode å gå med på bratt snø, men ikkje ideelle i slikt terreng. Men det går bra, og eg fyller ein vanleg handlepose av plast med snø og håper det skal halda til eg kjem ned att etter toppstøyten. Attende i teltet kan eg endeleg ta av meg skoa. Mat og drikke blir det vikigaste den neste timen.

Snart må eg likevel ha skoa på meg att. Å gå på do på 7900 meter er eit slit i seg sjølv. Det brenn ekstra godt i låra når oksygenmengda i luf­ta er så lita. Så snart eg er attende i teltet, må eg ut att ein tur til. Eg har klart å halda meg frisk i magen gjennom heile akklimatiseringsperioden, og så får eg diaré på sjølve toppstøyten. Utgjort. Eg merkar at tanken på kva dette vil ha å seia for sjansane mine til å nå toppen, uroar meg. Diaré fører til ytterlegare dehydrering. Situasjonen er ikkje ideell.

Det er no problema mine startar. Utan at eg merkar det sjølv, byrjar eg å bli forvirra. Sjølv om eg har vore på same høgda på fleire tidlegare ekspedisjonar utan noko problem, gjer det låge oksygennivået at hjernen arbeider seinare og dårlegare enn han gjer til vanleg. Blodet blir i utgangspunktet tjukkare dess høgare du kjem. Dette skjer fordi talet på raude blodceller aukar, noko som er nødvendig for at kroppen skal transportera nok oksygen til hjernen og resten av kroppen. For å halda blodet tynt og lettflytande er det nødvendig å drikka mykje. Diareen og varmen gjer at eg har blitt dehydrert. Dermed forverrar tilstanden min seg mykje raskare enn han elles ville gjort. Og dess meir forvirra eg blir, dess mindre merksemd har eg på å drikka. Eg er inne i ein vond spiral.

Alle som klatrar høge fjell, vil oppleva at hjernekapasiteten blir svekt. Det kan verka på fleire måtar. Ein kan oppleva at kortare eller lengre periodar er som viska ut av minnet når ein tenker attende etterpå. Dersom nokon hadde stilt deg overfor matematiske eller logiske utfordringar, ville du også brukt lengre tid enn vanleg på å løysa dei. Eg har ingen teikn på mild høgdesjuke, det vil seia hovudpine og kvalme. Dette gjer at eg ikkje er klar over at eg er i ferd med å utvikla alvorleg høgdesjuke. Eg går direkte inn i ein tilstand der den låge oksygenmengda påverkar hjernen, truleg både i form av hypoksi og hjerneødem. Hypoksi er mangel på oksygen i blodet. Tilstanden er kjenneteikna av redusert konsentrasjon og at ein blir likeglad og ute av stand til å forstå at ein er i alvorleg trøbbel. Synsfeltet blir innsnevra, og fargesynet blir også dårlegare. Eg utvikla nok også etter kvart hjerneødem, ein tilstand der hjernen svell på grunn av væskeopphoping. Symptoma er på dei fleste områda dei same som for hypoksi.

Alle som klatrar høge fjell, har dexametason med seg til kvar tid. Denne medisinen motverkar hjerneødem. Men medisinen låg uopna i lomma mi gjennom dei neste dramatiske døgna. Dexametason har redda mange som har utvikla akkurat denne tilstanden på høge fjell tidlegare, så det er rart at eg aldri var inne på tanken om å ta denne medisinen. Eg har derimot på eit eller anna tidspunkt bestemt meg for å ta éin eller to Viagra. Det er eit teikn på at eg likevel var bevisst på at eg hadde problem med oksygentilførsla til hjernen. Men i mitt tilfelle hjelpte han nok sannsynlegvis lite. Det hadde heller ikkje hjelpt meg mykje om eg hadde hatt med oksygen i reserve. Eg hadde uansett ikkje vore i stand til å forstå at eg måtte bruka det. Men eg hugsar mesteparten av det som skjer det neste døgnet. Det er ein klar samanheng med tal på meter over havet når det gjeld kor mykje eg hugsar. Det er fyrst over Camp 3 på 8300 meter at det for alvor er svarte hol i minnet mitt.

Avgjerda om ikkje å støyta mot toppen same natt, men å venta eit døgn i Camp 2 for å kvila, er verken logisk eller fornuf­tig. Ho blir likevel tatt i løpet av timane fram mot solnedgang. Denne avgjerda er heilt klart også eit resultat av det som er i ferd med å skje med meg. Eg har planlagt denne toppstøyten veldig lenge, basert på erfaringar frå tre tidlegare ekspedisjonar til fjell over 8000 meter. Men aldri har eg vore inne på tanken om å gjennomføra det på den måten som det no ligg an til. Eg vil no tilbringa mykje meir tid over 7500 meter enn det eg alltid har meint er trygt. Diareen uroar meg, og er nok ein av grunnane til at eg bestemmer meg for å venta eit døgn.

Den of­fensive og positive haldninga som alltid har prega toppstøytane på dei tidlegare ekspedisjonane mine, er no erstatta av ei defensiv innstilling til det som skal skje. Eg har gjennomgått kvar minste detalj tusen gonger i hovudet gjennom heile planleggingsperioden fram mot denne ekspedisjonen, men no er alt prega av passivitet og avgjerdsvegring. Eg bruker alltid å ha god orden i teltet. Eg er ein svært strukturert person, men no ser teltet mitt ut som ei slagmark. Det er ikkje mykje eg har med meg, likevel klarer eg ikkje å organisera tinga mine. Dersom alt hadde vore normalt, ville eg på dette tidspunktet ha pakka sekken og gjort alt klart for toppstøyten. Eg legg meg ned i soveposen for å kvila, men ei stadig uro i kroppen gjer at eg ofte set meg opp. Eg ser på alt utstyret mitt som ligg i teltet, og avgjer at no skal eg endeleg få orden på kaoset. Det endar alltid med at eg berre flyttar eit par ting, for så å flytta dei attende neste gong eg reiser meg opp.

Trass i det som skjer med meg, er eg altså ikkje i stand til å forstå at eg er i ferd med å få alvorlege problem. Ikkje på noko tidspunkt tenker eg tanken at eg bør avbryta. Eg tenker heller ikkje på toppen. Det er ikkje toppfeber som driv meg nærmast viljelaust vidare. Eg vil heller samanlikna det med ein robotaktig tilstand, der kroppen utfører det som hjernen har planlagt lenge, utan at hjernen er bevisst akkurat når planen skal settast ut i livet. Toppen tenker eg faktisk ikkje på før eg er nede i Advanced Base Camp att.

Kvelden kjem, og eg gjer meg klar for natta. Temperaturen er fin, og eg ligg berre med dundressen på og soveposen som eit teppe over meg. Det er vindstille. Eg ser optimistisk på tilværet. Hjernen trur at alt er normalt, sjøl om det er langt frå verkelegheita. Eg søv godt, men må ut på do fleire gonger. Magen er framleis i opprør.

Om morgonen er vêret framleis strålande. Eg satsar på ein sein start. Eg vil ikkje stå på toppen midt på natta. Planen min er no å gå direkte til toppen frå denne leiren, berre med ein kort pause i Camp 3. Det vil seia ein toppstøyt som er 400 høgdemeter høgare enn normalt på Mount Everest. Eg tar med fjellduken min, sidan han gir god isolering og godt vern mot vind. Under ein kort pause i Camp 3 vil det greia seg lenge med dundress og fjellduk for å halda varmen. Teltet og resten av utstyret lar eg stå att, slik at eg har ein stad å overnatta på veg ned etter toppstøyten.

Eg har 1700 dollar liggande i teltet i Camp 2. Det er vanleg å ta med mykje pengar på toppstøyten på store fjell, i tilfelle du må be om hjelp til noko. Det kan vera at utstyret ditt blir stole, og at du derfor må låna telt og sovepose frå andre. Alt ordnar seg så mykje lettare dersom du har ein bunke setlar med deg. Likevel kan eg ikkje gi ei god forklaring på at eg lar 1200 dollar ligge att i teltet og tar med meg berre 500 dollar i ryggsekken. Eg legg pengane innimellom maten som ligg att i teltet.

Petter, Lars og Stein passerer leiren min saman med Jangbu, Lhakpa og Tenzing. Eg ser dei lenge før dei kjem opp til teltet mitt. Dei blir overraska over å sjå meg her, dei hadde rekna med at eg ville klatra mot toppen dagen før. Men elles merkar dei ikkje noko spesielt med meg. Me snakkar saman ei lita stund, før dei går vidare. Petter Kragset har dessverre måtta avbryta og er no på veg ned att til Advanced Base Camp. 

Eg skriv ei tekstmelding heim til Martin. Eg har full dekning på mobilen, og eg veit at det skal vera god dekning frå Nordskaret heile vegen til toppen. Til mi overrasking får eg feilmelding når eg trykker på Send. «Sending mislykket» lyser mot meg frå skjermen.

Eg slappar av nokre timar til, før eg gjer dei siste førebuingane. Eg smeltar vatn og fyller to literflasker med varmt vatn og energipulver. Deretter legg eg dei inn i dei spesielle isolasjonstrekka som skal hindra at dei frys til is. Maten som eg tar med vidare, består stort sett av energibarar, sjokolade og druesukkertablettar. Eg legg også eit par kyllinglår i sekken. Eg føler meg bra i kroppen når eg byrjar å gå frå Camp 2. Sjølv om diareen hadde ført til fleire dobesøk også denne dagen, merkar eg ei lita forbetring i forhold til kvelden før.

Det går sakte, men sikkert oppover den bratte skråninga over teltet mitt. Eg har ikkje mykje i ryggsekken. Eg bruker stort sett ikkje dei faste taua oppover. Her er det såpass enkelt terreng at eg ikkje føler behov for det. Det er tidkrevjande å stadig skif­ta tau med dei spesielle jumarklemmene. For kvar gong du kjem til eit forankringspunkt, må du kopla deg av på undersida av knuten, for så å kopla deg på att rett over knuten. Eit parti litt over halvvegs mellom Camp 2 og Camp 3 er såpass bratt at det er påkravd å sikra seg. Det er ein bratt bakke dekt av hard snø, der ei utgliding sannsynlegvis vil få seriøse konsekvensar. På det aller brattaste møter eg to sherpaer på veg nedover. Det er no i ferd med å mørkna. Både eg og sherpaene slår på hovudlyktene når me går vidare, etter å ha veksla nokre få ord. Frå dette punktet går det forholdsvis sakte oppover mot Camp 3 på 8300 moh. Det er mørkt, men lykta er kraf­tig, og eg har ingen problem med å sjå kvar eg skal gå. Eg ser telta i Camp 3 eit godt stykke før eg kjem fram til leiren. Det skin i gult, oransje og raudt når lyset frå hovudlykta tref­fer teltdukane over meg. Det er heilt stille i leiren. Alle prøver å få nokre timar med søvn før toppstøyten startar. Det er ikkje lett å sova i slike høgder, men ein må i alle fall prøva å kvila ut.

Eg ser meg ut det raude og gule teltet til Lars og Petter, og går mot det. Eg set meg ned i grusen og ventar, eg har ikkje lyst å forstyrra dei i søvnen. Etter ei lita stund høyrer eg at det er aktivitet i teltet, og eg kviskrar namna deira for å få kontakt. Eg forstår fyrst ikkje kva som blir sagt, men etter kvart skjønner eg at det ikkje er Petter, Lars eller Stein som svarar. Det er tydelegvis Jangbu, Lhakpa og Tenzing som bruker dette teltet. Eg skjønner at nordmennene ligg i eit av dei andre telta i området, men kva telt? Etter å ha gått litt fram og attende mellom telta høyrer eg ei stemme litt over meg. Det er Petter som ropar på meg. Han er på veg ut av teltet, og det er tydeleg at dei no er i ferd med å starta toppstøyten. Klokka er om lag 21.30. Eg set meg i grusen rett utanfor teltet.

Utan at eg veit kvifor, har eg no bestemt meg for å spørja dei om eg kan låna teltet til å slappa av i nokre timar. Planen min var å klara meg sjølv, utan hjelp av andre. Kvifor eg ikkje tok ut fjellduken min og bretta han rundt meg, veit eg ikkje. Det at eg faktisk ber om å få låna teltet, er for meg eit definitivt bevis på at eg ikkje lenger tar gjennomtenkte avgjerder. Eg er tydelegvis i eit stadium der strategi og planlegging ikkje lenger betyr noko. Eg tar avgjerder som eg i normal tilstand ikkje ville ha gjort. Petter svarar umiddelbart ja på spørsmålet mitt om å låna teltet. Eg ventar utanfor mens dei gjer seg klare. Eg hjelper Petter med å lysa på Lars med hovudlykta mi, mens han filmar at han gjer seg klar. Det er ein omstendeleg prosess å få på seg sko og stegjern i denne høgda. Ein blir andpusten av sjølv den minste bevegelse. Sherpaene kjem ut av teltet sitt, og etter kvart er dei klare til avgang. Me ønskjer kvarandre lykke til, og veit at me kjem til å møtast om ikkje så altfor lenge, høgare oppe på fjellet.

Eg set meg inn i teltopninga og tar av meg stegjern og sko. Stegjerna legg eg på utsida for å unngå å skada teltet, mens eg tar med meg skoa inn i teltet. Eg flyttar på nokre flasker oksygen og legg meg ned på eit liggeunderlag. Det er fleire soveposar i teltet, men det er ikkje spesielt kaldt, så eg legg berre ein sovepose halvvegs over meg. Eg vurderer kor lenge eg skal sova, og eg stiller alarmen på klokka, utan at eg heilt kan hugsa kva klokkeslett eg planla å stå opp på. Sidan eg aldri hadde planlagt å sova i denne leiren, har eg ikkje noko bestemt tidspunkt for når eg vil starta. Dei fleste startar rundt klokka 23 frå denne leiren. Eg veit av erfaring at eg klatrar veldig fort over 8000 meter, så det uroar meg ikkje mykje at eg kjem til å starta litt seinare enn det som er vanleg. Eg prøver også no å senda tekstmeldinga heim til Martin. Men det er framleis problem med nettet, og eg får den same feilmeldinga som før. Det eg ikkje veit, er at Martin får desse meldingane sjølv om eg får feilmelding. Han undrar seg over at han får den same meldinga fleire gonger. Eg prøvde også å ringe til Martin, men det fungerte heller ikkje.

Eg vaknar brått med ei uroleg kjensle i kroppen. Eg er redd for at eg har sove altfor lenge. Alarmen på klokka mi er ikkje særleg kraf­tig, og det har skjedd før at eg rett og slett har forsove meg. Eit raskt blikk på klokka avslører at ho er nøyaktig 01 på natta. Perfekt!

Etter turen har eg tenkt mykje på kvar eg la att ryggsekken. Eg trudde fyrst at eg hadde lagt han att høgt på fjellet, for å ha mindre å bera på det aller siste stykket mot toppen. Dess meir eg har tenkt på det, dess sikrare blir eg på at eg la han att ved teltet i Camp 3. Eg synest eg hugsar at eg la han rett på oversida av teltet, mellom nokre steinar som blei brukte til å bardunera teltet.

Eg henger kameraet rundt halsen og tar med meg telefon, mat og medisinar. Dundressen har to store innerlommer som akkurat rommar ei standard literflaske kvar, så eg legg ei flaske i kvar lomme. Ein tynn aluminiumsduk til bruk i nødsfall tar eg også med. Alt av klede har eg på meg, så det eg treng, går lett ned i lommene. Eg startar å gå litt etter klokka 01. Forvirra, men ute av stand til å skjønna at eg har problem, legg eg i veg oppover. Eg kikkar opp på nordaustryggen eit par hundre høgdemeter over meg. Eg ser fleire små lyspunkt mot den svarte nattehimmelen – hovudlyktene til nordmennene og ein engelsk ekspedisjon som også er på veg mot toppen. Frå Camp 3 går terrenget bratt oppover mot ei slags renne som leier gjennom eit klippeparti opp til nordaustryggen. Terrenget under denne renna er delvis dekt av snø. Det er bratt, men ikkje så bratt at eg vurderer det som utsett. Evna mi til risikovurdering er uansett så redusert på dette tidspunktet at eg ikkje gjer den vanlege analyseringa og vurderinga av terreng og faremoment som eg normalt gjer i slikt terreng. Eg flyttar meg instinktivt vidare oppover.

Brått slår det meg at eg må prøva å ringa til Martin før han legg seg. Eg reknar meg fort fram til at klokka er snart 23 om kvelden heime. Han er på kino, og må derfor snika seg ut mellom seteradene før han tar telefonen. Det er godt å høyra stemma hans att. Eg bevegar meg sakte oppover mens eg snakkar med han. For Martin høyrest eg heilt normal ut, han legg ikkje merke til at noko er gale. Meldinga som Martin legg ut på nettsida etter denne telefonsamtalen, er som følgjer:

- Er no på 8450 moh. Ca. 400 meter att til toppen. Sliten, men toppen innan rekkevidd. Optimist for siste del av toppstøyten om ikkje noko uventa skjer.

Martin veit ikkje at dette er siste gongen han høyrer frå meg på fleire døgn. Uroa hans veks i takt med timane som går. Det gjer det sjølvsagt hjå familie og andre venner også. På nordaustryggen av Mount Everest er det tre markerte «trinn». Desse blir fantasifullt nok kalla First Step, Second Step og Third Step. First og Third Step er forholdsvis enkle reint klatreteknisk, men det er absolutt ikkje Second Step. Denne veldige hammaren som møter deg på rundt 8600 meter, er det få som har klatra opp. Ein kinesisk ekspedisjon i 1960 er sannsynlegvis dei einaste som har klart å komma seg opp ved å banka kilar inn i fjellet og stå på skuldrene til kvarandre. Det var på denne tida meir snø, noko som sannsynlegvis gjorde det enklare å forsere hammaren. Ein annan kinesisk ekspedisjon sette i 1975 opp ein stige på det vanskelegaste vertikale partiet. Etter den tid har alle som har klatra denne ruta, brukt stigen på sin veg mot toppen. Den kjende amerikanske klatraren Conrad Anker prøvde i 1999 å klatra opp utan å bruka stigen, men klarte det berre delvis då han måtte setta ein kamkile i ein vid sprekk. Slike sikringsmiddel var ikkje tilgjengelege på Mallory og Irvine si tid. Anker vurderte det derfor etterpå som svært lite sannsynleg at dei klarte å klatra opp dette partiet. Derfor trur dei fleste at Mallory og Irvine ikkje nådde toppen i 1924, sjølv om Mallory var ein forholdsvis god klatrar i si tid. Dei blei siste gongen observerte av Noel Odell, som stod mykje lenger nede på fjellet og observerte dei to på veg mot toppen. Odell såg at dei var i ferd med å klatra opp First Step eller Second Step. Grunnen til at Odell ikkje var heilt sikker på kvar han hadde sett dei, var at skyer var i ferd med å dekka fjellet. Rett etter denne observasjonen blei fjellet fullstendig dekt av skyer, og dei to klatrarane blei aldri meir sett i live.

Eg er no oppe på nordaustryggen, 8500 meter over havet. Sola stod opp rett før eg kom opp på ryggen. Fram til dette punktet hugsar eg det meste, men no hugsar eg lite detaljar vidare oppover mot First Step. Sjølve First Step hugsar eg, då det brått blei nødvendig å tenka ruteval og på kvar ein skulle setta føtene og plassera hendene. Eg vurderer nøye kva tau eg skal velja å sikra meg i, for eit fall her vil definitivt vera alvorleg. Mange av taua er gamle og slitne, og det kan vera ei utfordring å plukka ut det nyaste tauet. På eit av bileta som eg tok i dette området, ser eg ein klatrar og ein sherpa som sit og kviler eit godt stykke over meg. Desse klatrarane må eg ha møtt litt seinare, men eg hugsar det ikkje.

Mushroom Rock er ein spesiell steinformasjon mellom First og Second Step som kan minna om ein sopp. Under Mushroom Rock ligg ein klatrar som døydde her i 1996. Alle som klatrar Mount Everest frå nordsida, må passera denne klatraren, og det er derfor ikkje noka overrasking når eg ser to grøne plastsko stikka opp av snøen. Men det gjer ikkje noko spesielt inntrykk på meg i den situasjonen eg er i no, eg berre registrerer det og konstaterer at eg dermed er ved Mushroom Rock. Det er skremmande i ettertid å tenka på kor lite inntrykk synet av den døde klatraren gjorde. Kaldt og kynisk tar eg eit bilete av beina som stikk opp, før eg går vidare mot Second Step.

Eg bruker lang tid på partiet frå Mushrom Rock til Second Step. Eg set meg ofte ned og kviler, og i ettertid ser det ut til at eg har blitt sittande mykje lenger enn planlagt kvar gong eg tar ein pause. Eg er ikkje bevisst på at tida går altfor fort. Eg har alltid vore svært nøye med å vera tidleg på toppen. Dette er viktig fordi ein vil ha dagslys på nedturen, men også fordi det er større fare for dårlegare vêr utpå dagen. No ser eg ikkje på klokka i det heile. Alle varsellamper lyser, og alle alarmar går, men eg er ute av stand både til å sjå og høyra det.

Når eg nærmar meg Second Step, ser eg klatrarar på veg ned stigen. Eg tar fleire bilete av dei. Eg tenker ikkje på at dette sannsynlegvis er nordmennene som har vore på toppen. Lars har seinare fortalt meg at han vinka til meg utan at eg vinka attende. Andre gongen han vinkar, ser eg det, og vinkar attende. Det er Lars eg møter fyrst. Eg hugsar seinare at eg snakka med ein av dei, men eg klarte ikkje å hugsa at det var Lars, før han fortalte meg det etterpå. Lars fortel meg seinare at me snakka litt om diverse ting, mellom anna om den gigantiske bif­fen me skulle eta når me kom attende til Katmandu. På same måten som for Martin i telefonen er det heller ikkje mogeleg for Lars å oppfatta at noko er gale. Eg snakkar så vidt med Stein og Petter også når me passerer kvarandre.

Second Step er spikra fast i minnet. Dette er det aller mest kjende partiet på nordsida av Mount Everest, og alle som klatrar dette fjellet, har studert bilete og lese forteljingar om denne hammaren. Det er eit forholdsvis overveldande inntrykk når ein nærmar seg og ser kor høg hammaren er. Før ein kjem opp til stigen, må ein opp eit par store trinn, eller avsatsar, i fjellet. Deretter er det nokre meter med bratt og utsett terreng opp til stigen. Stigen er nesten loddrett, eg hadde ikkje trudd at det skulle vera så bratt. På grunn av stigen er det sjølvsagt ikkje klatreteknisk vanskeleg, men det er likevel ein plass som gjer at alle er topp konsentrerte. Halvvegs opp stigen ser eg ned og får auge på ein død person som ligg eit stykke nedanfor stigen. Eg såg han ikkje på veg opp til stigen. Eg tenker at dette sannsynlegvis må vera italienaren som Petter N. fortalte meg om før me starta toppstøyten. Eg har ikkje tenkt meir på det, og blir derfor overraska når eg ser han. Han heng, så vidt eg kan sjå, i tauet.

Eg må vidare. På toppen av stigen er det utsett akkurat idet ein går av stigen og inn på fjellet. Dette er absolutt ikkje ein plass for dei som har høgdeskrekk. Så flatar terrenget ut, og det er berre slak stigning opp til Third Step. Det er eit parti utan spesielle terrengformasjonar som stikk seg ut. Det er slak stigning i grus og sand. Rett etter at eg kjem opp stigen, møter eg nokre engelskmenn på veg ned frå toppen. Eg hugsar at eg trefte nokon her oppe, men eg hugsar ikkje at det var engelskmennene. Dei fortel seinare at eg var lite pratsam og nesten litt avvisande. Eit typisk symptom på hjerneødem.

Når eg nærmar meg Third Step, ser eg at det ligg ein person ved foten. Han er opplagt død. Eg blir litt forvirra. Det skal ikkje ligga nokon død person her. Eg veit at Marco ligg eit stykke over Third Step, men eg har ikkje høyrt om at det ligg ein person under. Det må ha skjedd ein av dei siste dagane. Han har tatt av seg den eine votten. Det er eit klart teikn på at han har døydd av nedkjøling, hypotermi. I dei siste timane før ein dør av nedkjøling, vil vedkommande ofte oppleva ein paradoksal varmekjensle i kroppen og gjerne kle av seg.

Det er Frank som ligg her. Det skjønner eg sannsynlegvis ikkje der og då. Eg har aldri sett han med dundress, så eg kjenner han ikkje att. Hetta dekker også ansiktet hans. Hadde eg vore i ein betre mental tilstand, ville eg opplagt skjønt at det måtte vera Frank. Men no klarer eg ikkje å trekka slike konklusjonar. Eg tar to bilete av han. For å fortsetta oppover må eg omtrent skritta over han, då han ligg midt i løypa vidare.

Third Step er lett i forhold til Second Step, men eg hugsar det likevel som utsett og litt skummelt. Rett over Third Step veit eg at Marco ligg. Eg har sett bilete av han tatt av andre ekspedisjonar, og eg har lenge tenkt at det kjem til å bli tøft å sjå han att. Dei fleste som ligg att på fjellet, ligg som om dei søv. Roleg og fredeleg har dei berre sovna inn. Slik er det ikkje med Marco. Han ligg i ein forferdeleg positur, med eit pint ansiktsutrykk og hendene ut som om han prøver å gripa etter noko. Det gjer lite inntrykk på meg no som eg er sjuk og nedsløva. Eg kastar berre eit kort blikk på han før eg går vidare oppover mot toppen.

Over Third Step blir terrenget brattare og brattare opp mot det som blir kalla Snøpyramiden. Dette er eit bratt snøfelt som går frå omtrent 8720 til 8800 meter. Som regel opplever eg at vanskane på store fjell er overdrivne av klatrarar som har vore der før. Men no synest eg Snøpyramiden er brattare og farlegare enn eg hadde rekna med. Sakte, men sikkert legg eg den bratte snøflanken bak meg. Eg synest ikkje eg ser så mykje spor etter andre klatrarar i snøen, og taua leier meg til høgre og ut på fast fjell att. Det faste fjellet er ikkje spesielt fast. Det er mykje laus grus, og dersom ein mistar grepet med føtene her, er det nesten 3000 meter ned til Rongbuk-breen. Det faste tauet vil forhåpentleg hindra at ein fell dersom ein sklir ut, men tauet er så tynt og mange av sikringane så suspekte at ein ikkje kan vera sikker på at det vil halda.

Etter Snøpyramiden er det berre ein liten travers på nokre utsette hyller, før ein tar seg rett opp nokre små fjellhammarar til snøryggen som leier opp til toppen. Hadde dette vore på havnivå, ville ein berre brukt nokre minutt opp til toppen. Eg kan ikkje hugsa noko over dette punktet. Det siste biletet på kameraet mitt er tatt akkurat her. Eg har ingen minne om terrenget høgare oppe. Eg kan ikkje hugsa å ha sett snøryggen eller bønneflagga på toppen. Mange har spurt meg om eg er sikker på at eg ikkje var på toppen. Hundre prosent sikker kan eg ikkje vera, men eg føler meg rimeleg sikker på at eg snudde ein eller annan plass i dette området. På den andre sida er det også mange andre parti eg hugsar lite eller ingenting av over 8500 meter. Likevel vil eg tru at snøryggen mot toppen, og i alle fall sjølve toppunktet, ville ha gjort eit slikt inntrykk på meg at eg hadde hugsa det. Eg trur eg snudde under dei små fjellhamrane, men det kjem alltid til å vera ei lita usikkerheit. Ein faktor som kan ha gjort at eg bestemte meg for å snu her, er skyene som byrja å trekka inn frå vest. Vêret var framleis bra, men ein ser tydeleg på det siste biletet mitt at lette skyer har begynt å dekka fjellet.

Dersom ein tar utgangspunkt i at Mallory og Irvine ikkje klarte det i 1924, var det altså Edmund Hillary og Tenzing Norgay som var dei fyrste menneska på toppen av Mount Everest. Den historiske hendinga skjedde den 29. mai 1953. Dei ville fyrst ikkje seia kven som var fyrst på toppunktet, men som så ofte når det gjeld klatring av høge fjell, blei det kontroversar også når det gjaldt denne bestiginga. Kontroversen starta då Tenzing underskreiv eit dokument der det stod at det var han som nådde toppen fyrst. Hillary skreiv seinare i si bok at han var fyrst på toppen, og at han nokre stader måtte dra Tenzing opp med eit tau fordi han fleire gonger kollapsa i snøen av utmatting. Tenzing nekta for at han blei dratt med eit tau, og at han var så sliten som Hillary beskreiv, men innrømde seinare at det var Hillary som nådde toppunktet fyrst. Hillary skreiv også at dei var to klatrarar som nådde toppen saman, og at det ikkje betydde noko kven som var nokre meter framfor den andre, akkurat på toppunktet. Han skreiv at ingen av dei hadde klart det utan hjelp av den andre.

Denne historia illustrerer godt forskjellane mellom sherpakulturen og den vestlege kulturen. Det er eit faktum som alle med erfaring frå dette området er klar over, at sherpaene som regel svarar ja uansett kva du spør dei om. Dette er ein del av kulturen, og det er berre gode tankar bak det. Dei vil rett og slett ikkje seia nei, fordi nei er eit negativt ladd ord. Dette har fleire gonger leidd til farlege situasjonar i samband med ekspedisjonar, der sherpaer har svara ja på direkte spørsmål om det for eksempel er nok oksygenflasker i den høgaste leiren, eller om vêrmeldingane lover bra før toppstøyten. Begge delar kunne sjølvsagt fått alvorlege følgjer. Det har også oppstått farlege situasjonar når dei faste taua ikkje har vore lagde ut heilt opp til toppen, sjølv om sherpaene har bekref­ta at dei er det.

Eg har ei merkeleg nøgd kjensle i kroppen når eg byrjar å gå nedover att. Det er akkurat som om eg har nådd målet, og at det no berre er å komma seg fort ned att til leiren min. Kor lang tid det gjekk før eg byrja å gå nedover, er eg usikker på. Det var i alle fall framleis ljost då eg gjekk ned Snøpyramiden. Sannsynlegvis kom mørket då eg nærma meg Second Step. Eg hugsar ikkje at eg passerte Marco og Frank på veg ned att, og eg hugsar heller ikkje at sola gjekk ned, eller at eg la meg ned i grusen. Men eg har sannsynlegvis overnatta svært nær Frank.

Eg vaknar fleire gonger i løpet av natta. Eg er ikkje redd eller bekymra i det heile. Eg kikkar opp på den fantastiske stjernehimmelen over meg og synest eg er heldig som får sjå eit så storslege syn. Ingen stader i verda er stjernene så briljante som over 8000 meter i Himalaya. Dei funklar nesten ikkje i det heile, dei berre står der som tusenvis av intense små ljospunkt. Her er det mykje mindre forureinande atmosfære som lyset skal trenga gjennom, og det er heller ikkje mykje ljosforureining frå ljoskjelder på bakken. Det er mange hundre kilometer til nærmaste storby.

Den fyrste gongen eg vaknar, drar eg over meg den tynne aluminiumsduken som eg har med meg som nødbivuakk. Om det er fordi eg var kald, er eg usikker på. Eg kan ikkje hugsa å ha følt kulde. Den tjukke dundressen isolerer omtrent som ein sovepose. Eg kjenner ingen smerter, og eg tolkar det som at alt er greitt. Eg kan heilt klart skriva under på at å dø av kulde er ein død utan smerte eller frykt.

Eg trur eg forsøkte å senda ei tekstmelding til Martin i løpet av natta. Men dette var ikkje fordi eg tenkte på at dei heime sannsynlegvis var uroleg. Det var berre ei vanleg oppdatering der eg ville at han skulle legga ut informasjon om at eg no var på veg ned att.

Eg registrerer ikkje at sola kjem opp neste morgon. Om eg starta å gå nedover akkurat idet sola stod opp, eller om eg blei liggande ei stund etter soloppgang, veit eg ikkje. Men det som er heilt sikkert, er at både dunvottane mine og hovudlykta ligg att i grusen når eg forlèt overnattingsplassen min. Eg har eit par tynne ullhanskar på meg framleis, det bruker eg alltid å ha på under dunvottane slik at eg har litt vern dersom eg må ta av vottane. Eg hugsar også at eg heilt frå eg starta å gå, hadde ein klar tanke om at eg måtte nå ned til leiren min før det blei mørkt att. Sjølv om eg verken kan hugsa at eg var svolten eller tørst, eller at eg fraus, så var tanken på maten og den varme drikka som eg skulle laga meg i teltet mitt, svært forlokkande.

Den fyrste konkrete staden eg hugsar denne dagen, er når eg nærmar meg toppen av Second Step. Eg hugsar at dette var skummelt, sjølv om eg ikkje følte frykt no heller. Spesielt utsett er den bevegelsen ein må gjera for å komma ned til kanten av stupet, før ein får foten på det øvste trinnet. Eg entrar stigen, og byrjar å klatra ned. Å klatra ned dette partiet utan å sikra seg er galskap, men eg gjer meg ingen tankar rundt dette. Idet eg grip rundt trinna, registrerer eg at fingrane er totalt kjenslelause og ikkje fungerer slik dei skal, men eg tenker ikkje meir på kva dette kjem av, og kva det kan bety for sjansane mine for å komma meg ned att i live. Når eg kjem ned på hylla under stigen, skjønner eg ikkje kvar vegen vidare går. Eg resonnerer meg ikkje eingong fram til at der taua går, skal eg gå. Eg ser jo at taua forsvinn over kanten.

Det er enno svært utsett, eit lite feilsteg på den vesle hylla vil føra til eit fall ned heile nordsida av Mount Everest. Eg konkluderer med at eg har gått feil, og bestemmer meg for å gå opp att for å leita etter ruta vidare. I ettertid er dette heilt uforståeleg. Second Step kjenner eg ut og inn gjennom alle bileta eg har sett, og alt eg har lese om denne staden. Dette er også den einaste staden på denne ruta der det står ein stige. Eg går sakte, men sikkert, steg for steg, opp att til toppen av stigen. Akkurat idet eg skal ta steget inn på fast grunn, snur eg meg og ser ned. Då ser eg italienaren ligga på same staden som dagen før, og med eitt står alt klart for meg. Eg går ned att for andre gong, og no er det ingen problem å forstå kvar vegen går vidare.

Nedover nordaustryggen bruker eg lang tid. Eg set meg ned der det er brattast, og akar meg nedover steinar og grus, eg sikrar meg berre ved å halda i tauet. Eg hugsar at duna byrjar å fly rundt meg, og eg forstår at dundressen er i ferd med å bli øydelagd. Eg hugsar få detaljar om stader som eg har passert, men det er ingen tvil om at det har gått svært sakte. Den fyrste staden som eg med sikkerheit hugsar, er idet eg går av nordaustryggen og ser telta eit par hundre meter under meg. Eg gleder meg til å finna att mitt eige telt i Camp 2. Eg har på dette stadiet drukke opp drikka mi, og mesteparten av maten er også fortært. Berre nokre druesukkertablettar er att i ein plastpose i lomma. Men eg føler meg heller ikkje no tørst eller svolten. Eg er ikkje ein augeblink i tvil om at eg vil nå ned til leiren min i Camp 2 før sola går ned. Eg bruker lang tid ned det litt vanskelege partiet frå ryggen. Eg sklir på rumpa over små fjellknausar mens eg held meg att ved å snurra tauet ein gong rundt underarmen. Det flyr meir og meir dun rundt meg dess lenger ned eg kjem.

Eg kjem fram på ein kant og forstår ikkje kvar vegen går vidare. Eg blir sittande litt før eg endeleg ser ein alternativ veg ned nokre meter lenger til venstre. Men eg slit med å finna vegen vidare nedover, og i ettertid har eg ein kjensle av at eg har gjennomført nokre rimeleg utsette klatrebevegelsar i dette området. Sjølv om eg ikkje konkret hugsar at eg var redd, er det definitivt eit eller anna spesielt som skjedde her. Eg måtte sannsynlegvis klatra ned nokre fjellnabbar som var svært utfordrande i den tilstanden som eg var i på dette tidspunktet. Det ironiske er at sannsynlegvis låg taua berre nokre få meter til høgre for meg. Mens eg slit med å finna vegen nedover, nærmar sola seg sakte, men sikkert horisonten. Vernet mot vêr og vind som teltet mitt skulle gi meg, er i ferd med å bli erstatta av utsiktene til nok ei natt under open himmel.

Det skjer også noko med minnet mitt no. Eg er no under 8500 meter att, og eg hugsar no meir og meir for kvar meter eg kjem meg vidare nedover. Men eg er framleis forvirra. Eg forstår ikkje kor dramatisk situasjonen har vore, og definitivt er enno.

Generelt sett må ein konkludera med at dei motoriske eigenskapane fungerte omtrent som vanleg. Det at eg tok meg ned att frå fjellet utan å sikra ein einaste passasje under Snøpyramiden, er eit bevis på dette. Tanken på at eg har klatra ned heile fjellet utan å sikra meg i det heile, er skremmande. Sjølv om Mount Everest ikkje er eit spesielt vanskeleg fjell klatreteknisk, er det dei fleste stader bratt nok til at eit feilsteg ville ha ført til den visse død.

Eg vaknar av lyden av ein teltduk som blafrar i vinden. Eg skjønner at det er natt att, og at eg ikkje nådde ned til teltet mitt før sola gjekk ned. Eg kjem aldri til å gløyma lyden. Det er ikkje kraf­tig vind, stort sett er det heilt stille. Men med jamne mellomrom kjem det svake vindkast som varer kanskje i 10–20 sekund. Vinden tar tak i det som tydelegvis er ei stormmatte eller ein annan laus del av eit telt i Camp 3, og ristar det med jamn kraft. Eg høyrer lyden tydeleg, så eg må vera svært nær telta. Kanskje mindre enn 50 meter. Like brått som det starta, sluttar det. Så er det heilt stille lenge, før det heile gjentar seg gong etter gong.

Er det verkeleg mogeleg at eg på nytt har lagt meg ned i grusen? Kvifor klarte eg ikkje å komma meg inn i eit telt i Camp 3 før det blei mørkt? Kvifor kom eg meg ikkje ned til Camp 2 i løpet av dagen, det var jo heile tida målet? Eg er svært irritert på meg sjølv. Også denne natta går utan at eg på noko tidspunkt føler fare, frykt eller smerte. Eg vaknar fleire gonger i løpet av natta. Det er bekmørkt, og stjernehimmelen er nesten like briljant som natta før.

Etter at eg snakka med Martin på 8450 meter på veg opp mot toppen, hadde tanken på å ringa heim ikkje slått meg ein einaste gong. Eg hadde tydelegvis aldri tenkt den opplagde tanken at familie og venner på dette tidspunktet måtte vera svært redde for kva som hadde skjedd med meg. At dei faktisk måtte tru at eg var død. Lang tid hadde gått sidan eg sist gav livsteikn frå meg. Ein eller annan gong i løpet av natta tar eg fram mobiltelefonen min. Eg bruker alltid å ha han avslått mellom kvar gong eg bruker han når eg er på slike turar. Kulda tappar fort batteriet dersom han står på heile tida.

Eg trykker på på-knappen, og displayet lyser mot meg. Tast PIN-kode. Eg har ingen problem med å hugsa koden. Eg har hatt den same koden i mange år, og fordi han minner meg om ein ting som er viktig for meg, er han svært lett å hugsa. «Feil PIN-kode.» Eg veit at eg berre har tre forsøk. Eg forstår ingenting då eg får feilmelding også på det andre forsøket. Tredje gongen prøver eg å vera ekstra nøye, men likevel går det gale. «Tast inn PUK-kode.» Den korte meldinga som lyser mot meg, betyr at eg ikkje vil få gitt beskjed om at eg er i live. Eg prøver å ringa naudmeldinga 110, 112 og 113, til og med 911. Heime i Noreg skal naudnummera verka sjølv om du ikkje tastar inn PIN-koden, men eg klarer ikkje å oppnå kontakt sjølv om eg også bruker landkode.

I ettertid har det slått meg at det faktisk aldri fall meg inn å bruka den vesle LED-lykta som er innebygd i telefonen min, eller i alle fall det svake lyset frå skjermen, til å forsøka å finna teltet som blafra i vinden.

Når eg vaknar om morgonen, er det lyst rundt meg. Eg reiser meg opp, og eg hugsar tydeleg at eg plukkar meg ut det raude og gule Helsport-teltet. Eg er forundra over at dette teltet står att, at ikkje sherpaene har tatt det med ned. Forteltet er no i ferd med å bli øydelagt av vindkasta. Stonga som held oppe forteltet, har knekt, og rive duken som ein kniv. Restane av forteltet slår opp og ned i vinden og gjer det litt vanskeleg for meg å komma inn til innerteltet for å opna glidelåsen. Fingrane er stive, men det går likevel greitt å opna glidelåsen. Innerteltet er framleis intakt, men det er berre eit tidsspørsmål før også dette blir øydelagt. Det fyrste skikkelege vindkastet vil nok riva med seg teltet over kanten. Det vil neppe stoppa før over 1000 meter lenger nede. Heldigvis er det framleis stille, og vêret er bra. Eg kryp inn i teltet. Eit tynt liggeunderlag er det einaste som ligg att etter Jangbu, Lhakpa og Tenzing. Eit par små posar inne i hjørnet viser seg berre å innehalda boss.

Eg legg meg ned på liggeunderlaget. Eg bryr meg ikkje med å ta av verken stegjern eller sko. Om eg riv hol på innerteltet med stegjerna, betyr det ingenting. Dette teltet er uansett dødsdømt. Men eg tar av meg klatreselen fordi det er ukomfortabelt å ligga på utstyret som eg har festa i han. Eg tenker på at eg kanskje burde sjekka om det er andre i leiren. Eg har faktisk ikkje sett eit levande menneske sidan eg møtte engelskmennene rett over Second Step på veg mot toppen. Det fine vêret er perfekt for ein toppstøyt, og eg veit at det er fleire ekspedisjonar att i Advanced Base Camp som enno ikkje har prøvd seg mot toppen. Eg slår frå meg å leite etter andre i leiren, eg skal uansett berre kvila litt før eg går vidare nedover. Eg vurderer å leita rundt i leiren etter oksygenutstyr. Eg er heilt sikker på at det ligg mange oksygenflasker lagra her. Kanskje ligg det også kokeutstyr her slik at eg kan smelta snø og laga varm drikke. Men tanken på å bruka av utstyr og ressursar som andre har frakta heilt opp her for å bruka under sin eigen toppstøyt, er svært lite freistande. Eg slår det heile frå meg og byrjar å tenka på at eg må komma meg vidare.

Dun og fjør virvlar rundt meg når eit lite vindkast fyller innerteltet med luft. Eg har nok vore like mykje på rumpa som på beina nedover det bratte partiet under nordaustryggen. Eg kjenner med handa at det er berre filler att av den flotte dundressen min. Duna som dansar på teltgolvet, får aldri lagd seg heilt til ro før eit nytt svakt vindpust tar tak i ho og løf­ter ho opp mot taket. Eg føler meg nesten som julenissen i snøkulene som ein ristar for å virvla opp snøfnugga. Snøen fortset å dala ned i lang tid etter at ein har sett kula frå seg att.

Eg veit at eg ikkje kan vera her lenge. Eg må nedover. Eg ser fram til å krypa inn i mitt eige telt i leiren på 7900 meter. Eg ser fram til å drikka varm og søt drikke og å få i meg mat som fyller litt meir i magen enn det eg har knaska på dei siste to døgna. Eg ser også fram til å fyra opp brennaren min og varma opp teltet. Brått høyrer eg stemmer. Eg opnar glidelåsen og kikkar ut. Eg må strekka ut handa for å halda opp ytterteltet som stadig dansar i vinden. Om lag 30 meter unna teltet står det to personar og held på med eit eller anna ved sida av eit telt. Det er sherpaer. Dei ser på meg, og eg løftar handa for å helsa. Dei helsar attende. Eg ser at vêret er bra austover, og byrjar å førebu meg på å gå ut.

Eg slit lenge med å få på meg klatreselen att. Dei stive fingrane mine gjer det til eit utfordrande prosjekt. Eg et nokre druesukkertablettar. Så trekker eg opp glidelåsen på dundressen og legg posen med druesukkertablettar attende i lomma. Eg håpar inderleg at dei to sherpaene har med seg varm drikke, slik at eg kan få kjøpa litt av dei. Når eg kjem ut av teltet, er sherpaene på veg opp mot meg. Eg kjenner dei ikkje. Me helsar på kvarandre, men dei snakkar ikkje godt engelsk, så det er litt vanskeleg å kommunisera. Eg seier at eg har vore på toppen og er på veg ned att, men at eg har fått problem. Dei nikkar og smiler, men eg er ikkje heilt sikker på om dei forstår det eg seier. Eg seier at eg er sliten, og at eg er tom for drikke. Den eldste, Phurba, tar opp ein termos og gir meg ein kopp varm saft. Følelsen av saf­ta som renn nedover i halsen, er ubeskriveleg. Varmen og sukkeret gir meg eit skikkeleg løft, og eg kjenner faktisk at kref­tene vender attende, og at hjernen klarnar opp. Eg smiler til Phurba og håper at han har termosen full. Eg forstår at det er lite att, og eg forklarer at eg har utstyr til å laga varm drikke i leiren min på 7900 meter.

Eg forstår dei slik at dei har hatt med seg utstyr opp til Camp 3, at det er derfor dei er her. Men i ettertid har eg fått vita at dette ikkje var hovudgrunnen. Det har gått rykte i ABC om at eit snøskred har øydelagt Camp 3. Den kanadiske ekspedisjonsleiaren har derfor sendt Phurba og Pemba opp for å sjekka om telta deira er uskadde. Eg trur på dette tidspunktet at det er vestlege klatrarar saman med dei, som no er inne i telta for å førebu toppstøyten som skal starta seinare på kvelden. Dei har derfor sikkert både oksygenflasker og masker i leiren.

Eg spør Phurba om det er mogeleg å kjøpa ei flaske oksygen og låna ei maske. Phurba og Pemba diskuterer ein del seg imellom på nepalsk. Eg skjønner av måten dei snakkar på, at det ikkje er så enkelt. Phurba prøver å forklara noko til meg, men språkvanskane gjer det problematisk. Han seier så «very expensive», og eg forstår at dette kjem til å bli dyrt. Det er eg sjølvsagt innforstått med, og eg nikkar ok. Eg har ikkje pengar på meg, men eg prøver å formidla at eg har pengar i teltet på 7900 meter. Phurba pekar på kameraet mitt og seier «deposit» fleire gonger. Eg gir han derfor kameraet mitt. Phurba kjem så med ei oksygenflaske og ei maske. Eg har ikkje ryggsekk, men Phurba hentar eit tynt tau og prøver å knyta flaska fast på ryggen min. Det er sjølvsagt ikkje så enkelt sidan flaska er glatt og utan noka form for opphengspunkt. Men etter nokre forsøk verkar det som om ho heng bra fast.

Sidan eg på dette tidspunktet reknar med at eg skal gå vidare åleine, ber eg Pemba om å skru ventilen opp maksimalt. Eg veit lite om slikt utstyr, men eg veit at det er mogeleg å regulera kor mange liter oksygen flaska skal gi kvart minutt. Ventilen er montert på flaska som eg har på ryggen, og eg klarer ikkje å nå han sjølv. På dette tidspunktet trur eg det skal gå fort nedover, spesielt sidan eg no pustar kunstig oksygen. Derfor reknar eg med at eg kan tillata meg å opna ventilen maksimalt, slik at det strøymer mest mogeleg oksygen ut i maska.

Det eg ikkje veit, er at Lhakpa, Jangbu og Tenzing akkurat no er på veg oppover fjellet for å leita etter meg. Petter, Lars og Stein har etter kvart blitt svært uroleg for meg. Lhakpa, Jangbu og Tenzing seier seg villige til å gå opp og leita etter meg dersom dei får 2500 dollar kvar. Dei gjennomsøker telta i Camp 1 og Camp 2 for å sjå om eg har lagt meg inn i eit av dei. Til slutt melder dei på radio ned til Lars, Petter og Stein at dei står i Camp 3 og har gjennomsøkt også denne leiren. No i ettertid veit me at det umogeleg kan stemma. Då hadde dei sjølvsagt funne meg, og dei ville også møtt Phurba og Pemba. På bakgrunn av denne radiomeldinga blei redningsaksjonen avblåst, og Lhakpa, Jangbu og Tenzing blei bedne om å ta med utstyret mitt i Camp 2 ned att. Lars ringde så heim til søstera mi Eli og gav ho den forferdelege beskjeden om at no var alt håp ute. Ein samtale som Lars seinare beskriv som den vanskelegaste han nokosinne har måtta gjennomføra. Basert på denne meldinga blir etter kvart denne oppdateringa lagd ut på nettstaden min:

- Jarle var venta til ABC laurdag kveld (lokal tid). Då han ikkje dukka opp innan rimeleg tid, blei det sett i gang leiteaksjon oppover fjellet. Dette er stadfesta av ein annan norsk klatreekspedisjon i Himalaya. Denne er avslutta utan positivt resultat.

Eg er klar til å gå nedover, og til mi overrasking byrjar også Phurba og Pemba å gå nedover samtidig som meg. Fyrst no forstår eg at det sannsynlegvis ikkje er nokon fleire enn oss tre i denne leiren akkurat no. Etter berre nokre få skritt losnar oksygenflaska som eg har på ryggen. Eg får heldigvis stoppa ho frå å forsvinna nedover lia. Den glatte flaska ville fort fått opp farten dersom eg hadde mista ho, sjølv om det ikkje er spesielt bratt terreng nedover mot Camp  2. Pemba ser at eg har problem med flaska, og kjem derfor opp att for å hjelpa meg med å knyta ho fast på nytt. Denne gongen held ho seg på plass.

Terrenget ned til Camp 2 er stort sett lett, og det er ingen klatremessige utfordringar. Eg synest likevel det går tungt sjølv om det berre gjeld å setta den eine foten framfor den andre nedover. Eg synest eg merkar lite til det ekstra oksygenet som no strøymer framfor munnen og nasen min, og eg roper på Pemba at han må venta på meg. Eg må få han til å sjekka at ventilen står på full opning. Han bekreftar at det gjer han, men eg føler det berre klaustrofobisk og ubehageleg. Få minutt etter at eg byrja å gå, riv eg maska av meg. Sjølv om tærne mine på dette tidspunktet er frosne, merkar eg ingenting til dette når eg går. Føtene kjenst heilt som normalt, og eg har heller ikkje smerter.

Eg må kvila ofte. Det er som om kroppen er heilt tom for drivstoff, og det er vel akkurat det han er. Eg har berre ete små mengder karbohydrat dei siste to døgna. I tillegg er kroppen min no svært nedkjølt. Eg er ikkje på noko tidspunkt sjølv klar over at kjernetemperaturen i kroppen min byrjar å bli låg. Eg trur sjølv at det berre er lite mat og drikke som gjer at eg føler meg så sliten.

Eg rundar over kanten rett over der som teltet mitt står i Camp 2. Pemba går no saman med meg. Eg speidar etter teltet mitt, men klarer ikkje å sjå det. Eg reknar med at det ligg litt i le av nokre steinar som eg ser eit stykke over teltplassen. Det er ikkje før eg er omtrent på høgd med teltplassen at det går opp for meg at teltet faktisk er borte. Eg sig saman i grusen og klarer ikkje heilt å ta innover meg det eg ser. Eg trur fyrst at nokon har pakka saman utstyret mitt og lagt det bak ein stein fordi dei trong leirplassen. Men eit kjapt blikk på området rundt teltet utan at eg ser noko anna enn stein og snø, gjer at eg fort avviser den tanken. Eg konstaterer at teltet er borte, men i staden for å tenka logisk og komma meg vidare nedover så fort som mogeleg blir eg sittande og tenka negative tankar rundt det faktum at teltet er vekke. Eg bruker mykje energi på å prøva å fatta kva som har skjedd.

Phurba har gått eit stykke framfor meg og Pemba, men når han ser at me har stansa, kjem han etter kvart opp att til oss. Han seier at me må gå vidare nedover. Han pekar mot nordvest, der mørke skyer er på veg mot oss. Det får meg til å ta meg saman, og eg skjønner at me må komma oss vidare så fort som mogeleg. Eg spør Pemba om eg kan få låna eit telt av dei i Nordskaret. Han nikkar, men seier samtidig «more money». Dette er sjølvsagt heilt greitt for meg, og eg reknar med at eg får bruka eit av dei tomme telta dei har ståande i leiren. Eg går no ut frå at ekspedisjonen som dei arbeider for, ikkje har vore på toppen enno, og at dei derfor har fleire telt ståande i Camp 1. Uansett er det heilt sikkert andre telt i leiren som eg kan låna. Tanken på å låna andre sitt utstyr freistar ikkje, men dette byrjar å likne ein naudssituasjon, og eg kjenner at eg ikkje har noko val. Eg kjem meg ikkje til Advanced Base Camp i den utmatta tilstanden som eg er i no. Eg er veldig takknemleg og lar han forstå at han skal få den dyre klokka mi også som depositum, sidan eg ikkje har pengar på meg. Pemba har gått saman med meg stort sett heile vegen nedover. Han vil tydelegvis halda meg under oppsikt dersom eg skulle snubla.

Vidare ned gjennom leiren blir eg endå meir sliten og må stansa for å kvila stadig oftare. Rett før ein kjem ned til snøfeltet som går frå om lag 7600 meter heilt ned til Nordskaret, er det eit par store trappetrinn i fjellet. I staden for å stiga ned set eg meg berre på rumpa og sklir ned. Meir dun og fjør forsvinn ut av dundressen.

Når me kjem til snøfeltet på 7600 meter, ser me ikkje meir til Phurba. Han går no direkte ned til Camp 1. Eg og Pemba går sakte nedover mot leiren. Eg stoppar ofte for å kvila. Eg festar ikkje sikringa på tauet, lar berre tauet gli gjennom handa og rundt underarmen. Det gir ei viss sikring, men ville sannsynlegvis ikkje ha stoppa meg dersom eg fall. Snøfeltet frå 7600 meter og ned til Nordskaret er bratt det meste av vegen, og dersom eg snublar her, er det sannsynlegvis det siste eg gjer, i alle fall sidan eg heller ikkje er i stand til å stansa eit fall med isøks. Dei stive fingrane mine gjer det vanskeleg å få karabinen rundt tauet. For fyrste og einaste gong under nedstiginga kjenner eg ei viss frykt. Eg ber Pemba ta av oksygenflaska som eg har på ryggen, og bruka tauet til å sikra meg med nedover. Men han seier at me no er forbi det brattaste, og at det er enklare det siste stykket ned.

Pemba har rett. Det blir litt mindre bratt, og eg opplever det ikkje som så skummelt lenger. Det byrjar å snø lett, men det er heldigvis ikkje mykje vind. Det er svært mildt. Eg må kvila stadig oftare, men det går sakte, men sikkert nedover. Sjølv om me er forbi det brattaste, må eg heile tida vera på vakt. Eg har lyst til å setta meg på rumpa og skli nedover snøen, men eg klarer å motstå freistinga. I verste fall ville eg ikkje klart å halda att med det lause grepet eg har rundt tauet.

Det byrjar etter kvart å skumra, og Pemba tar fram hovudlykta si. Det er nok svært dårlege batteri i lykta, for det er berre så vidt ho gir litt ljos framfor han. Det snør litt meir enn før, og tauet er så vidt dekt av nysnø. Eg held i tauet heile tida, sjølv om det no etter kvart er heilt greitt terreng å gå i. Men tauet viser vegen til leiren. Det er ikkje så lett å gå seg vill her, det er berre å halda seg unna stupet til høgre for oss, og heller ikkje gå for langt ned til venstre. Slik forholda er no, i halvmørket og med snøfnugg i luf­ta, kan det vera greitt å følgja tauet for å vera sikker på at ein ikkje rotar seg vekk. Det er no nesten heilt mørkt, men me er straks framme. Terrenget flatar heilt ut, og eg veit at det einaste som no står att, er ei lita dump, ein liten motbakke på kanskje fem meter og så ei kort flate fram til leiren. Eg resonnerer meg fram til at sjølv med den låge farten som me held no, er det berre snakk om to–tre minutt før me er framme ved leiren.

Brått ser me eit svakt ljos. Det er utan tvil frå leiren i Nordskaret, sjølv om eg ikkje kan sjå noko telt i mørket. Det er tydeleg at leiren er endå nærmare enn eg hadde rekna med. Eg ser den svake lysstrålen bli oransje, akkurat som om han lyser gjennom ein teltduk. Det ser ut som om ein person er på veg ut av eit telt, og eg ser at han byrjar å gå mot oss. Me går ned i den vesle dumpa, og før me får starta på den vesle motbakken opp på andre sida, kjem Phurba over kanten og stegar ned til oss. Han smiler breitt og drar ein stor termos opp av sekken. Sjeldan har søt te smaka så godt. Kopp etter kopp renn ned i magen, og både Phurba og Pemba ler av min enorme appetitt på varm drikke. Eg ler med dei, og rekker koppen til Pemba. Han har heller ikkje drukke noko sidan me gjekk frå Camp 3.

Phurba pakkar termosen ned i ryggsekken, og me er klare til å gå dei siste skritta bort til leiren. Eg legg armen over skuldrene til Pemba, og han støttar meg opp bakken og over flata bort til teltet. Phurba gir teikn til at eg skal ligga i same teltet som dei, det fyrste teltet som me kjem til. Dette er eit stort tre- eller firemannstelt med fortelt på begge sider. Pemba hjelper meg av med stegjerna, og eg kryp inn i teltet og tar av meg ytterskoa. Der er Phurba alt i gang med snøsmelting, og han ler endå meir når eg ber om endå ein kopp med varm drikke. Pemba kjem også inn og legg seg i midten. Han rekker meg ein sovepose.

Det er ein person i naboteltet. Phurba snakka med han gjennom teltduken då me kom, og fleire gonger i løpet av kvelden snakkar dei med kvarandre mellom telta. Det er sikkert ein sherpa som skal opp til Camp 3 med utstyr neste morgon.

Eg legg meg strak ut på liggeunderlaget. Det er varmt i teltet, og det er ikkje nødvendig med noko meir enn dundressen førebels. Sidan eg hadde problem med å få på meg klatreselen tidlegare i dag, beheldt eg han derfor på gjennom heile denne natta. I løpet av kvelden spør eg Phurba om dei har ein radio. Alle sherpaer som arbeider på fjellet, bruker å ha radiokontakt med Advanced Base Camp, men eg har ikkje sett at dei har brukt han i løpet av dagen. Phurba snakkar litt med Pemba før han svarar. Eg forstår det slik at dei har ein radio, men at han no er tom for batteri, eller at noko er gale med han.

Fyrst no tar eg av meg dei tynne ullhanskane for å sjå korleis tilstanden er. Eg kan sjå at fingrane er kvite, men det er ikkje noko dramatisk syn. Eg tar av meg fyrst den venstre innerskoen. Eg er spent på kva syn som møter meg, men blir positivt overraska. Tærne følest iskalde, men det er vanskeleg å sjå nokon fargeforskjell. Eg tar optimistisk av meg også den høgre, men her ser eg så vidt at det er ein litt annan farge. Det går ei klar grense rett bak tærne. Så lenge vevet er frose, er det ikkje så stor fargeforskjell. Det er fyrst når det tinar opp att, at det ser dramatisk ut, og at den karakteristiske blåfargen trer fram.

Phurba lagar kontinuerleg drikke, og han gir meg også ein kopp med nudlar. Drikke går enno ned på høgkant, men mat byr meg imot. Eg veit eg må prøva å få ned også noko fast føde, men det nyttar ikkje. Eg berre pirkar i nudlane med gaf­felen, og gir til slutt koppen til Pemba.

Vinden tar seg litt opp i løpet av kvelden. Kraf­tige vindkast ristar skikkeleg i teltet, og det snør mykje i løpet av natta. Eg må ut to gonger i løpet av kvelden og natta for å tissa, og det er eit lite inferno av vind og nysnø utanfor. Fyrst no tar det for alvor til å gå opp for meg at eg ikkje har gitt lyd frå meg på mange dagar. Eg tenkte på det også natta før sidan eg prøvde å ringa heim. Men det er fyrst no eg for alvor tenker på kor mange som er bekymra og redde for meg akkurat no. Eg angrar veldig på at eg ikkje bad Phurba om å gå direkte frå Camp 3 ned til Advanced Base Camp for å gi beskjed, då han fint hadde nådd det før det blei mørkt. Dette er også fyrste gongen eg tenker over om Lars, Petter og Stein framleis er i Advanced Base Camp, eller om dei har dratt vidare til Katmandu. Eg reknar med at dei gjekk ned til Base Camp dagen etter at dei kom ned att frå toppstøyten. Det normale når ein har vore på toppen, er å ha berre éin tanke i hovudet – ein kjempestor, saf­tig biff på Katmandus beste restaurant, tilsvarande porsjon med pommes frites og sjølvsagt med tilhøyrande iskaldt øl. Dei hadde sannsynlegvis starta på turen til Katmandu før dei i det heile fekk mistanke om at noko var gale med min toppstøyt.

Eg er forholdsvis sikker på at det er slik, men eg har eit lite håp om at dei framleis er der. Grunnen til at eg håper det, er mest at eg synest det skal bli kjekt å møta dei att. Eg er jo ikkje klar over at min tilstand om få timar skal bli slik at eg ikkje kan gå frå Advanced Base Camp til Base Camp på eigne bein. At eg snart ville trenga legetilsyn, er ikkje i tankane mine i det heile. Eg ville berre legga meg i teltet mitt i Advanced Base Camp, sova ei lang natt for å komma til hektene att, for så å gå raskt ned til Base Camp. Eg reknar med at Dawa og Pema er att i Advanced Base Camp. Dawa organiserer jo logistikken også for meg, og kan ikkje reisa før alle er nede frå fjellet.

Natta blir ukomfortabel. Vanlegvis har eg ikkje problem med å sova over 7000 meter, men denne natta blir spesiell. Eg ligg og vrir meg og hiv etter pusten. Luf­ta inne i teltet er svært dårleg sidan me er tre personar som ligg og søv, og fokksnøen gjer sitt beste for å tetta att alle opningar der frisk luft kan komma inn. Temperaturen sjølv utan soveposen over meg er høg, og eg trur ikkje at eg søv mange minutt i løpet av natta. Phurba fortel seinare at eg snakka i søvne, så eg må tydelegvis ha fått sova litt i periodar. Til slutt får eg Phurba til å ta inn oksygenflaska mi som ligg i forteltet hans. Ho er framleis full, og eg synest det er ein god idé å bruka oksygenet for å få sova betre. Men akkurat som då eg prøvde å gå med kunstig oksygen ned frå Camp 3, fungerer det heller dårleg også no. Eg føler det klaustrofobisk med maska over ansiktet, og eg synest ikkje at oksygenet har nokon positiv ef­fekt på meg. Eg tar maska av ansiktet, men eg stenger ikkje ventilen. Eg legg maska rett ved sida av hovudet, slik at oksygenet i teorien vil strøyma ut i luf­ta rett ved sida av ansiktet mitt. Eg veit ikkje om det hjelper, men eg lar ho ligga slik dei siste timane fram til me står opp.

Dei fyrste solstrålane kjem tidleg i Nordskaret, litt over klokka 05. Vêret er tydelegvis mykje betre enn det har vore om natta. Phurba går umiddelbart i gang med å laga frukost, men også i dag er det berre drikke eg klarer å få ned. Det er ikkje mykje førebuingar som skal til før me er klare til å gå vidare nedover. Phurba startar nokre minutt før meg og Pemba, og idet me forlèt leiren, ser me at han startar på den aller brattaste delen av nedstiginga eit stykke lenger nede i fjellsida. Eg irriterer meg over at eg heller ikkje no bad han om å gi beskjed om at eg er på veg nedover.

Mykje av snøen som har falle i løpet av natta, har blåse frå vest over Nordskaret og lagt seg til ro her på austsida. Dermed ligg det no om lag 30–40 centimeter med rasfarleg nysnø nedover den bratte fjellsida. Eg blir uroleg for Phurba, som går ned det aller brattaste partiet åleine og ute av syne for oss. Eg og Pemba må likevel fyrst gå over stigen som er lagd over bresprekken rett under leiren, før me ser korleis det har gått med Phurba. Det er ein stige på om lag ti trinn som står på skrå over ein djup bresprekk. Eg får Pemba til å festa karabinen på tauet som går ved sida av stigen, slik at eg ikkje fell ned i sprekken dersom noko skulle skje. Me går deretter fort bort til kanten av det brattaste partiet og kikkar nedover.

Eg ser Phurba langt der nede, det gjekk heldigvis bra med han. Så er det vår tur. Eg vurderer å få Pemba til å festa karabinen på tauet, men slår det fort frå meg. Det gir ofte ei falsk tryggleikskjensle å vera inne på tauet. Det er langt mellom sikringane, og ein vil i verste fall få svært stor fart før ein stansar brått idet karabinen når sikringa. Det er ingen dynamikk i eit slikt sikringssystem, og ein vil enten dra sikringa ut av snøen, slita det svært tynne tauet eller riva av seg den ultralette selen. Dersom utstyret utruleg nok skulle halda, vil ein risikera indre skadar idet fallet stansar i eit brutalt rykk.

Eg bruker fronttaggane på stegjerna ned dei 25 høgdemetrane som utgjer det brattaste partiet. Før me kryssar det største av dei rasutsette partia, må eg setta meg ned og kvila. Det er viktig at me bevegar oss fort gjennom dette partiet for å minimera tida som me er utsette for rasfare. Derfor kviler me ei stund her, for så å traversera fort 60 meter horisontalt nordover og kvila att på andre sida. Å setta seg ned halvvegs, midt i det farlege partiet, er ikkje eit alternativ.

Vidare set eg meg av og til på baken og lar meg skli nedover, mens eg held att i tauet med handa. Tida mellom kvar gong eg må setta meg ned, blir kortare og kortare, og pausane blir lengre og lengre. På eit litt bratt parti lenger nede må eg også bruka fronttaggane, men i den siste lange snøbakken ned til der brefallet flatar ut, sit eg på baken og akar nedover heile vegen. Det er akkurat passeleg bratt til at det er lett å regulera farten med føtene og ved å halda rundt tauet. Slik går det forholdsvis raskt ned til innsteget til brefallet, der eg hadde lagt att stavane mine nokre dagar tidlegare på veg oppover. I den svært slitne tilstanden eg no er i, gleder eg meg til å kunna støtta meg på stavane det siste partiet ned til Advanced Base Camp. Men att blir eg skuf­fa. Også stavane mine er borte. Eg veit nøyaktig kvar eg forlét dei, og for å vera sikker rotar eg litt i snøen for å sjå om dei har falle ned. Men det er ingen tvil, dei er stolne. Det er heller ingen andre stavar der, vanlegvis står det fleire par med stavar akkurat på dette punktet. Idet det går opp for meg at til og med stavane mine er vekke, blir eg heilt oppgitt. Ikkje berre har nokon stole alt utstyret mitt i Camp 2, men faktisk også stavane mine ved innsteget.

Det er berre å byrja på den siste innspurten ned til Advanced Base Camp. Den fyrste halvdelen går over ein forholdsvis flat bre til Crampon Point. Pemba går framfor meg, men eg har ikkje sjanse til å halda hans tempo over breen. Han ventar på meg med jamne mellomrom. 300 meter frå Crampon Point er eg så sliten at eg spør Pemba om eg kan legga armen over skuldra hans. Det gjer det mykje lettare for meg, og kort tid etter er me ved Crampon Point. Eg set meg ned og gleder meg over at det no berre er ein kort sti i morenegrusen før me er i Advanced Base Camp.

Det slår meg brått at dersom Lars, Petter og Stein skal gå frå Advanced Base Camp til Base Camp i dag, vil dei sannsynlegvis dra no i morgontimane. Eg vurderer å be Pemba gå føre meg ned til Advanced Base Camp for å sjå om dei framleis er der. Eg har ikkje før tenkt tanken før eg høyrer nokon ropa litt lenger nede. Eg snur meg, og der ser eg Petter komma oppover breen i stor fart. Gjensynet er hjarteleg, og eg veit ikkje kven som er mest glad for å sjå kven. Eg veit jo ikkje på dette tidspunktet at dei har gjennomført ein leiteaksjon for å prøva å finna meg, og at dei rekna med at eg var død, sidan denne var resultatlaus. Like etter kjem også Lars, Stein, Jangbu og Lhakpa opp breen, og stemninga er høg. Dei klarer nesten ikkje å fatta det som akkurat har skjedd. Latteren og smila sit laust, og eg synest det er fantastisk godt å sjå dei att.

Men det skjer noko med meg akkurat no. Kroppen min veit tydelegvis at no er det gjort, no er eg trygg. No treng eg ikkje lenger tyna dei aller siste ressursane. Eg kjenner at dei siste kref­tene forlèt meg, og eg kjenner meg brått omtåka og forvirra att.

Lars og Petter filmar alt som skjer, og Stein tar bilete. Dei har heldigvis også med seg satellitt-telefonen, og eg er opptatt av å ringa heim så fort som mogeleg, uansett om klokka ikkje er meir enn rundt 05 heime i Noreg. Eg vil fyrst ringa til mor og far, men eg klarer ikkje å hugsa telefonnummeret. Dette nummeret har vore det same i alle år, og sjølv om det har vore på hurtigtasten på mobilen dei siste 15 åra, burde eg hugsa det. Det er frustrerande, eg hugsar dei fleste sif­fera, men eg rotar med rekkefølgja. Eg har alltid vore dårleg på å hugsa telefonnummer, og når eg ikkje kjem inn på kontaktlista på mobilen, er det umogeleg. Eg trur det er Lars som foreslår å ringa Olav Grotheim for å be han hjelpa oss med å finna telefonnummera. Lars har hatt kontakt med Olav tidlegare og har nummeret hans på satellitt-telefonen.

Ei groggy stemme møter meg i den andre enden, men idet han forstår at det er meg, er det som om han bråvaknar. Eg veit enno ikkje noko om alt som har skjedd dei siste dagane, men eg skjønner på reaksjonen hans at han ikkje hadde rekna med å høyra stemma mi att. Det er ein kort samtale. Eg fortel at eg er ok, og at eg har vore på toppen. Deretter får eg nummeret til Eli, søstera mi, og eg lover å ringa Olav att seinare. Idet Eli tar telefonen, høyrer eg på stemma hennar at ho framleis har håp. Når nokon ringer klokka 05 om morgonen, må det jo bety at det er nyhende utover det normale. Ho er frå seg av glede. Eg ber henne formidla til alle at eg har det bra, og eg lover å ringa att så fort som mogeleg.

Eli har seinare fortalt meg at Kåre, mannen hennar, umiddelbart etter denne telefonsamtalen spurde ho om ho var sikker på at det var meg. At det ikkje var nokon som gjennomførte ein makaber spøk. Men ho var heilt sikker på at det var meg, og då norske medium seinare skreiv at tilstanden min var kritisk, var ho uforståande til dette fordi eg hadde høyrst så normal ut i telefonen.

Fyrst no slår det meg at eg ikkje kan hugsa at eg har vore heilt oppe på toppunktet. Eg hugsar at eg var rett under toppen, men eg kan ikkje hugsa å ha sett stativet eller bønneflagga som eg veit står på toppen. Kanskje kameraet mitt vil gi svaret. Kanskje er det bilete frå toppen der som eg ikkje hugsar å ha tatt. Men eg tenker ikkje så mykje på det. Uansett om eg har vore på toppen eller ikkje, så er dette ein mislykka ekspedisjon sidan mykje har gått gale på veg ned att.

Eg forstår at eg vil få problem med å gå på eigne bein ned til telta. Det er akkurat som om den siste energien har forlate kroppen og beina ikkje vil bera meg lenger. Eg ber nokon om å støtta meg, og Petter og Lhakpa går på kvar side av meg nedover, slik at eg får lagt armane over skuldrene deira. Det vesle stykket ned til leiren går kjapt unna, eg set føtene framfor meg, men det er ikkje mykje kref­ter der. Utan hjelp hadde eg brukt mange timar på å nå leiren. På veg nedover spør Petter om eg såg Frank, som låg ved Third Step. Fyrst no skjønner eg at det var Frank som låg der.

Eg blir tatt med inn i kjøkkenteltet. Dette er av typen som me kallar messetelt heime i Noreg. Det er kjempegod plass, og det er full ståhøgd i heile teltet. Eg legg meg ned på steinbenken på eit tjukt liggeunderlag. Endeleg kan eg slappa av. Så fort eg får lagt meg ned, føler eg meg eigentleg fin att. Eg trur berre eg er ekstremt sliten. At kroppstemperaturen er låg, kjenner eg ingenting til sjølv. Lars tar på dette tidspunktet kontakt med Halvard Stave i Noreg. Det blir også oppretta kontakt med anestesilege Tore Dahlberg, som er spesialist på frostskadar. Lars og Halvard bestemmer seg for å gå i gang med opptining av frostskadane mine. Det er ingen risiko for at det kan fryse att. At opptint vev frys for andre gong, er det verste som kan skje.

Lars skildrar seinare situasjonen slik: «Etter en rask medisinsk vurdering er ikke tilstanden like positiv som beskrevet av pasienten selv.» Eg har aldri sjølv inntrykk av at eg er i ei forfatning som er alvorleg på nokon måte. Bortsett frå at eg kjenner meg svært sliten, er det ingenting som gjer meg bekymra. Sjølvsagt blir eg etter kvart uroleg for kor alvorlege frostskadane mine er, men det er uansett ikkje så mykje å gjera med det no.

Det einaste som er litt ubehageleg, er då Lars kjem med fleire flasker med varmt vatn som han ber meg om å stikka ned i soveposen. Eg føler det nesten som om eg ligg i ei badstove, varmen er uuthaldeleg. På grunn av varmeflaskene i soveposen og det varme drikket er det faktum at eg er nedkjølt, det siste eg tenker på.

Eg er i realiteten i ferd med å gå frå mild hypotermi og inn i ein tilstand av moderat hypotermi. Lars måler ned mot 30 graders kroppstemperatur på meg. Definisjonen på moderat hypotermi er ein kjernetemperatur i kroppen på mellom 30 og 32 grader. Ved moderat hypotermi kan ein føle seg søvnig og få ei paradoksal varmekjensle. Pusten går langsamare, og medvitet er redusert.

Mens Lars, Petter og Stein er i det andre teltet og har kontakt med både media og UD heime i Noreg, ligg eg og føler at eg har det heilt fint i soveposen min i kjøkkenteltet. Eg anar på dette tidspunktet lite om alt som skjer rundt meg. Eg ligg med fingrane og tærne i varmt vatn, men har ingen smerter. Lars, Petter og Stein er ofte inne og sjekkar korleis det går. Det blir filma og tatt bilete av skadane mine og av alt som skjer i teltet. Både Phurba, Pemba, Jangbu, Lhakpa, Tenzing, Pema og ein tibetansk kjøkkenassistent er i kjøkkenteltet saman med meg. Me snakkar om laust og fast, og stemninga er eigentleg humoristisk. Spesielt synest dei det er morosamt når eg drikk kald Sprite så fort Lars er ute av teltet, mens eg er flink og drikk varm te når Lars eller nokon av dei andre nordmennene er inne i teltet. I og med at eg kjenner meg så bra som eg gjer, tar eg nok litt lett på det faktum at eg er nedkjølt. Eg er framleis dehydrert, og eg kunne sikkert ha drukke ei halvannan liters flaske iskald Coca-Cola på styrten dersom eg hadde hatt tilgang på det. Eg foreslår for Pema at han kan koka suppe på vatnet som eg har hatt fingrane og tærne i eit par timar, og sherpaene ler så dei nesten ikkje klarer å stå oppreist.

Sidan eg ikkje trur me avtalte nokon konkret pengesum i Camp 2, får eg Lars til å sjekka med Phurba kva dei skal ha for oksygenutstyret, overnattinga i Camp 1 og jobben dei har gjort. 3000 dollar blir avtalt, og eg lover å overføra pengar så fort eg er attende i Noreg. Eg gir Pemba klokka mi som depositum, som eg lovde han tidlegare. Eg takkar alle for hjelpa eg har fått. Lhakpa, Jangbu og Tenzing var dagen før høgt på fjellet for å leita etter meg, trass i at dei var slitne etter sin eigen toppstøyt nokre dagar tidlegare. På dette tidspunktet forstår verken eg eller dei andre nordmennene at det er noko som ikkje stemmer med historia deira. Dei smiler brydd når dei ser at eg får tårer i augo. Eg fortel i detalj om kva som har skjedd dei siste dagane, og dei kan ikkje forstå at det er mogeleg å overleva noko slikt og likevel vera så oppegåande som eg trass i alt er på dette tidspunktet.

Eg ser på fingrane og tærne mine og uroar meg over fargen, som blir blågrå etter kvart som vevet tinar. Eg har vore ute i to netter, og det er heilt klart ikkje bra med tanke på forfrysingar. Hadde det vore berre ei natt, hadde utsiktene vore betre. Grada av forfrysing blir avgjort av den aktuelle temperaturen, men også tida som vevet har vore frose.

Eg legg merke til at det snør utanfor teltet. Eg veit at eg sannsynlegvis må sitta på ein jakokse den lange vegen ned til Base Camp. Tanken er ille nok som han er, om ikkje nysnø skal gjera det glatt og farleg i tillegg. I 2005 møtte eg tre gonger personar som blei frakta ned på ryggen av ein jakokse, og eg tenkte med meg sjølv at det ville eg aldri gitt meg ut på frivillig. Stort sett er stien fin nedover morenen på den enorme breen, men det er nokre stader ein bokstaveleg talt går på kanten av stupet. Spesielt éin stad, der det er 30 meter rett ned i elvejuvet berre få centimeter frå stien. Men det er ikkje noko alternativ. Eg veit at frostskadde tær bør få mest mogeleg ro, og at det i alle fall ikkje er noko sjakktrekk å gå over 20 kilometer i krevjande terreng. Helikopter kan ikkje fly så høgt, så det er heller ikkje noko alternativ. Eg blir jakcowboy uansett om eg likar det eller ikkje. Men det byrjar å bli seint på dagen, og eg er litt uroleg for at me ikkje vil nå Base Camp før det blir mørkt. Det verste partiet på stien er langt nede mot Base Camp, og tanken på mørket i tillegg til at det er glatt, gjer at eg fryktar denne turen endå meir. Eg vurderer å snakka med Lars om det ikkje er lurare å utsetta turen ein dag. Eg føler meg fin, og kroppstemperaturen er på veg oppover. Men før eg får tenkt tanken ferdig, står jakoksen klar utanfor.

Eg blir støtta ut av kjøkkenteltet for ikkje å belasta tærne meir enn høgst nødvendig. Det er framleis ingen smerter, men eg veit at eg kan gjera skaden meir alvorleg dersom eg belastar dei. Få meter frå teltet står det ein stor og flott jakokse. Eigaren står ved sida av og smiler, han veit nok at eg ikkje akkurat ser fram til det som skal skje. Eg blir hjelpt opp på ryggen av det høge dyret. Dei har lagt nokre teppe over ryggen, på toppen av ei enkel kløv som blir brukt til å transportera tønner og kassar med utstyr. Heldigvis er det ei form for stigbøylar på sida som eg kan stabilisera meg med. Det er vanskeleg å sitja oppreist når han går, det blir rett og slett så høgt at eg føler at det er fare for å falla av. Eg legg meg derfor framover ryggen og tar eit godt tak i treverket på kløva, det er heldigvis ingen problem å bruka hendene trass i at fingrane er skadde. Eigaren av oksen legg eit tau over ryggen min og strammar til. Dette er for så vidt greitt nok med tanke på at eg føler meg meir stabil, men tanken på kva som vil skje dersom jaken fell eller sklir, er ikkje akkurat så morosam.

I starten går det overraskande greitt. Etter den lange kvila og mykje søt drikke føler eg meg litt sterkare. Eg er svært varm i kroppen sidan eg har ein dundress på meg, og det er mildt i luf­ta. Eg tenker ikkje i det heile på kroppstemperaturen min, som framleis er låg. Me bevegar oss som ein liten karavane nedover morenemassane. Lars og Stein går saman med meg, Petter blir att i Advanced Base Camp for å organisera utstyret som også skal sendast nedover. Han pakkar ned leiren min og legg utstyret i tønner som seinare blir transporterte heim til Noreg.

Ikkje før langt utpå hausten kjem desse tønnene til Noreg. Fyrst då blir det klart at teltet mitt i Advanced Base Camp faktisk blei plyndra mens eg var antatt død. Alt av verdi er vekke, mellom anna GPS, MP3-spelar, hovudlykt, kompass og ein del medisinsk utstyr. Heller ikkje dei 1200 dollarane og det meste av utstyret som eg hadde i leiren min på 7900 meter, har komme til rette.

Jakdrivaren går framfor og leier dyret i eit kort tau. Etter kvart blir det tyngre og tyngre å halda seg fast. Den vonde sittestillinga gjer at eg bruker musklane veldig statisk, spesielt i overkroppen. I bratte nedoverbakkar er det spesielt tungt. Eg prøver å variera grepet litt, men det er ikkje så enkelt når tyngda av kroppen min heile tida trykker meg framover. Eg konsentrerer meg så hardt om dette at eg nesten gløymer å vera redd. Men berre nesten. Tanken på den lange marsjen som ligg framfor oss på stiar dekte av nokre centimeter glatt nysnø, er skremmande. Men oksen set føtene stødig framfor seg. Etter kvart lærer eg meg til å stola på det store dyret. Han trør aldri feil.

Etter ei stund tar me ein pause, og dei hjelper meg av. Eg legg meg halvvegs bakover, lenar meg mot ein liten haug med steinar. Prøver å slappa av, ristar hendene litt for å motverka den statiske belastninga som sittestillinga medfører. No kjenner eg meg verkeleg sliten, og eg gleder meg berre til me er framme i Base Camp.

Me fortset nedover det monotone terrenget. Opp og ned heile tida, over uendeleg mange morenehaugar. Me møter nokre gonger andre jakar på veg opp til Advanced Base Camp. Det er heilt tydeleg at oksen som eg sit på, er ein av dei som har høgast rang. Når me stansar for å sleppa dei andre jakane forbi, kastar han på hovudet og fnyser. Eit par gonger kastar han den svære kroppen sin rundt for å markera seg, og eg kjenner meg som ei lita filledokke som er knytt fast på ryggen.

Eg hadde i utgangspunktet planlagt å ta mange pausar nedover, då tanken på å sitta fleire timar i strekk på ryggen av jakoksen ikkje er mykje freistande. Men etter kvart som tida går, finn eg ut at det nesten er betre å droppa pausane. Eg har etter kvart funne ei stilling som fungerer, og tida går faktisk fort. Når det byrjar å mørkna, nærmar me oss det farlegaste partiet. Her har elva grave seg nærmare og nærmare stien, og det stuper fleire stader rett ned i elva langt der nede. Men på dette tidspunktet har eg fått slik tillit til dyret under meg at eg ikkje uroar meg så mykje lenger. Han set beina fjellstøtt under seg, og eg trur ikkje han glir ein einaste gong. Fleire gonger vel han ein litt annan veg enn det som eigaren vil. Eigaren drar og slit i tauet for å få han attende på det som er hans vegval, men jakoksen har sterk fysikk og vilje og vinn alltid dragkampen. Og det viser seg alltid at det er hans vegval som er det beste.

Stein og Lars går bak oss, men eg ser dei av og til når dei kjem fram for å filma eller ta bilete. Stein fortel meg at det er gode sjansar for å få helikoptertransport frå Base Camp til Katmandu. Eg blir svært overraska, og det av to grunnar. For det fyrste har det så vidt eg veit, berre skjedd ein gong før at eit helikopter har landa i Base Camp på nordsida av fjellet. For det andre kjenner eg ikkje at det er behov for det. Riktignok freistar tanken på å berre setta seg i eit helikopter og vera i Katmandu i løpet av ein time. Eg har floge helikopter i Nepal tidlegare, og eg veit av erfaring at det er billeg å fly helikopter her nede, så dersom dette hadde gått i orden, hadde eg tatt imot tilbodet med opne armar. Eg insisterer på å betala helikopteret sjølv dersom det blir aktuelt. Men eg har heller ikkje noko problem med tanken på å sitta i ein bil heile vegen til Katmandu. Vanlegvis tar det om lag seks timar til grensa til Nepal, og derifrå kanskje tre timar til Katmandu. Vegstandarden har blitt betre dei siste åra, men spesielt på det fyrste partiet til Tingri er vegen svært grov.

Kinesarane er ikkje kjende for å vera spesielt samarbeidsvillige, i alle fall så lenge det ikkje er ein livstruande situasjon. Eg reknar derfor ikkje med at dei får lov til å landa med helikopter uansett, så eg tenker ikkje så mykje meir på saka. Eg blir derfor svært overraska når Stein seinare kan fortelja meg at løyvet er i orden. Dersom vêret tillèt det, blir det helikopter frå Base Camp neste morgon.

Det blir heilt mørkt før me er framme i Base Camp. Det siste stykket er det utruleg at jakoksen klarer å sjå stien framfor seg. Firehjulstrekkaren har køyrt så langt oppover langs morenen som mogeleg. Det er godt å sjå Dawa att. Han har vore i Base Camp heile tida, med håplause kommunikasjonsforhold opp til Advanced Base Camp. Det har nesten vore umogeleg for han å halda seg oppdatert om alt som har skjedd dei siste dagane.

Me køyrer ned til telta våre. I messeteltet er det ein gassomn, så me går alle inn i det. Nokon tar inn ein madrass slik at eg kan legga meg nedpå og slappa av litt. Vêrmeldingane ser dårlege ut, så det er ei lett avgjerd å satsa på bil i staden for helikopter. Dei er faktisk så dårlege at det er stor risiko for at ras sperrar vegen på det bratte og farlege partiet rett før grensa. Det er derfor viktig å komma seg av garde så fort som råd er, før det blir umogeleg å passera. Me avgjer å dra umiddelbart.

Ein kraf­tig eim av noko som minner om gammal fisk, slår mot oss idet me set oss inn i bilen. Eg, Lars, Dawa og liaisonof­fi­seren i tillegg til sjåføren drar frå Base Camp seint på kvelden. I Tibet kan du ikkje berre leiga ein bil eller køyra din eigen bil over grensa. Utallige Toyota Landcruiserar med eigne sjåførar transporterer turistar mellom Lhasa og Everest Base Camp, eller til og frå Zangmu på grensa til Nepal. Sjåførane kostar av garde i stor fart på dei dårlege grusvegane, og dei lokale bøndene med jakoksar og saueflokkar gjer lurt i å komma seg fort ut av vegen når dei kjem. Sjeldan set dei ned farten gjennom dei små landsbyane, og småungane må også hoppa i grøf­ta. Sjåførane bruker ofte kvite silkehanskar når dei køyrer. Dei snakkar ikkje engelsk, så det er som regel dessverre ikkje mogeleg å føra ein samtale med dei.

Liaisonof­fi­seren kjenner eg godt frå før. Han var med i bilen då eg ei god veke tidlegare drog ned til Xegar for å slappa av før toppstøyten. Han er ein hyggeleg kar, han ordna hotell til meg og viste meg kvar både restaurantar og internettkafear var i den vesle byen. Han spurde også ivrig om han skulle visa meg «where to get pleasure girl», men det var ei form for restitusjon som eg takka høfleg nei til.

Eg og Lars sit i baksetet. Fyrst legg eg føtene i fanget hans for å forsøka å sova mens eg ligg på langs i baksetet, men etter kort tid set eg meg opp. På grunn av dundressen som eg framleis har på, og den klamme, dårlege luf­ta i bilen anar det meg at dette vil bli ein biltur som eg ikkje kjem til å sjå attende på med glede. Ute snør det litt, men førebels ikkje verre enn at det er berre så vidt det dekker vegen framfor oss.

Sjåføren kjenner heldigvis vegen som si eiga bukselomme, og det er ein stor fordel. Me prøver alle å sova, men dei fleste av oss slit med å sovna sidan bilen stadig vekk ristar og kastar på seg på dei dårlege vegane. Fleire gonger fell eg i søvn, men det kjenst som om eg berre søv i nokre sekund før eg vaknar av at eg slår hovudet i vindauga. Lars skrur korken av brusflaska mi kvar gong eg må ha noko å drikka. Bandasjen på hendene mine gjer at eg ikkje klarer det sjølv. Den kalde drikken gjer utruleg godt. Eit par gonger stansar me for å strekka litt på beina og for å tre av på naturens vegner. Fyrst no har eg drukke så mykje at væskebalansen er gjenoppretta i kroppen.

Natta går uendeleg sakte. Sidan vêret stadig blir dårlegare og det dermed legg seg meir og meir våt snø i vegen, må sjåføren køyra sakte og forsiktig. Når me passerer Nyalam på morgonkvisten og nærmar oss den tronge og dramatiske dalen nedover mot Zangmu, er nok alle i bilen nervøse for kva som ventar oss. Sjølv under gode vêrforhold blir denne vegen ramma av steinsprang og snøskred. Og me er ikkje før komne forbi Nyalam, før det startar. Store og små steinar ligg overalt i vegen og vitnar om at Himalaya er ei ung fjellkjede med ustabile og svært bratte fjell. Det er berre å forsøka å sova seg gjennom det. Dersom ein stein eller eit snøras bestemmer seg for å slå til akkurat når me passerer, er det ingenting me kan gjera uansett. Å vera sjåfør under slike forhold må vera ein av dei mest nervepirrande jobbane som finst i Himalaya. Dette er nok den mest risikable bilturen eg har opplevd på mine turar i Himalaya.

Lars fortel meg at det ventar ein ambulanse ved grensa, men me reknar med at han ikkje får lov til å passera over brua. Alle gongene eg har passert grensa, har me måtte gå over brua. Eg reknar med at Lars ikkje vil la meg gå på mine eigne bein, og dermed er det berre éin utveg. Ein liten berar tar meg på ryggen og stavrar seg nedover dei siste metrane mot grensa. Inne i det store bygget som dei kinesiske grensevaktene sit i, må me stoppa ved ein markert strek. Den autoritære vakta gjer ingenting for at grensepasseringa skal skje fort og ef­fektivt. Eg set meg ned på ein benk, og beraren set seg ved sida av meg. Han veg sikkert ikkje meir enn 60 kilo, men han er likevel råsterk. Innbyggarane i Kodari lever av å bera gods over grensa. Av og til må dei bera i mange kilometer dersom ras gjer at vegen er stengd i nærleiken av brua. Han smiler, me prøver å kommunisera, men det er ikkje så enkelt når han ikkje snakkar eit ord engelsk.

Endeleg får me fortsetta. Over brua står ambulansen og ventar på meg. Eg ønskjer berre å sitta i ein vanleg bil. Å måtta ligga på ei seng i ein ambulanse på dei vegane som me no skal køyra på, er ingenting å sjå fram til. Eg reknar heller ikkje med at sjåføren akkurat kjem til å køyra roleg og forsiktig nedover dalen mot Katmandu. Ambulansen er nesten av vestleg standard, og både eg og Lars blir positivt overraska. Det er ingen lege med, berre sjåføren og ein assistent. Assistenten måler puls og blodtrykk, og snart er me klare til å køyra. Eg ber han om at me må ta det roleg nedover dalen, me har det på ingen måte travelt. Han smiler stadfestande. Men blålys og sirene må sjølvsagt på.

Lars sit bak ved sida av meg. Dei dårlege vegane gjer at eg glir fram og attende heile tida, men eit belte stabiliserer meg litt. Den fyrste delen av turen tenker eg berre på kor mykje betre alt hadde vore dersom eg kunne sitta i baksetet på ein vanleg bil. Sjølv ein buss ville vera betre enn dette. Men etter kvart som vegen blir betre og betre, er det mogeleg å sova litt mellom kvar gong eg vaknar av ein krapp sving. Lars vil at eg skal ha på meg oksygenmaska, men eg synest framleis ho er ubehageleg, og klarer ikkje ha ho på lenge. Eg ser ikkje trongen for det no.

I ettertid synest eg det er svært trist og frustrerande å tenka på at familie og venner heime i Noreg trudde at eg var døden nær under heile bilturen frå Base Camp til Katmandu. Det var fyrst lenge etter at eg kom heim, at eg forstod korleis tabloide medium hadde skapt eit inntrykk av drama som eg ikkje kjende meg att i i det heile.

Etter ei stund stoppar me. Eg og Lars spør kva som skjer, og assistenten forklarer at han må ut og kjøpa mat til ein gjeng som har stengt vegen. Elles vil dei ikkje sleppa oss forbi. Eg og Lars må le, det er tydeligvis andre utfordringar som pregar kvardagen til ein ambulansesjåfør i Nepal enn i Noreg.

Eg og Lars snakkar litt om kvaliteten på sjukehusa i Nepal. Me reknar med at standarden er dårleg. Men eg uroar meg ikkje så mykje om det. Eg skal uansett berre kvila ut ein dag eller to, før eg flyr attende til Noreg. Det er ingenting å gjera med frostskadane når dei fyrst har oppstått. Det er berre å venta og sjå kor mykje blodsirkulasjonen klarer å ta attende. Dersom frosten ikkje har sprengt cellene i vevet, vil blodsirkulasjonen sakte, men sikkert returnera. Dersom cellene er øydelagde, vil det ikkje vera mogeleg å redda dei forfrosne kroppsdelane. Lars er utruleg dyktig til å finna balansen mellom å vera optimistisk og å vera realistisk og ikkje gi meg falske forhåpningar. Han har ein roleg og trygg måte å vera på som gjer at eg heile tida kjenner meg bra.

Etter tre–fire timar er me framme i Katmandu. Eg får sjølvsagt ikkje lov av Lars til å gå no heller, så dei trillar meg inn på sjukehuset. Det fyrste som slår meg, er fargane på plenen og dei flotte blomane som prydar utsida av sjukehuset. Etter over ein månad i det golde og livlause Tibet er det alltid ei utruleg oppleving å sjå plantar og blomar att. Og sjukehuset er fyrsteklasses! Eg og Lars må smila idet me kjem inn. Airconditioning kjøler ned den kvelande varme Katmanduluf­ta, og standarden elles er ikkje langt frå det me er vane med frå Noreg. Det er den norske ambassaden i Katmandu som har organisert det slik at eg blir køyrd til dette sjukehuset. Det har berre nokre få senger og er definitivt ikkje bygd for lokalbefolkninga. Både dei vestlege legane og dei nepalske sjukepleiarane er hyggelege, kompetente og utruleg dyktige. Legane er svært positive når det gjeld utsiktene til at dette skal gå bra. Dei har lang erfaring med frostskadar, og tre forskjellige legar gir alle uttrykk for at eg ikkje treng å frykta at noko må amputerast. Dette er sjølvsagt svært gode nyhende for meg.

Eg får besøk av Tore Dahlberg, som tilfeldigvis er i Katmandu. Han har vore overlege på Longyearbyen sjukehus og er ein av Noregs største ekspertar på frostskadar. Han ser på skadane mine og gir råd både til meg og til legane ved sjukehuset. Eg får også beskjed om at min gode venn Brynjulv Eide er på veg til Katmandu. På grunn av det media i Noreg hadde skrive, trudde familie og venner at situasjonen min var livstruande, og at eg trong nokon rundt meg. Brynjulv og kona Elisabeth hadde saman med mine gode venner Martin Hindenes og Øyvind Birkeland oppretta ein «kommandosentral» heime i huset til Brynjulv då det stod på som verst med pågang frå media. Fordi Olav Grotheim stod oppført som mediekontakt på nettstaden min, var det han som fyrst fekk den største belastninga frå media. Men han fekk god hjelp av Tormod Granheim, som melde seg frivillig til å bidra med mykje medieerfaring etter ulykka si på Mount Everest tre år tidlegare. Alle desse gjorde ein fantastisk innsats for å hjelpa til, og både eg og familien min vil alltid vera takknemlege for det dei gjorde. Søstera mi, Eli, var bindeleddet opp mot min familie, og ho var i jamleg kontakt med alle dei andre involverte.

Det er godt å sjå Brynjulv att. Han fortel meg seinare kor overraska han var over å sjå meg i så fin form. Han hadde frykta det verste basert på det media skreiv. Me sit lenge og pratar, og det byrjar gradvis å gå opp for meg kva media har gjort med denne saka i Noreg. Eg visste at Petter, Lars og Stein sende heim bilete og var i kontakt med media i Noreg, men at media gjorde dette til ei sak som sette hendingar som atombombeprøvesprenging i Nord-Korea og dødsfallet til Haakon Lie i bakgrunnen, hadde eg inga aning om. Eg får også til mi store overrasking vita at det har komme fleire norske journalistar til Katmandu. Lars lurer på om eg er interessert i å møta desse, men i utgangspunktet er eg ikkje det. Eg uroar meg likevel litt for kva kundane mine tenker, alle dei som har meldt seg på dei arrangerte turane mine framover. Det er viktig for meg å få formidla at det ser ut til å gå bra, og at alle turane mine går som planlagt. På dette tidspunktet håpar eg sjølv å leia turen til Elbrus som startar fem–seks veker seinare. Etter litt tenking seier eg derfor likevel ja, og fem–seks journalistar troppar opp på rommet mitt. Stemninga er god, og dei stiller mange spørsmål om det som har skjedd. Det er ikkje lett for ein journalist å setta seg inn i klatring av store fjell. Det merkar eg på spørsmåla.

Då eg fekk lesa desse intervjua etter at eg kom heim, angra eg på at eg sa ja. Eg visste lite om den vinklinga pressa heime hadde hatt i dagane etter eg kom til rette att, og eg var framleis prega av det eg hadde vore igjennom. Det hadde heller ikkje heilt gått opp for meg kor nære på det eigentleg var på fjellet. Alle inntrykka frå toppstøyten og alt som hadde skjedd etterpå, var enno ikkje fordøydd skikkeleg.

Det eg kanskje kjem til å hugsa best frå opphaldet, er den gode behandlinga eg fekk frå alle som arbeidde på sjukehuset, legar og sjukepleiarar. Dei var svært interesserte i å høyra om alt som hadde skjedd på fjellet, og kvar kveld måtte eg fortelja historia om kva som hadde skjedd, til sjukepleiaren som var på vakt den natta. Sakte, men sikkert gjekk det opp for meg at eg faktisk hadde overlevd over 70 timar i den såkalla dødssona over 8000 meter. Når eg ser attende på det no i ettertid, må eg vera sjeleglad at eg slapp unna med dei skadane eg fekk. Det finst mange eksempel på klatrarar som har mykje større skadar etter å ha vore eksponerte for høgd og kulde i kortare tid enn eg var.

Etter nokre dagar i Katmandu bar det heimover på fyrste klasse med Thai Airways via Bangkok og København. Eg oppgraderte flybilletten min for at eg skulle få ligga mest mogeleg flatt. Det er ikkje ideelt å sitta lenge med beina ned med omsyn til blodsirkulasjonen. På dette tidspunktet trudde eg framleis det var håp for dei forfrosne tærne og fingrane mine. Derfor blei eg frakta i rullestol mellom flya fordi eg ikkje burde belasta det skadde vevet for mykje. Eg kunne fint gå som normalt på mine eigne bein, så det var veldig freistande å droppa rullestolen. På Flesland blei eg sjokkert då det viste seg at journalistar stod og venta på meg idet eg blei løf­ta ut av flyet i rullestolen. Dei hadde på ein eller annan måte fått vita kva fly eg skulle komma med, og stod i eit lite vindauga i hovudbygningen og filma.

Eg var eit par dagar på brannskadeavdelinga på Haukeland før eg fekk dra heim til leilegheita mi på Voss. Det var framleis ikkje nødvendig med behandling. Det var ingenting som kunne gjerast no, det var berre å venta og sjå korleis det utvikla seg. Dyktige legar og sjukepleiarar tok seg godt av meg, og eg fekk besøk både av familie, slekt og venner. Fordi eg hadde vore på sjukehus i Nepal, måtte eg isolerast dei fyrste par døgna. Legar, sjukepleiarar og besøkande måtte ha på munnbind, heildekkande frakk og hanskar for å komma inn i rommet mitt. Eg kjende meg litt som E.T. der eg låg. Legane på Haukeland gav meg umiddelbart beskjed om at dei ikkje var så optimistiske som kollegaene i Nepal.

Den medisinske strategien når det gjeld alvorlege frostskadar, er altså å venta og sjå. Det er lite å gjera for å påverka resultatet anna enn å la tida gå sin gang for å sjå nøyaktig kor mykje som må fjernast. I gamle dagar sa legane at ein som fekk frostskadar på fingrar og tær i jula, ikkje skulle amputerast før ved sankthans. Fyrst fekk eg beskjed om at det yttarste leddet på dei fleste fingrane såg ut til å ryka. Etter kvart som det skadde området gjekk frå blått til svart, blei det klart at også det midtarste leddet måtte fjernast. Men heldigvis fekk eg behalda det meste av tomlane. Med tærne såg det lenge positivt ut, og det gjekk faktisk fleire veker etter at eg hadde komme heim, før det blei klart at også desse måtte bort. Men sjølve operasjonane ville legane venta med så lenge som mogeleg utover sommaren. Det var viktig for å sjå nøyaktig kva vev som var dødt, og kva som var levande.

Det var utruleg godt å komma heim att til si eiga leilegheit. Trass i bandasjar klarte eg meg heilt fint på eiga hand. Ein del ting tok sjølvsagt litt lengre tid, til dømes det å laga mat og å dusja. Sidan det framleis var håp for tærne, måtte eg vera forsiktig med å gå ute, men eg gjekk heilt normalt rundt i leilegheita. Eg fekk dagleg besøk av venner, slekt og familie den fyrste tida etter at eg kom heim. Nokre dagar var det folk på besøk frå tidleg morgon til seint på kveld. Dette var eg sjølvsagt svært glad for, men sidan eg alltid har hatt trong for å vera ein del åleine, var eg eigentleg berre glad då det roa seg ned og livet sakte, men sikkert nærma seg det normale att.

Laila og eg hadde hatt eit forhold sidan vinteren 2008, men me var ikkje eit par på det tidspunktet eg reiste til Mount Everest. I tida etter at eg kom heim, besøkte ho meg fleire gonger, og etter kvart blussa kjenslene mellom oss opp att. Laila blei ein svært viktig person for meg i alt som eg måtte gjennomgå etter ekspedisjonen. Smilet og latteren hennar prega faktisk sommaren for meg, trass i alt det negative som skjedde. Eg og Laila har klart å spøka mykje med det som har skjedd, og galgenhumoren har vore mykje brukt.

Også i andre samanhengar har det vore mykje galgenhumor. Då eg var på Haukeland, var det ein dag ein sjukepleiar som kom inn på rommet mitt med ein blome som hadde blitt levert. Eg fortalte ho at eg hadde fått utruleg mange blomehelsingar, men at eg var heilt håplaus med plantar. Alt dør etter kort tid i mine vindaugskarmar. Ho spurde då om eg ikkje hadde grøne fingrar. Me såg begge to ned på dei svarte fingrane mine og braut ut i latter.

Eller då eg fekk ein e-post frå ein journalist der vedkommande skreiv i fyrste linje: «Håper du ser mellom fingrene med at jeg tar kontakt.»

Humor og sjølvironi har faktisk gjort at det siste året ikkje har vore så ille som ein kanskje skulle tru. Eg har alltid hatt ei unik evne til å ikkje bekymra meg for mykje om ting på førehand, og den eigenskapen kom i høg grad til nytte i denne tida.

Eg har hatt ein del kontakt med ho som var forlova med Frank Ziebarths etter at eg kom heim att. Det tok lang tid før det gjekk opp for ho at Frank vil bli liggande der han ligg no. Ingen vestlege klatrarar er i stand til å flytta han, eller å gravlegga han på den staden der han ligg. Det betyr at alle som når toppen av fjellet, omtrent må stiga over han både på veg opp og ned. Eg formidla kontakt med nokre av dei kommersielle selskapa som opererer på Mount Everest, og ho fekk eit tilbod frå nokre sherpaer om at dei kunne flytta og steina ned kroppen for 50 000 dollar. Dette var uaktuelt, verken Christina eller Frank sin familie har pengar til dette.

Frostskadar som ikkje er reversible, vil etter kvart utvikla seg til nekrosar. Det vil seia at fingrane rett og slett tørkar ut og blir til stive ogkjenslelause, svarte pinnar. Mange trur kanskje at frostskadar er smertefullt. Det er riktig for frostskadar som er mindre alvorlege enn mine. Når frose vev tinar opp att, kan smertene vera intense. Men når vevet er dødt som i mitt tilfelle, kjenner ein i utgangspunktet ingen smerter. Det blir etter kvart sårt og smertefullt i overgangen mellom det friske og det døde vevet. Etter kvart som det nærma seg operasjonane utover sommaren, blei det nødvendig med smertestillande medisinar.

Operasjonane blei gjennomførte i to omgangar. Høgre hand blei tatt i slutten av juni. Tærne blei tatt i juli, mens den venstre handa blei tatt i midten av august. Grunnen til at det var så lang tid mellom høgre og venstre hand, var at eg slik blei i stand til å klara meg på eiga hand gjennom heile sommaren. Dersom begge hendene skulle opererast samtidig, hadde eg nesten vorten pleietrengande i ein periode.

Smertene etter operasjonane var til dels kraf­tige, og noko heilt anna enn eg har opplevd tidlegare. Det verste var det daglege skif­tet av bandasjar. Eg måtte opp på sjukehuset på Voss ein gong om dagen i byrjinga for å sjekka såra og skif­ta bandasjen. Eg fekk alltid smertestillande før dette skulle skje. Synet av dei blodige stumpane der fingrane hadde vore, var ille. Beinpipene stakk ut av alle fingrane, men etter kvart grodde det villkjøt over beinpipene og så hud over der att. Men på eit par av fingrane ville ikkje villkjøtet dekka skikkeleg, beinpipene stakk ut, og huda dekte berre inntil og rundt beinpipene. Det var nødvendig å fjerna litt meir av beinet for at kjøt og hud skulle klara å gro over det. For å sleppa innlegging og full narkose bad eg legen ta det under ein poliklinisk kontroll på Haukeland. Det blei ei oppleving som eg seint kjem til å gløyma, der legen stod med ei kraf­tig tong og beit seg bit for bit nedover i beinet. Dei små beinbitane som han fjerna, small i veggen ved sida av oss kvar gong han knekte av ein ny bit. Det var blodsprut oppover veggen etterpå. Rett før han var nøgd med resultatet, fekk han på toppen av alt ein liten beinbit inn på auga. Biten var skarp, og han sleit med å få han ut att. Men me kunne ikkje anna enn å le av den absurde situasjonen der han stod framfor spegelen og prøvde å få beinbiten ut att. Han kjem nok til å bruka vernebriller dersom han kjem ut for ein liknande situasjon i framtida.

Eg har vore heldig også når det gjeld fantomsmerter. Dette hadde eg frykta og høyrt mange urovekkande historier om. Men eg kjenner nesten ingenting no når eg skriv dette, over eit halvt år etter operasjonane. Eg hadde også rekna med at amputasjonsområdet skulle vera meir sensitivt og ømt enn det faktisk er. Så eg er veldig nøgd med slik tinga er, alt sett under ett. Legane har gjort ein kjempegod jobb. Situasjonen då alt var avklart, var at eg mista alle tærne, dei blei tatt nokre få centimeter bak festet for stortærne. Eg har fjerna dei to yttarste ledda av fingrane, med unntak av tomlane, der eg har fått behalda det meste. Tomlane er amputerte omtrent ved naglefestet. Sidan tomlane er dei desidert viktigaste av fingrane, gjer dette at grep og funksjon er veldig bra.

 

Et­ter­tan­ke om toppstøyten

Den totale mangelen på medvit rundt korleis ekspedisjonen etter kvart utvikla seg, er kanskje det som prega toppstøyten mest. Eg opplevde aldri noko av det som skjedde på fjellet, som dramatisk eller traumatisk. Eg var aldri redd. Når dramatikken var på det verste, og familie og venner heime i Noreg trudde det var slutt, var vel eg den einaste som ikkje innsåg kor dramatisk det heile var.

Sjølv om det rett etter at eg kom ned, var ein del ting som skjedde på fjellet eg ikkje hugsa så mykje av, så kom minnet delvis attende utover sommaren og hausten når det gjaldt ein del detaljar. For eksempel dette med ryggsekken som eg la att i Camp 3. Den fyrste tida etter eg kom ned att, hugsa eg ikkje kvar eg hadde lagt han.

Det er fyrst og fremst over 8500 meter at det er ein del lengre parti eg har problem med å hugsa detaljane frå. Men sjølv om eg hugsar mesteparten av det som skjedde under denne høgda, betyr ikkje det at hjernen fungerte som han skulle, på det tidspunktet heller. Eg gjekk rett og slett inn i ein tilstand der eg ikkje var i stand til å registrera at ting utvikla seg i negativ retning, og at eg var i livsfare. Eg gjekk som på autopilot, utan å vera i stand til å ta den logiske avgjerda om å snu. Årsaka til det som skjedde, er utan tvil hypoksi, altså oksygenmangel i blodet, sannsynlegvis kombinert med hjerneødem. Dette er ei høgd der det fyrst i dei siste åra har blitt vanleg å nytta kunstig oksygen. Før byrja mange med kunstig oksygen fyrst når dei nådde leiren på 8300 meter. Så kva som utløyste hypoksien så lågt som i Camp 2, er i utgangspunktet vanskeleg å forstå, i og med at eg fleire gonger hadde vore høgare enn dette utan at eg hadde hatt noko problem.

Med tanke på den intense solstrålinga hadde eg sannsynlegvis med meg for lite drikke den dagen eg gjekk frå Camp 1 til Camp 2. I tillegg fekk eg diaré, som sjølvsagt heller ikkje var bra for væskebalansen i kroppen. Desse faktorane gjorde meg dehydrert, og dermed blei blodet tjukkare og oksygentransporten mykje dårlegare enn normalt. Kombinert med det låge oksygennivået i luf­ta gjekk eg inn i denne tilstanden fordi det rett og slett kom for lite oksygen fram til hjernen. Eit klart teikn på at eg ikkje forstod kva som skjedde med meg, er at eg aldri var inne på tanken om å bruka dei sterke medisinane som eg heile tida hadde på meg på toppstøyten. Dexametason og Adalat er effektive medisinar mot alvorleg høgdesjuke. I tillegg hadde eg med meg Diamox, som verkar meir generelt mot høgdesjuke. Desse medisinane kunne til ein viss grad ha hindra det som skjedde.

Eg opplevde heller aldri mild høgdesjuke før den alvorlege høgdesjuken oppstod. Dette er uvanleg. I ei norsk bok om høgdesjuke står det: «Høydehjerneødem kan ses på som en videreutvikling av akutt mild til moderat høydesyke». Men eg var aldri innom nokon av dei klassiske symptoma på mild eller moderat høgdesjuke. Eg gjekk direkte inn i den alvorlege høgdesjuken. Alle som driv med klatring av høge fjell, veit at ein bør snu når ein får mild høgdesjuke, og i alle fall om ein får moderat høgdesjuke. Dette ramma altså ikkje meg i det heile.

Det er mange tilfeldige faktorar som nesten må kallast flaks, som gjorde at eg overlevde. For eksempel sikra eg meg ikkje på det faste tauet etter den fyrste natta på veg ned att. Det vil seia at eg har klatra ned att nesten heile fjellet utan å bruka tau. Eit lite feilsteg eller ei ustøheit kunne sendt meg ut i eit dødeleg fall nedover nordsida av Mount Everest. At eg reiste meg opp att etter begge nettene under open himmel, er også utruleg, det vanlege er å bli liggande. At ikkje hypoksien og nedkjølinga utvikla seg meir alvorleg enn det gjorde etter så lang tid over 8000 meter, er også uforståeleg. Dersom eg ikkje hadde sett den døde italienaren då eg var på veg opp att stigen på Second Step, hadde eg nok gått vidare oppover utan å skjønna at eg eigentleg skulle gå nedover. Hadde ikkje Phurba og Pemba tilfeldigvis komme opp til Camp 3 den dagen, er det ikkje sikkert eg hadde fortsett nedover, og dersom teltet mitt framleis hadde stått i Camp 2, hadde eg heilt sikkert lagt meg inn der og sannsynlegvis aldri vakna opp att.

Det er lett å hevda at eg hadde uflaks då dette ramma meg. Men i ettertid er det nok riktigare å seia at eg har hatt ufatteleg flaks som overlevde.

  ---  ---  ---

I tida etter boka mi kom ut vart det meir og meir klart at det var karbonmonoksidforgiftning som var årsaka til problema mine på fjellet. Følgande artikkel om dette stod på trykk i Norsk Klatring i desember 2012:

Kullosforgiftet på Everest?

Nye opplysninger som har fremkommet antyder at Jarle Trå kan ha støtt på helt andre problemer enn tynn luft på Everest; kullosforgifting. – Jeg tror det er veldig sannsynlig, slik som han beskrev dette til meg, sier Stein P. Aasheim til Klatring

Tekst: Dag Hagen

I 2012 har det flere ganger fremkommet opplysninger om fare for kullosforgiftning ved snøsmelting i telt med gassbrenner og varmeveksler. Sist med Stein P. Aasheims bok fra sydpolen, der Vegard Ulvang kom ravende ut av teltet, døden nær, ifølge Aasheim. Han hadde smeltet is og brukt brenner med varmevekser – uten tilstrekkelig lufting. To rapporter fra FFI (Forsvarets Forskningsinstitutt), den seneste utkom i februar 2012, har vist at enkelte brennere ved smelting av is/snø produserer opptil 40 ganger mer kullos enn de gjør alene og uten kjele. Kullos er såkalt kvelstoff og består enkelt sagt av dårlig forbrent karbon; karbonmonoksid. Denne gassen binder seg til hemoglobinet i de røde blodlegemeene 300 ganger lettere enn oksygen. Når 50% av hemoglobinet er bundet til karbonmonoksid, inntreffer besvimelse. Ved 60% er det sannsynlig at døden inntreffer.

Jan Fasting er veileder i friluftsliv og har stor kontaktflate mot turfolk. Han var på Sydpolen samtidig med Stein P. Aasheim og Vegard Ulvang, og snakket med Aasheim om hendelsene. – Vi diskuterte både det som skjedde med Vegard, og det at Stein ikke klarte å restituere seg underveis. Det kan forklares med CO-forgiftning, og tiden det tar å få opp oksygenopptaket etter en forgiftning. Vegard var jo svært nære på ved to anledninger på turen. Jarle Trå tenkte selv at det kunne ha være CO-forgiftning han opplevde av på Everest, men hadde slått fra seg tanken. – Jeg hadde vel en liten mistanke helt frå starten, rett etter at jeg kom ned fra fjellet, men valgte å ikke fokusere på det siden jeg på det tidspunktet ikke hadde noe kunnskap om at de nye kokesystemene var så farlige. Det som gjorde at jeg for alvor begynte å mistenke dette, var da en kollega hadde en episode på Grønlandskryssingen våren 2011, og definitivt da FFI kom ut med sin rapport i februar 2012. Denne rapporten fastslår at produksjonen av karbonmonoksid er 10 ganger så høy på de nye kokesystemene – og da spesifikt EtaPower – enn tradisjonelle enkle kjeler. Etter denne rapporten har det vært økende fokus på dette i miljøet. Da Jan tok kontakt var jeg allerede 99% sikker.

Jan Fasting tok kontakt med Jarle Trå høsten 2012 for å diskutere saken. – Ut i fra det jeg leste i boka til Jarle så skårer han på alle symptomene på kullosforgiftning.

Ved smelting av snø og is produserer brennerne mest karbonmonoksid. En plausibel forklaring er at snøen og isens kjøler ned flammen og hindrer god forbrenning av brennstoffet. Ved bruk av varmeveksler ledes flammen opp langs kanten av kasserollen, og gjør at nedkjølingen av flammen skjer hurtigere. CO-produksjonen er da enda høyere. «Særlig koking sammenhengende over lenger tid der kjelen fylles med snø/is gjentatte ganger for smelting og koking er forbundet med stor fare», står det å lese i rapportens sammendrag.

Jarle Trå benyttet MSR Reactor med innebygd varmeveksler, dvs integrert kokesystem, samme prisipp som Primus EtaPower. Han brukte et lite enduks-telt uten fortelt, og smeltet store snømengder inne i teltet, både i Camp 1 og Camp 2. – Selvsagt er jeg alltid oppmerksom på denne faren, og siden ventileringen på teltet begrenset seg til to små luker i taket lot jeg døra være delvis åpen. Men det var vindstille i begge leirene – i alle fall i Camp 2 – så det spørs hvor effektiv ventileringen var.

Karbonmonoksid er tyngre enn luft og legger seg nederst, akkurat slik kald luft gjør (derfor graver man kuldegrop). «Dørstokken» på dette teltet var angivelig svært høy, slik at karbonmonoksiden kan ha samlet seg nederst i teltet. – Dermed kan konsentrasjonen ha blitt ekstremt høy i området der hodet mitt var over svært lang tid – jeg lå i soveposen og hvilte mens snøsmeltinga pågikk. Trå brukte mange timer på snøsmelting i disse to leirene. – Jeg fylte stadig på med snø og dermed var nok flammen forholdsvis «kald» hele tiden.

Det var i denne perioden med snøsmelting i Camp 2 at Trå gikk inn i en nær bevisstløs tilstand. Hva tenker du nå i etterkant? Får vi noen gang bevis for det ene eller det andre? – Jeg tenker ikke så mye på det. Konsekvensen er den samme uansett. Føler vel at det er «bevist» i form av at alle omstendigheter stemmer med dette scenarioet, mens lite stemmer med høydesyke.

Hva er forskjellen i symptomene på høydesyke og kullosforgiftning? Hvilke symptomer hadde du og skulle hatt om du hadde høydesyke? – Jeg hadde ingen klassiske tegn på ordinær, mild høydesyke; hodepine, kvalme osv først. Som regel vil en i praksis alltid oppleve et eller flere symptomer på mild høydesyke før det utvikler seg til alvorlig høydesyke. En annen ting er at dersom det var alvorlig høgdesyke skulle jeg vært død nå. Dersom jeg fikk alvorlig høydesyke allerede på 7800 meter og likevel fortsatte oppover enda 1000 meter til, og tilbrakte to-tre døgn der, skulle evt. hjerneødem eller lungeødem ha utviklet seg svært fort og raskt ført til total bevisstløshet og død. Jeg skulle ikke ha vært i stand til å nå 8800 meter, langt mindre å overleve to overnattinger ute og å ta meg ned igjen. Min erfaring var jo som kjent tvert i mot; at jeg kom mer og mer til meg selv igjen, som igjen peker mot kullosforgiftning. Et annet problem med høydesyke-teorien var at jeg flere ganger hadde vært over 7800 meter tidligere, uten noen tegn på høgdesyke. I og med at jeg denne gangen hadde den lengste og etter min mening den beste akklimatiseringen jeg noensinne har gjennomført, er det også underlig at jeg nå plutselig skulle få problem allerede ved 7800 meter, på leir 2. Husk at normal høyde for å begynne med oksygen på Everest er 8300 meter på leir 3.

Jan Fasting mener det er sannsynlig at Trå ble kullosforgiftet på Everest. Tror du Trå ble kullosforgiftet på fjellet? – I boka hans er det et bilde der han sitter med primusen mellom beina i teltet høyt på fjellet. Jarle fikk sannsynligvis jevnlig påfyll av gift hver dag på vei opp.

Stein P. Aasheim er enig i at kullosforgiftning er den sannsynlige årsaken til Trås problemer på Everest. – Jeg tror det er veldig sannsynlig, slik som han beskrev dette til meg. Hvis han satt inne i et lukket telt i flere timer og smeltet snø på en kjele med tilsvarende CO-produksjon som ETA-kjelen til Primus, da virker det nesten uunngåelig. Vegard mener at vi gikk på halv maskin, i alle fall redusert kapasitet/yteevne, hele veien inn til Sydpolen ettersom en større eller mindre del av hemoglobinet til enhver tid var bundet opp til og blokkert av CO-bindingen. Jo høyere opp du er, og desto tynnere luft, desto skumlere blir det.

– Om jeg var på 8000 meter ville jeg hatt hvert eneste oksygenmolekyl tilgjengelig, sier Vegard Ulvang til Klatring. Han opplevde dramatikken på vei til Sydpolen. Ulvang var nær ved å besvime ved to anledninger, og både han og Stein P. Aasheim følte at det gikk tyngre enn normalt i høyden. De smeltet snø både morgen og kveld med en brenner med varmeveksler.

– Det er min teori at vi har gått med bremsen på, spesielt om morgenen. Det tok som regel bare svært kort tid før jeg følte meg dårlig etter at jeg begynte å fyre. Det gikk over utover dagen, noe som stemmer med halveringstiden til karbondioksid på 4-6 timer.

Ulvang sier han trodde det var kulden som var problemet, men at han i ettertid har forstått at det må ha vært kullosforgiftning. På deres tur fyrte de i forteltet, med god lufting. Jarle Trå fyrte inne i sitt telt.

Hva mener du om Jarle Trås opplevelser på Everest? Kan han ha vært kullosforgiftet? – Man kan jo bare spekulere i effekten, så høyt som Jarle Trå har vært. På 8000 meter er man avhengig av hvert eneste oksygenmolekyl. Om han har fyrt inne i teltet på den høyden, så er det sannsynlig at han har fått kullos i seg. Vi hadde jo optimal lufting og følte umiddelbar effekt av kullosen. På den høyden som han var på er det ikke vanskelig å forestille seg at kun bittelitt kullos kan ha dramatiske konsekvenser.

Sammendrag av FFIs forsøk med smelting av ispellets

«Produksjon av kullos (karbonmonoksid) ved bruk av varmevekslerkjelen Primus EtaPower TM på flere forskjellige kokeapparat er målt. Forsvarets kokeapparat Optimus 111 av både ny og gammel type er benyttet i tillegg til et sivilt kokeapparat av typen Coleman Multifuel modell 550. Forsøkene gjennomføres ved at kjelen fylles med ispellets og settes på kokeapparatet for smelting og koking av is/vann samtidig som kullosproduksjonen og temperaturen i bunnen av kjelen måles. To slike kjeler med is kokes opp like etter hverandre ved hvert forsøk og det gjennomføres forsøk ved både høy og lav effekt for de tre kokeapparatene. Ved høy effekt ligger kullosproduksjonen på ca 450 ml/min i gjennomsnitt når kjelen benyttes på Optimus 111 for både ny og gammel type. Dette er ca 10 ganger høyere verdi enn ved bruk av en vanlig flatbunnet kjele. Kjelen benyttet på det sivile kokeapparatet Coleman gir tilsvarende verdier på ca 1300 og 2000 ml/min ettersom hvordan kjelen plasseres på kokeapparatet. Ved lav effekt ligger verdiene lavere. På bakgrunn av resultatene fra denne undersøkelsen er det grunn til å rette oppmerksomheten mot risikoen ved bruk av denne kjelen med varmeveksler (Primus EtaPower TM) til koking i telt eller lignende ved ellers ordinære bruksbetingelser. Særlig koking sammenhengende over lenger tid der kjelen fylles med snø/is gjentatte ganger for smelting og koking er forbundet med stor fare.»


Kullos (Karbonmonoksid (CO) eller kvelstoff)

«Helseeffekter som følge av karbonmonoksid kan forekomme ved innånding av CO. CO binder seg 300 ganger lettere enn oksygen til hemoglobinet i de røde blodlegemene. Ved lav konsentrasjon av karbonmonoksid i lufta vil det aller meste av hemoglobinet være bundet til CO og kan derfor ikke transportere oksygen. Vedkommende vil ikke få tilført oksygen til vevene i kroppen og blir kvalt. Dersom behandling kan gis før døden inntreffer, bør en pasient med kullosforgiftning puste ren oksygen, gjerne i trykkammer, såkalt hyperbar oksygenbehandling.»  (Kilde: Wikipedia)


Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Akklimatiseringstur i fjella rundt Base Camp. Cho Oyu (8201m) i bakgrunnen.

Everest 2009 60 Brynjulv

Bærarar tar seg av bagasjen på grensa mellom Nepal og Tibet.

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Goldt terreng på høgfjellsplatået i Tibet.

Everest 2009 60 Brynjulv

Souvenirutsalg på hovudvegen mellom Lhasa og Base Camp. Everest i bakgrunnen.

Everest 2009 60 Brynjulv

Base Camp (5200m).

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Petter Kragset og eg på akklimatiseringstur i fjella rundt Base Camp, som ein kan sjå 1000 meter under oss.

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Akklimatiseringsleir 6000 moh. rett over Base Camp.

Everest 2009 60 Brynjulv

6500 moh.

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Yak-karavane på veg frå Base Camp til Advance Base Camp.

Everest 2009 60 Brynjulv

Avstanden mellom Base Camp og Advanced Base Camp er så stor at ein som regel nyttar ein mellomleir - Intermediate Camp.

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Advanced Base Camp (6400m).

Everest 2009 60 Brynjulv

Utsikt mot Everest frå Advanced Base Camp.

Everest 2009 60 Brynjulv

Klatrarar på veg inn til brefallet mellom Advanced Base Camp og Camp 1 i Nordskaret. Legg merke til alle som er på veg oppover sjølve brefallet.

Everest 2009 60 Brynjulv

Utsikt ned mot Advanced Base Camp frå Nordskaret.

Everest 2009 60 Brynjulv

Camp 1 i Nordskaret (7100m).

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

I brefallet opp mot Nordskaret.

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Ein død tsjekkisk klatrar gravlagd i snøen rett ved teltet mitt berre nokre timar før eg kom opp til Nordskaret.

Everest 2009 60 Brynjulv

På veg frå Camp 1 i Nordskaret til Camp 2. I bakgrunnen Changtse (7543 moh.)

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Eg har akkurat sett opp teltet mitt i Camp 2 (7900 moh.), framleis er det nesten 1000 høgdemeter att til toppen. Fram til eg tok dette biletet gjekk det meste etter planen. Det var her problema mine starta for alvor.

Everest 2009 60 Brynjulv

I ettertid veit me at det etter all sannsynlegheit var dette kokeaparatet som var årsaka til det som skjedde vidare. Eg vart karbonmonoksidforgifta (kullosforgifta) ved langvarig smelting av snø inne i teltet. Den nye typen kokeapparat med integrert varmevekslar utviklar ekstremt mykje meir karbonmonoksid enn tradisjonelle brennarar. Karbonmonoksid erstattar oksygenmolekylane i blodet, og ein utviklar dermed hypoksi som betyr at oksygentilførselen til hjernen er for liten. Symptoma eg opplevde samsvarer 100% med symptoma for karbonmonoksidforgiftning.  (Les artikkel i Norsk Klatring ang. det som skjedde lenger oppe på denne sida)

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Lars, Petter og Stein med sherpaene Lhakpa, Jangbu og Tenzing passerer teltet mitt på veg frå Camp 2 til Camp 3.

Everest 2009 60 Brynjulv

Eg og Petter snakkar saman i det dei passerer teltet mitt. Det var umogeleg for Petter, Lars og Stein å merke at noko var gale med meg. Eg var heller ikkje klar over det sjølv. Generell forvirring og mangel på evne til å forstå kva som skjer rundt deg er eit av dei farlegaste symptoma ved karbonmonoksidforgiftning.

Everest 2009 60 Brynjulv

Her har eg akkurat nådd nordaustryggen (ca. 8500 moh). 

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Ein ser mange døde klatrarar på toppstøtet på Everest. Eg syns ikkje det er greitt å publisere bilete av desse der dei er identifiserbare, men her ser ein såvidt skoene til ein som ligg under den såkalla Mushroom Rock. 

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Everest 2009 60 Brynjulv

Tenzing sit ved foten av Second Step og kviler på veg ned att. I bakgrunnen kan eg skimtast på veg oppover.  (Foto: Petter Nyquist)

Everest 2009 60 Brynjulv

Dette biletet tar eg omtrent samtidig. Tenzing sit i grusen mellom meg og Second Step.

Everest 2009 60 Brynjulv

Her har eg komme litt nærmare. Rett etterpå møtes me og utvekslar nokre ord før eg fortsetter oppover.

Everest 2009 54b Petter

Petter tar dette biletet av Lars på veg ned att. Dette kunne blitt det siste biletet av meg. Du ser meg såvidt i bakgrunnen på veg opp nedre del av Second Step.  (Foto: Petter Nyquist)

Everest 2009 60 Brynjulv

Dette biletet tok eg frå toppen av Second Step på veg oppover. Det var sannsynlegvis akkurat her, på nesten 8700 moh. at eg hadde mi fyrste ufrivillige natt under open himmel på veg ned att.

Everest 2009 60 Brynjulv

Det siste biletet på minnebrikka mi, tatt nedover nordaustryggen frå toppen av den bratte snøflanken som blir kalla Snøpyramiden. Her er eg ca. 50 høgdemeter under toppen. Eg trur at eg snudde like ovanfor denne staden. På dette biletet ser ein nesten heile ruta frå Camp 3. 

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.