• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

DENALI, muldrow-ruta (6190)

TRAVERS: OPP MULDROW-RUTA / NED WEST BUTTRESS-RUTA
JUNI 2003


Artikkel i Bergens Tidende 28. desember 2003
Sjå fleire bilete nederst på sida

Denali 2003 51


Skritt i snøen utanfor teltet midt på natta. Eg bråvaknar. Teltet vårt står på ein skarp snørygg 4200 meter over havet, og me har ikkje sett eit menneske på ni dagar.

Eg startar den omstendelege prosessen med å komma meg ut av soveposen. Det rasar ein liten snøstorm inne i teltet i det eg ristar ned masse rim frå teltduken. Fingrane vil ikkje heilt samarbeide. Kjenslelause fingrar er ein biverknad av medisinen Diamox som me tar for å framskynde akklimatiseringa.

Eg stikk hovudet ut av teltdøra. Ingenting — berre 30 kalde grader og ei utsikt som får Galdhøpiggen til å minna om Himmelbjerget i forhold. Eg reverserer prosessen for å koma meg ned i den varme soveposen igjen. Då er lyden der igjen - heilt tydelege skritt rett utanfor teltet. Eg gjentek prosessen, men denne gongen mykje fortare. Framleis er det ingenting der ute.

Eg kryp atter ein gong ned i soveposen og akkurat i det eg snører igjen, skjønar eg det: Nakkelukkinga på soveposen er stramma rundt halsen og kvar gong hjartet slår, forplantar lyden seg via stoffet i soveposen opp til øyra. Eg er glad for at dette ikkje skjedde nede på tundraen nesten to veker før. Då var me i grizzly-land og kunne aldri vita når han kom på besøk. Hadde eg høyrt skritta då, trur eg nok spaningsnivået hadde blitt litt vel høgt nede i soveposen.

Mt. McKinley i Alaska, eller Denali som det eigentleg heiter, er det høgaste fjellet i Nord-Amerika og er eit av dei såkalla seven summits, dei høgaste fjella på alle sju kontinenta. Det vart erobra for første gong så seint som i 1913 via Muldrow-ruta. Me veit at me blir dei einaste som når toppen via Muldrow-ruta i år. Dei 15 andre som prøvde seg, måtte gi opp. Grunnen til at Muldrow-ruta blir lite brukt i dag, er at det er mykje enklare å bli floge inn på sørsida og starta klatreturen på Kahiltna-breen, 2100 moh. Me starta berre 600 moh. Fjellet trona altså 5600 meter over oss då me starta. I år var det 668 klatrarar som nådde toppen av McKinley, dette utgjorde 58 prosent av dei som freista seg. 98 prosent av dei som prøver seg, klatrar normalruta West Buttress, West Rib eller Cassin Ridge. Ingen døde på fjellet i år. Det er ni år sidan sist gong det gjekk ein heil sesong utan dødsfall på McKinley.

Det er teoretisk rekna ut at toppen av Mt. McKinley på 6190 meter har kulderekorden på planeten vår. Ikkje ein gong på Nordpolen kryp temperaturen så langt ned. Fjellet er blant klatrarar kjent for å by på ekstreme vêrtilhøve. Vindmålaren i Denali Pass (5800 moh.) har målt verdas kraftigaste vindkast. Sjølv Mt. Everest som er 2600 meter høgare kan ikkje by på så barskt klima.

200 høgdemeter under toppen tar me igjen sju japanarar som kjempar seg oppover den siste bratte bakken. Tempoet er ekstremt lågt og det er lett å sjå at dei er for dårleg akklimatiserte. Når me passerer dei, veit me ikkje at tragedien alt er i emning. Skjult inne i hanskane til japanaren som går bakarst, er ti fingre som er i ferd med å stivne.

Trass i at me er slitne, klarar me å nyta utsikta på toppen. Nesten 60 kilometer nordover ser me Wonder Lake, innsjøen der me starta ekspedisjonen vår 17 dagar tidlegare. Fordi det er ulovleg med fly og helikopter på nordsida, måtte me først gå tre mil i luftlinje over tundraen for å nå sjølve Muldrow-breen som me klatrar dei siste 27 kilometrane mot toppen. Det vil sei at med 70 kilo utstyr og mat pr. person måtte me gå to gonger for å få med oss alt.

Den siste klatraren som omkom på Muldrow-ruta var ein russar i 2001. Han vart tatt av den mektige McKinley-elva som også er vår første utfordring. Me klarer å forsera elva alle tre gongene utan alvorlege problem. Men problematisk er dei enorme mengdene med mygg. Etter fortvilte forsøk på å halda dei unna når me et, gir me etter kvart opp - «macarony and cheese and mosquitos» smakar faktisk ikkje så verst.

Me brukar fem lange dagar på å frakte alt utstyret inn til Muldrow-breen. Me slit oss gjennom kratt og buskar og prøver å ikkje miste dyretråkket som leiar inn til breen. Trass i nesten 30 varmegrader, gore-texen må me ha på for å verne oss mot insekt og kratt. Grizzlybjørn er eit anna problem som me må ta svært alvorleg. Me har alltid med oss ein kraftig peparspray kvar me enn går, og me gjer all matlaging minst 200 meter vekke frå teltet.

Rett før me kjem inn på sjølve breen, møter me ein ekspedisjon som har traversert fjellet. Dei har floge inn på sørsida og så klatra over fjellet og ned igjen ruta vår. Dei kan fortelja om svært vanskelege tilhøve. Dei har falt gjennom bresprekkar heile 16 gonger. Me er godt førebudd, men avansert redningsutstyr og godt drilla redningsrutinar hindrar ikkje at me blir litt engstelege for kva som ventar oss.

Me ligg vêrfaste i over to døgn på Karztens ridge, rutas vanskelegaste parti. Ikkje så mykje å finna på 4200 meter over havet når vêret er dårleg, utover å studera saumen i taket på innerteltet.

Sjølv om kulda er intens om natta, er det ikkje noko problem for oss med våre varme soveposar. Den einaste natta eg søv dårleg er etter at Håkon har hatt i seg ein porsjon frysetørka middag av typen «Mountain Chili». Den intense chililukta inni det vesle teltet vårt gjer det nesten umogleg å sove.

Klatringa oppover Karztens Ridge er bratt og utsett og med store snømengder vert det ein kraftprøve. Me brukar tre dagar for å få med oss alt utstyret opp denne ryggen som er opp mot 50 grader på det brattaste. Ein ekspedisjon som prøvde å nå toppen i 1926, enda i tragedie her, då heile taulaget raste over 800 meter ned på breen under. Ein omkom, mens ein vart hardt skadd og måtte liggja åleine i eit lite telt i nesten to veker mens dei andre henta hjelp.

Dagen etter at me nådde toppen, er det sterk vind, og me blir tvinga til å tilbringa dagen i teltet. Neste dag klarar me, trass i dårleg vêr, å klatra over til sørsida av fjellet. Normalruta er også fantastisk flott, sjølv om den på ingen måte kan måla seg med Muldrow-ruta.

Midt på natta, 17 timar etter at me starta frå den siste leiren vår, står me på flystripa nede på Kahiltna-breen. Radiomannen på flystripa kan fortelja oss at japanarane vart flogne ut dagen før. Den eine hadde forfrose alle ti fingrane og måtte seinare amputera alle saman på sjukehuset i Anchorage.

Me er heldige og får bestilt eit fly rett før ein storm kjem inn. Piloten, ein pensjonert FBI-agent, klarar såvidt å hiva flyet over ein fjellrygg på 3500 meter for så å sleppa seg ned igjen på nordsida. Lufta er så tynn at flyet klarar ikkje å fly høgare - 3000 meter over oss tronar McKinley.

Nesten to veker seinare rullar me inn i garasjen til Håkon i Calgary, heilt sør i Canada. I løpet av sommaren har me køyrt totalt 9000 kilometer gjennom Canada og Alaska. Me har klatra fleire mindre fjell i tillegg til McKinley. Me har sett 2 ulvar, 38 bjørnar - og 673.956 mygg. Me har tatt av til saman 15 kilo. Me har punktert tre dekk i løpet av 15 minutt og blitt taua i fem timar til nærmaste verkstad.

Me har hatt akkurat den sommaren me hadde drøymt om.

(I 2015 vart navnet til fjellet offisielt endra frå Mount McKinley til Denali av  president Barack Obama. Denali har vore urinnvånarane sitt navn på fjellet  gjennom uminnelege tider).

Denali 2003 51

Me køyrde frå Calgary heilt sør i Canada, opp heile Atlanterhavskysten av Canada, gjennom den fantastiske fjellkjeden som går heile vegen gjennom British Colombia og Yukon, til Anchorage og Denali i Alaska. Tur/retur. Det er 2600 kilometer ein veg - i luftlinje. Totalt køyrde me over 9000 kilometer. Ned att tok me ei anna rute i innlandet, via blant anna Fairbanks og Klondike.

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

Denali 2003 51

(Foto: Jarle Trå og Håkon Askerhaug) 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.