• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

80 GRADER NORD

SVALBARD: SKITUR FRÅ BILLEFJORDEN TIL VERLEGENHUKEN - DET NORDLEGASTE PUNKTET PÅ SPITSBERGEN
JUNI 2007
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida


Svalbard 2007 47

 
Underlig – alltid vemod ved avskjed.
Nå er det som en likevel ikke kan rive seg løs fra denne trøstesløse forlattheten med is, breer, kulde og slit.
( - Fridtjof Nansen - )

Svalbard er eit undervurdert område for eventyrlystne nordmenn. Dei fleste trur at ein tur her berre er for dei ekstreme. Det stemmer ikkje. Så lenge du har med deg ein lokalkjend guide, er ein skiekspedisjon her oppnåeleg for dei fleste som har gått litt på fjellski. Det er lurt å gå i ei organisert gruppe, både på grunn av dei spesielle breforholda her oppe og det faktum at ein må ha med våpen. Eg la likevel i veg åleine på denne turen, sidan eg hadde ein del erfaring med Svalbard.

Geir Arne Månum frakta meg opp til startpunktet i ein av Spitsbergen Travel sine svært raske småbåtar. Startpunktet var der den enorme Nordenskiöldbreen kalvar ut i Billefjorden, rett overfor den nedlagde russiske gruvebyen Pyramiden. Lite snø gjorde at planen som innebar å ta seg opp gjennom sjølve brefallet, fort blei forkasta. Det var altfor farlege forhold på breen til at det var forsvarleg. Eg valde å gå opp i fjellsida rett nord for breen. Her var det eigentleg fint å gå, problemet var berre at det ikkje var snø, og at eg hadde pulk! Denne dagen blei derfor den klart tøffaste på heile turen. Det var eit slit oppover barmarka, eg måtte delvis dra den tunge pulken direkte på stein, delvis bera utstyret i hendene fram og attende på eit bratt underlag som fleire stader svikta fordi det øvste laget av permafrosten hadde smelta. Plutseleg stod eg med flytande gjørme til langt opp på ankelen. På slike dagar er det berre å skrika alt ein klarer, i frustrasjon – eg var i alle fall sikker på at ingen kunne høyra meg.

Eg var opptatt av å komma meg langt opp frå fjorden før eg etablerte den fyrste leiren, fordi isbjørnen stort sett held seg i nærleiken av kystlinja. Klokka var 04.00 om natta før eg endeleg stod på breen, 400 meter over havet. Dagen etter gjekk ruta vidare, delvis i whiteout, opp til det høgaste punktet på Lomonosovfonna, 1255 meter over havet. Her kom eg brått over skodda, og det var ei heilt spesiell oppleving sidan eg berre hadde gått og stirt på skituppane mine det meste av dagen.

Så gjekk eg over passet til Keplerbreen og vest for Astronomfjellet til Trebrepasset. Her opplevde eg for fyrste og einaste gong på turen å få nytta draken min. Eg suste av garde med vinden på den nesten flate breen i ein halvtime før han stilna av.

Nedover den gigantiske brearmen Veteranen blei det att whiteout, og det einaste som nyttar under slike forhold, er å ha nasen i kompasset heile tida. Viss ikkje svingar eg umerkeleg mot venstre, uansett kor rett fram eg trur eg går. Heldigvis blei det fint vêr att då eg svinga opp breen Trinity Hall, ein brearm som leier opp til den enorme breen Åsgårdsfonna.

Denne brukte eg nesten to dagar på å kryssa, før eg følgde Tåbreen ned på nordsida. Den tronge Mosseldalen er spektakulær, og det yrande dyre- og fuglelivet i dalen og på flyene utover mot Polheim var ein stor kontrast til det enorme og aude bresystemet eg kom ned frå. Eg opplevde tøf­fe snøforhold her på grunn av sola, som verkeleg hadde bestemt seg for å laga arktisk sommar. Eg gjekk lange strekningar i 20–30 centimeter sørpe. Sidan eg no var kommen ned mot kysten att, gjekk eg også og kikka meg over skuldra heile tida i tilfelle det skulle vera ein isbjørn i nærleiken. Det er ei litt spesiell kjensle å vita at det i området finst rovdyr på opp mot 700 kilo som kan tenka seg å ha deg til middag.

Sidan eg hadde gått fortare enn eg rekna med på førehand, bestemte eg meg for å ta eit par kviledagar på denne gamle fangststasjonen, som sysselmannen no disponerer. Det er også enklare å ta forholdsreglar mot isbjørn i ei solid hytte enn i eit telt. Det var så varmt at eg faktisk satt og sola meg i midnattssol klokka to om natta! Nesten to døgn heldt eg meg på denne hytta, og det var to døgn i total villmark – med ein storslegen kjensle av å vera åleine og så langt frå folk som eg kanskje aldri før hadde opplevd.

På veg ut til Verlegenhuken og ut til Eolusneset på austsida av Flaaisen var det også tøf­fe snøforhold. Eg gjekk derfor opp på Flaaisen og sette frå meg pulken der, før eg gjekk ut til Verlegenhuken utan pulk. Like før eg kom til Verlegenhuken, det aller nordlegaste punktet på Spitsbergen, passerte eg ei spesiell linje – 80 grader nord. Sjølv om eg ikkje kunne sjå ho fysisk framfor meg, var det spesielt å vita at eg var så langt nord. Det var ikkje mange menneske i verda som var lenger nord enn eg akkurat då.

Deretter gjekk eg attende og opp på fjellet att, før eg sleppte meg ned på austsida mot Eolusneset ved utløpet av Sorgfjorden. Her var planen at eg skulle bli henta av det gamle hurtigruteskipet Nordstjernen. Spenninga var derfor stor då eg såg at det låg mykje is utanfor neset. Ville det vera mogeleg å henta meg ut?

Masse drivis låg langt utover storhavet, men då eg kom ut på neset, såg eg ei opning gjennom isen. Eg ringde med satellitt-telefonen til Nordstjernen, og me avtalte at dei skulle gjera eit forsøk, sjølv om dei var skeptiske. Det var ikkje noko anna å gjera enn å venta og håpa. Eg var ute i god tid, det var endå fleire timar til dei kom. Eg hengde opp det raude og gule teltet mitt over ei stor isblokk, slik at dei skulle sjå nøyaktig kvar eg stod.

Eg var sliten etter 11 timar på farten denne dagen. Eg la meg derfor ned på ein stein og slappa av, men eg torte ikkje å sova sidan eg no i høgste grad var i eit område der det kunne komma luskande ein svolten bamse når som helst. Eg låg bokstaveleg talt med fingeren på avtrekkaren. Dersom eg skulle sovna, skulle det i alle fall ikkje ta lang tid før eg var klar. Eg var lite lysten på å enda som bamsemums heilt på slutten av turen.

Eit over 200 kilometer langt skispor låg bak meg, eit skispor som gjekk gjennom det aller flottaste av natur som Svalbard har å by på.

Endeleg såg eg skipet langt der ute, og gleda var stor då eg omsider såg ein liten lettbåt komma køyrande i sikksakk mellom drivisen. Me lempa alt utstyret om bord i båten, og endeleg kunne eg pakka ned rif­le og signalpenn. Signalpenn blir brukt for å skremma vekk isbjørnen, slik at ein slepp å bruke skytevåpen. Mange av turistane hang over ripa for å ta bilete idet eg gjekk opp leideren. Få minutt etter at eg kom om bord, stod eg i ein varm dusj. Deretter inntok eg ein betre middag mens eg såg ut vindauga på fjella og breane som eg hadde kryssa dei siste dagane av turen. I ei slik stund kan ikkje livet bli betre!

Neste dag heldt eg foredrag både på norsk og engelsk for alle turistane om bord, og viste bilete frå den nyleg avslutta turen. Eg fekk med meg den siste halvparten av eit firedagars minicruise ned att til Longyearbyen, og me fekk sjå både isbjørn, kobbe, kvitkval og vågekval. Me køyrde heilt inntil mange av dei svære breane som kalvar direkte i fjorden her oppe. Det var artig å vera vanleg cruisepassasjer. Eg møtte mange trivelege turistar som var svært interesserte i å høyra alt om turen min.

 

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

 

(Foto under: Tibor Bárány, passasjer på Nordstjernen)

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Svalbard 2007 47

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.