• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

everest 2005

APRIL - MAI 2005
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida


Everest 2005 46

 

Tenk deg eit fjell som er så høgt at når du sit i eit fly som flyr i marsjhøgd, og ser ut av vindauga, så ser du nesten rett bort på toppen – ikkje ned. Av alle fjell i verda må eitt vera det høgaste. Mount Everest er 8844,43 meter høgt, med ein feilmargin på 21 cm. Kinesarane gjer ingenting halvvegs. Når dei fyrst skulle måla høgda på fjellet i 2005, gjorde dei det med ekstrem nøyaktigheit. Fjellet ligg på same måten som Cho Oyu på grensa mellom Nepal og Tibet. Dei fyrste som klatra fjellet, var Edmund Hillary frå New Zealand og sherpaen Norgay Tenzing frå Nepal i 1953. Det er harde diskusjonar i klatremiljøet om George Mallory og Andrew Irvine kan ha nådd toppen så tidleg som i 1924. Dei omkom høgt på fjellet, og verda vil nok aldri få vita om dei faktisk nådde toppen. Dei fleste er likevel einige om at dei sannsynlegvis ikkje klarte det. Dei klatretekniske utfordringane var rett og slett for store med den tidas klatreutstyr.

Som mange andre fjell i verda har også dette fjellet blitt kjent under eit anna namn enn det dei lokale har brukt opp gjennom historia. Mount Everest blei i 1865 oppkalla etter Sir George Everest, som hadde ansvaret for kartlegginga av India og Himalaya i fyrste halvdel av 1800-talet. Fjellet fekk namnet hans trass i at han sjølv motsette seg dette. Han var aldri i nærleiken av fjellet, og sannsynlegvis såg han det heller aldri. Tibetanarane kallar fjellet Chomolungma, mens nepalarane kallar det Sagarmatha.

Mount Everest har aldri vore «det einaste» fjellet for meg. Eg får ofte inntrykk av at for nokon klatrarar er alle andre fjell ein klatrar, berre førebuingar for Mount Everest. Eg synest mange av dei andre fjella er finare og meir majestetiske enn Mount Everest. Men Mount Everest er det aller høgaste punktet på jorda, og det er sjølvsagt ei tiltrekningskraft i seg sjølv for alle som driv med klatring av store fjell. Dessverre er det no så mange som forsøker seg på Mount Everest i høgsesongen i slutten av mai, at det blir ein hektisk atmosfære som er heilt ulik det eg har opplevd på dei fleste andre fjell i verda. Nokon kallar det sirkus, og det er nok ikkje så langt frå verkelegheita.

Svært mange har omkomme på fjellet. Mange klatrar med minimal erfaring og betaler store summar for å komma med på ein av dei store, kommersielle ekspedisjonane. Nokre av selskapa som tilbyr slike pakkeløysingar, er seriøse og dyktige, men det finst også mange useriøse. Det er store pengar involvert i kommersiell fjellklatring, og det trekker dessverre til seg ein del aktørar som ikkje burde driva med dette. Kva kan ein gjera med det? Kva kan ein gjera for å unngå at så mange dør på dette fjellet? Eitt av forslaga som kanskje kunne forhindra ein del dødsfall, er å krevja at ein skal klatra ein annan 8000-metring før ein forsøker seg på Mount Everest. Dette ville kanskje ha forhindra at dei minst kapable klatrarane kjem direkte til Mount Everest utan nok erfaring.

Oppmuntra av suksessen på Cho Oyu vel eg å klatra på same måten på Mount Everest. Forskjellen i oksygennivå på toppen av Cho Oyu og Mount Everest er berre tre prosent. Sjølvtilliten er på topp. Eg veit at eg kan klara å klatra Mount Everest på same måten. Eg vil klatra åleine fordi eg vil vera heilt uavhengig av dagsforma, klatreferdigheitene og dømmekrafta hjå andre klatrarar. Mottoet for ekspedisjonen min er: «Du sluttar ikkje å leika fordi du blir gammal – du blir gammal fordi du sluttar å leika.» For meg er det naturopplevingane som er det viktigaste, det er det eg vil hugsa Mount Everest for, uansett om eg når toppen eller ikkje.

Ved at eg gjer alt sjølv, blir dette også økonomisk ein veldig enkel ekspedisjon i forhold til det som er vanleg på dei store fjella i Himalaya. Budsjettet er ein brøkdel av det som dei store ekspedisjonane opererer med. Eg fraktar med meg alt av utstyr og mat frå Noreg. Også på kommunikasjonsområdet prøver eg å gjera det så enkelt som mogeleg. Eg har ikkje med datamaskin, berre satellitt-telefon. Mobiltelefonen verka på dette tidspunktet ikkje i området rundt Mount Everest.

Det siste halvanna året før denne ekspedisjonen budde eg i eit svært gammalt stølshus som tilhøyrer garden vår. Eg levde eit enkelt liv utan straum og innlagt vatn. Eg måtte smelta snø om vinteren for å få vatn, og eg brukte vedomnen også til matlaging. Det å oppleva årstidene forandra seg mens ein bur så tett på naturen, er noko som eg ser attende på med stor glede. Kveldane i stølshuset, der eg ofte sat og arbeidde på den berbare datamaskina mi, mens veden knitra i ovnen i bakgrunnen og stearinljos og oljelampar var dei einaste ljoskjeldene i det vesle rommet, kjem eg aldri til å gløyma. Eg treivst svært godt, og eg håper ein gong i framtida å kunna bygga meg ei lita og enkel hytte som kontrast til den moderne leilegheita som eg eig no.

Eg bruker den same tilnærminga under planlegginga av mine eigne ekspedisjonar som eg bruker på dei eg arrangerer for andre. Å identifisera og redusera alle risikofaktorar er viktig uansett kva ein driv med. Når det gjeld det medisinske, kan enkle diagnosar som halsbetennelse eller diaré føra til at ein må avbryta heile ekspedisjonen. Eg blir derfor svært glad då ein av Noregs fremste ekspertar på høgdemedisin, Halvard Stave, seier ja til å hjelpa meg. Han blir ein viktig del av førebuingane til ekspedisjonen. Han har sjølv stått på toppen av Cho Oyu, så han har også personleg erfaring med høge fjell. Me går grundig igjennom alle medisinske aspekt av turen, alt frå kva medisinar eg bør ha med, til korleis ein skal sy att eit stort kutt på seg sjølv.

Eg valde å prøva meg frå nordsida av fjellet, opp nordaustryggen frå Tibet. Ruta på nordsida er flottare enn den mest brukte ruta på sørsida av fjellet opp frå Nepal, men dette er sjølvsagt mi subjektive meining. Det er også færre klatrarar på nordsida, og dermed betre plass i leirane. Dei fleste betraktar nordsida som litt vanskelegare enn sørsida. Men ho er likevel tryggare. Forskjellen er kanskje ikkje lett å forstå umiddelbart, men det treng ikkje vera direkte samsvar mellom vanskegrad og risiko på eit fjell. Dersom eit fjell er klatreteknisk enkelt, kan det likevel vera høg risiko dersom det har mange objektive farar som bresprekkar, snøskred og steinsprang osv.

Dei siste treningsturane før eg reiser frå Noreg, viser meg at treningsopplegget det siste halvåret har gitt det resultatet som eg hadde planlagt. Eg har eit «fast» fjell som eg legg mange av treningsturane mine til. Lønahorgi er 1410 meter høgt og ligg nær Voss sentrum. Ein av dei siste dagane før eg reiste frå Noreg, tok eg meg ein tur opp til toppen. Eg har aldri før hatt ei så god kjensle i kroppen og aldri før gått så fort opp til toppen på ski. Trass i tungt skibestigingsutstyr kjente eg nesten at eg flaug oppover fjellsida, utan at pulsen på noko tidspunkt kom over 170.

Sidan eg skal klatra utan kunstig oksygen, vil eg akklimatisera lenger enn eg ville gjort om eg skulle brukt kunstig oksygen. 10. mars reiser derfor min gode venn Øyvind Birkeland og eg til Sveits for å starta akklimatiseringa ved å klatra nokre av dei store fjella i Alpane. Dei høgaste fjella her nede ragar godt over 4000 meter og er dermed perfekt i startfasen av akklimatiseringa. Øyvind og eg er godt kjende i Zermatt etter å ha vore her i kortare og lengre periodar av sommarferien i fleire år. Heilt spesielle turar på mellom anna Matterhorn og Monte Rosa gjer at denne vesle alpelandsbyen for alltid vil ha ei spesiell betydning for oss. Det er ein flott atmosfære i den bilfrie landsbyen, omringa av 29 fjell over 4000 meter. Matterhorn – av mange omtalt som det flottaste fjellet i verda – fangar automatisk merksemda når ein går oppover hovudgata i Zermatt. Ruta går langs ryggen som du ser rett opp på når du står nede i landsbyen. Hörnli-ryggen er berykta for steinfall, køklatring og ustabilt vêr. Ein klatretur opp til toppen av Matterhorn er noko ein fryktar meir enn gleder seg til, i motsetning til det som gjeld dei fleste andre fjell i verda.

Men denne gongen var det skitoppar som stod på programmet. Me går med tunge bører opp til 3100 meter og etablerer vår fyrste leir. Strategien for akklimatiseringa er å ligga om lag tre døgn på 3100 meter, med klatring av toppar opp til 4100 meter. Deretter skal me flytta leiren opp til over 4000 meter på italiensk side. Her kan me i løpet av fem–seks dagar plukka toppar blant dei aller høgaste i Europa, opp til 4600 meter.

Same dagen som me går opp til den fyrste leiren vår, går me også vidare opp til toppen av Cima di Jazzi (3809 meter). Dette er berre ein «hump» på den imponerande grenseryggen mellom Sveits og Italia, og ligg rett ved det kolossale Monte Rosa-massivet. Utsikta er likevel formidabel nedover austveggen på Monte Rosa, ein av Europas høgaste veggar, nesten 3000 meter høg. Dagen etter klatrar me Strahlhorn. Me får tidleg erfaring med kor mykje is det er i år. Den 40–45 grader bratte flanken opp til skaret før ryggen opp til toppen er svært hard. Etter å ha vore på toppen må i alle fall eg skyva nokre grenser når det gjeld bratt og utsett skikøyring ned att. Øyvind er betre enn meg på ski når det verkeleg blir bratt.

Dagen etter køyrer me over Alpane og ned til Alagna i Italia. Her går heisen opp til 3200 meter, og med tunge sekker går me 1000 høgdemeter vidare oppover til det som kanskje må vera Europas høgaste teltleir og sannsynlegvis også den mest spektakulære. Me har med så mykje utstyr og mat at me må ein tur ned att til toppstasjonen dagen etter for å henta resten. Men på vegen opp att klyv me opp Schwartzhorn og Balmenhorn. Schwartzhorn si normalrute er altfor isete for det lette klatreutstyret vårt, og me må prøva oss på austsida. Det ser ikkje lett ut, men etter mykje slit og klatring opp til dels utsette passasjar står me endeleg på toppen. Dette fjellet, som me kanskje rekna for å vera eit av dei lettaste som me skulle prøva oss på, viste seg å bli eit av dei vanskelegaste.

Neste dag bestemmer me oss for å prøva oss på Liskamm, kanskje favorittfjellet vårt blant fjella i Alpane. Liskamm har ein mektig «Himalaya-look» over seg, med snø- og isrygger skarpare enn noko me har opplevd før. Etter at eg har traversert eit 50 grader bratt isfelt, losnar plutseleg det eine stegjernet mitt. Krise! Festeanordninga framme passar dårleg på skiskoen, og har rett og slett bøygd seg og hoppa ut av festet. Me bøyer og vrir på stålet, og etter ein halvtimes reparering føler eg meg trygg nok til å fortsetta. Stegjernet må eg kunna stola på. Etter eit par timar står me på toppen og veit at me er blant dei aller fyrste som har klatra dette fjellet i år.

Dagen etter bestemmer me oss for å prøva oss på Nordend, det tredje høgaste fjellet i Alpane med sine 4609 meter. Me vel ei utradisjonell rute fordi me har leiren vår på den andre sida i forhold til normalruta. Me endar opp med å slita skikkeleg i solsteiken i den sørvendte fjellsida. Etter mange timar kjem me opp på eggen som leier nordover til toppen. På grunn av store, overhengande skavlar må me traversera på fronttaggane på stegjerna nokre meter nede på ryggen, og her er det mykje brattare enn det ville ha vore oppe på ryggen. Stegjerna mine hoppar av att, og me byrjar å få dårleg tid dersom me skal nå toppen. Me må ta den tunge avgjerda om å snu få høgdemeter under toppen. Dei siste metrane er bratt is og klippe, og under dei rådande forholda er det langt vanskelegare enn ved gode forhold. Me hadde nok brukt eit par timar frå dette punktet opp til toppen og ned att. Me klatrar attende ned til der skia våre står, og får ein fin nedfart til der me hadde planlagt å sleppa oss ned på breen Grenzgletcher att. Men ein svært kaotisk bre gjer at me må sleppa oss mykje lenger ned enn planlagt, før me kan byrja oppstiginga mot leiren att. Me har alt vore ute i ni timar, og det er lenge sidan me har fått i oss mat og drikke. Dei siste tusen metrane opp til teltet blir svært tunge.

Me vaknar av snøfall på teltduken midt på natta, vinden riv i teltet. Sjølv om det på ingen måte er uvêr, er det litt ubehageleg når ein ligg i eit telt på Europas tak. Sikta er lik null morgonen etter, men det passar bra sidan me er skikkeleg slitne etter dei harde taka dagen før. Restitusjonen går sakte så høgt oppe. Utpå ettermiddagen lettar det litt, og me bestig Zumsteinspitze, Signalkuppe og Parrotspitze – alle forholdsvis enkle turar i utgangspunktet, men den dårlege snøvinteren gjer at me må bruka stegjern og isøks også i dag.

Siste dagen er me svært spente på vêret. Blir det dårlegare, fryktar me at heisane ned til Alagna blir stengde, og at me må navigera ned i null sikt. Me har GPS-spor ned til toppstasjonen til heissystemet, men vidare ned til Alagna er det få preparerte løyper, og me reknar det som utfordrande å ta seg ned på eiga hand sidan me er heilt ukjende i området. I tillegg er det så lite snø at me i tilfelle må gå dei siste 1200 høgdemetrane ned på beina, i stive gnagsårframkallande skisko. Heldigvis skin sola når me står opp, men skylaga ligg tett når me ser sørover. Me tar med oss Vincent Piramide, den siste 4000-metringen her oppe, før me legg kursen nedover. Me er letta når me ser at heisen går. Etter ein 100-kronersdusj på eit av hotella i Alagna set me kursen nordover mot Noreg att. Det er 48 timar til flyet mitt til Katmandu lettar. 2500 kilometer i bil, fire McDonald’s-besøk og ei fartsbot seinare er me på Gardermoen.

Den 26. mars landar eg i Katmandu i Nepal. Eit par dagar skal brukast her for å få unna dei aller siste førebuingane. Her skal eg også møta att fleire klatrarar som eg blei kjend med på Cho Oyu i fjor, og eg gleder meg også veldig til å møta att sherpavennene mine. Som vanleg er det urolege tider i Nepal. Denne gongen har krigen også gått utover turistar. Maoistgeriljaen har angripe ein buss med ein russisk ekspedisjon på veg til Tibet, og éin blei hardt skadd. Den russiske ekspedisjonen brukte lokale bussar, og det var umogeleg for geriljaen å vita at det var turistar i bussen.

Eg har avtalt å få transport opp til Base Camp med Arun Trek, eit firma som på same måten som Monterosa tilbyr logistikktenester for ekspedisjonar i Himalaya. Eg har hatt litt kontakt med Randi Skaug før ekspedisjonen, og ho tipsa meg om dette firmaet. Randi er svært hjelpsam og gir meg mange nyttige tips i planleggingsfasen.

Tre kvinner frå Noreg skal forsøka seg på Mount Everest i år. Sigrid Hammer og Aud Jovall skal prøva seg saman, med Tshering Pande Bote som sin hovudsherpa. Han var også sherpaen til Randi Skaug året før. Sissel Smaller er den tredje norske kvinna som forsøker seg. Etableringa av leiren min går greitt. Eg spør kokken til Arun Trek om eg kan setta opp teltet mitt i nærleiken av leiren deira. Det er sjølvsagt heilt greitt for han, og eg gir han 50 dollar for at han skal sjå etter teltet mitt når eg ikkje er i Base Camp. Eit telt som står uvakta med mykje utstyr i Base Camp, vil sannsynlegvis ikkje få stå lenge i fred.

Det siste stykket fram til Base Camp køyrer landcruisarane over eit fjell. Svake spor i grusen avslører at det er her bilvegen går. Til slutt kjem me ned i Rongbuk-dalen, som me følgjer oppover mot fjellet. Framtoninga til Mount Everest blir meir og meir imponerande dess nærmare ein kjem. Me passerer Rongbuk-klosteret, og då veit me at det er berre få kilometer att til Base Camp, som ligg på dei enorme grusslettene under endemorenen til Rongbuk-breen. Dette området har vore brukt til Base Camp på nordsida av Mount Everest heilt sidan 1920-åra, då engelskmennene gjennomførte dei fyrste forsøka på å nå toppen. Det er stort sett berre snø, is, grus og stein her. Nesten ingen plantar gror så høgt. Men framleis er det eit par mil inn til foten av fjellet. Mount Everest er eit flott fjell sett frå nordsida, men det er størrelsen som imponerer mest. Det kan verka uoppnåeleg når du står ved foten av det, og du føler deg verkeleg liten når du står i Base Camp og ser opp mot toppen. Den enorme kondensfana som står ut frå toppen, kan strekka seg mange kilometer austover. Mange trur at det er snøen som bles av fjellet, men det er faktisk kondens som blir skapt når varm og fuktig luft frå India og Nepal blir trykt over dei høgaste toppane, der ho møter den kalde og tørre luf­ta frå Tibet.

Eg set opp eit tomannstelt som soverom, og eit stort telt med full ståhøgd fungerer som kjøkken, lager og opphaldsrom. Her har eg eit bord og eit par stolar, og eg murer meg ein liten kjøkkendisk av stein i det eine hjørnet.

Det er mange spennande personar i gruppa til Arun Trek. Ein av dei eg får mest kontakt med, er Chris Lemmerz frå Tyskland. Han er ein av fleire i denne gruppa som prøver seg åleine utan kunstig oksygen. Han er svært sterk og har mykje erfaring. Ein kveld, lenge etter at me var blitt kjende, satt me i teltet mitt og snakka om tidlegare ekspedisjonar. Han fortalte at han hadde klatra Cho Oyu hausten før, akkurat som eg. Me forsøkte å hugsa kvarandre, men me klarte ikkje å finna ut av om me hadde møttest. Det er såpass mange i leiren ved foten av fjellet, og han er spreidd over eit såpass stort område, at du ikkje rekk å bli kjend med alle ekspedisjonane på fjellet.

Han fortalte detaljar frå toppstøyten sin, om skyene som kom inn idet han stod på toppen. Han fortalte også at han var nesten åleine på toppstøyten sin. Han hadde berre møtt to personar, begge då han var på veg ned att frå fjellet. Ein mann på veg oppover på omtrent 7900 meter og ei jente rett over Camp 3 som også var på veg oppover. Brått skjønte eg at dette ikkje var tilfeldig. Detaljane stemte jo heilt med det som eg hadde opplevd. Eg og Chris hadde snakka saman før, på 7900 meter rett under toppen av Cho Oyu.

Karma Gyeltshen frå Bhutan er ein av dei andre som eg får god kontakt med. Han er ein triveleg type, men han viser ikkje mykje interesse for fjell og natur utover at han er veldig opptatt av å bli den fyrste personen frå Bhutan på toppen av Mount Everest. Me kjem likevel godt overeins, og han er ofte på besøk i teltet mitt.

Det er også ein stor norsk ekspedisjon på fjellet dette året. Medlemmer av ekspedisjonen til Petter Kragset og Jon Gangdal kjem ofte på besøk til den vesle leiren min. Og eg er sjølvsagt på besøk i leiren deira også. Dei har med seg ein fjernsynsfotograf, og det blir seinare vist ein serie på TVNorge frå denne ekspedisjonen. Det er endå ein nordmann på nordsida dette året. Tore Sunde Rasmussen er deltakar på Jagged Globe sin kommersielle ekspedisjon.

Den fyrste akklimatiseringsturen går eg åleine rett opp på fjellet på austsida av leiren. Skal eg gå opp mot Advanced Base Camp, må eg gå svært langt for å vinna høgd. Eg stoppar på 5800 meter og oppheld meg der nokre timar før eg går ned att. Tida går fort når utsikta er så imponerande. Fyrste turen mot Advanced Base Camp er eg i toppform, og eg går berre og nyt dei storslegne omgivnadene. Eg ber alt utstyret sjølv, men det seinkar meg ikkje noko særleg. Eg har med alt utstyret som eg treng for ei overnatting i Intermediate Camp. Det er rett og slett så langt inn til Advanced Base Camp at du bør dela det opp i to dagsetappar, i alle fall dei fyrste gongene du går dit. Enorme morenemassar og svært mykje tungt terreng opp og ned gjer at ein blir fullstendig utkøyrd dersom ein går heilt inn på éin dag.

Karavanar med jakoksar går mellom Base Camp og Advanced Base Camp kvar dag. Dei fraktar alt utstyret til ekspedisjonane, og supplerer med mat og drivstoff etter kvart som ekspedisjonane skrider fram. Eg møter dei overalt, ofte på stader der stien er så smal at eg må gå opp i sida for å sleppa dei forbi.

Eg finn meg ein plass blant dei andre telta i Intermediate Camp og slår opp det vesle tomannsteltet mitt. Eg er godt akklimatisert, så den fyrste natta går fint. Dagen etter går eg opp til Advanced Base Camp med ein del utstyr. Eg får legga det i nordmennene sitt telt for å unngå at det blir stole. Om det er mykje stein og grus i Base Camp, så er det ingenting i forhold til Advanced Base Camp. Steinen og grusen ligg i morenehaugen som dannar skiljet mellom breen og fjellet. Her er det ingen flater, og dei fleste teltplassane har det tatt lang tid å grava ut. Fyrst når du kjem til Advanced Base Camp, føler du at du er verkeleg nær Mount Everest. Frå dette punktet er det stort sett bratt heilt opp til toppen.

Når eg kjem ned att til Intermediate Camp, står det om lag 50 jakoksar rundt teltet mitt. Det er i utgangspunktet ikkje noko problem, men det blir fort eit problem då jakdrivarane seinare på kvelden bind dei saman med tau. Problemet står krystallklart for meg idet to oksar bestemmer seg for å gå på kvar si side av teltet mitt, med eit superstramt tau mellom seg. Eg vaknar av at teltet er i ferd med å bli trykt ned av tauet, og situasjonen kan i verste fall bli dramatisk viss eg får tauet over kroppen innpakka i teltduken. Før eg har vakna skikkeleg, er eg ute av soveposen, og berre iført truse og finlandshette er eg midt i ein svært absurd situasjon. Eg spring halvnaken rundt på moreneryggen midt på natta i 15 minusgrader 6000 meter over havet og jagar jakoksar! Men eg ser faktisk ikkje det komiske i situasjonen før dagen etter. Dette hender tre gonger i løpet av natta.

Til slutt, grytidleg på morgonen, gir eg opp og flyttar teltet mitt. Men ikkje før eg hadde fortalt ein av jakdrivarane kva eg meiner om måten dei har bunde saman dyra på. I ettertid ser eg at mitt argument kanskje ikkje hadde den gjennomslagskraf­ta det kunne ha hatt, då tibetanarar ikkje kan eit ord engelsk, men kanskje mest fordi eg framleis berre var iført truse og finlandshette. På toppen av alt var det berre mi eiga skuld, sidan eg hadde sett teltet mitt akkurat der jakoksane heldt til om natta. Eg er sikker på at eg såg ein liten glis i munnvika på jakdrivaren idet eg snudde meg og marsjerte vekk. For jakdrivarane var det nok ekstra komisk at det skjedde med akkurat meg. Dei trudde nok at eg ber på alt utstyret sjølv for å spare det det kostar å bruka jakoksar inn til Advanced Base Camp. Så dette var kanskje jakdrivarane sin utspekulerte hemn. Ein tibetansk practical joke.

Så er det ned att til Base Camp for å restituera. Lite anar eg og alle andre om at det verste vêret på veldig mange år er i ferd med å legga seg over fjellet. Kraf­tige vindkast kjem nedover Rongbuk-breen frå Mount Everest og øydelegg mykje på vegen. Over halvparten av telta i Base Camp blir den neste veka øydelagde eller skadde. Rykta går om at Intermediate Camp og Advanced Base Camp nærmast er utsletta. Heldigvis viser rykta seg å vera overdrivne, men dei fleste ekspedisjonane trekker seg skadeskotne ned i Base Camp att for å henta nytt utstyr og kvila ut. Mount Everest har verkeleg vist oss alle kven som er sjefen.

Eg sit inne i teltet mitt og et frukost idet vinden brått tar tak under den eine veggen. Det store teltet mitt er utan innertelt, og alt utstyret mitt står derfor rett på grusen. Heile teltet blir blåse opp som ein badeball, og eg høyrer ein bardun som ryk, på utsida. Brått løftar teltet seg opp 10–20 centimeter, og steinane som held stormmattene nede, forsvinn ein etter ein. Dersom teltet forsvinn, vil alt utstyret mitt også forsvinna med vinden. Panikken tar meg, og eg styrtar ut av teltet. Dersom det kjem eit nytt kraf­tig vindkast før eg får sikra det, vil teltet ikkje klara å stå imot. Eg lempar stein opp på stormmattene og låner ein spade av kokken til Arun Trek slik at eg får spadd masse grus og sand opp på steinane. Eg knyter på mange nye bardunar, og etter fleire timars arbeid ser det ut som om teltet skal kunna stå imot ein tornado.

Men det er ikkje berre i Base Camp det blæs hardt. På neste tur til Advanced Base Camp tar eg med meg teltet og resten av utstyret som eg hadde i Intermediate Camp. Det går greitt å setta opp teltet sjølv om vindkasta også her gjer sitt beste for å komplisera situasjonen. Men det er ikkje før om kvelden at eg verkeleg får føla vindkref­tene. Eg gidd ikkje å gå opp til der Arun Trek har sett opp toalett-teltet. Eg går derfor til det som er nærmast teltet mitt. Dette er ein polsk ekspedisjon som eg har litt kontakt med, og dei har sagt at eg kan låna det for å sleppa å gå lenger opp i leiren. Eit slikt toalett-telt er eit veldig smalt og høgt telt, som blir sett oppå ei plasttønne som blir graven ned i steinrøysa. Det er ikkje akkurat aerodynamisk, og dersom det ikkje blir brukt mange kraf­tige bardunar, vil det fly av garde med fyrste vindkast. Eg uroar meg ikkje noko særleg for dette idet eg set meg ned. Men når eg er midt i ærendet, slår brått ei vindkule inn i teltduken som ein knyttneve. Eg høyrer bardunar ryke, og før eg veit ordet av det, legg teltduken seg nedover meg mens han ristar og slår i vinden. Eg får det travelt med å gjera meg ferdig før det neste kastet kjem. Eg har ikkje sjanse til å stå imot eit nytt vindkast, og eg vil garantert bli trekt med utfor kanten og fleire meter nedover steinrøysa viss eg ikkje skundar meg. Verst av alt er det at eg framleis har buksa på knea. Vinden roar seg heldigvis akkurat til eg er ferdig, men når eg prøver å finna fram til glidelåsen i utgangen, kjem det eit nytt vindkast. Eg kjem meg ut og lempar nokre store steinar oppå duken for at han ikkje skal forsvinna. Polakkane får seg ein god latter når eg fortel kva som har skjedd.

Camp 1 ligg i Nordskaret. Dette er ein av dei mest berømte leirane på Mount Everest. I skaret mellom Mount Everest og Changtse står det om lag 20 telt då eg kjem opp på ryggen. Ein ti meter høg isvegg rett bak leiren gjer at dei fleste telta ligg i le for den verste vinden. Fleire sherpaer er i ferd med å setta opp nye telt. Eg finn ein ledig plass og byrjar det tidkrevjande arbeidet med å etablera leiren min. Det tar nemleg tid i denne høgda. Etter eit par spadetak må eg ta ein pause for å få att pusten. Eg har ikkje planar om å overnatta denne fyrste gongen eg er i denne leiren, men eg bruker mange timar på å slappa av i teltet og å gå rundt og snakka med sherpaene i leiren. Når det lir mot kveld, går eg ned att til Advanced Base Camp, og neste dag vidare ned til Base Camp. No er det på tide å kvila litt etter fleire dagar høgt oppe i fjellet.

Ein morgon kjenner eg at halsen er sår. Det er kanskje det eg fryktar mest, fordi eg veit kor vanskeleg det er å bli frisk att i denne høgda. Den kalde og tørre luf­ta gjer at halsen blir utsett for harde påkjenningar. Khumbu-hoste er eit velkjent fenomen på alle store fjell, oppkalla etter den lange dalen inn til Base Camp på sørsida av Mount Everest. I leirane på dei store fjella høyrer du ofte eit usynkront kor av hosting og harking, spesielt om natta når det elles er stille. Eg får i meg varm drikke, syg på halspastillar og gjer elles alt for å prøva å bli bra att. Førebels er det ikkje så ille, men eg må for alt i verda unngå at det utviklar seg vidare.

Når ein har vore ei stund på eit stort fjell, får ein etter kvart eit «psykisk overtak» på fjellet sjølv om det ved fyrste augekast ser umogeleg ut. Ein ser etter kvart svakheiter som ein kan utnytta både teknisk og taktisk, og ein lærer seg korleis vêret oppfører seg på akkurat dette fjellet. Ein bestemmer seg for ein strategi når det gjeld utstyr og tal på overnattingar på veg mot toppen. Når akklimatiseringsturane er unnagjorde og toppstøyten står for døra, føler eg som oftast at eg har overtaket på fjellet. Men slik er det ikkje med Mount Everest. Mount Everest har framleis ikkje gitt slepp på nokon av sine hemmelegheiter. Mount Everest har framleis det psykiske overtaket på meg, men eg jobbar iherdig for å knekka «koden». Mount Everest er eit så ufatteleg stort fjell at det ikkje er mogeleg å forstå det før ein står og ser opp på det. Sjølv om eg har vore heilt oppe på 7100 meter på nordryggen, føler eg at eg berre så vidt har pirka henne litt på leggen med stegjerna mine. Aldri før har eg opplevd eit fjell med større sjølvtillit – eg kjenner at ho ser ned på leiren min og seier: «Trur du verkeleg at du kan overvinna meg?» etterfølgt av ein hånleg latter som rullar fram og attende mellom Cho Oyu, Lhotse, Makalu og dei andre gigantane som står i nærleiken.

Nyhende frå sørsida av fjellet er heller ikkje oppmuntrande. Eit stort snøskred har tatt med seg store delar av Camp 1. Men utruleg nok, trass i at sju sherpaer måtte gravast ut av snømassane, blei ingen alvorleg skadde. Men éin klatrar omkom då han fall i ein bresprekk, og ein annan omkom av det som sannsynlegvis var høgdesjuke. Slike nyhende gjer sjølvsagt inntrykk også på oss som er på nordsida av fjellet. Det får ein til å skjerpa seg og aldri gløyma kva ein eigentleg driv på med. At marginane er små, er alle som klatrar på store fjell, klar over.

Neste gong eg legg i veg oppover fjellet, er planen å gå heilt opp til Camp 2 direkte frå Advanced Base Camp. Det er over 1200 høgdemeter opp i løpet av ein dag. Eg planlegg framleis ikkje å overnatta i Camp 1. Planen min er å venta endå nokre dagar før eg overnattar så høgt. Det går lett oppover morenehaugane fram til Crampon Point. Dette er staden der ein går på eller av breen, avhengig av om ein er på veg opp eller ned. Det har fått namnet sitt fordi det er nødvendig med stegjern over dette punktet. Crampon er altså det engelske ordet for stegjern. For å sleppa å bera utstyret ned til Advanced Base Camp og opp att neste gong ein skal oppover fjellet, legg dei fleste att stegjern og anna klatreutstyr her. Somme har ei plasttønne ståande, mens andre legg utstyret direkte på isen.

Idet eg kjem fram til Crampon Point, møter eg ein einsleg klatrar som sit og kviler. Han presenterer seg som Marco Lihteneker, og me finn fort tonen. Han er frå Slovenia og klatrar saman med kameraten sin Viktor Mlinar. Marco er råsterk, han har mellom anna vore på det slovenske landslaget i skibestiging. Seinare møter eg Marco fleire gonger, både på fjellet og i BC, alltid smilande og pratsam.

Det går svært lett opp til Nordskaret. Eg kviler der ei kort stund før eg går vidare. Frå Camp 1 opp til Camp 2 på 7600 meter er det berre ein lang, samanhengande snøbakke. Fordi det er så bratt og ulendt, er teltplassane spreidde frå om lag 7600 meter opp til nesten 7900 meter. Eg har eigentleg planar om å nå heilt opp til leiren, men eg vel å snu nesten på toppen av snøfeltet, om lag 7500 meter over havet. Halsen er verre, og eg byrjar å bli sliten. Å ta ut den siste reserven på ein akklimatiseringstur er det dummaste du kan gjera. Etter ein liten pause for å nyta utsikta gjer eg meg klar til å gå ned att. For fyrste gong føler eg at toppen er innanfor rekkevidd. Men eg veit at det er fort å bli lurt når eg ser fjellet frå denne vinkelen – det er framleis over 1300 høgdemeter til toppen. Men utsikta er formidabel, og ho må nytast når ein fyrst er på ein slik stad. Eg går forholdsvis fort ned att til Nordskaret og vidare ned til Advanced Base Camp.

Etter kvart blir halsen min endå verre, og saman med nokre andre klatrarar frå heile verda som slit med det same, bestemmer eg meg for å dra ned til den vesle landsbyen Xegar på 4300 meter for å prøva å bli frisk. Niklas frå Sverige skal prøva å køyra på ski ned frå toppen. Han er ein veldig sympatisk og jordnær type, og me finn fort tonen saman. Også Nick Nielsen frå Grønland har eg mykje kontakt med i denne fasen av akklimatiseringa. Begge skal prøva seg åleine utan kunstig oksygen. Me får tida til å gå med å lesa, spela yatzy og å gå turar i den vesle tibetanske landsbyen.

Svært mange av oss slit med sår hals. Dei fleste kom til fjellet i byrjinga av april, og dess lengre tid ein oppheld seg i høgda, dess større er risikoen for å få problem. Eg forsøker antibiotika for å bli fortare frisk. Opphaldet i låglandet gjer meg litt betre, men eg er ikkje heilt frisk når me returnerer til Base Camp. Antibiotika er dei einaste pillene eg bruker på fjellet, bortsett frå vanleg kosttilskot. På Cho Oyu i 2004 brukte eg Diamox, men mi erfaring er at eg akklimatiserer så bra at eg ikkje har brukt det seinare. Diamox er ein medisin som eigentleg er utvikla for å behandla augesjukdommen grøn stær, men han har også ein del effektar som kan vera bra for akklimatiseringa til tynn luft. Han kan ha små biverknadar som prikking i fingertuppar, tær og ansikt. I tillegg er han vassdrivande, noko som er uheldig for bruk i høgder der væskebalansen er ei utfordring. Kosttilskot bruker eg alltid på ekspedisjonane mine, då det er vanskeleg å ha eit velbalansert kosthald. Spesielt frukt og grønt, og dermed vitamin, blir det mykje mindre av enn vanleg.

Det er veldig fort å byrja å tenka negativt når ein pådrar seg sjukdommar som gjer at den fysiske yteevna blir redusert. Men eg klarer førebels å halda motet oppe, og eg har enno god tid med tanke på ein planlagd toppstøyt heilt i slutten av mai. Statistikken viser at det er i dei siste dagane av mai det er størst sjanse for å nå toppen. Som regel er det då ein stabil godvêrsperiode før monsunen kjem innover Himalaya. Monsunen tar med seg store mengder fuktig luft frå Bengalbukta innover India. Når han støyter på fjella i Nepal, fører dette som regel til store nedbørsmengder, og mange av fjella får den største tilførsla av snø i sommarmånadene juni og juli.

Neste ledd i akklimatiseringa er endå ein tur opp til Advanced Base Camp med påfølgande støyt opp til 7600 meter og minst éi overnatting i Camp 1. På veg til Advanced Base Camp følest halsen fin det fyrste stykket, men etter ein drikkepause der eg får i meg altfor kaldt vatn, kjenner eg at halsen blir mykje verre. Eg hostar, harkar og spyttar meg opp til leiren og er faktisk meir sliten denne gongen enn førre gongen eg kom opp hit, trass i at eg no i teorien er betre akklimatisert.

Den neste tabben eg gjer, er å likevel gå vidare opp til Camp 1 i Nordskaret dagen etter, trass i at halsen ikkje er bra. Det går rimeleg bra opp til leiren, men natta på 7100 meter skal bli mi verste nokosinne. På Cho Oyu hadde eg ingen problem med å sova i høgda, men no er det håplaust. Eg ligg og vrir meg og søv nesten ikkje i det heile. Utallige gonger i løpet av natta må eg stikka hovudet ut av teltopninga og spytta ut det som samlar seg opp i halsen. Eg hostar verre enn nokosinne, og det byrjar etter kvart å gjera veldig vondt i ribbeina når hostekulene er som verst. Om det er brest på sjølve ribbeina, eller om det er dei små musklane rundt som blir overbelasta av hostinga, veit eg ikkje, men smertene blir etter kvart så ille at neste hostekule er det einaste eg tenker på. Dermed blir det heilt umogeleg å sova.

Neste morgon er det utenkeleg for meg å gå vidare oppover. Eg vil berre ned, og eg veit at eg må langt ned for å bli frisk att. Skal eg ha ein sjanse til å nå toppen, må eg bli kvitt denne hosten. Heldigvis er det mykje enklare å gå ned enn opp. Det er freistande å prøva å gå direkte vidare ned til Base Camp, men eg veit at det vil bli for tøft, eg treng ei overnatting før eg går vidare.

Dagen etter når eg Base Camp, men overraskande nok blir ikkje hosten betre. Eg føler meg også innimellom kvalm og er totalt utan energi. Eg tar derfor ei drastisk avgjerd om å dra heilt ned til Zangmu på grensa til Nepal. Det blir ein lang og tøff tur med bil, men eg har ikkje noko alternativ. Skodespelaren Henrik Mestad er sjuk og må også ned. Han er med som programleiar for fjernsynsserien om den store norske ekspedisjonen. Me får organisert ein bil saman ned til grensa. Han skal vidare attende til Katmandu, mens eg håper å finna meg eit forholdsvis bra hotell i grensebyen, som eg kan kvila ut på.

Me passerer Nyalam og tar til på den lange og tronge dalen nedover mot Zangmu. Me har stort sett ikkje sett noko anna enn stein, is og snø den siste halvannan månaden, og det er derfor utruleg flott å sjå dei grøne liene og alle blomane og plantane som blir meir og meir talrike i vegkanten. Lukta av grønt nærmast riv i nasen, men på ein positiv måte. Zangmu verkar nærmast som Edens hage etter så lang tid i fjellet, sjølv om det er ein av dei mest skitne og uhygieniske byane eg har besøkt.

Klokka 07 den fyrste morgonen i Zangmu bankar det hardt på hotelldøra mi. Når eg søvndrukken opnar døra, er det to ting som slår mot meg. Det fyrste er den uuthaldelege urinstanken frå pissoaret i gangen, som aldri har blitt vaska. Det andre er trynet til assistenten til liaisonof­fi­seren her i Zangmu. Dei har tydelegvis på ein eller annan måte fått greie på at eg har komme ned til byen. Eg forstår med ein gong kva dette betyr. Hotellopphald og transport attende til Base Camp vil bli ekstremt dyrt. Eg hadde håpt at eg kunne skaf­fa meg billeg transport attende til Base Camp, men det håpet er no definitivt over. Han marsjerer rett inn på rommet og slenger seg ned i stolen som omtrent knekk saman under vekta av kroppen hans. Det er vanskeleg å halda seg alvorleg, eg føler nesten at eg er med i ein gammal mafiafilm. 850 dollar for hotell og transport er rekninga han kan presentera for meg, om eg ikkje vil bli eskortert ut av Tibet umiddelbart. Etter eit par minutts forhandling om prisen, der forhandlinga består i at eg nektar og han insisterer, blir han skikkelig forbanna og omtrent drar meg med ned i resepsjonen. Der står det ein stor fyr med masse gullsmykke og ringar, og utan at han treng å seia noko meir, forstår eg at det nok er lurast å betale dersom eg skal komma meg opp til Base Camp att. Assistenten blir sittande i resepsjonen i hotellet til eg har besøkt den einaste minibanken i byen og betalt rekninga. Dårleg vêr og lang akklimatisering er ikkje dei einaste utfordringane når ein skal klatra Mount Everest.

Det er ein liten internettkafé i Zangmu, og der er eg eit par timar kvar dag dei tre dagane eg oppheld meg her. Hastigheita på nettet er låg, men trass i mitt dårleg utvikla tolmod klarer eg å halda meg oppdatert om det som skjer på fjellet. Vêrmeldingane er svært dårlege, men likevel er det ein del klatrarar som vel å gå mot toppen. Datoen er no 20. mai, og enno har ingen stått på toppen av Mount Everest dette året. Det er svært uvanleg. Som regel er toppstøytane i gang rundt 10. mai, og dei fleste har vore på toppen når ein kjem så langt som dette. Mange byrjar no å gi opp og reisa heim att. Nokre er sjuke, nokre har mista trua på at vêret skal bli betre, og nokre er rett og slett berre lei. Eg og mange andre har eit visum som går ut 2. juni, så det byrjar å hasta med å komma i gang med toppstøyten. Eg satsar alt på mitt opplegg, eg må fyrst bli frisk, og deretter har eg berre tid til ein toppstøyt. Om eg ikkje lykkast fyrste gongen, må eg uansett reisa for å nå ut av landet innan fristen på visumet.

Dei neste to døgna kjem dei fyrste dette året til å nå toppen, men det blir dramatiske døgn. Fleire klatrarar dør, og endå fleire får alvorlege forfrysingar. Vêret er framleis ikkje bra, og Michael Frank, ein av to personar frå gruppa til Arun Trek som nådde toppen, beskriv toppstøyten som det verste han nokosinne har vore med på. Han var på eit tidspunkt nesten sikker på at han ikkje kom til å klara å komma seg ned att.

På veg attende til Base Camp deler eg transport med Marcin Miotk frå Polen. Han kjem rett frå eit forsøk på å klatra sørveggen av Annapurna, ei svært utfordrande rute. Ekspedisjonen hans måtte gi opp lenge før toppen, og han valde å gjera eit forsøk på Mount Everest når han fyrst var akklimatisert. Han klatrar åleine utan kunstig oksygen.

Vel attende i Base Camp føler eg meg ei lita stund mykje betre. Eg er utkvilt, godt akklimatisert og motivert til å setta inn ein rask toppstøyt. Eg er likevel også heilt avhengig av vêrmeldingane framover, for no har eg berre éin sjanse. Planen er å klara meg med éin leir, det vil seia å gå direkte frå Advanced Base Camp til Camp 2 den fyrste dagen, for så å gå mot toppen dagen etter. På Cho Oyu gjekk eg 1400 høgdemeter med tung ryggsekk den fyrste dagen på toppstøyten, så eg veit det skal gå om alt klaffar.

Men vêrmeldingane er framleis ikkje optimale. Ingen har vore på toppen etter dei få som var der 21. og 22. mai. Eg avventar endå nokre dagar før meldingane endeleg ser litt betre ut. Eg høyrer urovekkande meldingar om fleire tilfelle av steling av utstyr frå leirar høgt oppe på fjellet. Mellom anna har Vitor Negrete, ein brasiliansk klatrar, opplevd at alt utstyret blei stole frå Camp 3. Dette er dessverre ein av Mount Everest sine mørke sider. Det skjer kvart år at det blir stole livsviktig utstyr på fjellet; spesielt utsette er alle dei som klatrar åleine utan sherpa. I dei fleste tilfella betyr dette at planane må forandrast, og at ein toppstøyt blir umogeleg å gjennomføra. Dette sørgjelege faktumet har også skulda for i alle fall nokre av dødsfalla på fjellet. Når utslitne klatrarar kjem ned att til Camp 3 etter toppstøyten, og sovepose, kokeutstyr og mat er borte, seier det seg sjølv at ein kritisk situasjon oppstår.

Igjen går eg den lange marsjen opp til Advanced Base Camp. Synet som møter meg idet eg opnar teltet, er deprimerande. To–tre colaboksar har blitt øydelagde fordi dei har frose til is, og spruten har tydelegvis nådd rundt i heile teltet. Sovepose, teltduk og utstyr er delvis dekt med eit klissete lag inntørka cola. Eg prøver å tørka av det meste, men det er sjølvsagt umogeleg å få det reint.

Natta mellom 27. og 28. mai kjem eg endeleg i gang med toppstøyten. Sjølv om eg har forsøkt å tenka positivt dei siste vekene, veit eg innarst inne at dette umogeleg kan gå. Dersom det ikkje skjer eit mirakel med helsa mi, vil eg ikkje ha mogelegheit til å nå toppen. Det skal bli ein stor nedtur. Eg merkar det med ein gong eg forlèt leiren midt på natta. Eg hostar til eg brekker meg. Att og att må eg stoppa for å prøva å få kontroll over hosten. Eg har ingen energi i kroppen. Eg bruker kanskje tre gonger så lang tid som normalt opp til Crampon Point. Etter den ekstremt lange ventetida er kroppen så nedkøyrd og tom for kref­ter at eg ikkje er i nærleiken av den forma eg hadde på Cho Oyu året før.

Vinden tar også kraf­tig og gjer det veldig ubehageleg å stå i ro. Eg sit på ein stein i mange minutt mens eg tar den uunngåelege avgjerda. Eg må snu. Eigentleg handlar det ikkje om å snu eller ikkje, det handlar om kvar eg skal snu. Ekspedisjonsleiaren til Arun Trek fortel at dette er det verste vêret nokosinne etter at dei starta med målingar i 1950-åra. Ingen nådde toppen frå sørsida før 29. mai, så seint har det aldri skjedd før. Statistikken for 2005 blei svært dårleg når det gjeld tal på personar på toppen. Dette betyr at me er svært mange som reiste heim med ei kjensle av at me ikkje hadde fått prøvd oss skikkeleg. Ifølgje Himalayan Database reiste 48 prosent av alle ekspedisjonane heim utan at nokon av ekspedisjonsdeltakarane nådde toppen, mens tilsvarande tal for året før var 16 prosent. Eg er skuf­fa og oppgitt. Kvifor måtte eg akkurat velja 2005 for denne ekspedisjonen?

Men godvêrsvindauga kjem til slutt. Heilt i slutten av mai blir det endeleg bra vêr, og av dei opphavleg ti klatrarane i den norske ekspedisjonen når fem toppen. Jon Gangdal, Marius Flygind, Vidar Femdal, Henrik Wolf Meedom og Matthias Karlsson hadde halde ut lenge nok, og stod på toppen den 29. mai. Tore Sunde Rasmussen når toppen 3. juni, og Sissel Smaller står på toppen 5. juni. Ho blir med det den tredje norske kvinna som har stått på toppen av Mount Everest. Svært mange av dei som når toppen i 2005, gjer det i juni. Det har aldri skjedd før, og det er endå ei stadfesting av at klimaet er i endring. Dei fleste er no einige om at monsunen kjem seinare og seinare kvart år.

Sigrid Hammer og Aud Jovall må også reise heim att utan å ha nådd toppen. Dårleg vêr og oksygenutstyr som sviktar, gjer det umogeleg å fortsetta. Mitt nederlag blir likevel ubetydeleg og lite viktig då eg møter Viktor Mlinar att. Han sit med ein øl framfor seg i eit av tehusa som tibetanarane har sett opp nedanfor Base Camp. I dei store telta serverer dei mat og drikke til dei få turistane som tar den lange og slitsame bilturen frå Lhasa. Han fortel meg om det tragiske som skjedde på fjellet. Eg visste at Marco var ein av dei som døydde 21. mai, men det var likevel svært sterkt å høyra historia til Viktor.

Ein av dei siste dagane eg var i Advanced Base Camp, såg eg Marco for siste gong, gjennom ein kikkert retta mot toppen av Mount Everest. Marco ligg død på om lag 8700 meter, altså ikkje så langt frå toppen. Han skulle eigentleg klatra utan kunstig oksygen, men ombestemte seg før toppstøyten. Marco og Viktor heldt ulik fart oppover, og etter at Viktor hadde vore på toppen, møtte han Marco på veg oppover eit godt stykke under toppen. Han hadde då problem med oksygenutstyret sitt, og det gjekk veldig sakte med han. Viktor kom ned att til leiren på 8300 meter i god tid før det mørkna, men Marco kom aldri etter. Dei håpte at han hadde gått og lagt seg i eit av dei andre telta i leiren. Dei hadde fleire sherpaer, men ingen var i stand til å sjekka rundt i dei andre telta i leiren, langt mindre å gå opp att for å leita etter han. Seinare fekk Viktor beskjed om at nokre av dei andre som var på toppen, hadde passert han seinare på dagen på staden der han seinare blei funnen død. Han hadde då store problem med å reparera oksygenutstyret, men ingen var i stand til å hjelpa han.

Karma kunne også fortelja ei svært dramatisk historie frå sin toppstøyt. Han hadde nådd toppen den 21. mai, altså same dag som Marco. Også Karma hadde hatt problem med oksygenutstyret, etter alt å dømma var det ein ventil som fraus. Han gjekk etter kvart tom for oksygen. Til slutt sette han seg ned i snøen, overbevist om at han kom til å dø. Rett ved sida av han låg ein død koreansk klatrar. Ifølgje Karma reiste den døde klatraren seg brått opp og peika på ei oksygenflaske som låg eit stykke lenger borte. Karma skrudde denne flaska på systemet sitt, og ho var full. Dette redda Karmas liv.

Seinare viser det seg likevel at fleire av dei andre som var på toppen denne dagen, nektar for at Karma kan ha nådd toppen. Han skal ha snudd eit godt stykke lenger nede. Han har ikkje bilete frå toppen. Elisabeth Hawley, som fører nøyaktig statistikk over alle som klatrar fjella på over 8000 meter i Nepal, har registrert han på toppen klokka 11.15. Men ho skriv at andre klatrarar sine observasjonar har sådd tvil om dette er riktig. Eg har hatt litt kontakt med Karma via e-post i tida etterpå. Han blei mottatt som folkehelt då han returnerte til Bhutan, og han blei saman med den yngste prinsessa i landet. Men rykta om det som verkeleg skjedde på verdas tak, har tydelegvis også nådd det bhutanske kongehuset, for representantar for kongen tok ei stund etterpå kontakt med ein sherpa som eg kjenner godt. Han hadde fyrstehands kjennskap til det som skjedde, og fortalte kongen at Karma aldri var på toppen. Det er interessant å sjå at det no berre er nokre få internettsider i Bhutan som skriv at han var på toppen. I tida rett etter at han kom heim, var det mange treff på namnet hans ved søk på Internett. Kva som eigentleg har skjedd i det vesle og lukka landet, er det vanskeleg å vita noko sikkert om. Eg har aldri konfrontert han med skuldingane, men dette føyer seg uansett berre inn i ei lang rekkje falske påstandar frå folk som hevdar å ha vore på toppen. Det er dessverre ingen ende på kontroversar knytte til Mount Everest og andre fjell over 8000 meter.

Den siste gongen eg høyrde frå han, var då han sende meg eit bilete av seg sjølv og bad meg hjelpe han med å finna ei norsk jente. Eg prøvde å forklara at det nok ikkje var så lett å overtala ei norsk jente til å reisa til Bhutan på blind date, men då bad han meg seia at han hadde vore på toppen av Mount Everest, og at den førre dama hans var ei prinsesse. Kulturforskjellane er nok større enn han kunne forestilla seg.

I eit av tehusa møter eg Mick Parker frå Australia. Han skulle også klatra åleine utan kunstig oksygen, og også han hadde gitt opp å nå toppen. På same måten som meg ventar han berre på fyrste mogelegheit til å komma seg attende til Katmandu. Mick har klatra Cho Oyu, Manaslu, Broad Peak og Gasherbrum I utan kunstig oksygen. Han er ein interessant person, og har ei litt spesiell tilnærming til mange ting når det gjeld klatring. På Mount Everest var han mellom anna ekstremt mykje i Advanced Base Camp på 6400 meter. Han var der nesten ein månad totalt, mens det som er vanleg, er ein stad mellom seks og tolv overnattingar. Dei fleste er einige om at å vera så lang tid på 6400 meter bryt kroppen ned for mykje. Men han hadde ein eigen måte å testa akklimatiseringa si på. Han skar seg med kniv i armen for å sjekka konsistensen på blodet. Blodet blir tjukkare etter kvart som høgda gjer at ein utviklar fleire og fleire raude blodceller, men dei fleste vil vera einige i at å sjekka dette ved berre å sjå på blodet sitt er litt spesielt.

I åra etterpå tar Mick kontakt fleire gonger med spørsmål om me skulle dra på ekspedisjonar saman, men av ulike grunnar blir det aldri noko av. Før Mount Everest-ekspedisjonen i 2009 tar han att kontakt med spørsmål om han kan bli med i den vesle norske gjengen som skal samarbeida om logistikken. Men fordi han tar kontakt så seint, og fordi det er eit poeng for oss at me er ein rein norsk ekspedisjon, med dei fordelar det inneber når det gjeld planlegging og språk, blir det ikkje aktuelt. Mick bestemmer seg derfor for å gjera eit forsøk på Makalu. Den 21. mai 2009 står han på toppen saman med ein klatrekamerat. Få dagar etter at han har returnert til Katmandu, blir han funnen død på hotellrommet sitt. Dødsårsaka blir fastslått å vera ein kombinasjon av utmatting og forseinka ef­fekt av eit lungeødem.

Etter at eg kom heim att, las eg at Marcin Miotk, som eg delte transport med frå Zangmu til Base Camp, nådde toppen 5. juni. Han var faktisk den aller siste som nådde toppen av Mount Everest dette året. Han klatra åleine og utan kunstig oksygen. Han fekk store problem då han returnerte til teltet sitt på 8300 meter og oppdaga at nokon hadde stole mellom anna sovepose, kokeapparat, medisinar og alt av verdi. Dette var tredje gong i løpet av to veker at leirane hans blei plyndra. Denne siste gongen fekk det nesten fatale følgjer.

Chris og eg heldt kontakten etter Mount Everest. Han fekk problem med halsen og måtte reisa heim att utan at han fekk gjort eit skikkeleg forsøk, nett som eg. Vinteren etter arrangerte eg mine fyrste to kommersielle turar til Kilimanjaro, og planen var at Chris skulle møta meg i Moshi og bli med på fjellet på den andre turen. Utover hausten høyrde eg ikkje noko meir frå han, og eg tenkte han kanskje hadde slått det frå seg. Eg syntest det var litt rart at eg ikkje høyrde noko meir frå han, så eg sende han ein e-post etter Kilimanjaro-turen. Sjokket var stort då eg fekk svar frå far hans, som kunne fortelja at Chris hadde omkomme i ei klatreulykke på fjellet Dent d’Hérens, nabofjellet til Matterhorn, på grensa mellom Italia og Sveits. Ingen hadde sett kva som skjedde, men han blei funnen langt nede i fjellsida, og det var tydeleg at han hadde falle langt.

 

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

Everest 2005 46

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.