• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

CHO OYU  (8201)

AUGUST - SEPTEMBER 2004
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida


Cho Oyu 2004 1


Ordet Himalaya er det finaste ordet eg veit om. Det er mjukt og fint, men samtidig rommar det mystikken og råskapen som pregar naturen og fjella i dette området. Himalaya er sanskrit for snøheim. Fjellkjeda oppstod då to av dei åtte store tektoniske platene som jordkloden vår består av, kolliderte. India-plata og Eurasia-plata dundra inn i kvarandre for 50 millionar år sidan, og skapte både Himalaya og den tibetanske høgsletta. Eller – det er eigentleg feil å skriva oppstod, det riktige er oppstår. Dette er nemleg ein pågåande prosess, fjella i sentrale delar av Himalaya stig framleis ein halv centimeter i året. Men erosjon og forvitring går omtrent i same tempo, så i praksis vil fjella her halda den høgda dei har no, i lang tid framover.

Cho Oyu er 8201 meter høgt, og er dermed det sjette høgaste fjellet i verda. Det blei fyrste gong klatra i 1954 av ein austerriksk ekspedisjon. Cho Oyu står på grensa mellom Tibet og Nepal. Grensa går akkurat på toppen, nordsida ligg i Tibet, mens sørsida ligg i Nepal. Det er om lag 30 kilometer i luftlinje frå toppen av Cho Oyu til toppen av Mount Everest.

Eg prøver alltid å få vindaugsplass når eg flyr til Katmandu. Utsikta mot dei aller høgaste fjella i verda når flyet nærmar seg hovudstaden, er ubeskriveleg. Dersom ikkje fjella i Himalaya er dekte av skyer, kan du vera så heldig å sjå opp til ni av dei fjorten fjella i verda som er over 8000 meter høge. Når flyet nærmar seg Katmandu-dalen, flyttar blikket seg automatisk frå dei høge, snødekte fjella til dei bratte åsane der små gardsbruk klyngar seg fast. Terrasselandbruk er den einaste måten å utnytta dette bratte landskapet på. Det er ikkje få timar som har gått med til å forma landskapet slik at det kan utnyttast til jordbruk.

Flyplassen er mørk og dyster, og standardar og rutinar er ikkje heilt som ein er van med i vestlege land. Men det dei manglar i ef­fektivitet og tryggleiksoppfatning, tar dei att med smil og vennlegheit. Nepalarane er eit fantastisk triveleg folkeslag, og du føler deg alltid velkommen i landet deira. I 2004 herja framleis krigen mellom maoistane og regjeringsstyrkane, men det var aldri farleg å vera turist i landet. Dei få gongene vestlege blei skadde, var det fordi dei nytta dei same transportmidla som lokalbefolkninga. Maoistane retta aldri angrepa sine medvete mot vestlege mål.

Køyreturen gjennom byen fram til Thamel, turistdelen av byen, er ei sjokkarta oppleving fyrste gongen. Men i positiv forstand – i alle fall synest eg det. Eg sluttar aldri å bli fascinert av Katmandu sitt yrande og intense daglegliv. Katmandu er kaotisk, men sjarmerande. Trafikken følgjer reglar som det er umogeleg for framande å forstå, og det er endå meir uforståeleg at det stort sett alltid går bra. Noko av det fyrste eg gjer når eg kjem til Katmandu, er å traska gatelangs i Thamel. Thamel er ikkje berre ein bydel, Thamel er ein tilstand. Atmosfæren er ubeskriveleg. Sanseorgana arbeider på høggir for å ta inn alle inntrykka. Dei tronge gatene kryr av menneske, hundar, sykkeldrosjer, motorsyklar og små bilar i eit kaos som det nesten ikkje er mogeleg for ein vestleg turist å ta innover seg. Men sjarmen er likevel det som merkjer seg mest ut, og det er ikkje berre eg som har falle fullstendig for den heilt spesielle atmosfæren.

Risikoen for å bli påkøyrt er høg, spesielt for oss turistar som går og virrar mellom alle dei eksotiske attraksjonane. Her gjeld det å ha augo med seg heile tida. Sykkeltaxiar og motorsyklar kjem i stor fart, og dersom du ikkje er på vakt, er det fort gjort å knekka eit bein. På begge sider av gatene er det tett i tett med små butikkar. Alle smiler, og sjølv om det er hektisk aktivitet blant eigarane av alle butikkane som ligg tett i tett på begge sider av gata, om å kapre akkurat di merksemd, er det aldri plagsamt. Dei respekterer eit nei, og dersom du går inn i ein butikk, får du stort sett gå og kikke for deg sjølv, i alle fall om du ber om det. I sentrale delar av Thamel er nesten halvparten av butikkane sportsbutikkar. Dei aller fleste fører berre falske merkevarer, i alle fall når det gjeld klede og soveposar. The North Face er det desidert mest populære merket, men også alle dei andre kjende merka kan du få kjøpt til ein brøkdel av den eigentlege prisen.

I 2007 var eg i Nepal for å prøva å finna ein samarbeidspartnar i samband med at eg ville starta import av dunjakker og dunsoveposar til Noreg. Nepal er kategorisert som u-land, og det er dermed ikkje toll på varer som blir importerte frå dette landet. Dette faktum kombinert med låge lønningar og produksjonsutgif­ter generelt gjer at det er mogeleg å selja produkt med god kvalitet til låg pris. Min venn Loben Sherpa hadde hjelpt meg med å plukka ut nokre aktuelle produsentar som me drog for å besøke. Velviljen var stor, eg fekk gode prisar, og kvaliteten verka overraskande høg. Det viser likevel litt av kulturforskjellen at eg umiddelbart fekk spørsmål om kva merke eg ville ha på varene. Eg fekk opplese ei lang liste av kjende merkevarenamn. Kontaktpersonen min kunne ikkje forstå at eg ikkje ville ha på eit av desse merka, men heller mitt eige merke som eg hadde fått utarbeidd i Noreg før avreise. Han var overbevist om at det ville selja betre dersom eg hadde The North Face eller Mountain Hardwear sin logo på produkta. Etter eit par produktive møte bestemte eg meg for å samarbeida med to forskjellige fabrikkar. Dette prosjektet enda likevel med at eg måtte kansellera heile ordren. Håplaus kommunikasjon og mistanke om at dei nytta dårlegare kvalitet på duna enn det som me var einige om, gjorde at eg ikkje tok sjansen på å fortsetta. Tanken min var å selja til dei som skulle vera med meg på mine arrangerte ekspedisjonar, men dersom eg ikkje kunne vera sikker på kvaliteten, var det eit håplaust prosjekt.

Katmandu innbyr til utforsking i nokre dagar. Det er kanskje dei mange templa som er mest imponerande for turistar i denne byen. Pashupatinath er det eldste hinduistiske tempelet i byen, og kanskje også det mest berømte. Her brenn hinduane sine døde og kastar deretter oska på elva Bagmati, som etter kvart renn inn i den for hinduane hellige elva Ganges. Tempelet Swayambhunath, eller apetempelet, er også verdt eit besøk. Namnet er ikkje tilfeldig, då det kryr av apar der som ikkje akkurat er kjende for si beskjedenheit. Sidan dei er heilage, kan dei ikkje jagast vekk, og dermed er det dei som er sjefane her. Mange turistar har fått oppleva å bli fråstole mat som dei held i handa.

Men nok er nok. For oss nordmenn, som er vane med å ha litt rom rundt oss, kan det bli for intenst. Etter nokre dagar i denne smeltedigelen vil ein som regel berre komma seg opp i fjellet. Den svært forureina luf­ta utgjer ein helserisiko for oss som er vane med forholdsvis rein luft. Sjølv prøver eg alltid å få hotellrom så høgt oppe i etasjane som mogeleg for å unngå den aller mest forureina luf­ta nede på gatenivå.

På ein kveldstur i Thamels gater møtte eg ein høglydt gjeng med lokale unge menn. Dei ropte og knytte nevane, og til slutt gjekk dei laus på ein butikk. Dei sparka i glasrutene og knuste ei lampe utanfor. Eg stod og såg på i forundring, eg oppfatta ikkje situasjonen som truande for oss tilskodarar, men det var tydeleg at dei var opprørte over noko. Eg trudde umiddelbart at det hadde noko med borgarkrigen i landet å gjera, men det viste seg seinare at det var hendingar ein heilt annan stad i verda som var årsaka til uroa. Dagen før hadde tolv kidnappa nepalske arbeidarar blitt drepne i Irak. Elleve var skotne, mens den siste fekk hovudet skore av med ein kniv. Dei hadde vore haldne som gislar ei stund før dei blei avretta. Spesielt den ekstremt grufulle videoen av halshogginga som blei lagd ut på nettet, skapte eit veldig raseri i Nepal. Dette førte til at diverse butikkar og kontor der eigarane var muslimar, eller på annan måte kunne knytast til islam, blei vandaliserte. Mellom anna blei fleire moskear og kontora til dei fleste flyselskapa frå muslimske land øydelagde. Trass i at nepalarane er eit av dei vennlegaste folkeslaga eg veit om, har det dessverre vore alt anna enn fredeleg i Nepal opp gjennom historia. Maoistane sin kamp mot den upopulære kongen og hans regjeringshær har prega landet i mange år og ført til over 13 000 døde. Men heller ikkje maoistane var populære, mellom anna kidnappa dei både born og vaksne og tvinga dei til å kjempa som soldatar eller som ufrivilleg arbeidskraft. Det var altså eit val mellom pest og kolera for den vanlege nepalaren.

I 2001 blei kongen og ni frå den nærmaste familien hans drepne i eit blodbad. Den of­fi­sielle versjonen av det som skjedde, var at sonen til kongen, kronprins Dipendra, skaut ned omtrent heile familien sin fordi dei ikkje aksepterte kvinna han planla å gif­ta seg med. Kronprinsen skal deretter ha tatt sitt eige liv. Men dei fleste i Nepal, og utan tvil alle som eg kjenner, trur at det var kongen sin bror Gyanendra som stod bak. Gyanendra var i utgangspunktet langt bak i arverekka til trona, men sidan alle dei som stod før han på lista, blei myrda i denne episoden, blei han no utnemnd til konge. Gyanendra sin son, Paras, blei kronprins. Paras er berykta for rusmisbruk og sin ekstreme vald. Han er skulda for å ha drepe tre personar tidlegare, alle med bilen sin som våpen. Mellom anna er han skulda for å ha køyrt på og drepe den populære musikaren Praween Gurung, etter at han hadde dytta Paras vekk då han trakasserte ei kvinne på ein nattklubb i Katmandu. Det tok derfor ikkje lang tid før Paras blei peikt ut som gjerningsmann blant nepalarar flest.

Eg er ikkje den einaste nordmannen som skal klatre Cho Oyu i 2004. Eg har hatt ein del kontakt med Pål Størseth, Tormod Granheim og Tomas Olsson før avreise. Tormod og Tomas skal køyra på ski ned frå toppen. Harald Kippenes leier ein stor norsk ekspedisjon, men dei tref­fer me fyrst i Advanced Base Camp (ABC). Eg gjorde på førehand ein avtale med Monterosa Treks & Expedition, og det same gjorde Tormod og Tomas. Dette er eit av fleire firma som organiserer ekspedisjonar i Himalaya. Dei ordnar alt som har med klatrelisensen og visumet til Tibet å gjera. Dei tar seg av transporten opp til fjellet og arrangerer jaktransport opp til Advanced Base Camp. Her har dei eit telt til kvar av deltakarane, og mattelt og kokk. Dette gjer at ein ikkje treng å ta med seg store mengder mat frå Noreg. Dermed har eg berre med meg det utstyret som eg skal bruka høgt på fjellet, og på sjølve toppstøyten. Bergans har støtta meg med det eg treng av utstyr, og spesielt er det spennande med dei nye og lette eindukstelta som dei er i ferd med å utvikla. Vekt er sjølvsagt alfa og omega for alle som klatrar høge fjell, og det er spesielt viktig når ein klatrar åleine.

Køyreturen frå Katmandu startar grytidleg om morgonen. Me er 16 personar frå mange land som har valt Monterosa til å ta seg av det praktiske. Det er ein stor ekspedisjon frå Polen og elles klatrarar frå Noreg, Sverige, Frankrike og Italia. Ein gammal buss skal frakta oss det fyrste stykket opp til Kodari, ein liten landsby som ligg på grensa til Tibet. Planen er å komma seg over grensa til Tibet i løpet av dagen, men av forskjellige grunnar går ikkje dette, og me må overnatta i Kodari. Ein av grunnane til at det tar lengre tid enn planlagt, er at jord- og steinras har øydelagt vegen fleire stader. Éin stad er det heilt umogeleg å passera med buss, og me må gå forbi skredløpet for så å bli plukka opp av ein ny buss på andre sida.

Dagen etter kryssar me grensa til Tibet. Gjennomsnittshøgda på landet er 4900 moh., og i dette golde og aude landskapet lever det 2,5 millionar innbyggarar. Dei fleste er buddhistar, og religionen pregar dagleglivet i sterk grad. Dei kinesiske grensevaktene i Zangmu, ein landsby som er plassert midt oppe i ei stupbratt fjellside, er ekstremt lite serviceinnstilte. Ein må ha alle papir og lisensar i perfekt orden for å sleppa over grensa. Tibet blei okkupert av Kina i 1950. Kinesarane har etter okkupasjonen systematisk prøvd å reinska ut tibetansk kultur ved å busetta Han-kinesarar i landet og øydelegga tibetanske kulturelle og religiøse stader. I 2008 omtalte Dalai Lama kinesarane sin strategi som eit kulturelt folkemord, der tibetansk kultur bevisst blir forsøkt viska ut.

Vegen vidare oppover mot Nyalam er kanskje ein av dei mest spektakulære vegane i verda. Han er mange stader sprengd inn på ei hylle i fjellsida. Det er hundrevis av meter nesten loddrett ned til elva under oss, og fjell som ragar fleire tusen meter over oss, på den andre sida. Me må berre stola på at den kinesiske sjåføren har både køyrekunnskap og bremsar i orden. Me blir eit par dagar i både Nyalam og Tingri. Begge desse små landsbyane er prega av skitt, rot, laushundar og ein stank av rote avfall og brennande jakmøkk. Ikkje noko paradis, men naturen rundt er desto flottare. Frå Nyalam reiser fjella seg bratt opp mot 6000 meter, og frå Tingri kan du sjå både Mount Everest og Cho Oyu. Overnattingsstadene her er likevel det mest spartanske eg har opplevd. I Nyalam har eg fleire gonger opplevd rotter på rommet, så det er ein grei forholdsregel ikkje å ta med seg mat på rommet.

Mellom Nyalam og Tingri går vegen heilt opp til 5100 meter, før han slyngar seg nedover mot den tibetanske høgsletta. På det aller høgaste punktet stoppar sjåføren, og me går ut for å strekka på beina. Eg veit at eg frå dette punktet kan sjå Shisha Pangma, men eg er ikkje førebudd på kor stort og imponerande dette fjellet faktisk er. Shisha Pangma er 8027 meter høgt og er dermed det lågaste av dei fjorten fjella over 8000 meter. Sjølv om me no står på 5100 meter og det er over fire mil i luftlinje til toppen, verkar det enormt stort. Og enormt freistande.

Grunnen til at ein ikkje kan reisa direkte opp til Cho Oyu Base Camp, er at bilvegen alt nokre timar etter at ein har forlate Katmandu, hevar seg over 3000 moh. Det hadde vore praktisk mogeleg å køyra heilt fram til Base Camp, som ligg 4800 meter over havet, på to dagar, ja, til og med på éin svært lang dag. Men dersom du gjer det utan at kroppen er akklimatisert, vil du bli sjuk, somme vil kanskje bli livstruande sjuke. Dersom ein person hadde blitt frakta direkte til toppen av Cho Oyu frå havnivå, ville han sannsynlegvis vore død i løpet av kort tid. Derfor bruker dei fleste minst fem dagar frå Katmandu til Base Camp.

Akklimatisering betyr eigentleg tilvenning eller tilpassing til klima og klimaendringar, men i klatremiljøet blir det mest nytta om det å venna menneskekroppen til tynnare luft og mindre trykk, som er det miljøet ein opplever på høge fjell. På toppen av Mount Everest er oksygenmengda og det barometriske trykket berre ein tredjedel av det det er på havnivå. For ein person som skal klatra eit høgt fjell, er den største utfordringa når det gjeld akklimatiseringa, den hårfine balansen mellom gradvis å venna kroppen til større høgder og å unngå å bryta ned kroppen. Ein ef­fekt av store høgder er nemleg at cellene i kroppen blir brotne ned. Sakte, men sikkert sviktar immunforsvaret, og dersom du utviklar den minste sjukdom, er det vanskeleg å bli frisk att utan at du kjem deg til lågare høgd. Hjerneødem og lungeødem er dei to alvorlegaste formene for høgdesjuke. Ødem er medisinsk teminologi for opphoping av væske utanfor blodkar. Begge er dødelege dersom du ikkje kjem deg raskt ned.

Etter ei veke er me framme i Base Camp. Her sluttar bilvegen – eller det er vel meir riktig å kalle det kjerrevegen. Men framleis er me langt frå fjellet, faktisk er det over tre mil å gå inn til foten av fjellet. Også i Base Camp må me ta eit par overnattingar før me fortset til fots. Det er også fleire andre ekspedisjonar i Base Camp. Tomas blir småsjuk og vel å dra ned att til Tingri for å prøva å bli frisk, mens me andre startar på den to dagar lange vandringa inn til Advanced Base Camp, som ligg heilt oppe på 5700 meter over havet.

Tidleg om morgonen den dagen me skal starta på vandringa, vaknar eg av lyden av høg bjølleklang utanfor teltet. Det er jakoksane som er komne til leiren. Idet eg stikk hovudet ut av teltopninga, ser eg at dei står berre få meter unna. Flotte og stolte dyr som i kraft av størrelsen og framtoninga si ser ut som om dei ikkje er redde for noko. Ein vill okse kan bli eit tonn, mens dei tamme er ein del mindre. Dei blir brukte til person- og varetransport i både Tibet og høgareliggande strøk av Nepal. Jaken trivst best mellom 4000 og 6000 meter over havet. Det er ei generell misoppfatning at jaken er omvendt i forhold til menneska når det gjeld høgd. Det stemmer at du stort sett ikkje finn jakar under 3500 meter, men dette er på grunn av klima og temperatur, ikkje fordi trykket er for stort eller oksygenmengda for høg. Eigarane av jakane blir kalla jakdrivarar. Dette er fattige bønder som tener nokre dollar på å frakta utstyr for ekspedisjonar.

Jakoksane er kjende for det litt ustabile humøret sitt. Rett før me skal byrja å gå, går ein jak fullstendig amok. Eigaren har prøvd å lasta to store tønner med ekspedisjonsutstyr på han, og sannsynlegvis har dette vore smertefullt for han. Den eine tønna blei hengande fast i eit par meter langt tau rundt horna på han, og når oksen i panikk kastar seg rundt att og att, roterer tønna i stor fart i takt med dei ville kasta til oksen. Lokket blir slått av tønna, og innhaldet blir slengt utover eit stort område. Heldigvis er ikkje tønna mi.

Rett før me skal starta å gå, streikar jakdrivarane. Dei hevdar at tønnene er for tunge, og dei vil ha betre betalt. Dette er ikkje noko nytt, eg venta berre på at det skulle skje. Det er rein utpressing, og omtrent alle uavhengige ekspedisjonar blir utsette for dette. Jakdrivarane veit at me er svært motiverte for å starta vandringa innover mot fjellet, og for kvar time som går, minkar sjansen for at me skal klara å nå fram til mellomleiren i løpet av dagen. Til slutt har me ikkje noko anna val enn å betale dei nesten 2000 dollarane dei forlanger.

Landskapet innover mot Cho Oyu er eventyrleg flott, med gigantiske brear og sylskarpe fjell som reiser seg mot himmelen. Dette er same vegen som tibetanske handelsreisande har gått i alle år over til Namche Bazaar i Khumbu-dalen i Nepal. I eldre tider var det fyrst og fremst salt og ull som blei transportert over passet Nangpa La. I dag fraktar dei billege soveposar, ryggsekker, dunjakker og diverse klede. Alt under falske merkenamn, sjølvsagt, til dei små butikkane i Namche Bazaar som sel utstyr til turistane som er på veg opp til Mount Everest Base Camp på sørsida av fjellet. Alle slags handelsvarar, frå tunge jernomnar til kinesiske Coca-Cola-boksar, blir frakta over fjellet. Turen over Nangpa La er farefull, handelsmennene må mellom anna kryssa ein stor bre. For dei som prøver å kryssa grensa ulovleg, er faremomenta endå større.

Nangpa La har nemleg også blitt nytta som fluktrute for tibetanske flyktningar etter at Kina okkuperte Tibet. I dei siste åra reknar ein med at rundt 2500 tibetanarar prøver å flykta over dette passet kvart år. 30. september 2006 opna kinesiske grensevakter eld mot ei gruppe på om lag 75 tibetanarar som prøvde å flykta over grensa til Nepal og derifrå vidare til Dharamsala i India, der Dalai Lama lever i eksil. Mange fjellklatrarar som oppheldt seg i Advanced Base Camp på Cho Oyu, blei augevitne til det som skjedde. Hendinga blei også filma. Kelsang Namtso, ei 17 år gammal nonne, omkom på staden, mens meir eller mindre ubekref­ta meldingar går ut på at så mange som 18 namngitte tibetanarar er sakna etter skyteepisoden. Dei fleste av dei som er sakna, er mellom 10 og 20 år.

Dei fleste av oss er slitne når me etter to dagar kjem fram til Advanced Base Camp, som ligg på 5700 meter. Dette er svært høgt, dei fleste ekspertar er einige om at kroppen ikkje toler høgder over om lag 5500 meter i lang tid. Fjell som er høgare enn om lag 7000 meter, blir klatra på ein annan måte enn lågare fjell. Ein opprettar ein hovudleir, Base Camp, der ein oppheld seg mellom kvar gong ein går høgare opp på fjellet. Ein akklimatiserer best ved å klatra opp til ei viss høgd og halda seg der ei stund, for deretter å gå ned att til Base Camp for å kvila og restituera. Dette gjentar ein fleire gonger, og ein går høgare og høgare for kvar gong ein bevegar seg opp på fjellet. Til slutt, etter det siste opphaldet i Base Camp, er ein klar for toppstøyten. Men sidan det er så langt ned til Base Camp på Cho Oyu, oppheld dei fleste klatrarane seg i Advanced Base Camp i kvileperioden mellom kvar støyt høgare opp på fjellet. Dette betyr at Cho Oyu sannsynlegvis er den 8000-metringen som i praksis har den høgastliggande hovudleiren.

Dei fyrste par dagane etter at me kjem fram til Advanced Base Camp, kviler eg. Det gjeld å ha god tid når ein klatrar så store fjell. Eg er forholdsvis konservativ når det gjeld akklimatiseringsstrategi. Mitt hovudprinsipp er at eg bruker lang tid på høgder opp til om lag 6500 meter, men forholdsvis kort tid høgare enn dette. Dette er heilt på linje med dei gamle heltane som til dømes Reinhold Messner, som meinte at den viktigaste delen av akklimatiseringa skjer mellom 5000 og 6000 meter. Det er interessant å lesa om mange av dei store og kjende klatrarane gjennom tidene, korleis dei etter lang erfaring med høge fjell endar opp med å bruka mindre og mindre tid over 6500 meter før toppstøyten. Dette er fordi kroppen sakte, men sikkert blir broten ned i store høgder. Eg likar derfor heller ikkje å overnatta høgare enn 7000 meter, sjølv på toppstøyten. Over 7000 meter går nedbrytingsprosessen i kroppen ekstremt raskt, og det er usikkert om du oppnår nokon akklimatiseringsgevinst i slik høgd i det heile. Då Messner gjennomførte sin historiske ekspedisjon til toppen av Mount Everest sommaren 1980, åleine utan kunstig oksygen, overnatta han ikkje høgare enn 6400 meter før toppstøyten.

Advanced Base Camp er etablert midt i store morenehaugar i utkanten av den gigantiske breen som fløymer ned frå Cho Oyu. Kviledagane i denne leiren prøver eg å gjera så behagelege som mogeleg. Eg har eit svært tjukt liggeunderlag for best mogeleg sovekomfort. I og med at jakoksar fraktar mesteparten av utstyret, har eg også med meg bøker, blad, MP3-spelar og andre ting som gjer kviledagane mest mogeleg komfortable. Og sjølvsagt mykje snop.

Men sjølv kviledagane kan vera ubehagelege på store fjell. Den tynne lufta skapar reaksjonar i kroppen, og Cheyne-Stokes-anfall er eit velkjend problem. Desse anfalla opplever dei fleste som klatrar ekstremt høge fjell, i større eller mindre grad. Akkurat idet ein er i ferd med å sovna, «gløymer» kroppen at han må pusta mykje djupare og kraftigare enn normalt. Dermed bygger det seg opp oksygenunderskot i lungene. Heldigvis har kroppen ein «tryggleiksventil» som gjer at ein vaknar før ein faktisk blir kvelt, men det er oppvakninga som er den ubehagelege delen av anfallet. Eg vaknar med eit rykk og føler at eg blir kvelt. I panikk slår eg ut med armane, men blir stoppa av soveposen. Pusten går i kraf­tige rykk. Eg får etter kvart kontroll over kroppen og pustar hektisk i eit halvt minutt. Eg kjenner at eg roar meg meir og meir ned. Eg konsentrerer meg om å pusta djupt og kraf­tig og blir søvnig att. Kjenner at eg på nytt glir inn i drøymeland. Ein god kjensle, men det er ubehageleg å vita at eg om kort tid kjem til å bråvakna att med dødsangst og panikk. Sakte glir eg inn i drøymeland, pusten roar seg ned – altfor mykje. Så byr Mr. Stokes opp til dans att. Cheyne-Stokes-anfall herjar vilt med ein sliten kropp som treng desperat til restitusjon og kvile etter tøf­fe dagar høgt på fjellet. CheyneStokes er mest vanleg på høgder omkring 5000 meter. Nokre timar seinare har anfalla gitt seg, men eg vaknar likevel. Tissetrengd. Famlar etter tisseflaska, gidd ikkje å gå ut av teltet – ut i kulda. Fort, få av korken. Oppi med han. Håper berre eg ikkje har så mykje at flaska blir for lita. Det stig faretruande fort, eg veit at det er komplett umogeleg å stenge «ventilen» mot slutten. Eg visste eg skulle tatt literflaska og ikkje halvliteren…

Det er dessverre eit faktum at tibetanarar kan vera langfingra, og fleire i gruppa vår blir utsette for dette. Det er spesielt viktig å unngå å setta ting i forteltet, då det er lett å fiska dei ut under teltduken utan å opna glidelåsen. Mellom anna forsvinn eit par joggesko, som gjer at vedkommande som har mista dei, må bruka dei tunge og stive storskoa sine på den lange vandringa ut frå fjellet. Også eg blir utsett for nasking, men av meir komisk karakter. Ein morgon er tisseflaska mi borte. Eg set ho alltid ut i ytterteltet etter bruk for å unngå problem dersom korken skulle vera utett. Eg mistenker ein av tibetanarane, men klarer ikkje å bli sint på han. For det fyrste var det ikkje noko særleg verdi i flaska, og eg har reserveflaske. Dessuten reknar eg med han har fått si velfortente straff. Han trudde nok det var noko drikkande på flaska.

Etter nokre dagar i Advanced Base Camp er det klart for den fyrste turen oppover på sjølve Cho Oyu. Toppen ragar 2500 meter over leiren. Dei fleste i Base Camp kastar eit blikk opp mot toppen idet dei kjem ut av teltet om morgonen, og idet dei går og legg seg om kvelden. Og sjølvsagt mange gonger i løpet av dagen. Nokre ansikt er prega av nervøsitet og frykt, mens andre er prega av forventning. Det psykiske aspektet ved det å klatra høge fjell må ikkje undervurderast. Mange trur sikkert at det berre er god fysikk og klatreteknikk som er viktig på slike fjell, men det som feller dei fleste, er faktisk psyken. Det tar på å sjå stormane herja på fjellet, i alle fall når rapportar om ulykker og uhell høgare oppe på fjellet når ned til Base Camp.

Vegen opp til Camp 1 på 6400 moh. er enkel teknisk sett. Dersom det ikkje er nysnø, kan du faktisk gå i joggesko. Fyrst er det nokre kilometer i slak motbakke på morenemassane på breen, før ein dårleg og stupbratt sti oppover laus sand og stein tar deg opp til leiren som ligg på ein snødekt rygg med spektakulær utsikt. Bakken er tøff å komma seg opp fysisk, fordi du heile tida må vera merksam på steinar som kan komma i stor fart ned den bratte fjellsida. Steinane kan losna fordi andre klatrarar trakkar på dei, eller fordi sola smeltar is og snø som held dei på plass.

Fyrste gongen eg går opp denne bakken, er det eit slit. Eg har ein forholdsvis lett ryggsekk, likevel blir eg forbigått av ei dame med ein ryggsekk som heilt sikkert er mykje tyngre enn min. Eg er ikkje akklimatisert for denne høgda, men det er ho. Etter kvart som ein blir betre akklimatisert, blir det stadig lettare å gå oppover fjellet. Men uansett kor lenge du akklimatiserer, vil du aldri oppleva at du blir like sterk og rask som heime. Det låge oksygennivået gjer det umogeleg å yta det same som på havnivå. Dei fleste vil byrja å merka høgda ein stad mellom 2500 og 3000 moh. Det vil seia at du kanskje ikkje vil merka noko til dette fenomenet sjølv på dei høgaste fjella i Noreg. Men det påverkar deg også der. Om du kanskje ikkje oppfattar det sjølv, er det litt tyngre dei siste høgdemetrane opp mot toppen av Galdhøpiggen enn dei fyrste metrane då du starta frå Spiterstulen. Og det er ikkje berre fordi du på dette tidspunktet har mange høgdemeter i beina, men fordi oksygenmengda i luf­ta rundt deg er lågare. Dette kan kanskje vera ei trøst neste gong du slit deg dei siste metrane opp mot toppvarden på eit av dei høgaste fjella i Noreg.

Fyrste gongen eg går opp til Camp 1, planlegg eg ikkje å overnatta. Eg set opp eit telt som eg skal bruka neste gong eg kjem opp. Eg grev det godt ned i snøen og bardunerer det svært grundig. Det har fleire gonger skjedd at telt har blåse av ryggen, og då stoppar det ikkje før mange hundre meter lenger nede på breen. Eg kokar meg mat og får i meg mykje drikke. Å halda væskebalansen i orden er noko av det viktigaste å passa på når ein er på så høge fjell. Sjølv om ein er høgt oppe, kan temperaturen i sola bli høg. Lufttemperaturen i skuggen blir aldri høg, men strålevarmen kan vera intens. På grunn av den tørre luf­ta merkar ein likevel ikkje at ein sveittar mykje, og det er fort gjort at ein blir lurt og ikkje drikk så mykje som ein bør.

Turen ned att blir unnagjort på under to timar. Så er det att ein dag eller to med kvile i Advanced Base Camp før det er klart for neste støyt oppover fjellet. Denne gongen planlegg eg tre overnattingar i Camp 1, og planen er å komma meg opp til Camp 2 på litt over 7000 meter ein av dagane. Eg merkar tydeleg at eg er betre akklimatisert. Det går lettare og fortare denne gongen trass i at eg har tyngre ryggsekk enn førre gong. Neste dag startar eg tidleg frå leiren for å få så mange timar som mogeleg høgt oppe. Den største tekniske utfordringa ligg på om lag 6700 moh., ein bratt ti meter høg isvegg på den smale ryggen. Men han er betrakteleg enklare enn eg hadde frykta, etter det eg blei fortalt av dei som kom ned frå Camp 2 dagen før. Den subjektive oppfatninga av fare og vanskegrad kan variera mykje frå person til person. Sjølv om eg oppfattar dette partiet som enklare enn dei eg snakka med i går, kan det vera tvert motsett dersom ein for eksempel klatrar på klippe. Mennesket si oppfatning av fare er i stor grad basert på i kor stor grad ein beherskar det ein driv med.

Vidare oppover er terrenget enkelt. Dei siste metrane opp til Camp 2 er svært tunge, og då eg endeleg når leiren, set eg meg berre rett ned i snøen for å kvila. Det er ein fin dag, og eg planlegg å vera her nokre timar. Utsikta er kanskje den flottaste eg har opplevd i heile livet mitt. Sylskarpe tindar og rygger mot sør og den tibetanske høgsletta i nord.

Nesten to veker etter at eg kom til Advanced Base Camp, føler eg meg klar til å støyta mot toppen. Eg har akklimatisert bra og har også vore heldig og gått klar av alle sjukdommane som herjar i Advanced Base Camp. Eg er den einaste i år som prøver å klatra fjellet utan å etablera leirar på førehand. Tradisjonell ekspedisjonsstil er å etablera leirar stadig høgare på fjellet ved hjelp av sherpaer. Når ein er ferdig akklimatisert, kan ein dermed gå frå telt til telt oppover fjellet.

Etter den siste akklimatiseringsturen pakka eg med meg alt utstyret og tok det med ned til Advanced Base Camp att. Eg planlegg uansett å ikkje bruka Camp 1 på sjølve toppstøyten, og eg vil ha alt utstyret med meg i ryggsekken når eg startar frå Advanced Base Camp. På denne måten er eg heilt uavhengig av etablerte leirar og kan setta opp leiren min akkurat kvar eg vil. Det betyr at eg må bera med meg alt utstyret frå Advanced Base Camp. Telt, sovepose, liggeunderlag, kokeutstyr, mat, klatreutstyr osv. Det er mogeleg å klatra på denne måten i Himalaya berre dersom du har superlett utstyr. Teltet mitt veg berre 1,5 kilo.

Eg har om lag 13 kilo på ryggen idet eg startar frå Advanced Base Camp. Den fyrste dagen satsar eg på å nå heilt opp til Camp 2. Det er om lag 1400 høgdemeter med forholdsvis tung ryggsekk i svært tynn luft. Eg er spent idet eg traskar ut frå leiren, men eg har følt meg veldig sterk og godt akklimatisert dei siste dagane. Eg er derfor optimist, og det går også svært lett oppover fjellet. Men eg har nokre kraf­tige hosteanfall rett før eg passerer Camp 1, som fører til at eg må brekka meg fleire gonger.

Eg når Camp 2 utpå ettermiddagen, sliten, men veldig nøgd med å ha gått to normale dagsetappar på éin dag. Camp 2 ligg på den siste nesten flate plassen før det verkeleg blir bratt. Frå dette punktet er det bratt heilt opp til topplatået. Eg planlegg ikkje å bruka Camp 3, som ligg på rundt 7500 meter, eg vil prøva å gå direkte frå Camp 2 til toppen. No er det viktig å gjera dei riktige tinga. Eta, drikka og kvila.

Klokka 01 om natta går alarmen på klokka mi, og eg førebur meg på å krypa ut av soveposen. Men då eg kikkar ut, snør det, det er slett ikkje bra. Skredfaren aukar fort, og i tillegg blir det mykje tyngre å gå når ein må trakka spor i nysnøen. Eg bestemmer meg for å utsetta starten i nokre timar for å sjå om vêret blir betre. Problemet med sein start er at ein står tilsvarande seint på toppen. Ofte dannar det seg lokale stormar rundt dei høgaste fjella i Himalaya utpå ettermiddagen. Klokka 03 er vêret mykje betre, og eg startar den lange prosessen med å smelta vatn, knyta på meg storskoa og få i meg nokre kaloriar.

Det er stjerneklart idet eg kjem ut av teltet. Himalayas stortoppar skimtest i ljoset frå stjernene. Stemninga er ubeskriveleg, og eg blir ståande ei stund og nyta synet etter kvart som augo ven seg til det svake ljoset. Men det er kaldt – svært kaldt. Eg må komma meg i gang, slik at ikkje kulden får sett seg i kroppen.

Då eg passerer Camp 3, møter eg ei jente frå Brasil som akkurat kjem ut av teltet og skal starta mot toppen. Eg hjelper ho på med stegjerna, men eg får umiddelbart ei dårleg magekjensle. Det verkar som ho ikkje har mykje erfaring, og ho ser sliten ut alt før ho startar klatringa mot toppen. Eg håper eg tar feil, men seinare same dag skal det visa seg at eg får ubehageleg rett.

Det tekniske partiet rett over Camp 3 går forholdsvis greitt. Eg koplar meg inn på det faste tauet, men fordi det ser både tynt og slite ut, klatrar eg som om eg ikkje har noka sikring. Eg har ikkje jumar, det vanlegaste sikringsmiddelet for denne typen klatring, men ein liten tibloc. Jumar er enkelt fortklart eit slags handtak med ein klemmefunksjon som ein koplar på tauet. Klemmefunksjonen fungerer slik at han låser mot tauet når du belastar han nedover, det vil seia når du drar deg opp, mens det er enkelt å skyve han oppover tauet. Tibloc er eit svært lite og lett sikringsverktøy som fungerer nesten på same måten, men det er ikkje berekna på å dra seg oppover med. Det glir berre oppover tauet mens du klatrar. Dersom du fell, vil det umiddelbart låsa mot tauet.

På veg oppover det store snøfeltet mot toppen, på om lag 7900 meter, oppdagar eg brått ein klatrar på veg nedover mot meg. Eg såg ikkje hovudlykter framfor meg mens det enno var mørkt, så eg gjekk ut frå at det ikkje var nokon over meg på fjellet. Då han kjem ned til meg, stoppar me og snakkar saman. Han er frå Tyskland og er svært lykkeleg over å ha nådd toppen. Me vekslar berre nokre få ord før han fortset nedover. Den siste halvannan timen går eg over det flate toppartiet. Det er rett og slett ei kjempestor flate på toppen, og det er ikkje så enkelt å sjå nøyaktig kva som er det høgaste punktet. I tillegg har skyene no senka seg nedover fjellet, og dermed er det endå verre å finna toppunktet. Eg ser ikkje nokon horisont, og det er umogeleg å avgjera om det er flatt, eller om det går svakt oppover eller nedover. Men heldigvis er det gode spor, så då spora sluttar, er det i utgangspunktet ingen tvil om at eg er på toppen. Eg når toppen seks og ein halv time etter at eg starta frå Camp 2. Det er ein god del raskare enn eg hadde rekna med, og eg er svært nøgd. Men eg synest absolutt det verkar som om det går svakt oppover ut på den høgre sida mi, så eg går eit godt stykke til før eg føler at det byrjar å gå nedover att. Her er det ikkje noko spor. Det er fort å bli lurt, så eg veit ikkje om det faktisk var høgare, eller om det berre var eg som trudde det. Det er enklare med fjell som har eit skarpt og definitivt toppunkt. På grunn av skyene er det inga utsikt. Eg veit at eg no hadde sett rett inn i nordveggen på Mount Everest lenger sørvest.

Etter ein kort kvilepause på toppen byrjar eg på den lange vegen ned att. Halvvegs ned att mot Camp 2 møter eg att den brasilianske jenta. Ho hadde mista vassflaska si, og i løpet av få sekund hadde flaska sannsynlegvis hamna eit par tusen meter lenger ned. Ho byrjar derfor å bli dehydrert. Ho er ekstremt sliten, og eg for klarer henne at det er svært langt att til toppen, og at ho ikkje har sjanse til å klara det. Ho er einig, og då eg går vidare nedover, ser eg at ho kjem etter meg. Ho må deretter ha ombestemt seg på nytt og gått oppover mot toppen att, for eit døgn seinare finn ein annan klatrar henne forkommen lenger oppe mot toppen. Ho blir hjelpt nedover fjellet, men rykta går om at ho seinare måtte amputera fleire fingrar og tær.

Etter ei god natts søvn i teltet mitt på 7100 meter er eg forholdsvis utkvilt og i fin form. Tormod står på toppen dagen etter meg. Eg får fyrsteklasses utsikt då han kjem svingande nedover mot Camp 2 på ski. Eg kan berre tenka meg kor tungt det må vera å svinga i slik høgd. Nokre dagar seinare køyrer også Tomas på ski ned frå toppen.

Ved det tekniske partiet ved 6700 meter er alle spor føykte att, og eg føler at eg glir ut for kvart steg eg prøver å setta, sjølv med stegjern. Etter dette partiet er det berre bratt «vandring» att før eg er attende i Advanced Base Camp – utsliten, men glad. Eg har inga mediedekning av ekspedisjonen min og har knapt nok ringt heim ein einaste gong i løpet av turen. No ringer eg kameraten min Mads, som legg informasjon ut på nettstaden sin om at eg har nådd toppen. Det blir natt før eg får lagt meg, etter «summit-cake» og feiring til langt på kveld. Fyrst då eg ligg i soveposen, får eg tid til å byrja å fordøya inntrykka frå fjellet. Eg er utruleg nøgd med at alt gjekk slik som eg hadde planlagt. Eg brukte berre to overnattingar totalt på heile toppstøyten, det vanlege er fire eller fem. Det er det aller viktigaste når ein klatrar slike fjell – ikkje å opphalda seg mange netter i stor høgd. Men mest av alt er eg glad for at eg gjorde alt på ein trygg måte, eg tok ingen sjansar og følte aldri at eg gjekk over grensa for kva eg hadde kontroll over. Eg sovnar med ei god kjensle i kroppen. Håper berre ikkje Mr. Stokes er ute etter ein dansepartnar i natt også.

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Cho Oyu 2004 46

Dagen etter toppstøytet merkar eg at eg ser litt dårlegare på venstre auga. Eg har ein mistanke om kva det er, og får det bekref­ta då eg kjem attende til Noreg og besøker ein augelege. Eit lite blodkar har blitt sprengt inne i auga, og det påverkar synet. Ikkje noko uvanleg ved klatring av høge fjell, og i løpet av nokre veker er alt som normalt att. Men det illustrerer eit av faremomenta ved klatring i stor høgd. Dersom dette skjer i hjernen, er det brått langt meir alvorleg.

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.