• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

MONT BLANC PÅ EIN DAG

AUGUST 1995
 

Utdrag frå boka mi: Livet i fjella
Sjå fleire bilete nederst på sida

Mont Blanc 95 Jarle Tr 6 Rute


Gjennom den store kikkerten som var sett opp på torget framfor rådhuset, kunne innbyggarane i den vesle landsbyen Chamonix følgje dramaet som fann stad 3800 meter over dei, på toppen av det høgaste fjellet i Alpane. Michel-Gabriel Paccard og Jacques Balmat sleit seg opp det siste stupbratte brefallet mot toppen som ragar heile 4808 meter over havet. Dei kunne sjå at den eine nådde toppunktet før den andre, men kven som var fyrst, får me aldri vita. Då dei etter ein farleg tur ned gjennom brefallet totalt utslitne endeleg stod trygt i Chamonix sentrum att, hevda begge at dei var fyrst på toppen. Paccard og Balmat tok svaret med seg i grava. Verda vil aldri få vita heilt sikkert kven som var fyrst på Mont Blanc – Det kvite fjellet – og som dermed la grunnsteinen for den alpine klatretradisjonen.

Dette skjedde sommaren 1786, men Chamonix har den dag i dag ei enorm tiltrekningskraft på eventyrlystne på grunn av dei ville fjella som omkransar byen. Den vesle byen trekker til seg dei mest ekstreme utøvarane av dei fleste ekstremsportane som har med høge fjell å gjera. Sommaren 1995 var eg i Chamonix. Det var også Tobiasz Ratajczak frå Polen. Me møttest tilfeldigvis på eit fjell på nordsida av dalen. Tobiasz hadde tenkt den same tanken som meg – var det mogeleg å klatra opp Mont Blanc på éin dag, utan overnatting undervegs? Det ville bety 3800 høgdemeter rett opp og det same rett ned att. Det ville bli tøft, men me trudde det skulle gå. Me visste begge at å gjera det åleine ville vera svært risikabelt, så det var ein stor fordel at me no var to.

Polske alpine klatrarar er ikkje heilt som andre klatrarar. Av dei 14 fjella i verda som er over 8000 meter, har til no åtte vore klatra om vinteren. Det er ikkje tilfeldig at polske klatrarar har vore involverte i alle åtte ekspedisjonane. Dei har ei eiga evne og ein vilje til å lida for å nå måla sine, og dei er i tillegg ofte svært dyktige teknisk. Austeuropeiske klatrarar er også kjende for å gjennomføra ekspedisjonane sine på veldig låge budsjett. Også Tobiasz var av typen som sparte sine zloty, og han hadde derfor haika frå Polen til Chamonix. Han hadde slått opp teltet sitt i grøf­ta ved hovudvegen inn mot Chamonix rett aust for sentrum. Eg fekk overtalt han til å ta eit par netter på same campingplassen som eg budde på, slik at planlegginga og gjennomføringa av turen skulle bli litt enklare.

Fjellskoa hans var totalt utslitne, og stegjerna hang på berre av gammal vane. Det alpine museet i Chamonix hadde nok blitt veldig entusiastiske dersom dei hadde fått tak i isøksa hans, og Gore-Tex-membranen i jakka og buksa hans hadde ekstremt store porer, for å seia det på den måten, faktisk fleire centimeter store. Men dette hindra han ikkje i å vera positiv og optimistisk framfor den litt spesielle fjellturen som venta oss. Entusiasmen og naturgleda hans viste meg at ein ikkje er avhengig av dyrt og avansert utstyr for å lykkast med å klatre dei store fjella – det er innstilling og haldning som er det viktigaste. Eg var med Tobiasz i den katolske kyrkja dagen før me skulle gjera forsøket. Han ville ha alt i orden med dei høgare makter før han sette i gang.

Paccard og Balmat brukte over tre døgn på turen, og dei hadde med seg mange berarar. No skulle eg og Tobiasz prøva oss på det same, men me hadde berre eitt døgn på oss og skulle bera alt utstyret sjølve. Me visste at få hadde gått denne ruta i heile si lengd, og sannsynlegvis ingen utan å overnatta undervegs. Denne ruta er uforsvarleg å gå åleine, så eg hadde eigentleg tenkt å gå ei av dei litt enklare rutene. Tusenvis av menneske står på toppen av Mont Blanc kvart år, men dei blir frakta delar av turen med enten heis eller tog. Gouter-ruta er lang, men ikkje spesielt teknisk vanskeleg. På denne ruta må ein finna seg i å gå i kø i høgsesongen. Ruta fra Aiguille du Midi er forholdsvis kort, om lag 1100 høgdemeter, men heller ikkje denne ruta er spesielt utfordrande teknisk.

Me sneik oss ut frå campingplassen for ikkje å vekka dei andre gjestene. Klokka 03.00 om natta stod me ved foten av statuen av Paccard og Balmat midt i Chamonix, der dei står og pekar opp mot toppen. Me passerte eit par diskotek og uteplassar der det var full rulle, og me lurte vel litt på kva me eigentleg hadde gitt oss i kast med akkurat då. Det gjorde nok gjestene også, for det vanka nokre kommentarar der me kom ruslande med klatreutstyr tidleg på natta. Litt artig var det at då me kom ned att nesten eit døgn seinare, møtte me faktisk eit par av dei same personane på same staden – like fulle.

Me gjekk ut av byens ljos og oppover den stupmørke skogen. Hovudlyktene lyste opp stien som slyngde seg dei fyrste 1500 av dei 3800 høgdemetrane oppover mot toppen. Me snakka ikkje mykje dei fyrste timane, i hovuda våre kverna tanken på det som låg framfor oss. Europas høgaste brefall, med tallause lumske bresprekkar og med konstant fare for snøskred sjølv midt på sommaren. Det er ikkje rart at innbyggarane i Chamonix såg på Mont Blanc som heilt umogeleg å ta seg opp heilt fram til 1786. Det er rart kor stor sjølvtillit ein har når ein planlegg ein slik tur, for så å oppleva at tvilen kjem snikande etter kvart som det nærmar seg. Kor farleg er eigentlig brefallet? Er me godt nok akklimatiserte? Kva skjer dersom me får uvêr på toppen? Eg kan berre innrømma det med ein gong. Både eg og Tobiasz var uerfarne og la lite vekt på sikkerheit på denne turen. Eg hadde aldri gjort det same usikra i dag. Me hadde berre stegjern og isøkser, ikkje tau og klatresele. Me passerte bresprekkar og klatra bratte isparti som er langt over den grensa som eg set for usikra ferdsel i dag. Me var unge og naive. Heldigvis gjekk det bra. Lykka er som regel betre enn forstanden.

Då me kom til den gamle utrangerte heisstasjonen som tidlegare var mellomstasjon på den opphavlege Aiguille du Midi-taubanen, la me att ein del utstyr, mellom anna kokeutstyr, mat og hovudlykter. Då me nærma oss brefallet, hadde me lagt bak oss 1500 høgdemeter. No stod 2300 høgdemeter gjennom brefallet framfor oss. Me hadde forholdsvis tunge ryggsekker sidan me måtte bera med oss drikke for ein svært lang dag. Soloppgangen var fantastisk flott, og det var merkeleg korleis fjellet brått ikkje verka så skremmande og ugjestmildt som det gjorde i det svake måneskinet på byrjinga av turen. Me gjekk fleire stader gjennom farlege sprekkområde, og me måtte vera topp konsentrerte. Me blei etter kvart skikkeleg slitne, og då me passerte 4000 meter, byrja me også for alvor å merka høgda.

Glacier des Bossons er det høgaste brefallet i Europa og får norske brearmar til å likna på ein dårleg preparert akebakke i forhold. Snøen som legg seg på toppen av Mont Blanc, sig sakte men sikkert ned langs fjellet og vil etter mange hundre år smelta av på enden av brefallet 3500 høgdemeter lenger nede. Dei færraste norske brearmane er over 1000 meter høge. Me var no over dei farlegaste partia på breen, og det blei meir og meir nysnø. Me hadde ingen spor å gå etter, så me måtte trakka våre eigne spor i djup snø. Tobiasz byrja å bli svært sliten, faktisk så sliten at eg tvilte på at han ville klara å nå toppen. Å fortsetta vidare kvar for oss, eg mot toppen og han ned att, var ikkje noko alternativ. Sjølv om me gjekk usikra, var det ein tryggleik i å vera to dersom noko skulle skje. At han venta på meg mens eg gjekk til toppen, var heller ikkje noko bra alternativ, då det var kaldt og vinden stadig auka i styrke. Sikten byrja også å bli dårleg.

Tobiasz hang stadig oftare over stavane for å prøva å få att pusten. Me kom etter kvart til Vallot hut, redningshytta som ligg på 4400 meter. Denne hytta blei bygd då det for alvor blei populært å klatra Mont Blanc, og ho skal ha redda rundt 400 personar frå døden. Ho står akkurat der vår rute kom inn på normalruta. Eg foreslo at Tobiasz kunne venta her fordi dei siste 400 høgdemetrane opp til toppen går på ein bratt og skarp egg. Men det var heilt uaktuelt for Tobiasz, han ville vera med til topps. Når Tobiasz omtrent sjangla seg oppover ryggen med is rett ned på begge sider, kunne eg ikkje gjera anna enn å håpa at han hadde betre kontroll enn det såg ut til.

14 timar og 3800 høgdemeter etter at me starta, stod me på toppen av det høgaste fjellet i Alpane. Me hadde forholdsvis bra vêr akkurat på toppen, og mange andre fjell på over 4000 meter stakk opp av skyene rundt oss, mellom anna såg me Matterhorn langt mot aust. Me hadde nesten ikkje møtt eit menneske heile dagen, men akkurat på toppen møtte me eit par som hadde gått opp normalruta, og me fekk dei til å ta bilete av oss. Ho hadde store problem med høgdesjuka, og tårene rann heile tida mens me snakka med ho. Sjølv på fjell mellom 4000 og 5000 meter bør ein akklimatisera, elles er det ein stor risiko for at ein får ei svært ubehageleg oppleving.

Tobiasz var no så sliten at han stadig måtte setta seg ned og kvila. Uvêret hadde lagt seg lenger nedover i fjellsida, og me fekk litt problem med å finna att ruta då me gjekk ned i sjølve brefallet. Etter litt søking fann me att spora våre, og nedover det stupbratte brefallet måtte me heile tida vurdera kvar det var tryggast å legga ruta. Det gjekk sjølvsagt langt fortare ned att, og utan uhell tok det berre fire–fem timar ned til der me gjekk ut av brefallet. Då me endeleg hadde fast grunn under fjellskoa att, skal eg ikkje legga skjul på at me var svært letta. Breen var langt farlegare enn me hadde trudd, og me var ikkje utstyrte for ein slik tur. Men i området me no gjekk inn i, var det andre farar som trua. Dei bratte partia me måtte kryssa for å komma bort til der stien byrja, blei bombarderte av steinar som kom frå hengebrear og lause fjellparti høgt over oss på fjellet Aiguille du Midi. Me lista oss frå bergnabbe til bergnabbe slik at me hadde vern dersom noko stort skulle komma. Heldigvis høyrde me steinane som spratt nedover, lenge før dei nådde oss, slik at me hadde nokre sekund på å komma oss i sikkerheit før dei eksploderte ein eller annan stad ikkje så langt unna oss. Dette problemet hadde me ikkje i mørket på veg opp, då minusgradene stort sett heldt steinane på plass.

Gleda over å finna att den trygge og kjende stien var stor. Men ein stor skuf­felse venta. Då me nådde den gamle heisstasjonen, var utstyret og maten vekke. Bortsett frå i Himalaya, der dette skjer stadig vekk, har eg aldri opplevd noko liknande verken før eller sidan. Mat, kokeutstyr og hovudlykter var stolne, og me kunne no sjå fram til ein mørk tur 1500 høgdemeter ned den stupbratte stien til Chamonix. Det var heldigvis bortimot fullmåne, men dei store trea gjorde likevel at det var vanskelig å sjå stien. Men det verste var likevel det at me ikkje fekk i oss mat.

Me stoppa ofte for å kvila, og eg hugsar spesielt ein gong me sette oss ned på ein stor stein. Plutseleg bråvakna me av at me begge fall ned på stien. Me hadde tydelegvis sovna rygg mot rygg og tippa over til eine sida. Heldigvis tippa me oppover; hadde me gått den andre vegen, hadde me nok gjort nokre rundkast nedover den stupbratte skogen før me hadde stoppa.

Då me rusla inn mot statuen av Paccard og Balmat nøyaktig 22 timar etter at me starta, var det berre mat og drikke som stod i tankane våre. Men me hadde sjølvsagt gløymt å ta med pengar, og fordi me budde på ein campingplass to kilometer forbi sentrum, måtte me berre traska rett forbi burgersjapper og pizzarestaurantar. I teltet delte me nokre tørre brødskiver, ein boks polske sardinar og ei flaske vatn.

Seinare har eg stått på toppen av meir enn 25 fjell over 4000 meter i Alpane, og eg har vore på toppen av Mont Blanc fleire gonger, men denne turen vil for alltid stå som den mest spesielle eg har gjennomført i Alpane. 

 

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

Mont Blanc 95 Jarle Tr 8

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.