• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

oktoBER 2021

 

SUNDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1187
Sykkel frå Donnas opp til Champorcher. Asfalt opp og delvis på den gamle kongevegen ned att.

1017 3

1017 3

1017 3

 

LAURDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Alta Luce (3184m) frå Staffal
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1408

1016 1

1016 7

1016 7

1016 7

Lyskamm (4527m)

1016 7

 

FREDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1644
Sykkel frå Point-San-Martin inn Valle del Lys via Gressoney til Staffal. Staffal ligg rett under Lyskamm (4527m).

1015 3

1015 3

1015 3

 

TORSDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Corno Bussola (3023m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1885

1014 6

1014 6

1014 6

1014 6

1014 6

Matterhorn til venstre, Monte Rosa-massivet til høgre

1014 6

Mont Blanc til høgre

 

ONSDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1637
Sykkel frå Champoluc på kjerreveg  opp til Alpe di Ferra og vidare på joggesko opp til litt forbi Rifugio Ottorino Mezzalama (3036m). Snudde ved 3200m då det vart mykje snø.

1013 10

1013 10

1013 10

1013 10

1013 10

1013 10

1013 10

1013 10

 

Frå arkivet:  På dagens tur var eg rett under Breithorn, Pollux, Castor og Monte Rosa-massivet. Spennande å sjå desse fjella frå sørsida til ein forandring. Her er ein del bilete frå Øyvind og meg sine mange klatreturar på desse fjella, og andre 4000-metringar i Alpane.

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 14

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Dette var vår årvisse leir på campingplassen i Täsch, nabolandsbyen til Zermatt. Me var sikkert ikkje så populære hjå naboane våre... Ikkje såg det bra ut - og me stod ofte opp midt på natta. Men me hadde kun fokus på store fjell, og dette var berre ein base for å kvile mellom slaga. Og når me ikkje klatra, så brukte me tida på sykkelen.
(Til vårt forsvar så trur eg dette biletet vart tatt midt i oppryddinga etter ein storm som hadde herja med leiren vår mens me var i fjellet)

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35

Alpane 35 

Alpane 41

Alpane 41

Alpane 41

Alpane 41

Alpane 41

Alpane 41

 

TYSDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1537
Har forflytta meg til ein ny dal - Valle di Ayaz. Frå Verres via Antagnod til Champoluc. Via Periasc ned att. Champoluc ligg rett under 4000-metringane Breithorn, Pollux og Castor.

1012 9

1012 9

1012 9

1012 9

1012 9

1012 9

 

MÅNDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Fjelltur (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1623
Sykkel frå Valtournenche til Cervinia og vidare på kjerreveg opp til Rifugio Duca degli Abruzzi (2802m) som ligg ved foten av Matterhorn på sørsida. Dei fleste som klatrar Matterhorn frå Italia overnattar her, før dei startar mot toppen. Som regel tar dei ei overnatting på Rifugio Carrell (3830m) også, som er ei av dei mest eksponerte hyttene i Alpane der den ligg på den sylskarpe Liongrat - sørvestryggen på Matterhorn. Eg fortsatte på joggesko så langt oppover som det er mogeleg å komme utan klatreutstyr (ca. 3170m).

1011 1

Fin soloppgang på Matterhorn

1011 17

Cervinia

1011 17

1011 17

1011 17

Rifugio Duca degli Abruzzi (2802m) ligg 1700 høgdemeter rett under toppen av Matterhorn

1011 17

Det er uvanleg med klatring på Matterhorn så seint på hausten etter at nysnøen har lagt seg. Så eg vart overraska då det plutseleg kom eit ambulansehelikopter og heiste opp ein person frå ryggen rett ved Rifugio Carrell (3830m). Det stod eit einsleg lite einmanns-telt rett over Rifugio Duca degli Abruzzi, så kanskje det var ein som hadde forsøkt seg åleine mot toppen.

1011 17

1011 17

Eg snudde då eg nådde breen midt i biletet over (og under)

1011 17

1011 17

1011 17

 

Frå arkivet:  Øyvind og eg klatra Matterhorn frå Zermatt via nordaustryggen (Hörnli Ridge) i juli 2002. Været slo om i det me stod på toppen, og me fekk ein litt hektisk tur ned att.

020707 Alpane 2002 7

020707 Alpane 2002 7

 

SUNDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1886
Sykkel frå Chantorné Inferiore til Lago Cignana. Joggesko opp til Gran Lago og Rifugio Perucca-Vuillermoz (2900m). Ned att og opp på Monte Pancherot (2614m). Dette fjellet er kjent for utsikta mot Matterhorn.

1010 11

Breithorn (4164m) stikk opp (til venstre) bak brekuppelen Gobba di Rollin (3899m)

1010 11

1010 11

1010 11

1010 11

1010 11

1010 11

1010 9

Breuil-Cervinia (2050m) er Italia sitt svar på Zermatt, der den ligg rett under Monte Cervino (4478m). Monte Cervino er det italienske navnet på Matterhorn. Grensa mellom Italia og Sveits går over toppen.

1010 11

 

FREDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1093
Frå Filey opp til fjell-landsbyen Chamois (1805m), den einaste landsbyen i Italia du ikkje kan komme til med bil, kun med taubane. I 1965 kunne dei få veg fram til landsbyen, men 95% av innbyggarane stemte mot. I dag er det kun 100 innbyggarar igjen her, og dei er kjent for å leve eit "slow speed" liv i pakt med naturen. Dei har fokus på miljøvenleg energi og klimamessig bærekraft i det meste av det dei gjer. Av den grunn - og sjølvsagt også fordi det er ein veldig koseleg landsby i storslagne omgivelsar - trekker Chamois til seg masse fotturistar om sommaren, men i dag var det knapt ein einaste turist der. Det går ein kjerreveg langs fjellsida til nabolandsbyen, men den er stengt for vanleg biltrafikk.

1008 8

1008 8

1008 8

Frå andre sida av dalen er Chamois den vesle landsbyen oppe i fjellsida til høgre. Taubanen går rett ned i dalen under. Matterhorn til venstre.

1008 8

 

TORSDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Fjelltur (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Cima Bianca (3008m)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1602
Sykkel frå Mongnod til Grotte de Lo Loup, og på joggesko vidare opp på Cima Bianchi med fantastisk utsikt mot Matterhorn og Monte Rosa-massivet. Burde hatt fjellsko i dag, sidan ryggen og toppen var dekt av nysnø. 

1007 11

1007 4

1007 11

1007 10

1007 10

1007 10

1007 10

Dette er utsikta frå "leirplassen" min for tida. Solnedgangen på Matterhorn vart nytt med ein enkel men utsøkt middag - lokal skinke frå Valtournenche, lokal ost frå Mongnod, lokal focaccia frå Mongnod, lokal oliven frå Champagne og lokal rødvin frå Aosta. Uforgløymeleg - både mat og utsikt.

1007 11

 

ONSDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2088
Frå Champagne gjennom mange små landsbyar oppover fjellsida, til Colle di San Pantaleone. Ned på andre sida gjennom endå meir spektakulært plasserte landsbyar til Filey. Vidare inn dalen til Valtournenche, før eg returnerte ned att hovedalen via Chatillon.

1006 6

1006 6

1006 6

 

TYSDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 565
Har forflytta meg over grensa til Aosta-dalen i Italia. I går regna det mykje, så det passa fint å ta ein kviledag. I dag var det opphaldsvær men overskya, så eg tok meg ein tur på fine stiar i dalsida over Aosta. Også litt sightseeing i den historiske gamlebyen i Aosta. Sightseeing på sykkel er perfekt restitusjonstrening.

 

SUNDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 1993
Frå Sion opp Val de Nendaz til Lac de Cleuson og vidare opp til Cabane St. Laurent (2486m). Brunstbrøla til hjorten høyres over alt i dei bratte dalsidene for tida. I dag sat eg ei stund med kikkert og fulgte med på to jevnstore kronhjortar som gjekk rundt og irriterte kvarandre på ei stor fjellhylle høgt over meg. Det var nok rett før det smalt skikkeleg, for det var ingenting som tyda på at dei var einige om kven som var størst.

1003 4

Sveitsarane er kjent for å vera presise, men her overdriv dei litt. Vel var det ein av dei brattaste asfaltvegane eg har sykla, men i underkant av 30% tenker eg er meir reellt.

1003 4

1003 4

1003 4

 

LAURDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2181 opp/1100 ned
Cinq 4000 er eit av verdas mest kjente og tradisjonsrike trailrunning-løp (fjellmaraton) og går frå Sierre til Zinal. Verdas aller beste utøvarar konkurrerer i eit løp som er 31 kilometer og 2200 høgdemeter. Utsikta mot dei høgaste fjella i Alpane pregar løpet, og det er like mykje ein folkefest for massane som ein konkurranse for eliteutøvarane. Starten er 1600 meter rett opp, før resten av løpet bølgar opp og ned - på fantastiske stiar - på vestsida av Val d'Anniviers mot Zinal innerst i dalen. I dag hadde eg traséen stort sett for meg sjølv. Vel framme i Zinal rakk eg akkurat ein god middag på ein koseleg liten kafé, før bussen gjekk ned att til Sierre.

1002 9

1002 9

1002 9

1002 9

1002 5

Matterhorn (4478m)

1002 9

1002 9

1002 9

1002 9

Endeleg dukkar Zinal opp innerst i dalen, og innspurten går bratt ned lia

 

FREDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2047
Frå Sion opp til Col de Sanetsch (2253m), og ned til Sanetschsee på nordsida. Opp over passet att og ned via Chandolin slik at det vart ein fin rundtur. Det er så fine temperaturar at eg brukar kun korttrøye, både til fots og på sykkel. Sjølv på Barrhorn (3610m) brukte eg kun t-skjorte og kort tights.

1001 7

1001 7

1001 7

1001 7

1001 7

1001 7

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.