• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

SEPTEMBER 2021

 

TORSDAG 30 SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 1469
Frå Zinal på spektakulær sti til Cabane du Mountet, og vidare oppover ein morenerygg mot Zinal Rothorn. Snudde på ca. 3000m.

0930 17

Eg gjekk i mine eigne tankar oppover den skuggelagte og stupbratte lia, då eg plutseleg følte at nokon såg på meg. Ein stor rugg av ein steinbukk såg rett ned på meg, og var tydelegvis ikkje heilt fornøyd med at eg forstyrra han så tidleg på morgonen. Etter kvart dukka det opp to bukkar til, men ikkje like store som den første. Ein opplevelse å få sjå ein storbukk på så nært hold. Dette var prikken over i'en på dagens tur.

0930 2

0930 17

0930 17

0930 17

0930 17

0930 17

0930 17

0930 17

0930 17

Frå moreneryggen over Cabane du Mountet har du kanskje den flottaste panoramautsikta i heile Alpane. Det er svært avsides og det tar tid å komme inn dit, men belønninga er stor med 4000-metringar i alle retningar.

0930 17

0930 17

 

ONSDAG 29. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1337
Frå Vissoie opp til Lac de Moiry og vidare inn mot breen som fløymer ned i dalen. På artig sti ned att til Grimentz.

0929 6

0929 6

0929 4

0929 4

0929 6

0929 6

 

TYSDAG 28. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 6t 20min
Akk. høgdemeter: 2155
Lang rundtur frå Zinal. Først opp til Cabane Arpitettaz (2786m), rett under den voldsomme vestveggen på Weisshorn. Så over Col de Milon (2975m) og opp til Cabane du Tracuit (3259m) under Bishorn. Ned att via Roc de la Vache (2581m).

0928 12

0928 12

To ørnar fulgte nøye med meg oppover lia

0928 12

0928 12

Cabane Arpitettaz (2786m) med austveggen på Weisshorn i bakgrunnen

0928 12

0928 9

0928 12

0928 9

Col de Milon er det lågaste punktet til høgre på ryggen i framgrunnen. Eg måtte sikre med via ferrata-utstyr ned ca. 70 høgdemeter. Det er i utgangspunktet grei klyving, men snø og is gjorde det t meir utfordrande. Eg måtte også bruke via ferrata-utstyret heilt i starten av turen, då det var ein såkalla "alpin sti" oppover ei bratt fjellside. Heller ikkje den var spesielt vanskeleg, men det rant litt vatn nedover fjellet som gjorde det glatt her og der, og konsekvensen var stor dersom du gjorde ein tabbe (sjå bilete under - "stien" går rett opp nøyaktig midt i biletet)

0928 13

0928 12

Cabane du Tracuit (3259m)

0928 12

0928 12

Zinal Rothorn (4221m), kanskje det flottaste og brattaste av alle 4000-metringane - etter Matterhorn

Bilete frå Arkivet: Øyvind og eg klatra Zinal Rothorn i 2007 (Foto: Øyvind Birkeland)

Zinal Rothorn 2007 4

Zinal Rothorn 2007 4

Zinal Rothorn 2007 4

Zinal Rothorn 2007 4

Fant også nokre fleire bilete frå då me prøvde oss på nordryggen av Weisshorn det samme året

Bishorn 2007 6

Me overnatta den gongen på Cabane du Tracuit (3259m) som eg besøkte i dag. Me var dei einaste gjestene den natta, og det var berre såvidt dei to jentene som jobba på hytta orka å stå opp kl. 02 om natta for å lage ein enkel frukost til oss

Bishorn 2007 6

Bishorn 2007 6

Bishorn 2007 4

Bishorn 2007 4

Bishorn 2007 6

 

MÅNDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1727
Frå Sierre opp Val d'Anniviers til Zinal. Vidare innover mot Glacier de Zinal på kjerreveg og sti - omgitt av 4000-metringar.

0927 5

0927 5

0927 5

0927 5

 

LAURDAG 25. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Stad: Arolla
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1272
Frå Evolène opp til Arolla og inn dalen mot Mont Collon så langt eg kom. Så opp under Mont Dolin og på sti ned att.

0925 9

0925 9

0925 9

0925 9

0925 9

0925 9

 

FREDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Stad: Cabane de la Dent Blanche (3507m)
Totaltid: 8t 15min
Akk. høgdemeter: 2787
Frå Euseignes på sykkel og joggesko opp til hytta på Dent Blanche. Alle store fjell i Alpane har ei hytte som ligg rundt 1000 meter under toppen, ofte der som klatringa byrjar. Klatrarane overnattar på desse hyttene før dei startar toppstøtet midt på natta. Litt snø over 3000 meter, så det var berre såvidt eg kom meg opp. Det er ein del enkel klyving for å komme opp til hytta, og kombinasjonen snø og joggesko gjorde det ikkje enklare.

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

0924 15

 

TORSDAG 23. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1187
Rundtur frå Le Chargeur over Col de Prafleuri (2965m) og Col des Roux (2803m).

0923 9

0923 9

Det er uvanleg å komme så tett på ibex (steinbock). Dei er som regel sky og spring lenge før du ser dei.

0923 9

0923 9

0923 9

0923 9

Dent Blance (4357m)

  

ONSDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 1816
Frå Sion opp til Vex og vidare inn Val de Hérémence til den imponerande demningen ved Lac des Dix. Ned att via Euseignes slik at det vart ein fin rundtur.

0922 6

0922 6

0922 6

Grande-Dixence demningen er 285 meter høg, og verdas høgaste gravitasjonsdemning, dvs. at tyngda av demningen i seg sjølv held vatnet på plass, i motsetning til buedemning der trykket frå vatnet forplantast ut mot fjellet på begge sider. I natt overnattar eg rett under demningen. Heldigvis søv eg alltid godt - for nær ein halv milliard kubikkmeter med vatn tårnar no 280 meter over meg (demningen er smekkfull).

0922 6

0922 5

0922 6

 

TYSDAG 21. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Prabé (2090m)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1277
Opp på Prabé og vidare langs ryggen mot Pra Roua, men ryggen vart etter kvart så skarp og hårete at eg snudde. Lenger nede fulgte eg ei av dei gamle kanalsystema som går langs mange av fjellsidene i dette området. Akkurat denne er restaurert, blant anna med fleire lange hengebruer for å unngå dei farlegaste passeringane. Utruleg kva innbyggarane i dalane her klarte å få til for hundrevis av år sidan. Denne kanalen vart bygt på begynnelsen av 1400-talet.

0921 0

0921 1 

0921 7

0921 7

0921 7

Matterhorn (4478m) til høgre. Dent Blanche (4357m) til venstre

0921 7

Frå venstre: Dom (4546m), Täschhorn (4491m), Bishorn (4151m) og Weisshorn (4506m)

0921 7

0921 8

Chamois (gemse)

0921 9b

0921 9b

0921 25

0921 25

0921 25

0921 25

0921 25

0921 25

0921 25

0921 25

  

MÅNDAG 20. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 219
Regn i dag, men som meldt letta det ut på kvelden, så eg fekk meg ein fin tur nede på "flatlandet" rett før det mørkna.

Flott utsikt frå "campingplassen" min i går kveld, med fin solnedgang og måneskin.

0919 4

0919 4

0919 4

  

LAURDAG 18. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Plattenhorn (2620m) frå Leukerbad
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1232
Gemmiweg er ein av dei mest spektakulære stiane i Alpane, der den slynger seg nesten loddrett oppover fjellsida frå Leukerbad. Den vart sprengt inn i fjellet i 1739, og var ein viktig ferdselsveg mellom Leukerbad og Kandertal, og i større perspektiv frå Tyskland til Italia. I dag er det stort sett fotturistar som brukar stien, og den er også første etappe når ein skal på Plattenhorn som ligg rett over Leukerbad. 

0918 12

Gemmiweg går rett opp midt i biletet

0918 12

0918 12

0918 6

Nokre stader er det ingen overdrivelse å sei at stien slynger seg loddrett opp fjellsida

0918 6

0918 12

Drøymeterreng for stispringing

0918 12

0918 12

0918 12

0918 12

0918 12

 

FREDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Kombitur - Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Barrhorn (3610m) frå Turtmann
Totaltid: 8t 35min
Akk. høgdemeter: 3289
Barrhorn er det høgaste fjellet i Sveits som du kan nå utan brevandring eller klatring.

0917 11

0917 11

0917 11

0917 11

0917 11

Dom (4546m) er det høgaste fjellet som i sin heilheit står inne i Sveits, dvs. som ikkje grensar til andre land

Frå arkivet: Øyvind og eg klatra Dom i 2003. Me starta i Randa og gjekk 3150 høgdemeter opp og ned i løpet av ein tur. Me starta i 02-tida om natta så vidt eg hugsar. På Dom er det ingen alternativ - ingen vegar eller taubanar som kan frakta deg det første stykket oppover. Og hyttene brukte me sjeldan på våre mange klatreeventyr. Ikkje fordi me var gjerrige, men fordi me syns det var artig å prøva å ta dei største fjella i Alpane på ein dag (Foto: Øyvind Birkeland)

0917 Dom

 

0917 11

0917 11

0917 11

Weisshorn (4506m) med Bishorn (4151m) framfor. Weisshorn er ved sida av Matterhorn og Mont Blanc kanskje det mest kjente fjellet i Alpane

Frå arkivet: Øyvind og eg prøvde oss på Weisshorn via nordryggen frå Bishorn i 2007. Men det var komme mykje nysnø, og det vart ein for tøff utfordring for oss den gongen. Nordryggen er betrakteleg vanskelegare enn normalruta som går opp austryggen. På biletet ser du deler av ryggen, og Weisshorn er snøpyramiden bakerst. Det er ikkje lett å sjå dimensjonane på Weisshorn på dette biletet, men her er me fortsatt 400 høgdemeter under toppen. (Foto: Øyvind Birkeland)

0917 Weisshorn

 

0917 11

0917 11

  

TORSDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1279
Frå Martigny til Saillon, og så på oppover gjennom landsby etter landsby, til Ovronnaz, og vidare på kjerreveg opp til Loutse, som er ein stor geitestøl langt oppe i fjellet. Ned att på den andre sida av fjellet til Chamoson og langs dalbotnen tilbake til Martigny.

 

ONSDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 128
Det regna godt i dag, men ut på ettermiddagen måtte eg ut ein tur likevel. Varmt regn er ikkje så ille når ein først kjem i gang.

 

TYSDAG 14. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 387
Dagens tur var kanskje meir juvspringing enn stispringing...

0914 2

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9

0914 9 

 

MÅNDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Kombitur - Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Fjelltur (Merrell Altalight)
Fjell: Haute Cime (3257m), Dents du Midi
Totaltid: 7t 10min
Akk. høgdemeter: 2672
Haute Cime er høgaste toppen på tinderekka Dents du Midi. Ein bratt og svært spektakulær topp. Starta med sykkel i dag også. Rosina i pølsa var utsikta til Mont Blanc, det høgaste fjellet i Alpane.

0913 6c

0913 6c

0913 6c

0913 6c

0913 6c

0913 6c  

0913 6

0913 6

0913 6

0913 6c

0913 7

 

SUNDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Kombitur - Terrengsykkel (Cube AMS 100) / Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Grande dent de Morcles (2969m)
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 2601
Kombitur med sykkel og joggesko. Grande dent de Morcles er det imponerande fjellet som reiser seg 2500 meter rett opp frå dalbotnen når du køyrer motorvegen sørover frå Montreux ved Genevesjøen, mot Martigny. Starta i dalbotnen og tok derfor dei fyrste 1000 høgdemetrane på sykkel, og dei siste 1600 med joggesko. Litt klyving det siste stykket mot toppen. Såg både Mont Blanc, Matterhorn og fjella rundt Grindelwald frå toppen.

0912 99

Grande dent de Morcles sett frå andre sida av dalen

0912 12

Vindruer pregar nordsida av dalen

0912 12

Sykkelen har gjort jobben og vert låst fast i eit tre, og eg fortsetter på joggesko

0912 3

Ei dame hadde ødelagt foten og hadde akkurat ringt etter hjelp når eg passerte. Fem minutt etterpå var helikopteret der og heiste ho opp til tross for tett skog og kraftlinjer. Sveits er imponerande effektive på helikopterredning, eg har sett fleire redningsaksjonar i fjellet her gjennom åra, heldigvis stort sett mindre dramatiske.

0912 12

Grande dent de Morcles frå "baksida". 1500 høgdemeter er unnagjort, 1100 igjen - litt større dimensjonar her nede enn heime

0912 12

0912 12

0912 12

Ein fantastisk rygg det siste stykket mot toppen

0912 12

0912 12

0912 12

0912 19

 

LAURDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Stad: Martigny (Sveits)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 960
Endeleg i Alpane att! Har verkeleg sakna å kunne reise ned her dei siste 18 månadane. Denne gongen startar eg i Martigny i Sveits, eit av favorittområda mine i Alpane, blant anna pga. alle 4000-metringane som står i området. For mange år sidan var eg og Øyvind her nede kvar sommar og klatra, sykla og sprang. Zermatt er den mest kjente sidedalen til hoveddalen som strekker seg frå Martigny til Furkapasset. 
I dag vart det ein kveldstur på sykkel. Godt å få kroppen i gang etter mange timar i bil nedover kontinentet. Langs den gamle og stupbratte jernbanen som går frå Vernayaz over til Chamonix går det ein slags rallarveg, ein blanding av sti og kjerreveg. Den slynger seg i 53 hårnålssvingar oppover fjellsida, litt på samme måte som Myrdalssvingane på Rallarvegen, men i mykje større dimensjonar. Ned att asfalt via Gorges du Trient, ein imonerande canyon.

0911 3

0911 3

0911 3

 

ONSDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1156

 

TYSDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 560
Bjarte og eg. Bømoen og Dyrvedalen.

 

MÅNDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Rute: Mølster - Raugstad - Finnesdemma - Kiseldur - Raugstad - Mølster
Totaltid: 1t 46min
Akk. høgdemeter: 608
Martin og eg. Første tur med hodelykt. Hausten er her!

 

FREDAG 3. - SUNDAG 5. SEPTEMBER
Strålande stisykkelhelg under Noregs tak - Hallingskarvet. Lange dagar i fjella både nord og sør for Geilo. Perfekte forhold - både ute og inne (hytta me budde på var blant Geilos aller største og flottaste).

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

0904 8

 

TORSDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 956
Bjarte og eg. Opp til stølen Bjørndalen over fjellgarden Skår i Granvin. Litt stisykling vart det også, på Fenne, og i Bømoen på returen.

0902 2

 

ONSDAG 1. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1156
Hans-Inge, Bjarte og eg. Opp til Herresåsen og på sti, myr og kjerreveg vidare opp til Otlebogane og til stølen i Otledalen. Så sti ned til Skutle før me avslutta med ein tur over Sonvesåsen.

0901 4

0901 4

0901 2

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.