• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

april 2021

 

MÅNDAG 12. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Geilo
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 455
Øystein og eg. Me bur i ei luksushytte i Havsdalen, rett ved langrennsløypa. Bike in bike out.

0412

 

SUNDAG 11. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Flatafjellet (1012m)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2389
Fem nedkøyringar, fire på austsida og ein på vestsida. Eventyrleg pudderdag! 

0411 8

0411 8

0411 6

0411 6

0411 8

0411 8

 

LAURDAG 10. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 326
Rune, Odd Inge og eg.

0410

 

FREDAG 9. APRIL
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Hemsedal
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1477
Endeleg pudder! Etter to månader med usedvanleg få påfyll av pudder, lava det endeleg ned i natt. 15 cm. ga perfekte forhold i dei mange flotte pudderliene i Hemsedal. Der har ein så mange alternativ at ein nesten alltid finn perfekt skogskøyring, uansett kva vindretning det har vore. Fire nedkøyringar.

0409 4

0409 4

0409 4

0409 4

 

TORSDAG 8. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Hemsedal
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 646
Fin runde frå Storevatnet rundt Helsingvatnet og opp nord for Såta og Myljofjell til eg såg rett ned i Hemsedal sentrum. Nydeleg skaresykling!

0408 4

Eg passerte rett under Skogshorn, Hemsedals signaturfjell

0408 4

0408 4

Artig møte akkurat då det dukka opp ei lita snøbyge

0408 4

Skogskøyring er like moro med fatbike som med ski

 

ONSDAG 7. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Leinenøse x 2 (1675m) og Kyrkjebønøse (1671m) i Hemsedal
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1367
Frå Leinenøse slapp eg meg ned til Vestrebotntjerne på nordsida. Så opp på Kyrkjebønøse. Til slutt ned i det vesle passet mellom dei to toppane og opp att på Leinenøse for å få den fine nedkøyringa ned att til Hulbak.

0407 1

0407 2

 

TYSDAG 6. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Hemsedal
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1101
Flott rundtur i fjella nord for Hemsedal. Frå sentrum fulgte eg langrennsløypa opp Mørkedalen til Bjøberg. Så over fjellet på kjempefin skare til Bulie. Vidare på langrennsløyper ned Bulidalen og Grøndalen attende til Hemsedal. Mykje motvind til eg kom til Bjøberg, deretter medvind over fjellet og resten av turen, noko som gjorde at eg kunne halda stor fart ned att til Hemsedal.

0407 1

0407 1

0407 1

 

MÅNDAG 5. APRIL
Aktivitet: Stispringing (Salomon Speedcross 5)
Stad: Storåsen
Totaltid: 1t 24min
Akk. høgdemeter: 361


LAURDAG 3. APRIL
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Fjell: Vassfjøra (1633m) frå Mjøfjell Ungdomsherberge
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 1451
Rute: Mjølfjell Ungdomsherberge - Uppsete - Kaldavasshytta - Vassfjøra - Kvannjolvatnet - Slondalsvatnet - Mjøfjell Ungdomsherberge
Starta litt over kl. 6 frå Mjølfjell, for å vera sikker på å unngå slush mens eg var langt inne i fjellheimen (det er ein fatbikers mareritt). Men ingen problem i dag, kald nordavind sørga for at skaren var fast og fin. Dvs. det var nydeleg føre på sjølve rundturen, men på den innlagte toppturen opp på Vassfjøra, det karakteristiske fjellet som tronar over Ulvik og Hardanger, var det ein god del nysnø. Dermed var det blytunge forhold dei 400 høgdemetrane frå det siste vatnet opp til toppen, og stort sett dytting av sykkelen. Men artig ned att, sjølv om det er rimeleg ukontrollert når det er pudder og bratt. I slike forhold kan du eigentleg ikkje styre, du må berre akseptere at gravitasjonslova har kontrollen, og stadig korrigere sidan sykkelen heile tida vil ut i tohjulssladd. 

0403 18

0403 18

0403 18

Kaldavasshytta

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

0403 18

 

FREDAG 2. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1520
Bjarte og eg. Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Tendensar til pudderføre i renna ned frå Horndalsnuten, og nydeleg slushføre der sola hadde teke litt. Sidan det er påske, og det var så varmt i sola, fekk me sjølvsagt lagt inn den obligatoriske Kvikk Lunsj- pausen. 

0402 6

0402 6

0402 6

 

TORSDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Olsskavlen (1576m) frå Espeland
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1281
Å starte ein skitur med å gå opp langs Espelandsfossen kan av og til vera litt komplisert dersom det er for mykje snø igjen i den hengbratte lia ved sida av fossen, og i verste fall også farleg hengande is i fjellet over stien. Men i dag var det perfekte forhold for joggesko heilt opp til flaten rett under stølen, og derifrå kunne eg gå på ski heile vegen vidare. Men lite snø innover dalen, eg måtte heilt opp i Nordrebotnen før det var snøbru over elva. 

0401 6

0401 6

0401 6

0401 6

0401 6

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.