• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG FEBRUAR 2021

 

SUNDAG 28. FEBRUAR
Aktivitet: Stispringing (Salomon Snowspike)
Rute: Storademma - Opelandsstølen - over Mønsberget - Vetlademma - Storademma
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 465
Ingvild og eg tok den fine rundturen over Mønsberget. Varmt i sola og flotte forhold. Nesten ikkje snø att i stien i det heile tatt, sjølv 680 moh. Var litt spent i dag sidan det var første turen sidan eg skada skuldra på tysdag. Røntgenbileta viste at det er ein leddbåndsskade i det såkalla AC-leddet. Men eg treng heldigvis ikkje å operere. Nokre ribbein er også brist i, eller brotne. Men i dag gjekk det over all forventning. Med unntak av at eg må unngå brå bevegelsar, var det ikkje verken spesielt smertefullt eller hemmande på nokon måte. Skal ikkje ta så mange dagane før eg er på ski og sykkel att også.

 

TYSDAG 23. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 308
Bjarte og eg. Dagens økt endte i eit (ufrivillig komisk) fritt fall bakover, etter å ha forsøkt meg opp ein bratt knekkar. Frykta umiddelbart skulder ute av ledd, eller i verste fall brot, for dette var ein stjernesmell. Men etter ein liten time-out kom eg meg på beina att, og  forhåpentlegvis slapp eg unna med skamslått skulder og sannsynlegvis brotne ribbein. Trur kanskje eg fekk meg ei lita hjernerysting også, for det var berre såvidt eg kom meg heim att utan å havne i grøfta. Bør nok få sjekka skuldra i morgon, er smertefullt no i kveld. Blir nok nokre rolege dagar på meg framover, men forhåpentlegvis ikkje så mange.

 

SUNDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 332
Bjarte, Rune, Odd Inge og eg

0221 3

Varierande forhold, frå stålis til perfekt sti

0221 3

 (Foto nederst: Odd Inge Jordalen)

 

FREDAG 19. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 314
Bjarte, Rune, Odd Inge og eg.

0219 3

0219 3

 

TORSDAG 18. FEBRUAR
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Lyderhorn (396m) i Bergen
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 472

0218

 

ONSDAG 17. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Stad: Horgaletten frå Bavallen
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 677

 

TYSDAG 16. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 356
Odd Inge, Rune og eg. 

 

MÅNDAG 15. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Fessabotn
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1451
To nedkøyringar.

 

LAURDAG 13. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 396
Odd Inge, Rune og eg. 

 

FREDAG 12. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 243

 

TORSDAG 11. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 38min
Akk. høgdemeter: 1550
Marius, Even og eg. Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar.

0211 Even

0211 Even

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Even Lindseth)

0211 Even

 

TYSDAG 9. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Raudhovden (894m)
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 400
Martin og eg. 

0209

 

MÅNDAG 8. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Fessabotn
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1472
To nedkøyringar.

0208

 

SUNDAG 7. FEBRUAR
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 387
Kjempefine forhold i Bømoen. "Kun" 15 minus.

 

LAURDAG 6. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Bjørndalskamben (1402m)
Totaltid: 2t 24min
Akk. høgdemeter: 1000
Øyvind, Brynjulv og eg.

0206 2

0206 2

Litt treg på utløysarknappen i kulda...

 

TORSDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Fessabotn
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 2446
Fire nedkøyringar.

 

ONSDAG 3. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Område: Skreieggi - Skreivatnet
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1435
Mads, Balder og eg. To nedkøyringar.

0203

 

TYSDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Fessabotn
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2640
Hadde litt flaks at eg valgte Myrkdalen i dag. Der oppe var det strålande sol heile dagen, mens ein vegg av skyer i sør gjorde at det sannsynlegvis var svært flatt lys i dei fleste andre fjellområda på Voss. Fire nedkøyringar i perfekt pudder frå topp til botn. 

0202 4

0202 4

0202 4

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.