• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG DESEMber 2020

 

TORSDAG 31. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 350
Odd Inge, Rune, Bjarte og eg.

1231 3

Ekte sykkelglede! Rune har akkurat klart ein av dei vanskelegaste tekniske knekkarane i Bømoen for fyrste gong, på årets siste dag, etter utalelege forsøk i løpet av 2020.  

1231 3

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Odd Inge Jordalen)

1231 3

 

ONSDAG 30. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Øyastølsfjellet (1342m)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 961
Ingvild og eg. Kveldstur i perfekte pudderforhold med fullmånen hengande over oss. Bonusnedkøyring ned i Storebotnen.

1230 6 2

1230 6 2

1230 6 2

1230 9 2

1230 9 2

 

TYSDAG 29. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 212

 

MÅNDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Øyastølsfjellet (1342m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1338
To nedkøyringar i pudder og nær fullmåne. 

 

LAURDAG 26. - SUNDAG 27. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Mjølfjell
Totaltid: ca. 2t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Koseleg romjulshelg på hytta på Mjølfjell med Ruth Isabell, Jorunn, Merethe, Mads og Balder. Sundag tok me oss ein tur oppover Rjoandalen og Oksabotnen mot Åmidlenutane for å finna pudder.

 

LAURDAG 26. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 546
Rune, Bjarte og eg. Dagens prosjekt var å sykla flest mogeleg av stiane i Bømoen med minst mogeleg "dobbeltsykling". Det vart over tre mil til slutt (ikkje medrekna til og frå Bømoen), og Rune, som er prisvinnande matematikar, anslår at me sykla den samme stien mindre enn 2% av distansen. No planlegg han å utvikla ein algoritme til GPS'en sin, som finn den optimerte måten å legge opp ruta (hjernen hans er ikkje optimert nok). Kanskje klarar me fire mil neste gong, dersom me tar med rubbel og bit.

1226 2

1226 1

(Foto: Rune Herheim)

 

FREDAG 25. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Øyastølsfjellet (1342m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1997
Tre nedkøyringar. Like bra føre som på onsdag. Vindstille sjølv på toppen. 

1225

Møtte Hans-Inge og Bjørn som også var på pudderjakt

 

TORSDAG 24. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 452
Rune, Bjarte og eg. Julesykling i Bømoen.

1224

Bjarte og eg mistenker at det er Rune som har pynta treet. Bømoen er jo hans andre heim (Foto: Rune Herheim)

 

ONSDAG 23. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Fjell: Øyastølsfjellet
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1890
Vinterens første pudderheilaftan i Jordalen. Fire nedkøyringar ned til Øyastølen frå høgd 1220 rett aust for toppen. Opp mot 25 cm. pudder gjorde at eg innstilte meg på å ofre Grevinnen og Hovmesteren – men eg rakk den akkurat. Veslejulaftan kan ikkje bli betre.

1223 1

Alex gjekk kveldskift også

1223 4

1223 4

 

MÅNDAG 21. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fyresnipa (1461m)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 871
Ingvild og eg. Me hadde ikkje store forhåpningar til føret i dag, men 5-10 cm. pudder førte til store smil om munnen nesten heile vegen ned att.

1221 7

1221 7

1221 7

1221 7

1221 7

1221 7

 

SUNDAG 20. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl VTA 80)
Fjell: Fyresnipa (1461m) og Øyastølsfjellet (1342m)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1438
Frode og eg. Heilt ok vær, men dårleg føre pga. mildværet.

1220 2

1220 2

(Foto: Frode Atterås)

 

LAURDAG 19. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Opeland - Istad
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 820
Thomas, Bjarte, Frode, Odd-Inge og eg.

1219 2

(Foto: Odd-Inge Jordalen)

 

FREDAG 18. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 289
Martin, Rune og eg.
Eigentleg var planen i kveld sesongens første afterski, men pga. vær og føre vart det afterbike. 

1219

 

TORSDAG 17. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 374
Bjarte og eg.

 

ONSDAG 16. - TORSDAG 17. DESEMBER
Trond, Runar, Mads, Balder og eg overnatta ved eit bål på Mjølfjell. Naturens eigen julestemning, god mat og godt selskap gjorde det til ei hyggeleg natt.

1216 9

1216 9

1216 9

1216 9

 

ONSDAG 16. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 214

 

TYSDAG 15. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Ulriken i Bergen
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 558
Frå Svartediket opp og ned sherpatrappene via Haukeland og Montana.

 

SUNDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen - Opeland - Istad
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 887
Øyvind, Odd Inge, Rune, Bjarte og eg.

1213 1

1213 1

(Foto: Odd Inge Jordalen)

 

LAURDAG 12. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1543
Ettermiddagstur til Horndalsnuten frå Fennastølane, over Byrseteggi begge vegar. Austavinden har herja dei siste dagane, så i dag satsa eg på vestvendte nedkøyringar. Bra frå Horndalsnuten ned den store renna til Modalsvatnet, men vindpåvirka på begge sider av Byrseteggi.

1212 2

1212 2

 

FREDAG 11. DESEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Ulriken og Vidden i Bergen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1101
Frå Svartediket. Fekk solnedgangen i det eg nærma meg Ulriken. Alltid like flott!

1211 6

1211 6

1211 6

1211 6

1211 6

 

TORSDAG 10. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 347
Odd Inge, Rune og eg.

 

ONSDAG 9. - TORSDAG 10. DESEMBER
Overnatta under stjernene i Brandsetdalen. Nordljos og meteorsvermen Geminidene, samt ein nysgjerrig rev, gjorde det til ei spesiell oppleving.

1210 1

1210 3

1210 3

 

ONSDAG 9. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Øyastølsfjellet (1342m) og Fyresnipa (1461m)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1493
Fantastisk dag i Jordalen igjen! Det har komme 5-10 cm. meir pudder det siste døgnet, heilt ned til parkeringsplassen.

1209 3

1209 3

1209 3

 

TYSDAG 8. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 356
Odd Inge, Rune og eg.

1208

 

SUNDAG 6. DESEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Storåsen, Grauaåsen, Bømoen
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 680
Felix, Rune, Bjarte og eg.

1206 1

1206 1

(Foto: Rune Herheim)

 

LAURDAG 5. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Fyresnipa (1461m) og Øyastølsfjellet (1342m)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1455
Eilif, Even, Frode, Brynjulv, Hans-Inge og eg. Flotte pudderforhold i Jordalen.

1205

 

FREDAG 4. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Finnbunuten (1357m)
Totaltid: 1t 28min
Akk. høgdemeter: 945
Litt meir vindpåvirka i kveld, men fortsatt stadvis bra føre.

 

TYSDAG 1. - TORSDAG 3. DESEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Hytte: Tvinnestølen
Mads, Balder og eg. Tredagars gourmet- og topptur-tur til Tvinnestølen. Stikkord: Pudder, fullmåne, pinnakjøt, rakfisk og juledrikke.

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

(Foto over: Mads Rio / Foto under: Jarle Trå)

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

1201 13

 

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.