• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
INFORMASJON ANGÅANDE KORONAVIRUSET
NY TUR I 2021:  AUSANGATE / RAINBOW MOUNTAIN / MACHU PICCHU 
SVALBARD:  HEILE FEM FORSKJELLIGE TURAR PÅ SKI OG TIL FOTS ER SATT OPP I 2021
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG AUGUST 2020 

 

MÅNDAG 31. AUGUST - ONSDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Packraft/fisketur
Område: Tinnhølen/Snero
Mads og eg hadde tre flotte dagar på Vidda med perfekt vær, fine solnedgangar, fullmåne og kontinuerleg medvind.  

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 22

0831 27

0831 27

0831 27

0831 27

0831 27

 

SUNDAG 30. AUGUST
Aktivitet: Kombitur, stispringing / stisykling (Cube Stereo 160)
Fjell: Hårteigen (1690m) frå Tinnhølen
Totaltid: 11t 20min
Akk. høgdemeter: 2115
Hårteigen ligg midt inne på Vidda, og er derfor ikkje ein opplagt dagstur. Å starte frå Tinnhølen er ikkje den kortaste ruta, men du kan bruka stisykkel over halvparten av distansen. Grov traktorslepe inn til Viersla ga lågare snittfart enn forventa dei første timane, men heldigvis var stien vidare over Granafetene mot Hadlaskard stort sett fin - fleire kilometer var faktisk flytsti av aller beste merke. Men tre kilometer aust for Hadlaskard vart stien for grov, og det var berre å knyte på seg joggeskoa. Totalt vart turen 88 km, 28 km springing og 60 km stisykkel.

0830 5

0830 4

0830 4

0830 4

0830 5

0830 8

0830 8

0830 8

 

LAURDAG 29. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Område: Bømoen/Prestegardsmoen
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 167

 

FREDAG 28. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Område: Bømoen
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 206
Martin, Øyvind og eg.

 

TORSDAG 27. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Lønahorgi (1410m) frå Bavallen
Totaltid: 2t 53min
Akk. høgdemeter: 1208

0827

 

ONSDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 953
Bjarte og eg. Frå Hindartveit til Teigarapjane og vidare i terrenget til Rapjane, Telldalen og til stølsvegen som går opp til Øyane. Me kryssa denne og fortsatte vestover under høgspentlina til me traff på kjerrevegen som går ned til Kvasshovden. Me er nok dei første som har sykla denne ruta - av forståelege grunnar... Ein del krevande og røft terreng, men også stiperler av beste sort.

0826

 

TYSDAG 25. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Stad: Over Vidden i Bergen
Totaltid: 3t 11min
Akk. høgdemeter: 959
Haustens første tur med hodelykt vart ein sein kveldstur over Vidden (Svartediket - Ulriken - Vidden - Rundemanen - Fløyen - Svartediket). Ein nydeleg tur i dagslys, men stemninga som oppstår når ein spring i si eiga lyskjegle, med storbyens lys under deg og ein knallraud himmel langt ute i havet - gjer at eg nesten foretrekker å springe denne turen i mørket. Det er få stader som slår Bergen når det gjeld stemningsfulle kveldsturar.

0825b 6

0825b 6

0825b 6

 

MÅNDAG 24. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Trysil
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 490
Kjempeflott høgfjellsrunde heilt inn mot svenskegrensa (me heldt oss på riktig side så me slepp karantene...).

0525 66

0825 3

0825 6

0825 6

0825 6

 

SUNDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Trysil
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1810

0823 2

0823 2

 

LAURDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Trysil
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 884

0822 3

0822 3

0822 3

0822 3

0822 3

0822 3

0822 16

(Foto over: Jarle Trå)
(Foto under: Frode Atterås) 

0823 Frode 1 

Ein av dei mest kjente downhillstiane i Trysil

0823 Frode 5

Klarte heldigvis å halde han bak meg

0823 Frode 5

Dessverre var denne løypa stengt...

 

FREDAG 21. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Trysilfjellet (1132m)
Totaltid: 1t 23min
Akk. høgdemeter: 425
Frode og eg. Me har forflytta oss austover til Trysil, og sidan det vart skikkeleg haustvær i dag lot me syklane stå og tok oss ein roleg tur opp på Trysilfjellet med joggesko, for å nyte utsikta. Me såg ca. 15 meter framfor oss.

 

TORSDAG 20. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160)
Stad: Skeikampen
Totaltid: 6 timar
Akk. høgdemeter: 1235
Frode og eg.

0820 10

0820 10

0820 10

0820 10

0820 10

0820 10

0820 10

0820 10

(Foto over: Jarle Trå)
(Foto under: Frode Atterås) 

0820 Frode 3

0820 Frode 3

 

ONSDAG 19. AUGUST
Aktivitet:Stisykling (Cube Stereo 160)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 891
Frode og eg. Rundtur på Skeikampens  fantastiske høgfjellsstiar.

0819 Frode 3

0819 Frode 3

(Foto over: Jarle Trå)
(Foto under: Frode Atterås)

0819 Frode 3

0819 Frode 3

0819 Frode 3

 

TYSDAG 18. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Lønahorgi (1410m) via Klondyke
Totaltid: 2t 48min
Akk. høgdemeter: 1288

 

MÅNDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 837
Bjarte og eg. Frå Sundve opp til stølen Løkjo. Så på sti og kjerreveg over Ospehovden til Holo i Holbygdi. Inn dalen og opp til Skreiavatnet og Steinset. Så i terrenget over til stølen Kaset, og derifrå sti/kjerreveg ned att til Høn og Sundve. Artig rundtur!

0817 1

0817 2

 

SUNDAG 16. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Totaltid: 2t 46min
Akk. høgdemeter: 1058

 

LAURDAG 15. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1653
Bjarte og eg. Rallarvegen frå Flåm. Me snudde ved Tågavatni etter å ha kryssa 4-5 snøfenner. Strålande dag i høgfjellet!

0815 2

 

FREDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Budalen
Totaltid: 2t 43min
Akk. høgdemeter: 865

 

TORSDAG 13. AUGUST
Aktivitet: Fisketur
Stad: Espelandsvatnet
Andreas og eg. Å fiske frå robåt kan vel ikkje ein gong kategoriserast som restitusjon, men ein fin tur var det, sjølv om me ikkje var heilt fornøygde med kveldens fangst.

 

ONSDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1309
Bjarte og eg. Frå Vangen via Eideshagen over til Bjørgås og ned mot Evanger. Så rett opp anleggsvegen som går opp under toppen av Styveshorgi, der du verkeleg får panoramautsikt. Samme veg heim att.

0812 3

0812 3

 

TYSDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Totaltid: 2t 37min
Akk. høgdemeter: 1061
Vebjørn, Bjarte, Brynjulv, Taro og eg.

0811

 

MÅNDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1502
Rallarvegen frå Flåm. Dei første 5-6 snøfennene er no brøyta, så eg kom meg opp til innslaget på Finsetunnelen før eg snudde.

0810 2

0810 2

 

SUNDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Folarskardnuten (1933m)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1127
Eg foretrekker alltid ein rundtur dersom det er mogeleg, framfor samme veg opp og ned. Folarskardnuten er det høgaste punktet på Hallingskarvet, og frå Raggsteindalen på nordsida tok eg ein gammal sti (ikkje lenger merka) via Veslebotn opp, og via Folarskardet og Lordehytta ned att. Spesielt turen opp den dramatiske Veslebotn var flott. Frå toppen har du kanskje ein av Noregs vidaste utsikter. Du ser blant  anna Gaustatoppen, Hårteigen, Folgefonna, Hardangerjøkulen, Jostedalsbreen, Jotunheimen og Rondane - og Lønahorgi heime på Voss!

0809 8

Omtrent 100 km mot sør ragar Gaustatoppen majestetisk over Hardangervidda.

0809 8

Ikkje ofte ein ser ned på Hardangerjøkulen. Frå høgre: Hårteigen, Folgefonni og Hardangerjøkulen

0809 8

0809 8

Lordehytta i Folarskardet

0809 8

 

LAURDAG 8. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 601
Rundtur frå Sønstevatn nordover i retning Solheimstulen.

0808 3

0808 3

 

FREDAG 7. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 978
På traktorsleper og sti frå Sønstevatn i Imingdalen inn til Mårbu på Hardangervidda.

0807 4

0807 4

0807 4

 

TORSDAG 6. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1445
Starta frå Atrå og sykla først asfalt til Rjukan. Deretter opp Ryes vei, som slynger seg i mange hårnålssvingar oppover lia under Krossobanen, opp til Gvepseborg. Eigentleg meir sti enn veg. Den heiter også Retretten sidan det var denne stien motstandsfolka tok den natta dei sprengte tungtvannsanlegget på Vemork. Forbi Gvepseborg fortsetter motbakkane til det plutseleg flatar ut og du er oppe på sjølve Hardangervidda. Vidare på fine anleggsvegar nordover til Kalhovd og til slutt Gausetdalen ned att til Atrå. Flott runde på 95 kilometer.

0806 4

0806 4

0806 4

0806 1 

Om vinteren sørger dei store speglane i fjellsida nord for Rjukan for at dei får eit glimt av sola i sentrum

 

ONSDAG 5. AUGUST
Aktivitet: Stispringing/fisketur
Rute: Hodnaberg - Kvålsdalen - Torfinnsvatnet (Blindtarmen)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 586

 

TYSDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Vangen - Rong - Almenningane - Grønlivatnet - Bulko - Skutle - Djupåsen - Bordalen - Vangen
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1299
Bjarte og eg.

0804

 

MÅNDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100)
Rute: Vangen - Nesthus - Skjeldal - Geitle - Evanger - Bjørgås - Eideshagen - Vangen
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1368
Bjarte og eg. Fin rundtur, for det meste på grusveg.

 

LAURDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) frå Gjelle
Totaltid: 2t 27min
Akk. høgdemeter: 1066

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.