• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
LES DAGBOK FRÅ EVEREST BASE CAMP/LOBUCHE EAST 1. - 23. NOVEMBER
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG SEPTEMBER 2019

 

MÅNDAG 30. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 15min
Akk. høgdemeter: 1879
Frå Innertkirchen opp til Grimselpass (2164m) og på anleggsveg vidare  til Oberaarsee (2303m). Flott flytsti på nordsida av Oberaarsee.

0930 1 2

0930 7 2

0930 7 2

0930 7 2

 

SUNDAG 29. SEPTEMBER
Aktivitet: Stispringing
Fjell: Augsmatthorn (2136m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1633

0929 19

0929 19

0929 19

0929 19

0929 19

0929 19

0929 19

 

FREDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 6t 25min
Akk. høgdemeter: 2047
Dagens tur har eg hatt planar om i mange år. Frå Spiez på asfalt til Kandergrat, og vidare på ein slags grov "rallarveg" til Gemmipass (2314m) med fantastisk utsikt ned mot Leukerbad på sørsida, samt alle 4000-metringane rundt Zermatt. Sjølve kleiva opp frå Kandersteg er mykje brattare og lenger enn Myrdalssvingane, og det er nesten umogeleg å sykle opp heile. Ned att er det laga ein maskinpreparert sti som førte til mykje smiling.

0927 8

0927 8

0927 8

0927 8

0927 8

0927 8

0927 9

0927 15

0927 15

0927 15

 

TORSDAG 26. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 140
Det er mange fine flytstiar i området rundt Interlaken, mellom innsjøane Brienzersee og Thunersee.

 

ONSDAG 25. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) og stispringing
Fjell: Hardergrat
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1267

0925 2

0925 2

0925 2

 

TYSDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1697
Eg kan sykle på sti nesten frå dørstokken min til langt opp i Lütchental. Etter kvart på grusvegar og asfalt gjennom Grindelwald og vidare opp til Grosse Scheidegg (1962m). Eiger (3970m), Schreckhorn (4078m),  Lauteraarhorn (4062m) og Wetterhorn (3704m) utgjer ein voldsom "festning" mot sør heile vegen.  Ein av dei mektigaste utsiktene i Alpane. På artig sti og kjerreveg ned att til Grindelwald.

0924 1

 

SUNDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 6t 40min
Akk. høgdemeter: 1989
Frå Interlaken i god medvind 35 km på asfalt langs innsjøen Brienzersee og vidare til Innertkirchen. Så 1600 høgdemeter opp til Sustenpass (2224m). På sti og kjerreveg det aller meste av turen ned att til Innertkirchen. Så ein kjapp togtur heim att - genialt å kombinere lange sykkelturar med tog i Sveits.

0922 4

0922 4

0922 4

  

LAURDAG 21. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) og stispringing
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1084
Kombitur med stisykkel og joggesko. Sykkel så langt opp det gjekk frå Interlaken, og deretter stispringing vidare opp til Harderkulm, med fantastisk utsikt ned mot Interlaken og 4000-metringane i Aletsch-massivet. Vidare på ryggen til Wannichnubel. Flott stisykling ned att til Interlaken.

0921 3

0921 3

0921 2

 

FREDAG 20. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 1717
Frå Interlaken opp til Lauterbrunnen, og vidare opp til Wengen - ein veglaus "by" langt oppe i den stupbratte fjellsida. Ein opp mot 32% (...) bratt "sti" fører dei nesten 500 høgdemetrane opp. Vidare  opp til Kleine Scheidegg (2061m) via nokre av dei mest berømte stadene på World Cup-utforløypa som har målgang i Wengen. Blant anna punktet der dei passerer i over 100km/t gjennom den ni meter breie åpninga under jernebanebrua. Frå Kleine Scheidegg  er det fantastisk utsikt mot den sagnomsuste nordveggen av Eiger (3970m), samt 4000-metringane Mönch (4107m) og Jungfrau (4158m). Ned att til Wengen på artig og til dels teknisk sti.

0920 6

0920 6

0920 6

0920 6

0920 6

 

TORSDAG 19. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1460
Inspirert av trekkfuglen har eg som vanleg på denne årstida flytta sørover. Grindelwald-området skal utforskast nærmare. Eg har vore her før, blant anna på skitur med ein kompisgjeng for ein del år sidan. Men denne gongen skal eg oppleve sommar bli til haust - og nesten vinter - i denne fantastiske delen av Alpane. Starta med ein fin ettermiddagstur frå Interlaken opp til Hintisberg i fjellsida over Grindelwald.

0919 3

0919 3

0919 3

 

SUNDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: Bømoen og Prestegardsmoen
Flom, høljeregn og vind. I dag var det så gale at det nesten begynner å bli komisk! Men så lenge ein har riktig bekledning på seg så går det fint.

 

FREDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 650
Bjarte og eg. Nokre rundar i Bømoen og ein tur opp nyevegen til Tverrberg og inn Budalen. Kontinuerleg regn i dag også. Full høgtrykksvask av både sykkel og syklist etterpå.

 

TORSDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube Stereo 160) 
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 177
Rune, Martin og eg trossa regnet og fekk ei fin men fuktig økt i Bømoen. 

 

TYSDAG 10. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1288
Bjarte og eg. Inn Dyrvedalen til Dale, så opp mot Skjeldal og på skogsvegen som går over til Nesthus. Til slutt inn vestsida av Bordalen og heim att austsida. 

 

SUNDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 987
Bjarte og eg. Gjennom Bømoen, inn Raundalen og opp til Vatnaset. Opp skogsvegen på vestsida av elva, og så eit lite stykke på sti over til kjerrevegen som går ned att på austsida.

0908 Vatnaset

(Foto: Bjarte Vethe)

 

LAURDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1313
Frå Stalheim inn Brekkedalen over Tverraldskaret og inn Fresvikjordalen. Ned i Nærøydalen og opp Stalheimskleiva på returen.

 

FREDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 830
Frå Øvre Eidfjord inn Hjølmadalen til Hjølmo, og opp hårnålssvingane til Berastøldalen.

 

TORSDAG 5. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Cube AMS 100) 
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 890
Frå Gol opp over Skaraåsen og mot Syningen. Via Rotneim ned att. Mest grusveg, men også litt sti.

 

TYSDAG 3. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 1t 33min
Akk. høgdemeter: 522
Brynjulv og eg. På sørsida av vatnet og deretter på skogsvegen som går opp frå Nesthus mot Skjeldal. Ned att asfalten.

 

MÅNDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Cube AMS 100) 
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 1926
Rute: Rallavegen Flåm - Finse - Flåm
Kjølig haustluft i høgfjellet i dag. Fekk haustens første snøflak på meg, men unngjekk heldigvis nedbør å snakke om.

0902 Rallarvegen 2

0902 Rallarvegen 2

0902 Rallarvegen 4

Dei lokale inspiserer no sykkel og utstyr grundig før du får lov å sykle Rallarvegen

0902 Rallarvegen 4

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.