• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
LES DAGBOK FRÅ EVEREST BASE CAMP/LOBUCHE EAST 1. - 23. NOVEMBER
INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG FEBRUAR 2019

 

TORSDAG 28. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 2634
Rute: Liaset - Stavaskarsnuten 1349m) - Vestrebotnen - Olsskavlen (1576m) - Nordrebotnen - Olsskavlen (1576m) - Fogerbrekkeberget - Gunnarhaug - Liaset
Litt kaldare i dag enn på tysdag så vårslush berre under 1200 meter og rett mot sola. Men til gjengjeld antydning til pudder mange stader. Litt skare her og der, men generelt nesten like bra som på tysdag. Fint å kunne nyte solvarmen i matpausen - det er ikkje normalt i februar. 

0228 Olsskavlen 5

0228 Olsskavlen 5

0228 Olsskavlen 5

0228 Olsskavlen 5

 

TYSDAG 26. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 2066
Kjempeføre i dag. Nokre cm. med rask vårslush på jevnt og fint underlag gjorde at eg tok to bonusnedkøyringar. Først ned Horgadalen så langt det er mogeleg, og så den lange flanken ned til Klepp. 

0226 Lnahorgi

0226 Lnahorgi 3

0226 Lnahorgi 3

 

MÅNDAG 25. FEBRUAR
Aktivitet: Truger
Fjell: Vetlasåta (849m) 
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 370

 

SUNDAG 24. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 620
Område: Raugstadløypa - Bavallstoppen - Hanguren
Ikkje heilt optimale forhold nede, så eg måtte av sykkelen i dei brattaste kneikene oppover. Men oppe var det flotte forhold for rask berg og dalbane-sykling, og spesielt turen ned att Raugstadløypa er alltid artig.

0224 Bavallstoppen

 

LAURDAG 23. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Nansenbu (ca 1180 moh.)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 1150
Brynjulv, Taro og eg. Fin "vårtur" frå Tillung over Sandfjellet og Torfinnshorgi til Nansenbu, den nye hytta til Voss Utferdslag. Skummelt varmt på høgfjellet til å vera i februar, og dermed var føret sjølvsagt ikkje det aller beste. Men fine forhold for ein langtur i litt flatare terreng, i eit område der me ikkje er så ofte.

0223 Nansenbu 4

0223 Nansenbu 4

Me traff denne vesle reinsdyr-flokken begge vegar.

0223 Nansenbu 4

  

TORSDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1282

 

TYSDAG 19. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1282
Slo meg med Øyvind opp mot Horgaletten (han hadde allereie vore to gonger på Bavallstoppen...) og fortsatte under fullmånen opp på Horgje.

0219 3

0219 3

 

MÅNDAG 18. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Frå Vannjolo til Ulvaskaret
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 990
Værmeldingane sa kraftig vind frå sørvest. Då er turen opp til Ulvaskaret fin sidan den ligg i le heile vegen. Snudde rett under skaret, der vinden plutseleg vart voldsom.

 

SUNDAG 17. FEBRUAR
Aktivitet: Fatbike (Surly Moonlander)
Stad: Myrkdalen - Svoleset
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 744
Vinterens fyrste sykkeltur. Frå Myrkdalen opp til Tjørnarhovden og vidare på gamle scooterspor over  Vetlenolten (947m) til Svolseset. Månelyst og kjempefine forhold.

0217 Svoleset 

 

FREDAG 15. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1282
Forsmak på våren i dag! Gjekk utan jakke, hanskar og lue til 1300 moh.

0215 Lnahorgi

 

ONSDAG 13. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1282
I går regna det heilt opp på toppen av Horgje, så i dag var det knekkebrødskare og isskare heile vegen. Trakkemaskina til Telenor var opp i dag så eg kunne gå i sporet. Viss ikkje hadde det blitt ein tøff tur utan skarejern. Men det magiske ljoset i dag gjorde at ein ikkje tenkte så mykje på det dårlege føret!

0213 Lnahorgi 9

0213 Lnahorgi 9

0213 Lnahorgi 9

0213 Lnahorgi 9

0213 Lnahorgi 9

 

TYSDAG 12. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Frå Vannjolo oppover mot Ulvaskaret
Totaltid: 1t 48min
Akk. høgdemeter: 600
Guttorm, Even og eg. Høljeregn, sugeføre, klabbeføre - i kveld burde me ha funne på noko heilt anna...

0212 Gukk

0212 Vannjolo 5

0212 Vannjolo 5

0212 Vannjolo 3 

0212 Vannjolo 3

 

SUNDAG 10. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Reppabotn
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2315
Eventyrlege forhold! Seks nedkøyringar.

0210 Reppabotn 2

0210 Reppabotn 2

 

LAURDAG 9. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: ca. 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1645
Brynjulv og eg gjekk frå Fennastølane til Horndalsnuten, over Byrsetseteggi (1025m) begge vegar. Svært varierande vær, føre og sikt. Men det som var bra var veldig bra! Og me tok oss til og med eit kvarters pause i "solsteiken" nede i dalen før siste oppstigning til Byrseteggi.

0209 Horndalsuten

0209 Horndalsuten

 

FREDAG 8. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Reppabotn
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1285
No er det så mykje pudder at terrenget må vera relativt bratt for å få opp farten. Luksusproblem. Fortsatt ligg det upåvirka heilt opp på toppane.

 

TORSDAG 7. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Reppabotn
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1210
Sjeldan pudderrik kveldsøkt. 10 cm. med beste kvalitet kom på dei litt over tre og ein halv timane eg dreiv på.

0207 Reppabotn

 

TYSDAG 5. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Reppabotn
Totaltid: 5t 39min
Akk. høgdemeter: 1843
Even og eg. Sol, vindstille og 10 nye cm. Perfekt dag - ikkje så mykje meir å sei.

0205 Reppabotn 9

0205 Reppabotn 9

0205 Reppabotn 9

0205 Reppabotn Even 4

0205 Reppabotn Even 4

0205 Reppabotn Even 4

 

SUNDAG 3. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Seekr 110)
Stad: Reppabotn
Totaltid: 5t 45m
Akk. høgdemeter: 2365
Starta rett etter solnedgang i det fine, kalde lyset som ein kun opplever midtvinters. Etter eit par timar kom Even, Martin, Guttorm og Øyvind og slo seg med. Strålande pudderkveld!

0203 Reppabotn Even 2

0203 Reppabotn Even 2
(Foto: Even Lindseth)

 

LAURDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Stad: Reppabotn
Totaltid: ca. 4t 45m
Akk. høgdemeter: 2030
Bjarte, Brynjulv Frode og eg.
Fem nedkøyringar i «bollen» rundt Reppabotn. Fantastisk pudder og vær! 

0202 Reppabotn

0202 Reppabotn

 0202 Reppabotn

 

FREDAG 1. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (G3 Synapse 101)
Stad: Reppabotn
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1630
Brynjulv og eg. Frå Engjaland først opp på Nipene (938m) og ned i Reppabotnen. Så opp på Steinsetnipa (1107m) og ned til Skreiavatnet. Til slutt opp på Reppeggi (1236m) og ned att til Engjaland. Tre fantastiske nedkøyringar i pudder av aller beste kvalitet - merkeleg korleis det har overlevd vinden dei siste dagane.

0201 Reppeggi Brynjulv

 0201 Reppeggi

0201 Reppeggi

 

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.