• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG NOVEMBER 2015

 

MÅNDAG 30. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 840
Martin, Even og køyrde ned Storebotnen i Myrkdalen. Enorme puddermengder. Trur aldri eg har opplevd så mykje snø i november nokon gong.


SUNDAG 29. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1420
Stad: Tverrlia i Jordalen
40-50 cm. pudder har lava ned på litt over eit døgn i fjellet. To nedkøyringar. Tungt å trakka spor første turen opp. Flott kveld!


Kompisen min frå sist vinter var overbegeistra for å sjå meg igjen. Og det var gjensidig. No ville han også vera med oppover og eg måtte vera rimeleg bestemt for å få han til å forstå at det ikkje var min plan.

I går kveld hadde me julebord/stølsfest på Løkjane. God mat (pinnakjøt) og drikke. Nokre timar før me ankom stølen var det ikkje snø der i det heile tatt. Då me reiste i dag var det 40 cm. Njål brukte panseret på pickup'en som brøyt og med oss i lasteplanet vart det ein minneverdig tur ned til der bilane våre stod parkert.

 

LAURDAG 28. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 480
Starta på Mølster og sprang stien nesten til Kiseldur, Samme veg attende, 20 cm. nysnø 650 moh.

 

FREDAG 27. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur/springing
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 595
Deltakarar: Mari, Arnstein, Einar, Brynjulv, Jarle (+ Taro og Ronja)
Ein om mogeleg endå våtare tur enn i går. Me snudde eit stykke under Horgaletten då vinden auka kraftig på. Heldigvis lovar værmeldingane lågare temperaturar framover og mykje nedbør, så forhåpentlegvis blir skiføret snart betre.

 

TORSDAG 26. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 670
Martin, Even og eg hadde ein minneverdig tur opp mot Stavaskar i Granvin. Høljeregn og sugeføre prega kvelden. Våte som kråker snudde me litt over 1100 moh.

 

SUNDAG 22. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Pinnacle 105)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1430
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Fennastølane
Deltakarar: Synnøve, Even, Pål, Martin, Jarle
Etter "synfaringa" i går var det lett å lokka med fleire på Horndalsnuten. Over Byrseteggi begge vegar som i går. Nye ski + to kjempefine langturar i strålande vær og føre + dobbel bursdagsfeiring på fredag = ei maksimal helg!


Foto over: Martin Hindenes
Foto under: Even Lindseth


LAURDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse Carbon 101)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 2345
Fjell: Horndalsnuten (1461m) frå Fennastølane
Praktfullt vær og føre, ikkje så mykje meir å sei. Over Byrseteggi (1025m) begge vegar, og tre nedkøyringar av nordvestflanken frå Horndalsnuten ned til Modalsvotni.

 

FREDAG 20. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse Carbon 101)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1300
Fjell: Stavaskar (1258m) frå Espelandsdalen
Føret over 800 moh. er heilt fantastisk no. 10-15 cm. silketeppe over alt, også på dei høgaste toppane. To nedkøyringar frå Stavaskar (den første ned til 800 moh). På den første nedkøyringa lyste solnedgangen opp fjellsida, på den andre brukte eg hodelykt.


ONSDAG 18. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (G3 Synapse Carbon 101)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1615
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Guttorm, Martin og eg. Kveldstur på Finnbunuten frå Myrkdalen. Nydeleg føre frå toppen ned til ca. 800 moh, sjølv om varmegradene hadde klatra litt høgare sidan i går. Også vidare heilt ned var det bra, sjølv om snøen vart meir og meir fuktig. Var også ein tur ned Storebotnen og halvegs ned Vetlebotnen i tillegg til nedkøyringa frå Finnbunuten. Både eg og Martin testa våre nye G3 Synapse Carbon ski i kveld. Dei kjem til å bli brukt mykje...

 

TYSDAG 17. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1825
Stad: Myrkdalen
I kveld kan eg bruke ord som "pudderalarm" og "botnalaust" sjølv om me kun skriv 17. november. For ein start me har fått på årets skisesong! Det bøtta ned stort sett i heile dag, så eg var optimist. Men spørsmålet var (som alltid) kor langt opp ein må før det har komme ned som snø, og endå viktigare - kvar grensa for tørr snø går. Då eg parkerte på parkeringsplassen i Myrkdalen var det 25 cm. våt snø og det lava ned. Eg hadde for sikkerheits skuld med meg fleire par ski i bilen, men det var ingen tvil om at dette var ein Kuro-kveld. Over 750 moh (dvs. litt over nedre stasjon på Kari Traa-trekket) gjekk det over til dunlett pudder, og sidan det var nesten vindstille låg det i store mengder heilt opp. Alt klaffa i kveld, det slutta til og med å snø og vart god sikt akkurat dei timane eg dreiv på. Dermed vart det to nedkøyringar i Storebotnen og to i Vetlebotnen. Spesielt Storebotnen var fantastisk sidan det måtte vera litt bratt for at ein skulle få fart i dei store snømengdene.
Berre dagar etter eg sykla sti i 20 varmegrader ved Gardasjøen, er altså puddersesongen i gang for fullt på Vestlandet. Perfekt timing av vinteren i år!

 

MÅNDAG 16. NOVEMBER
Aktivitet: Snøspringing...
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 670
Martin, Frode og eg tok oss ein tur frå Bavallen opp til utforstarten for å sjekka snøforholda. Om ein ikkje er spesielt redd for skia kan ein no starte skituren på Tråstølen. Oppe har det komme endå meir det siste døgnet og det begynner å bli ein solid såle, tung å springe i både opp og ned.

 

SUNDAG 15. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 900
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Frode og eg starta årets skisesong i dag - og det vart litt av ein sesongåpning! Me starta i Myrkdalen. 800 moh. var det minst ein halvmeter med snø. Frå toppen av Kari Traa-trekket dekka snøen terrenget heilt jevnt og fint, det må ha komme store snømengder dei siste dagane over 1000 moh. Men det mest overraskande var at det var nydeleg pudderføre heilt frå toppen og ned til 800 moh. Me kunne utan problem køyra heilt ned att til parkeringsplassen sjølv om det var tendensar til knekkebrødskare og kun 5-10 cm. heilt nederst. Fullstendig vindstille på toppen, og prikken over i'en var det raude ljoset som sola sto for i det me sleppte oss utfor frå toppunktet. Sesongåpninga på ski kan ikkje bli stort betre enn det me opplevde i dag.

 

LAURDAG 14. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 580
Rute: Mølstertunet - Raude Kross-hytta - Raugstad - Mølstertunet
Bjarte og eg tok oss ein tur til tross for dårlege værmeldingar. 700 moh. ligg det no 25 cm. snø.

 

TORSDAG 12. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 810
Frode og eg starta i Bavallen. Var litt spent på kor mykje snø som hadde komme oppe, så kursen vart lagt mot utforstarten og vidare til kvilehytta. Kun 5-10 cm. ved utforstarten, men det auka fort til 30 cm. våt snø ved kvilehytta. Det blir ein perfekt såle. Og dei neste to døgna kan det i følge værmeldinga komma ein stad mellom 50 og 70 cm. i høgfjellet. I kveld har eg sortert skifeller, pussa skibriller og bytta batteri i skredsendaren...

 

ONSDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 540
Stad: Bavallen
Even, Martin og eg gjekk/sprang Bavallen - Nyestølen - Hangurstoppen - Bavallen. Friskt vær, kaldt regn og vind på toppen. Om nokre dagar ligg kanskje snøen godt ned i liene, skisesongen nærmar seg med stormskritt.

 

LAURDAG 7. NOVEMBER
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 2130 (kun opp, tok taubanen ned att)
Stad: Garmisch-Partenkirchen (Tyskland)
Fjell: Zugspitze (2962m)
Gjekk via ferrataen opp nordveggen på Zugspitze (2962m) i dag. Zugspitze er det høgste fjellet i Tyskland og er eit imponerande fjell. Sett frå nordsida minnar utsikta ikkje reint lite om Chamonix. Taubanen som går opp på nordsida er verdas høgaste taubane i eit spenn (målt i høgdemeter frå nedre til øvre stasjon). Heile 1950 høgdemeter. Om sommaren er denne via ferrataen relativt enkel, men sidan det låg snø i nordsidene ned til ca. 2400 moh. tok eg med både stegjern og isøks. Og ikkje minst mykje varme klær. Sjølv om temperaturen i Garmisch 2300 meter lenger nede nærmar seg 20 grader, er temperaturen alltid låg i nordsider som ikkje ser sol på denne tida av året. Fekk bruk for alt utstyret oppover, dei vanlegvis trygge partia som ikkje var sikra var no dekka av snø og is.

Dei siste 600 høgdemetrane var dei mest utfordrande, sidan det var her det var brattast og mest snø og is.

Zugspitze slo meg som eit skikkeleg "Donald Duck-fjell". I den bratte og kalde nordsida var eg åleine heile dagen, men akkurat i det eg bikka over kanten, slo lukten av bratwürst og pommes frites mot meg, og japanske og indiske turistar i hundretal virra omkring i solsteiken.



FREDAG 6. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1470
Stad: Garmisch-Partenkirchen (Tyskland)
Fjell: Kramerspitz (1985m)
Flott rundtur i fjella nord for Garmisch. Stien "Kramersteig" er som tatt rett ut frå katalogen til Salomon, ein fotogen sti langs skarpe ryggar og i stupbratte fjellsider.


TORSDAG 5. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1835
Stad: Riva del Garda (Italia)
Svært varmt første del av turen sidan eg hadde sola rett i ryggen 1000 høgdemeter opp frå Arco. Etter kvart kom eg inn på artig skogssti i vestsida av Monte Brento. Til slutt sto eg på toppen av Monte Cascale (1631m). Ned att til Riva via Sarche.


ONSDAG 4. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1280
Fjell: Monte Baldo (Italia)
Rundtur på nydelege stiar på sørsida av Monte Baldo.

 

TYSDAG 3. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1320
Fjell: Monte Baldo (Italia)
Sprang Monte Baldo-massivet på langs frå sør til nord (frå høgre til venstre på biletet under). Cima Valdritta (2218m) er det høgaste fjellet på ryggen, og er ein spesiell topp med sine tunnelar og hårnålssti som er uthogd i sjølve fjellsida (som ein del av forsvarsverket under 1. verdenskrig). Eg hadde plassert ut sykkelen der eg kom ned på nordsida slik at returen gjekk radig.


MÅNDAG 2. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1625
Stad: Monte Baldo (Italia)
Starta i Spiazzi og sykla asfalt og grusveg opp på Cime di Ventrar på nordsida av Monte Baldo.

1102

 

SUNDAG 1. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1135
Stad: Punta Telegrafo (2200m), Monte Baldo (Italia)
Flott tur frå vestsida opp på den nest høgaste toppen på Monte Baldo-massivet.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.