• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG JANUAR 2015

 

LAURDAG 31. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1385
På flyfoto har eg sett ei linje på nesten 500 høgdemeter i lia på sørsida av Espelandsdalen i Granvin som må vera bra. I kveld fekk eg sjekka den ut. Bortsett frå eit svare strev med å komma seg over brøytekanten, viste det seg at dette vart full klaff. Ei bratt li beståande av både åpne glenner der ein kan køyra fort, og bratte parti med "puter" der ein må småhoppa seg nedover i pudderet. Skileik på sitt aller beste. Tre nedkøyringar.

 

FREDAG 30. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1865
Fire nedkøyringar i Tverrlia (Hjortalia) i Jordalen. Ein god del vind over tregrensa så det var ingen grunn til å halda seg i høgda i kveld. I skogen var det nemleg høgtid.

 

TORSDAG 29. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1105
Tre nedkøyringar i Pudderlia. Botnalaust!

 

ONSDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 240
Kveldstur med fatbiken i fine løyper i Herresåsen.

 

SUNDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 2585
Ein ny flott kveld tilbrakt i Hjortalia i Jordalen. Fire nedkøyringar vart det i kveld, dei tre første nesten frå fortoppen på Vardanosi (1294m), den siste frå rett over skogsgrensa. 30 cm. pudder og optimale forhold.

 

LAURDAG 24. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: ca. 1t 40min
Akk. høgdemeter: 520
Njål, Frode og eg tok ein tur opp Lamalia frå Tesdal. Men null sikt og vind gjorde at me snudde rett over tregrensa. Nydeleg pudderføre ned att. 20-30 cm. sidan i går.

 

FREDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 665
Deltakarar: Frode, Njål, Martin, Brynjulv, Arnstein, Jarle
Rask tur opp på Horgaletten. 3 cm. pudder i utforløypa ned att, perfekt for store svingar og stor fart.

 

TORSDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 845
Jan Olav og eg køyrte ned halvmeterskogen to gonger. Kjempeflotte forhold. Har aldri sett så mykje snø her som det er no.

 

ONSDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1595
I går vandra me i fjellet på ekvator, i dag fekk eg to flotte nedkøyringar i Hjortalia i Jordalen. Bra kontrast!

 

17. - 20. JANUAR
Dixon, David, Mads, Johny og eg brukte fire dagar på ein fantastisk vandretur gjennom Mount Kenya-massivet i Kenya. Frå sørvest gjekk me frå Met. Station via McKinders Camp over Point Lenana (4985m), som er det tredje høgaste punktet i Mount Kenya-massivet. Utsikta mot sentralmassivet og dei to høgaste toppane er nesten like imponerande som utsikta frå Chamonix i Alpane, og desse to toppane krev ein del klatring. Me gjekk ned att på nordvestsida, via Shiptons Camp til Old Moses Camp. Ein kjempefin tur som kjem på programmet til neste år. Anbefales for dei som vil oppleva alpin og eksotisk fjellnatur på ekvator, kombinert med eksklusiv og eksotisk safari. Les alt om denne turen her.

0117 7

0117 7

0117 7

0117 7

0117 7

0117 7

0117 8

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 29

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 39

0117 38

0117 39

 

FREDAG 16. JANUAR
Også i dag vart det ein runde med kajakk i bølgene.

0115 1

  

TORSDAG 15. JANUAR
I dag var bølgene tidvis store nok til at me fekk surf, ein intens og adrenalinfylt opplevelse i det du merkar at du "tar" bølga.

0115 2

 

ONSDAG 14. JANUAR
Artig padling i brenningane i Zanzibars azurblå hav. Fekk meg også ein sykkeltur på ein god time. På ein av Zanzibars mest moderne syklar...

0114 5

0114 5

0114 5

0114 5

0114 5

 

SUNDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Fottur
Fjell: Ol Doinyo Lengai (ca. 2980m), Tanzania
Totaltid: ca. 6 timar
Akk. høgdemeter: 1800
I dag var eg og Hussein, samt masaii-guiden vår Kipete, opp på vulkanen Ol Doinyo Lengai. Etter ein lang og strevsom køyretur meir i terrenget enn på det som kan kallast vegar, var me framme ved foten av fjellet. Dei siste timane møtte me nesten ikkje ein einaste turist, så no var me verkeleg utanfor allfarveg. Me starta kl. 02:00 om natta for å sleppe å gå i solsteiken opp dei 1800 bratte høgdemetrane. Dette er ein vulkan tatt rett ut frå Donald Duck, dvs. ei perfekt kone. Me fulgte dei gamle lavastraumane oppover, på ein svært spennande «sti». Utan Kipete hadde me nok slitt med å finne vegen, då det kun er nokre få personar her kvar veke i snitt. Me møtte ikkje eit menneske på heile turen. Ein av grunnane til at det er lite folk her – ved sida av at det er ei lang reise – er at det ikkje er ufarleg å gå opp. Er du vant med å ferdast i svært bratt og utsatt terreng går det fint, men du går heile tida på stupbratt lava/stein som er dekka av sand. Dermed er det vanskeleg å få feste med skoen, og den kan forsvinne under deg før du forstår kva som skjer. Og mistar du først kontrollen her er det stor fare for at du ikkje klarer å stoppe. Planen min om kanskje ein gong å arrangere turar opp på dette fjellet må derfor tenkast grundig gjennom. I det me nærma oss toppen var det fortsatt mørkt, og me bestemte oss derfor for å sette oss ned å vente i le for vinden. Det var ikkje spesielt kaldt, kanskje rundt 10 grader. Tåka låg tett rundt oss, og då me såg det begynte å lysne gjekk me dei siste hundre høgdemetrane opp på toppen, fortsatt utan å sjå nokon ting. På toppen høyrte me voldsom aktivitet nede i krateret, lyden var den mest intense eg har høyrt frå ein vulkan nokon gong. Hussain og Kipete som har vore her nokre gonger før, hadde heller aldri høyrt slike voldsomme lydar før. For dei som aldri har vore på ein aktiv vulkan så er det vanskeleg å beskrive lyden. Den går gjennom marg og bein og du føler deg utruleg liten når det smell og rumlar på det mest intense. Men me såg ingenting, og det var frustrerande å tenka på at det skjedde store ting under oss utan at me kunne sjå det. Men lykka stod oss bi – og etter 45 minutts venting løfta skyene seg, og me såg plutseleg alt – både nede i vulkanen og den imponerande utsikta ut over Afrika langt under oss. Men vulkanen var hovedfokuset no, svart lava eksploderte ut av ein stor ventil i kraterveggen. Det fulgte eit typisk mønster der det bygde seg opp aktivitet i ein ca. 10-minuttars syklus, og på det mest intense var det voldsomme eksplosjonar som heiv store mengde lava ned i hovedkrateret. Ol Doinyo Lengai er ein ustabil og svært aktiv vulkan og vil sannsynlegvis i løpet av forholdsvis kort tid (geologisk sett) forårsake ein stor katastrofe i området. Det var store sprekker nede i sidene der det kom ut store mengder varm damp, noko som indikerer at heile toppmassivet bevegar seg. Me var på toppen i tre timar før me starta den utfordrande turen ned att. Ein fantastisk dag på eit heilt spesielt fjell.

0111 24

0111 24

0111 2

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

Ikkje så lett å ta bilete av svart lava som eksploderer mot mørk bakgrunn, men her ser ein at det blir slengt ut store mengder frå hovedventilen

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

0111 20

0111 24

0111 24

0111 24

0111 24

 

TORSDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Fottur
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 250
Etter å ha sett gruppa vel av gårde ved Machame Gate, tok Mads, Johny, Oscar, David og Roger oss ein tur opp til ein imponerande foss ved foten av Kilimanjaro. Den skal i følge Oscar vera 87 meter høg. Oscar arbeider for min gode venn og samarbeidspartner Michael, og forklarte innlevande om blant anna kaffi- og bananproduksjonen i området.

0108 6

0108 6

0108 6

0108 4

0108 6

0108 6

 

MÅNDAG 5. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 665
Martin og eg tok oss ein tur opp til Horgaletten frå Bavallen. Duskregn og sugeføre, det ser ut som pudderet tar seg ein pause no. Men det passar bra, for no drar me til Afrika...

Ol Doinyo Lengai (ca. 2960 moh.) og Mount Kenya (Point Lenana, 4985 moh.) skal utforskast. Ol Doinyo Lengai er ein av dei raraste vulkanane i verda. Lavaen som sprutar ut er heilt svart, er mindre viskøs (meir flytande) enn vatn og kan i nokre tilfelle storkne i lufta og deretter knuse som glas når det treff bakken. Ikkje rart den blir omtalt som den mest spesielle vulkanen i verda... I tillegg er det litt av ein reise berre å komme seg fram til den, der den står og ragar 2200 meter over steppelandet langt nord for Lake Manyara, langt inne i kjernen av masaii-land.

0105 2

0105 2

Ol Doinyo Lengai

 

SUNDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1560
Først ein tur i Myrkdalen, frå Bygd nesten opp på Svolefjellet. Men ikkje optimale forhold, pudderdekket varierte mellom 3 og 25 cm. Ikkje heilt bra når du skal til å setta ein sving i det du trur er botnalaust pudder, og så er det berre eit par cm. ned til skaren. Kan fort gå skikkeleg ille, i alle fall med Kuro ski som absolutt ikkje er konstruert for å sladda på skaren... Ein kjapp telefon til Føremeldinga (Øyvind) fortalde meg at det i dag fortsatt var flotte forhold i Hjortalia i Jordalen, så eg hivde meg i bilen att. Også her hadde vinden herja litt, men heldigvis var skogspartiet fortsatt veldig bra. To turar ned Hjortalia.

 

LAURDAG 3. JANUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2570
Fire nedkøyringar i Hjortalia i Jordalen. Den første frå fortoppen på Vardanosi (1294m), men avblåst og vindpåvirka øverst så dei neste tre starta eit stykke under toppen. Fantastiske forhold frå ca. 1100 moh. og ned. Fullmånen (nesten i alle fall - heilt full i morgon) sto som ein lyskastar over fjellet og gjorde at eg kunne gå opp utan hodelykt. Dei tre siste laurdagsettermiddagane har eg tilbrakt i denne perfekte fjellsida - eller leikegrinda. Nesten 800 høgdemeter frå topp til botn, omtrent dobbelt så høg som dei andre pudderliene våre. Først dei store og bratte flankane oppe på høgfjellet, så rett inn i den åpne skogen som er akkurat passe glissen og bratt til at du kan køyre fort heilt ned til du skrensar opp framfor bilen.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.