• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

OKTOBER 2014

 

TYSDAG 28. OKTOBER
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: ca. 6 timar
Akk. høgdemeter: ca. 1500
I dag gjekk me via ferrataen som går til himmels rett opp frå sentrum av Riva del Garda. Det blir ikkje stort meir spektakulært enn dette - sjølv om den var mykje meir luftig enn vanskeleg, med blant anna mange veldig lange stigar. Me tok oss god tid med lange pausar på dei flotte utsiktspunkta på toppen.

1028 2

1028 2

 

SUNDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 1450
I dag gjekk me ein av dei lengste via ferrataene i Alpane. Ruta "Che Guevara" i Riva del Garda går rett opp ein 1400 meter høg storvegg (sjølve via ferrataen er 1000 meter høg). Til vår overraskelse var den ikkje spesielt vanskeleg, men det var litt av ein opplevelse å jobba seg oppover i den enorme veggen.

1026 13

Hedda og Knut Ådne framfor den 1400 meter høge veggen.

1026 13

1026 13

1026 13

1026 13

1026 13

 

LAURDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 35m
Akk. høgdemeter: 1510
Frå Trento opp til Vason (Monte Bondone) er det 1500 høgdemeter med hårnålssvingar. Og undervegs sykla eg gjennom den vesle landsbyen Norge.

 

FREDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1000
I går gjekk det direkte frå sommar til vinter i Alpane. Hausten vart rett og slett berre droppa i år. Då eg ankom Cortina (1224 moh) snødde det og blas storm i kasta. Hotellet mitt ligg midt i sentrum og det var unntakstilstand i gatene nedanfor med lause gjenstandar som forsvant i vinden og bilar som vart skada av ting som blas over dei. Det var vanskeleg å gå mot vinden. Men etter eit døgn slutta det, og i dag var det igjen strålande vær og varmt i sola – sjølv om lufttemperaturen heilt klart er lågare. Snøen som kom i går forsvant fort oppe i fjellsidene. Tok meg ein tur opp til Passo Valparola (2168 moh). Brøytekantar på over halvmeteren over 2000 meter, men med dei langtidsmeldingane som er no vil det nok ikkje gå meir enn eit par dagar før snøen er vekke sjølv på dei store fjella.

1024 3

Cortina d'Ampezzo med haustens første snø på fjella bak er eit vakkert syn

1024 3

1024 3

 

ONSDAG 22. OKTOBER
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 265
I dag var det eigentleg treningsfri, sidan eg skulle forflytta meg til Cortina. Men då eg passerte Milano vart lysta for stor, og eg la ut på ein spontan sykkel-sightseeing. Eg forberedte meg på kaos og frekke manøvrar gjennom den italienske storby-trafikken, men Milano er faktisk ein sykkelby! Fine to-felts sykkelstiar innover mot sentrum, og store parkområdet med fine stiar. I sentrum var det sjølvsagt ville vesten, men ved å vera litt tøff så kjem du deg i alle fall mykje raskare fram på sykkel enn med bil. Fekk besøkt alle dei store turistattraksjonane i byen.

1022 4

Den berømte katedralen i Milano

1022 4

Denne bygningen ser kanskje ikkje så spesiell ut frå utsida, men dette er La Scala, verdas mest berømte opera

1022 4

Galleria Vittorio Emanuele II, eit av dei flottaste og mest eksklusive handlesentera i Italia

  

TYSDAG 21. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1820
Starta i Aosta. Opp dalen Valpelline til Lac des Places de Moulin (1950m). Fortsatte på kjerreveg og sti innover til eg var rett ved foten av Dent d’Herens (4171m) som er «nabofjellet» til Matterhorn.

1021

 

MÅNDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Tinderangling
Fjell: Gran Paradiso (4061 moh) 
Totaltid: 8 timar
Akk. høgdemeter: 2130
Tok ein av 4000-metringane i Alpane i dag. Gran Paradiso er det høgaste fjellet i nasjonalparken Gran Paradiso sør for Mont Blanc. Eg og Øyvind tok dette fjellet for 11-12 år sidan, men då tok me ryggen frå nord. No tok eg ryggen frå sør. Fine forhold sjølv om det er langt ut i oktober, men tunge snøforhold oppover breen og is og snø på ryggen gjorde at eg brukte lengre tid enn berekna. Artig tinderangling bort eggen til toppen. Vart nesten stoppa av ein luftig passering rett før fortoppen, men eg fant heldigvis ein taustump og ein strategisk plassert borebolt som gjorde at eg kom meg forbi.

1020 5

1020 5

1020 5

1020 5

1020 5

 

SUNDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 860
Då eg gjekk via ferrataen nord for Briancon for nokre dagar sidan, møtte eg ein stisyklist i fjellsida under som tipsa meg om ein – i følge han – helt spesiell sti nord for Serre Chevalier. Denne tok eg i dag. Storslagen natur og nydeleg sti.

1019 10

1019 10

1019 10

1019 10

1019 10

 

LAURDAG 18. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1505
Frå den vesle staden Isola som er klemt inne mellom gigantiske fjell, er det nøyaktig 1500 høgdemeter rett opp til det berykta Col de la Lombarde (2350m). Bratt og svingete - artig opp og veldig moro ned!

1019 10

1019 10

 

FREDAG 17. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1395
I natt låg eg på «Europas tak», som Col de Bonette blir kalla av turistmyndigheitene i området. Fantastisk utsikt og solnedgang i går, såg lyset frå Nice som farga skyene over Middelhavet oransje. Ikkje ofte ein startar ein sykkeltur på 2800 moh, og slepper seg ned 1400 høgdemeter før ein i det heile tatt begynner sjølve treningsturen. Slapp meg ned grusvegen over Col de la Moutiere (2454 moh) og den dramatiske dalen som går ned til Pont Haut. Her starta den lange motbakken opp att sørsida av Col de Bonette. Det var varmt i går når eg tok nordsida av Col de Bonette, men sørsida i dag var rett og slett trykkande varm - i alle fall nederste delen. Utruleg til å vera siste halvdel av oktober.

1019 8

1019 8

 

TORSDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1620
Col de Bonette er ein av grunnane til at eg har bevega meg nedover i dette området som eg er no. Dette legendariske Tour de France-passet er Europas høgaste asfalterte fjellpass (2802 moh. dersom du reknar med loopen rundt fjelltoppen Cime de Bonette). Såg nesten til Middelhavet frå toppen. Har slått meg til her oppe og kjem til å ha dette som base eit par dagar framover. Fantastiske solnedgangar her oppe...

1019 6 

 

ONSDAG 15. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1560
I dag tok eg først Col de Larche (Colle della Maddalena på italiensk) (1991m), som ligg på grensa mellom Frankrike og Italia. Nesten nede att ved bilen sykla eg forbi Les Gleizolles ved foten av Col de Vars (2109m). Sidan Col de Larche gjekk raskare enn eg hadde rekna med, tok eg ein tur opp på Col de Vars også. Dette er altså det samme passet som eg tok frå nordsida i forrige veke, no tok eg det frå sørsida. Varmt og fint i dag.

 

TYSDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1255
Er no i nasjonalparken Mercantour. Denne nasjonalparken er kjent for sine flotte dalar, spesielle natur og høge fjellpass (sjølvsagt, sidan eg er her…). Eg flyttar meg altså gradvis sørover. Tok i dag Col de la Cayolle (2326 moh.) frå Barcelonnette. Ein kjempeflott dal – faktisk den finaste turen til no her nede. Det er verkeleg ein heilt spesiell natur i dette området. Eg hadde den tre mil lange stigninga heilt for meg sjølv sidan vegen var stengt rett over Barcelonnette, og det kun bur nokre få sauebønder oppe i dalen. Møtte berre ein motorsykkel og ein traktor på heile turen. Ein svært smal og dårleg asfaltveg slynger seg oppover, perfekt med terrengsykkel. Men i dag var første turen at det var kaldt ned att, eg måtte på med ein del klær på toppen. Men heldigvis er det meldt varmare framover.

 

SUNDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 700
Kort fjelltur opp på ein topp (ca. 2700m) vest for Col de Vars. Kom ned til bilen att akkurat i det det byrja å regne. Det skal regne i morgon også, så då tar eg treningsfri.

 

LAURDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 1215
Rask tur frå Guillestre opp til Col de Vars. Etter fleire rolege turar dei siste dagane var det godt å legge inn litt høgare gir oppover i dag. Viktig å vera nøye med intensiteten når ein får så mange timar på sykkelsetet som eg gjer her nede, for å unngå at det berre blir "lapskaustrening". Eg lyttar nøye til kroppen og då blir det som oftast 3-4 rolege økter mellom kvar harde økt. Med terrengsykkel-utveksling er det mogeleg å få ei roleg økt sjølv om ein tar 2000 høgdemeter på ein dag. På turen sist onsdag f.eks, då eg tok 1990 høgdemeter, var det ikkje mange minuttane totalt eg var over 140 i puls. Mens turen på mandag, opp Colle delle Finestre, låg eg stort sett aldri under 160 i dei nesten 2500 høgdemetrane med motbakke. To heilt forskjellige turar altså. I dag låg eg jevnt i nedre kant av sone 4, som for min del er ca. 165 - 175. Eg har stort sett slutta å planlegga harde økter på forhånd, det endar ofte dårleg. I dag kjente eg etter 5 minutt at beina og kroppen var klar for litt fart oppover svingane - ein kjempegod følelse!

 

FREDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 1150
Flott, luftig og lang via ferrata frå Pont de l'Alp opp på Aiguillette du Lauzet (ca. 2650m). Haustfargane er på det mest intense i dette området no.

1010 9

1010 9

1010 9

1010 9

1010 9

1010 9

1010 9

1010 9

 

TORSDAG 9. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1310
Briancon er basen min eit par dagar no, og i dag tok eg Col d’Izoard som vart sykla så seint som i sommarens Tour de France. Fortsatt knallblå himmel og sommarleg temperatur, i alle fall etter norsk målestokk. Litt sti vart det også i dag.

1009 13

1009 13

1009 13

1009 13

 

ONSDAG 8. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1990
Frå Sestriere går det ein over fire mil lang gammal militærveg til Colle delle Finestre. Standarden varierer frå fin grusveg i starten til meir eller mindre sti det meste av vegen. Den slynger seg dramatisk mellom fjelltoppane heilt opp mot 2800 moh. I dag låg skodda tjukk under 2000 meter, men der oppe var det varmt og fint i sola. Skodda gjorde at ein verkeleg følte at ein sykla på verdas tak. Frå Colle delle Finestre slapp eg meg heilt ned i dalen, for å sykle asfalten opp att til Sestriere. Frå solsteik og varme dukka eg ned i skodda og fryseboksen... temperaturen sank mange grader og eg måtte på med alt av klær på den lange nedkøyringa. Heldigvis var det ingen problem å få varmen igjen i den lange stigninga opp att til Sestriere.

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

1008 21

 

TYSDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1120
I dag var det tjukk skodde, kaldt og nokre dråpar regn i Sestriere. Tok meg derfor ein fjelltur opp på Morefreddo (2770m) frå Laval. På toppen skein sola og det var vindstille. Den varmaste plassen eg har vore i dag!

 

MÅNDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2470
Har kryssa grensa til Italia og starta i dag frå Oulx. Først eit par mil oppvarming nedover dalen til Susa før dagens motbakke stod for tur.

Frå Wikipedia:  Colle delle Finestre (2178m) is a mountain pass in the Cottian Alps, in the Italian region of Piemonte, Italy, linking Susa Valley and Val Chisone. The road was built around 1700 to gain access to the fortresses in the zone, mainly the Forte di Fenestrelle. The road serves as tourist attraction although the last 8 kilometres of the road from Susa are not asphalted. From Susa the mountain pass is 18,6 kilometres long at an average of 9,1% (height gain: 1694 m), the maximum gradient being 12%. Stage 19 of 2005 Giro d'Italia crossed Colle delle Finestre, Danilo Di Luca being the first one on the top. The stage, finishing in Sestriere, was won by Venezuelan José Rujano. It was also featured in the 20th stage of the 2011 Giro d'Italia and was won solo by Vasil Kiryienka of the Movistar team.

Giroen har altså vore over dette passet, som er heile 1700 høgdemeter frå botn til topp, to gonger i moderne tid, til tross for at dei siste kilometrane er relativt grov grusveg. Nesten utruleg at det er mogeleg å komme seg over med landevegssykkel. Noko av det mest spesielle med dette fjellpasset er det lange partiet i starten med berre 50-100 meter mellom kvar hårnålssving. Å køyre nordsida ned ville vore tøft for bremsane. Eg køyrte derimot ned sørsida til Usseaux, og deretter nye 600 høgdemeter opp dalen til Sestriere. Til slutt ei flott nedkøyring til Oulx. 94 kilometer vart runden totalt.

1006 2

1006 2

 

LAURDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1060
Col du Mont Cenis (2084m) frå Modane. Nærmar meg no Italia. Kanskje kryssar eg over i løpet av eit par dagar, men først blir eg værande ved innsjøen Lac du Mont Cenis nokre dagar.

 

FREDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 6t 25min
Akk. høgdemeter: 1945
Rundtur på nøyaktig 100 kilometer. Frå Col du Galibier på ein gammal, grov militærveg over passet Col de la Plagnette (2493m), og etter kvart mange kilometer med fin sti. Så heilt ned til Briancon og opp att på asfalt via Col du Lautaret (2058m) til Col du Galibier (2642m). For to dagar sidan tok eg nordsida av dette passet, i dag tok eg sørsida.

1003 5

1003 5

1003 5

1003 5

1003 5

1002 9

 

TORSDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 1245
Grand Galibier (3229m) står opp på austsida av Col du Galibier som ein katedral med mange spir. Eg hadde ikkje mykje tru på at eg ville finna ei rute opp på dette flotte fjellet frå vestsida utan kart og detaljkunnskapar, men eg kom meg opp til slutt. Ville ikkje gå ned att samme ruta, så eg gjekk ned ei renne på sørsida av fjellet. Det finns utruleg mange spennande 3000-metringar i Alpane. Dei har for meg hatt ein tendens til å komma litt i skuggen av 4000-metringane dessverre, men framover må eg prøva å få gjort noko med det - turen i dag var ein av dei flottaste fjellturane eg har hatt i Alpane.

1002 9

1002 9

1002 9

1002 9

 

ONSDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Landevegssykling (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 2260
Etter ein fuktig kveld i Chamonix med Knut, Knut Ådne, Astrid, Tormod m.fl. og dermed ein roleg dag i går... er eg igjen i fjellpass-modus. I dag tok eg Col du Galibier (2646 moh.) frå nordsida. Dette er passet som alltid blir omtalt som kongeetappen av Kaggestad når det er med i Touren. Fordi ein først må over Col du Telegraphe lenger nede i lia blir den totale stigninga på brutale 2260 høgdemeter. Men heldigvis ikkje altfor bratt, så det er mogeleg å halda god fart oppover om ein har ein bra dag. Eg prøver ofte å unngå å beskriva landskapet eg syklar gjennom, for å unngå å bruka for store ord - men det er fantastisk flott å tråkke seg opp dei store fjellpassa. Naturen skiftar frå tett skog nede i dalane til høgalpint landskap på toppen. Og alle dei små landsbyane eg tråkkar gjennom har ein atmosfære og sjarm som gjer at ein får lyst å dra tilbake for å tilbringa lenger tid der. Trur eg må fastslå at Alpane og Dolomittane er mitt favorittområde i verda.

1002 9

1002 9

1002 9

1001

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.