• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG DESEMBER 2014

 

ONSDAG 31. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 830
Frå Liaset opp på Strutseggi (1137m). Betre føre enn i går, men langt frå optimalt.

 

TYSDAG 30. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 685
Gjekk frå Tillung opp mot Sandfjellet. Klabbeføre opp og sugeføre ned. Drittføre med andre ord...
Det fantastiske føret me har hatt sidan 7. desember tar seg ein pause nokre dagar, men me satsar på at det er attende over nyttår.

 

MÅNDAG 29. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1550
Deltakarar: Guttorm, Knut, Øyvind, Jarle
To flotte nedkøyringar frå fortoppen på Vardanosi (1294m) i Jordalen. Hjorten kom litt for nære i dag også, så no har me døypt denne nesten 800 meter høge perfekte fjellsida for Hjortalia.

Det var denne hjorten som nesten var på panseret mitt på laurdag. I dag kom den også litt vel nære i det den byksa ut i vegen rett framfor oss. Og etterpå måtte me plent finna oss i å køyra i hans tempo oppover i fem minuttar før han fant ut at det var like lurt å sleppa oss forbi  (Foto: Guttorm Frønsdal)

 

SUNDAG 28. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1545
Arnstein, Brynjulv og eg tok turen opp på Eggjane (1268m) i Bordalen. "Sjølvsagt" nydelege forhold også her. To nedkøyringar.

 

LAURDAG 27. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 2420
Tre nedkøyringar frå fortoppen på Vardanosi (1294m) i Jordalen. Månelyset skapte ein heilt spesiell stemning på dei to siste nedkøyringane, den første var i solnedgangen. Fullstendig vindstille på toppen, og der oppe var det heller ikkje spesielt kaldt. Men 14 minusgrader nede ved bilen. Såg ein svært intens meteoritt som brann opp på veg ned gjennom atmosfæren. Imponerande. To nestenkollisjonar i kveld. Den første var mens eg fortsatt var på ski, var berre ein meter unna å ta ein hare med hendene. Den andre var med bilen. Ein stor hjort sprang nesten opp på panseret mitt på Jordalsvegen, etter at eg hadde klart å stogga. Den var forvirra og blenda av billyset.

 

FREDAG 26. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1445
Tre turar ned Halvmeterskogen i Myrkdalen.

 

TORSDAG 25. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 6t 30min
Akk. høgdemeter: 2930
Fem nedkøyringar i perfekte forhold frå Horndalsnuten. Tre på vestsida (ned til Modalstjørni) og to på nordsida. 10-15 cm. pudder heilt opp til toppvarden, 20-25 nede i skogen. Fekk solnedgangen på toppen etter den andre turen. Den flottaste dagen min på Horndalsnuten nokonsinne? Starta frå Nedrestølen. Like bra på alle sider av fjellet.

 

TYSDAG 23. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1390
Ny variant i Pudderlia utforska i dag! Gjekk rett opp frå Fagnastøl. Krevande å gå opp første gongen, både fordi det var mykje pudder og fordi det var bratt og til dels kronglete pga. knekte tre. Men ned att var det fantastisk å berre sleppe seg ned dei åpne glennene som stuper bratt nedover skogen. Tre nedkøyringar. No blir det mandelkrig, pakkeleik og Grevinnen og Hovmesteren...

 

MÅNDAG 22. DESEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 10min
Akk. høgdemeter: 370
I dag var det mildvær høgt til fjells og det passa fint med litt avveksling frå ski. Tok meg ein kort tur oppover Hangurslia med fjellsko. Etter kvart vart det vanskeleg å ta seg fram, både pga. djup og våt snø, men også veldig mange knekte tre som ligg over stien.

 

SUNDAG 21. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: ca. 3t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 1635
Fire førsteklasses nedkøyringar i Pudderlia. Fekk følge av Hans Inge på den siste turen opp, han fortsatte jobben med å halda sporet åpent utover kvelden... Det snødde nesten 10 cm. på dei knappe fire timane eg var der.

 

LAURDAG 20. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 2185
Må nøye meg med å konstatere at dette var ein av mine beste dagar på ski nokonsinne. Tre lange nedkøyringar frå fortoppen på Vardanosi (1294m) til skulen i Jordalen. Pudder kan ikkje bli luftigare enn det er no – frå topp til botn. Ubeskriveleg.

 

FREDAG 19. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 920
I kveld gjekk eg med lette ski (alt er relativt - men i forhold til Kuro er alt lett og smalt…) sidan eg ikkje visste heilt kva føre eg kunne forventa etter den milde dagen i går. Køyrde to turar ned frå Bjørgaknausen (926m) i lia over Tillung. Det snøa kraftig heile tida, så pudderet var attende i rikt monn, i alle fall under tregrensa. Over tregrensa var det litt avblåst. Er litt bortskjemt dei siste vekene sidan det stort sett har vore jevnt og fint pudder også over tregrensa.

 

TORSDAG 18. DESEMBER
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 355
Pudderpause i dag, mildvær og regn langt til fjells. Men dermed vart det fine forhold for fatbike i Herresåsen.

 

ONSDAG 17. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: ca. 2t 10min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Deltakarar: Erlend, Knut, Martin, Jarle
Hatlekinni (900m) nord for Bolstad har ein perfekt flanke på nordaustsida som er 300 høgdemeter frå der ein slepper seg utfor på toppen, til punktet der ein stoppar opp i botnen (med eit stort smil om munnen...). Me tok den to gonger i kveld. Eg trur alle er einige om at perioden me er inne i no må vera tidenes pudderfest!

 

TYSDAG 16. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 965
Etter ein lang dag og utalelege høgdemeter (kun nedover...) i skianlegget med Mads og Jon, var eg likevel ikkje heilt mett på perfekt pudder. Trakka meg derfor to gonger opp til Bjørgaknausen (926m) frå Tillung i kveld. Dei voldsomme snømengdene har ei negativ side også. Urovekkande mange tre bøyer seg no faretruande ned under vekta av snøen, og for mange vert det for tøft og dei knekk tvert av. Spesielt i denne lia ligg det no mange knekte tre.

 

MÅNDAG 15. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 800
Guttorm og eg tok to turar ned Pudderlia i kveld. Ein søndag med mildvær og regn klarte ikkje å øydelegga pudderfesten. Ein solid pudderdump i natt og i dag gjorde at det igjen er botnalaust.

 

LAURDAG 13. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1325
Deltakarar: Marte, Synnøve, Jan Olav, Jarle
I Halvmeterskogen har det komme 95 cm. pudder sidan sist (tysdag). I teorien er det no over to meter med pudder. Tre nedkøyringar i dag.

1213

 

FREDAG 12. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: ca. 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1395
Frå Bjørgaknausen (926m) er det temmeleg nøyaktig 400 høgdemeter åpen skog ned mot Tillung. Ikkje så bratt som Halvmeterskogen og Pudderlia, og dermed perfekt når ein er åleine og snøskredfaren er gradert til 3 eller høgare. Her er det trygt uansett. Tre nedkøyringar i perfekt snø, knusktørr heilt ned. Såg ein hare i dag, i går såg me forresten ein nysgjerrig røyskatt.

 

TORSDAG 11. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: ca. 2t 15min
Akk. høgdemeter: 830
Njål, Martin og eg surfa ned Pudderlia på Storebottseggi to gonger i kveld. Endå 60 cm. med pudder har komme dei siste to døgna. Nydelege forhold heilt frå toppunktet og nesten heilt vindstille. Kuro'en er dei beste skia eg nokonsinne har hatt. Det skjer eit eller anna med desse ekstremt breie skia når eg kjem over ein viss fart i pudderet. Dei reiser seg ut av snøen og plutseleg føles det nesten som ein flyr ned fjellsida. Når eg går opp igjen etterpå ser eg tydeleg forskjell på sporet mitt når eg har køyrt fort i forhold til når eg køyrer "normalt". Skia har ikkje vore langt ned i snøen i svingane.

 

TYSDAG 9. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1760
Fire turar i Halvmeterskogen. Like perfekte forhold som i går.

 

MÅNDAG 8. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 965
Deltakarar: Ove, Jan Olav, Martin, Guttorm, Jarle
Ser mange skriv på Instagram at det er snorkelføre i Myrkdalen no, og det stemmer faktisk! Trur aldri me har streva så hardt som me gjorde i kveld for å legga sporet opp Halvmeterskogen. Men til gjengjeld har det kanskje aldri vore så fantastiske forhold ned att heller. Det var meir enn nok snø til å gi full gass. Rett og slett eventyrlege forhold. To turar til topps vart det før me var fornøyde. Og dei neste dagane skal det komma endå mykje meir pudder...

 

SUNDAG 7. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 610
Pudderalarm! Brynjulv, Taro og eg starta i Bavallen på 15 cm. småfuktig snø. Det auka fort og då me passerte Slettafjellet nærma det seg 40 cm. med heilt knusktørt pudder av beste sort. Me snudde litt før utforstarten. Dersom værmeldingane slår til framover kan me kanskje sjå fram til puddermengder som me ikkje har sett på Voss på tre år - værmeldingane blir no sjekka ein gong i timen minst...

 

LAURDAG 6. DESEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1635
Frode og eg på langtur. Starta nedanfor Fennastølane i strålande vær og pudderføre. Først opp på Byrseteggi og deretter ned på austsida. Så opp på Horndalsnuten. Dessverre var sikta begynt å bli dårleg ned att til Modalstjørnane så me måtte ta det med ro til tross for 20 cm. pudder. Så over Byrseteggi for andre gong på veg attende til Fennastølane. Bra føre i dag, pudderet ligg jevnt, unntatt på toppane.



 

TORSDAG 4. DESEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 890
Martin og eg starta frå Tråstølen. Det sterke måneskinet bada landskapet i eit trolsk lys og me kunne gå utan hodelykt mykje av tida opp. Nesten heilt vindstille var det også. Det var faktisk så fint at me nesten gløymte at føret ikkje levde opp til den fine kvelden ellers, knallhard skare oppe - nesten is det siste stykket. I går har det tydelegvis regna heilt opp til 1400 meter.

1204 

 

ONSDAG 3. DESEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Byrseteggi (1025m)
Totaltid: 1 time
Akk. høgdemeter: 445
Frode og eg starta litt nedanfor Fennastølane og gjekk opp på Byrseteggi. Lett regn og søkkvåt snø heilt til topps. Men det var så mykje nysnø at me hadde det verkeleg moro ned att den bratte lia til tross for tidenes sugeføre.

 

MÅNDAG 1. DESEMBER
Aktivitet: Springing
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 665
Frå Bavallen opp til Utforstarten på Horgaletten.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.