• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG NOVEMBER 2014

 

LAURDAG 29. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 680
Vinterens fyrste skitur! Finnbunuten frå Vikafjellet. Heilt greitt føre dersom ein ser bort frå dei nederste 200 høgdemetrane med tendensar til knekkebrødskare. Heldigvis var det god sikt i ettermiddagssola ned att, det er ikkje sjølvsagt på denne tida. Flatt lys er ofte det største problemet midtvinters. Sjølv om det sjølvsagt ikkje er forhold til å brenna på skikkeleg ned fjellsidene så tidleg på sesongen fekk eg køyrt nokre fine svingar i puddersnø av god kvalitet.

 

FREDAG 28. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 520
Sprang ein lang runde i Storåsen, med måneskin som skein gjennom den glisne skogen som kulisse.

 

TYSDAG 25. - TORSDAG 27. NOVEMBER
Gourmet-opphald på Tvinnestølen resort. Mads, Lukas og eg baska i 6,5 timar i snø opp mot 70 cm. (skulle valgt ski...). I stjernelyset rett før stølen stod me plutseleg ansikt til ansikt med ein flokk på rundt 150 reinsdyr. Ein fantastisk opplevelse! Vel framme var det tidenes lutafisk-middag (Mads er tidlegare fiskebutikk-eigar, så dette kan han...) og den andre kvelden eit pinnakjøt-måltid som også kjem til å bli hugsa lenge. God drikke hadde me også fått plass til i sekken. Tvinnestølen er ein av dei koselegaste hyttene i DNT sitt hyttenett, og er ein perfekt plass å tilbringa eit par døgn utan mail og mobil. Me brukte ca. 3 timar ned att i dag.

1125 1

1125 2

 

SUNDAG 23. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 730
Martin og eg starta frå Bavallen og gjekk først opp til utforstarten på Horgaletten. Så sprang me til Raude Kross-hytta og ned att til Bavallen. 20 cm. snø øverst, det doble i skavlane.

 

FREDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 960
Brynjulv, Taro og eg tok ein tur på Horgje i snødrevet. Starta på Tråstølen.

1121 2

1121 1

Taro er den desidert sprekaste treningskompisen min, og det er alltid kjekt å ha han med på tur - sjølv om han syns det går ufatteleg sakte med oss tobeinte...

 

ONSDAG 19. NOVEMBER
Aktivitet: Stispringing
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 500
Martin og eg sprang runden i Storåsen. Denne runden bør ein eigentleg velga oftare. Stien er blant dei artigaste på Voss når forholda er gode, og det går ikkje vekk noko tid til transport til og frå.

 

TYSDAG 18. NOVEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Øyvind foreslo stisykling i Bømoen, og då var ikkje eg vanskeleg å overtale. Fine forhold.

 

MÅNDAG 17. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 955
Frode og eg på langtur. Fennastølane - Mønsberget - Sollikamben - Gullringsdalen - Steindro - Fennastølane. Me ventar alle på snøen, men når den først glimrar med sitt fråvær er det i det minste veldig fine forhold for springeturar i fjellet no.

 

SUNDAG 16. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 490
Starta på Fennestølane og sprang over Byrseteggi (1025m) og ned til Gullringsdalen. Vidare rundt Byrseteggi og ned att til Fennestølane. Hadde eit ørlite håp om å sjå att noko av dyrelivet frå torsdagens tur då eg og Martin var i dette området, men det var sjølvsagt litt optimistisk.

1116 1

Horndalsnuten (1461m) i bakgrunnen

1116 2

 

LAURDAG 15. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1165
Terrengsykling i Norge i november er det ikkje så ofte eg driv med. Fønvinden i Granvin i dag tidleg føltes som ein fin vårdag. Starta på Flatlandsmo og satte først kursen mot stølen Solsæ aust for Solsævatnet. Så over Gårhovden til Ljono og vidare ned til Ulvik sentrum. "Normalvegen" attende til bilen.

 

TORSDAG 13. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 630
Martin og eg starta frå Fennestølane og sprang ein lang runde rundt Såta og Byrseteggi (Fennastølane - Mønsberget - Potten - Gullringsdalen - Steindro - Fennastølane). Turen var flott i seg sjølv, men det som tok all oppmerksomheit i dag var det me opplevde i løpet av 10 minutt øverst i Gullringsdalen og ned mot Steindro i Skaftedalen. Først møtte me ei gaupe. Den var kanskje 50-60 meter frå oss då me først såg den, før den forsvant i stor fart oppover lia. Lite kunne vel toppe dette - men kun minuttar seinare flaug det opp ei stor kvit ugle rett framfor oss. Me såg den heilt tydeleg i det sterke ljoset frå hodelyktene våre, då den nesten stoppa opp i lufta over oss - tydeleg forvirra av det sterke ljoset. Så vidt eg kan forstå kunne ikkje dette vera noko anna enn ei snøugle, som faktisk er svært sjeldan i Norge. Men ein del snøugler trekker til dei nordiske landa frå Russland i gode lemenår, og det har det jo vore i år. På Wikipedia står det: "I Finland, Sverige, Norge og Island kan det hekke noen titalls par til sammen i gode lemenår, andre år kan Norden være helt uten hekkende snøugler." Det står også at snøugla kan forvekslast med den litt meir vanlege jordugla, men denne er ikkje på langt nær like kvit - og denne ugla var definitivt heilt kvit. Så utruleg nok vart ikkje gaupa det mest sjeldne dyret me såg i dag...

 

TYSDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: ca. 1320
Brynjulv, Taro og eg gjekk opp via Klondyke til Horgje. Tåketeppet låg under oss og dekka heile Vossabygda mens me koste oss i strålande sol og heilt vindstille. Nådde toppen akkurat i det sola gjekk ned. Over 1200 moh. dekka snøen stort sett terrenget. Litt sleipt var det ned att, men det må ein rekna med når ein velger denne stien på denne tida av året.

Foto: Brynjulv Eide

 

LAURDAG 8. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 650
Frode og eg starta på Møn og sprang over Mønsberget til Hildestveit. Samme veg attende. Ein av dei finaste turane på Voss - flott sti og nydeleg utsikt.

 

ONSDAG 5. NOVEMBER
Aktivitet: Springing
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: ca. 650
Einar, Brynjulv og eg starta i Bavallen. Snudde ved utforstarten på Horgaletten. Nokre få cm. med snø over 900 meter. No følger me alle ekstra nøye med på værmeldingane. I fjor hadde me årets fyrste skitur 10. november, og det var ein tur med masse pudder og nydelege forhold. Dessverre ser ikkje værmeldingane lovande ut foreløpig, men det nærmar seg årets kanskje aller største høgdepunkt - puddersesongen som som regel strekker seg frå desse tider til februar/mars.

 

LAURDAG 2. NOVEMBER
Aktivitet: Fjellspringing
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1050
Kom heim frå solrike Riva del Garda til til flomramma Voss. Leiligheita mi er fullstendig øydelagt, eg hadde innandørs basseng på tysdag kveld. For å klarna hovudet litt mellom all rydding og organisering tok eg ein springetur sammen med Brynjulv og Taro opp på Gråsidetoppen i friske forhold - regn og vind.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.