• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG JUNI 2014

 

LAURDAG 28. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 350
Bømoen og over Storåsen.

 

ONSDAG 25. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1180
Område: Sel - Høvringen - Høvringsvatnet - Skardsætrin 

 

TYSDAG 24. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 870
Rute: Rondablikk - Rondvassbu - Rondablikk
Vegen til Rondvassbu gir den aller beste utsikta til Rondane. På veg attende til Rondablikk tok eg for meg av dei fine stiane i området.

0624 14

0624 14

Rondvassbu

0624 14

0624 7

0624 14

Denne utsikta har eg vakna til dei to siste morgonane.

0624 14

Og denne solnedgangen...

 

MÅNDAG 23. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 40min
Akk. høgdemeter: 1330
Er fortsatt i Kvamsfjella sør for Rondane. I dag lasta eg ned ein langtur til GPS'en som eg hadde store forhåpningar til. Fleire kilometer på sti, men det meste gjekk på grusveg i flotte omgivelsar.

0623 3

Rondane ruva i bakgrunnen på dagens tur

0623 3

0623 3

 

SUNDAG 22. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1155
Starta i Kvam, som fortsatt er prega av dei dramatiske flommane i 2011 og 2013. Fulgte elva oppover til Kvamsfjellet, tydelege spor etter dei enorme vannmassane heile vegen. Vel oppe ved Rondablikk fant eg ein del artige stiar ved hjelp av ruter som eg hadde lasta ned på GPS'en på forhånd. Rondablikk lever forresten opp til navnet, meir majestetisk utsikt mot Rondane skal ein leita lenge etter.

0622 4

0622 4

0622 4

0622 4 

 

FREDAG 20. JUNI
Aktivitet: Via Ferrata
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 510
Laila foreslo at me skulle gå Munkstigen utanfor Trondheim. Artig tur og flott utsikt over Trondheim og Trondheimsfjorden frå toppen. Munkstigen er ein lang via ferrata (klatresti) som går nesten frå fjæresteinane opp på fjellet Munken (519m). Dette er faktisk nordens lengste via ferrata.

0620 3

0620 3

0620 3

  

TORSDAG 19. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1265
Dovrefjell. Låge temperaturar i dag, kun 8 grader når eg starta. Regnbyger dreiv mellom fjella vest for E6, men heldigvis var det ingen dråpar på austsida der eg var. Sykla både tekniske stiar og autostrada-stien Pilgrimsleden over Hjerkinhøi (1272m), som gir ei flott utsikt over Dovrefjell.

0619 2

0619 2

 

ONSDAG 18. JUNI
Aktivitet: Fjellsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 720
Rundtur i Ringebufjella søraust for Rondane. Mil etter mil med nydelege flytstiar der du kan halda forholdsvis bra fart, kun avbrutt av tekniske parti her og der som gir fin avveksling.

0618 3

0618 3

0618 3

 

TYSDAG 17. JUNI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Galdhø, sørtoppen (2223m)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1340
I dag hadde eg definitivt (?) årets siste topptur. Køyrte bilen nesten opp til Juvasshytta, sidan eg har god erfaring med nordsida på Galdhø frå tidlegare år. Her ligg det snø lenge, og flanken er lang og passeleg bratt til å ha det skikkeleg moro. Hadde eigentleg tenkt meg vidare til Galdhøpiggen, men då eg stod på sørtoppen av Galdhø såg eg to kilometer med steinur framfor meg til nordtoppen, som eg måtte over for å komma meg vidare til Galdhøpiggen. Det frista lite med stive rando-sko, så eg tok heller to nedkøyringar av Galdhø. Kjempeflott avslutning av skisesongen 2013/14. Dei siste tre dagane har eg stort sett hatt smørslush heile tida. Berre ein kjem seg høgt nok opp er det mogeleg å få raskt føre sjølv langt ut i juni.

 

MÅNDAG 16. JUNI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Stetinden (2020m)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1235
Starta med å sykla inn Leirdalen til eg var rett under Stetinden. Vegen vert ikkje åpna for biltrafikk før lenger ut på sommaren. Stetind står som ein ambolt innerst i denne dalen som er omkrinsa av 2000-metringar. Toppunktet gir kanskje ei av dei flottaste utsiktene i heile Jotunheimen. Og nordaustsida er ein samanhengande nydeleg flanke som innbyr til flott skikøyring frå topp til botn. Føret var optimalt i dag også.

0616 3

Storebjørn til venstre, sett frå Stetind

0616 3

0616 3

 

SUNDAG 15. JUNI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: 2 x Steindalsnosi (2025m) og Fannaråken (2068m)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1840
Men skisesongen var ikkje over likevel... Gjekk først opp vestsida på Steindalnosi. Møtte fleire på veg ned som kunne fortella om kanonføre. Det var akkurat det eg håpa og rekna med - minusgrader om natta gjer at føret igjen er smørslush av beste sort. Det er uvanleg så seint på sesongen. Frå Steindalsnosi tok eg meg rett ned den bratte ryggen på nordsida til eg kunne ta på meg skiene igjen 50 meter under toppen. Så ei 500 høgdemeter flott nedkøyring på perfekt føre. Nordsida av Steindalnosi er ein av dei finaste nedkøyringane i denne delen av Jotunheimen. Eg har køyrt denne som ein av dei siste skiturane på våren fleire gonger før. Det er mogeleg å dra på skikkeleg sidan du køyrer på bre heile vegen og det ikkje er nokon overraskingar undervegs. Så over breen og opp nordryggen til Fannaråken. Også her litt klyving det siste stykket. Ned att samme vegen, perfekt også denne gongen. Så opp att nordryggen på Steindalnosi og ned att vestsida. Forholdsvis bra føre også her, men sidan eg no hadde sola rett inn i vestsida var det litt tendensar til sugeføre av og til så eg måtte vera forsiktig. Kun på toppane måtte eg ta av skiene i dag, ellers var det sammanhengande snø over alt.

(For nokre dagar sidan var bilen ferdig pakka for langtur, men i løpet av dei to siste dagane før avreise bestemte eg meg for ikkje å legga kursen sørover kontinentet som eg brukar å gjera i juni. Når det er så fantastisk flotte forhold i gamlelandet som det er no, frista det mest å halda seg her. Startar med nokre dagar med ski i Jotunheimen før eg trekker lenger austover og nordover og stisykkelen blir tatt i bruk.)

0615 9

0615 9

I bakgrunnen nordflankane på Steindalsnosi (til høgre) og Fannaråken, sett frå Sognefjellshytta

 

LAURDAG 14. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 995
Inn Bordalen, over fjellet frå Almenningane til Grønlivatnet. Via Bulko attende til Voss. Tok nokre rundar på sti i Bømoen til slutt.

 

FREDAG 13. JUNI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 745
Gjekk mot Horgje så langt eg kom før det vart altfor mykje snø. Snudde nær øvste kvilehytta.

 

TYSDAG 10. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 200
Viste Inga mine favorittstiar i Bømoen. Varmt og fint så lenge me var ute, regndråpane kom akkurat i det me var ferdig.

 

MÅNDAG 9. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 450
Nokre rundar i Bømoen og Storåsen. Ikkje så ofte eg kjem meg over Storåsen utan å setta foten i bakken ein gong, men når forholda er så flotte som dei har vore denne våren har det skjedd fleire gonger. Sleipe røtter og gjørme gjer vanlegvis denne stien utfordrande.

 

SUNDAG 8. JUNI
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: 2 x Blåskavlen (1809m) og Blåskavlen, sørtoppen (1778m)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1640
Knut og eg avslutta skisesongen med ein flott tur på Blåskavlen. Først opp på sørtoppen, første nedkøyring vestover ned i Voldedalen. Så opp på hovedtoppen og ned nordvestflanken til vatnet i Leimsdalen. Opp att på hovedtoppen og ned att Storebotn. Dei to første nedkøyringane var veldig bra, på den siste var bremseføre. Men ein flott avslutning på sesongen var det, i strålande og svært varmt vær. Temmeleg nøyaktig 7 månader etter at eg og Brynjulv starta sesongen med dobbelttur på Finnbunuten kan sesongen kan oppsummerast slik: Vind frå november til mars, kremføre frå mars til juni.

0608 3

0608 3

0608 3 

 

TORSDAG 5. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 450
Bømoen og over Storåsen.

 

MÅNDAG 2. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 670
Øystein og eg leika oss på dei beste stiane i Bømoen og over Storåsen. Knusktørt over alt.

 

SUNDAG 1. JUNI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Syrdalsbreen (1761m)
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1460
Etter eit strålande helg på Stigen fjellgard (sjå 30. mai), gjekk eg attende over fjellet til bilen som stod øvst i Undredalen. Køyrde ned Haskåbotn.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.