• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

MAI 2014

 

FREDAG 30. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Syrdalsbreen (1761m)
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 1410
Linn og Øyvind gifta seg i fantastiske omgivelsar på Stigen fjellgard høgt over Aurlandsfjorden i helga. Øyvind, Jan Olav, Amund og eg valgte vekk båttransport og fottur opp lia til fordel for ein lang skitur over Syrdalsbreen for så å komma ned til Stigen via ei spektakulær nedkøyring i Kråkedalen. Ein tur me aldri vil gløyme.

0530 1

0530 1

0530 1

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Jan Olav Opheim)

0530 1

0530 1

0530 1

0530 1 

0530 Jan Olav 5

 

TORSDAG 29. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: 2 x Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1045
Brynjulv og eg gjekk frå samecampen. Slapp oss ned på sørsida før me gjekk opp att til toppen. Brukbart føre nokre stader, men generelt var det sugeføre i dag. Men nydeleg vær!

 

TYSDAG 27. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 685
Måtte opp att til favorittstien på nordsida. Like fin i dag... Då eg stod ved bilen etter at turen var over kom det ein landevegssyklist bort til meg og entusiastisk forklarte (på spanglish!) at han hadde blitt forbisykla av Alejandro Valverde og Moviestar-laget lenger nede i bakken. Og på veg ned att møtte eg dei på veg oppover for andre gong, ca. 10 ryttarar med supportbilar og full pakke. Valverde satsar i år kun på Touren og Vueltaen, men står over Giroen som pågår akkurat no. Han forbereder seg no altså til Touren sammen med laget sitt i her i dei nådelause og stupbratte bakkane i Sierra Nevada. I 2012 såg eg og Bjarte fleire Astana-ryttarar i området. 

Bilete frå 2012 då eg og Bjarte var på samme stad

 

MÅNDAG 26. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 7t 10min
Akk. høgdemeter: 2450
Starta frå Pampeneira på sørsida av Mulhacen. Først asfalt til Trevelez, så grusveg langs fjellsida tilbake til vegen som går frå Capilleira opp mot Mulhacen, det høgaste fjellet i Sierra Nevada. Fulgte denne heilt opp til 3000 moh. der det som forventa låg snøfenner som sperra kjerrevegen som går heilt over til skianlegget vest for Veleta, det tredje høgaste fjellet. Nydeleg dag, høgdepunktet var den lange stien ned att mot Capelleira som eg og Bjarte fant i 2012.

0526 4

0526 4

0526 4

0526 4

0525 7

Mikkel stjal salamipølsa mi i går kveld. Etter mykje banning og forsøk på å jaga han vekk vart me til slutt venner og han fekk ost og brød i tillegg. Trur han var fornøyd med kveldsmaten for han var i alle fall klar for frukost morgonen etter.

 

SUNDAG 25. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 900
Ein av hovedgrunnane til at eg reiste ned til Sierra Nevada no, var å sykle favorittstien min. Eg fant den ved ein tilfeldigheit i 2011 då eg og Mads tilbrakte ein månad i Sør- Spania. Dette er den finaste stien eg veit om – stisykling på sitt aller beste. Men du bør ha god kondisjon for å få maks utbytte av den, for her er det fart og puls som gjeld. Stien er såpass enkel teknisk at du kan gi på det du har stort sett over alt, flytfølelsen er enorm. Den buktar seg opp og ned og ut og inn mellom dei flate fjelltoppane. Nesten to timar tar det tur/retur, i dag sykla eg to gonger. Det var vanskeleg å stå i mot lysta til å ta endå ein tur til, men det blir sannsynlegvis langtur i morgon så då kan det vera greitt å ikkje slita seg heilt ut. (I går og i dag har eg sykla kun sti. 95% av dei 9 timane har vore på førsteklasses stiar, nesten ikkje transportetappar i det heile tatt. Det er ikkje mange stader i verda ein kan oppleve).

0525 7

0525 7

0525 7

0525 7

0525 7

0525 7

 

LAURDAG 24. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5 timar
Akk. høgdemeter: 865
Har forflytta meg over på nordsida av Sierra Nevada. Her er det stisykling av aller ypperste klasse. Området eg var i i dag utforska eg og Bjarte i 2012 og i dag fant eg endå fleire stiar. Fantastisk flott område!

0525 1

0525 1

0525 1 

 

FREDAG 23. MAI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 600
Roleg restitusjonstur etter den harde gårsdagen. Gjekk opp på Chullo (2608m). Flott utsikt over resten av Sierra Nevada.

0523 3

0523 3

0523 3 

 

TORSDAG 22. MAI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 7t 20min
Akk. høgdemeter: 2555
Rå langtur i Sierra nevadas austlege fjellområder. Starta i Ragol (400m) og etter nokre timar med asfalt, grusveg og sti stod eg på toppen av Cerro del Buitre (2464m) med ei flott utsikt over Sierra Nevada. Fortsatte austover på den flotte grusvegen som slynger seg langs fjellkjeda på rundt 2300 moh. mot Puerto de la Ragua (2000m), eit fjellpass som deler det austelege og vestlege Sierra Nevada. Raskt ned att gjennom mange små landsbyar på artige og smale vegar.

0522 9

0522 9

0522 9

0522 9 

0522 9

 

ONSDAG 21. MAI
Aktivitet: Sykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 1550
Cabo de Gata Nasjonalpark utgjer det søraustre «hjørnet» av Spania. Området er dominert av vulkanske fjell og klippar som stuper rett i sjøen, med idylliske strender mellom klippane. Det er også sanddyner og ørken sidan dette er det mest solrike området i heile Europa. Spennande område på for terrengsyklistar med andre ord. Starta i den vesle byen Cabo de Gata rett aust for Almeria og fulgte kysten austover og deretter nordover. Først på asfalt, så grusveg og til slutt sti som slynga seg opp og ned og ut og inn langs den forrevne kysten.

0521 5

0521 5

0521 5

0521 5

0521 5 

 

SUNDAG 18. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: 3 x Blåskavlen (1809m) og Blåskavlen, sørtoppen (1778m)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2430
Etter gårsdagens flotte 17. mai-feiring på Blåskavlen hadde eg store forventningar til dagens tur. Men på første nedkøyring ned i den dramatiske Blåskavlabotn var det sugeføre. Heldigvis vart dei tre neste fantastiske, spesielt dei to ned på nordsida, ned i Leimsdalen.

0518 10

 

LAURDAG 17. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: 2 x Blåskavlen, sørtoppen (1778m)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1620
Blåskavlen er ikkje den verste plassen å feira 17. mai når været er bra. Nedkøyringa frå sørtoppen ned i Voldedalen er ein av dei flottaste, spesielt i kveldssol og gnistrande føre som det var i dag. Eg trur ikkje noko anna fjell har fleire mogelegheiter for fine nedkøyringar enn Blåskavlen. Ein rask kikk på kartet avslører minst 6-7 nydelege flankar og dalar, spesielt på vest og nordsida.

0518 10

 0518 10

0518 10

0518 10

0518 10

0518 10

 

TORSDAG 15. MAI
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 735
Frå Bjørke opp på Sollikamben i eit skikkeleg grisevær.

 

ONSDAG 14. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Skipadalsnuten (1496m) og Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1985
Såg på værmeldingane at sola ville tvinga seg fram utover ettermiddagen og kvelden. Sein start var derfor ein god plan i dag. Ved å bruka sykkelen inn slepp ein den lange anmarsjen frå Skiple. Fortsatt fantastisk føre på nordsidene, heilt ned til skogsgrensa. Køyrte først ned den store bollen rett aust for Horndalsnuten, og deretter ned superflanken på nordsida av Skipadalsnuten. Perioden frå 24. mars heilt fram til no har vore prega av stort sett nydeleg vær og eit heilt rått føre. Kun nokre få turar at det har vore sugeføre og råtten snø.

0514 3

0514 3

0514 3 

 

MÅNDAG 12. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 570
Stisykling i Storåsen og Bømoen. Såg ei elgku med kalv i Storåsen.

 

LAURDAG 10. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Solbjørgnipa (1464m), Vardanosi (1294m) og Jordalsnuten (937m)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1630
Starta i Jordalen. Først opp på Solbjørganipa. Deretter ned til Hyllandsskaret og opp på den spesielle toppen Jordalsnuten som stikk langt ut i Nærøydalen. Kjempefin utsikt! Så opp på Vardanosi og ned nordsida til Jordalen. Mot sør er det no råtten snø og sugeføre, men nordsida ned frå Vardanosi var strålande heilt ned til skogsgrensa.

0510 3

0510 3

0510 3 

 

FREDAG 9. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Olsskavlen (1576m) og 2 x Stavaskarsnuten (1349m)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1995
Rute: Liaset - Stavaskarsnuten - Nordrebotnen - Olsskavlen - Vestrebotnen - Stavaskarsnuten - Liaset.
Den første nedkøyringa var veldig bra, men på dei to neste vart det sugeføre under 1100m. Svært varmt i sola i dag.

 

TORSDAG 8. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 650
Gjennom Bømoen, opp til Kyte og over Grauaåsen og Storåsen.

 

ONSDAG 7. MAI
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 15min
Akk. høgdemeter: 565
Mølster - Hanguren - Raugstad.

 

SUNDAG 4. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: 3 x Blåkoll (1082m), 3 x Sveindalsnuten (1065m) og 2 x Vetlafjellet (873m)
Totaltid: 6t 45min
Akk. høgdemeter: 3045
Brynjulv og eg har kanskje satt ny personleg rekord i å legga på og ta av skifeller i dag...
10 nedkøyringar på totalt over 3 vertikale kilometer. Smørføre på sørsidene og 5 cm. pudder på nordsidene. Kan eigentleg berre gjenta det eg har sagt mange gonger i det siste - eit heilt utruleg bra føre for tida! Dette er tidenes beste vår-sesong på ski, det er det i alle fall ingen tvil om.

0504

Fyksesund i bakgrunnen

 

LAURDAG 3. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 1185
Kveldstur frå Skiple. Litt hardt oppe, men under 1100 moh. var det flott føre. Det har vore overskya i heile dag, men kveldssola titta fram då eg nærma meg toppen og bada heile Raundalsryggen i eit trolsk kveldsljos.

 

FREDAG 2. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 200
Stisykling i Bømoen.

 

TORSDAG 1. MAI
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: 3 x Skipadalsnuten (1496m), 2 x Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 8t 25min
Akk. høgdemeter: 4085
Kjempedag på Raundalsryggen! Perfekt føre og berre velstand. Denne våren ser ut til å slå alle rekordar når det gjeld føre. Har vel berre opplevd sugeføre eit par gonger dei siste to månadane, og DET er uvanleg om våren...
Rute: Skiple (sykla inn skogsvegen) - opp på Horndalsnuten - ned renna i sør til Skytjeset - opp på Horndalsnuten - ned i Horndalen på nordsida - opp nordryggen til Skipadalsnuten - ned rett sør mot Skipadalen (her blir ein stoppa av eit stup etter 400 høgdemeter nedover) - opp på Skipadalsnuten - ned den bratte renna øverst i Fribotnen til Horndalen - opp Superflanken til Skipadalsnuten (med skia på sekken øverst) - ned att Superflanken til Horndalen og vidare ned til Skiple.

0501 4

Det øverste partiet på Superflanken ned frå Skipadalsnuten er forholdsvis bratt. Ikkje ofte eg ser andre folk her, men i dag kom det tilfeldigvis ein einsleg skikøyrar nedover i det eg nærma meg toppen.

0501 4

Superflanken er 900 høgdemeter dersom du fortsetter nedover i skogen heilt ned til skogsvegen. Flott køyring heile vegen. Kanskje den råaste og lengste samanhengande flanken på Voss. Horndalsnuten i bakgrunnen.

0501 4

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.