• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

APRIL 2014

 

TYSDAG 29. APRIL
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Haukånipa (790m)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 780
Fin rundtur opp på Haukånipa med fantastisk utsikt over Florø, Alden og havet. Gjekk opp den stupbratte stien på framsida og ned på baksida slik at det vart ein fin runde.

0429 6

Utsikt frå Hakenipa mot Florø og Alden

0429 6

Florø

0429 6

Alden

0429 6

 

SUNDAG 27. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Nordbotnnuten (1471m), 2 x Stavaskarsnuten (1349m) og Strutseggi (1137m)
Totaltid: 6t 45min
Akk. høgdemeter: 2700
Kjartan og eg starta kl. 7 for å få best mogeleg føre. Gjekk frå Liaset først opp på Stavaskarsnuten, så rett ned den flotte, vide renna rett aust til Nordrebotnen. Så opp på Nordbotnnuten. Ned den litt smalare og brattare renna til Trollabotnen. Så opp att på Stavaskarsnuten og ned den bratte flanken mot nordvest til Seldalen. Til slutt opp på Strutseggi og ned att sørsida til Liaset. Fantastisk dag! Taktikken fungerte perfekt - nydeleg føre i alle himmelretningar. Denne ruta anbefales verkeleg til dei som er ute etter flotte nedkøyringar i dramatisk og vill natur.

0427 5

0427 5

0427 5

0427 5

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Kjartan Haugen)

 

LAURDAG 26. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 345
Stisykling i Bømoen.

 

FREDAG 25. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1220
Soloppgangstur på Horndalsnuten. Sykla den lange skogsvegen som går opp mot Horndalen frå Skiple med skia på ryggen og hodelykt i panna. Kunne sykle heilt opp så langt vegen går, og frå det punktet var det greitt å gå på ski sjølv om det er lite snø under 700 moh. Stod på toppen kl. 07:00. Grunnen til at eg har starta svært tidleg på eit par turar i det siste er for å få perfekt føre ned att. Den høge temperaturen og sterke solstrålinga på dagtid fører til råtten snø og til dels sugeføre høgt til fjells. Men om natta frys det på, og dersom ein treff nedkøyringa slik at sola kun har stått på ein time eller to i austvendte flankar kan det bli perfekt. Og det vart det i dag... 3 cm. superrask slush på hardt underlag. Kan ikkje bli betre. Hadde dessverre ikkje tid til meir enn ein tur opp i dag.

0425 3

0425 3

0425 3 

 

ONSDAG 23. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 320
Kveldstur i Bømoen. Fortsatt kjempefine forhold for stisykling.

0423 2

Bømoen har heldigvis mykje teknisk sti, men av og til er det artig å gi full gass på fine stiar også

 

TYSDAG 22. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) og 2 x Sandfjellet (ca. 1125m)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1740
Starta frå Tillung. Berre 100 høgdemeter å gå før eg kunne ta på meg skia. Først køyrte eg frå Sandfjellet ned i Glimmesbotnen. Så rett opp på Gråsidetoppen. Deretter bratt ned i Olsokebotnen (første gongen eg har køyrt ned her). Opp att på Sandfjellet og ned til Tillung. Tendensar til sugeføre nokre stader, men dei bratte nordvendte partia var fine. Den siste nedkøyringa frå Sandfjellet til Tillung var det gnistrande bra føre sidan det i solskuggen hadde begynt å frysa på heilt ned til rundt 700 moh.

0422 3

0422 3

0422 3 

 

SUNDAG 20. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 280
Fin kveldstur i Bømoen. Sommartemperatur!

 

LØRDAG 19. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Seldalsnuten (1548m), Skipadalsnuten (1497m) og 2 x Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 8t 15min
Akk. høgdemeter: 3890
Nordsida av Raundalsryggen er no på sitt aller beste. 10 cm. pudder ned til 900 moh, der det går over til smørslush av beste kvalitet. Ikkje så mykje meir å sei enn at dette har vore ein av mine beste skidagar nokonsinne. Fire lange nedkøyringar frå dei største fjella på Voss. Nedkøyringa frå Skipadalsnuten til Dyrebotnen og vidare over til Mysedalen er ei perle som ikkje så mange er klar over. Rute: Nedrestølen - Horndalsnuten - Horndalsbotnen - Skipadalsnuten - Mysedalen - Seldalsnuten - Spildadalen - Horndalsnuten - Nedrestølen.

0419

 

FREDAG 18. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Oksen (1241m) og 2 x Ingebjørgfjellet (1210m)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 2160
Alpin start (dvs. grytidleg) for å vera sikker på at sola ikkje skulle ødelegga pudderet som kom i går. Taktikken fungerte heilt etter planen – 10 cm. perfekt pudderføre heilt til topps! Starta frå Stokksel i Granvin og hadde lagt opp ei rute som skulle gi meg stort sett nord- eller nordaust-vendte nedkøyringar. Nedkøyringa frå Oksen til Oksastølen var dagens beste.

0418 5

0418 5

0418 5

Dramatisk soloppgang over Midtfjell

0418 5

0418 5

 

ONSDAG 16. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 320
Etter eit par fine dagar er det igjen knusktørt og strålande forhold i Bømoen. Har aldri før starta stisyklingssesongen så tidleg som i år. Fin avveksling til alle høgdemetrane med ski på beina. Var eit par rundar i Prestegardsmoen og Gjernesmoen til slutt.

 

TYSDAG 15. APRIL
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og 2 x Byrseteggi (1025m)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1545
Denne turen har blitt ein klassikar i år - over Byrseteggi begge vegar på veg til Horndalsnuten. Flotte nedkøyringar på begge sider av Byrseteggi. I dag var det faktisk rosina i pølsa då dei øverste 300 høgdemetrane på Horndalsnuten var litt vindpåvirka . Ellers var det 100% føre, 10 cm. pudder i nordsidene og smørslush i sørsidene. Og ikkje eit vindpust sjølv på toppen.

0415 2

0415 2 

 

MÅNDAG 14. APRIL
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 335
Fin springetur i Storåsen.

 

LAURDAG 12. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Race Aero World Cup)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1080
Prøvde meg på Lønahorgi, men fullstendig whiteout og forholdsvis kraftig vind gjorde at eg snudde eit lite stykke frå toppen.

 

TORSDAG 10. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: ca. 1 time
Akk. høgdemeter: 405
Inga og eg fekk det sedvanlege ruskeværet på turen opp til Horgaletten. Men det letta mens me var inne i "hytta" på toppen og med heilt nypreparert utforløype ned igjen vart det bra likevel.

 

MÅNDAG 7. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi (1025m)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1730
Brynjulv og eg benytta oss av ein liten og uventa opplett i ei ellers trist værmelding, og fekk oss ein flott tur i solskinn og veldig bra føre. Me starta på Fenne og gjekk først opp heilt sør på Byrseteggi. Så ein kjempefin nedkøyring til Latebakken i Skaftedalen. Deretter rett opp sørvestryggen på Horndalsnuten. Ned att den store renna i sør - ei fantastisk flott nedkøyring når føret er slik som no. Så frå Latebakken opp att på Byrseteggi og dagens siste nedkøyring ned til Fenne.

 

LAURDAG 5. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Karaldenuten (1295m)
Totaltid: ca 2t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 700
Øyvind skulle drikkast ut, og det måtte sjølvsagt gjerast med ski på beina. Jon Martin, Amund, Kristian, Guttorm, Njål og eg overraska derfor den komande brudgommen og tok han med på topptur-helg på stølen til Njål. Karaldenuten var målet på laurdag og sjølv om sikta ikkje var særleg bra så var føret meir enn godkjent - nokre få cm. nysnø på hardt underlag. Alt anna som skjedde utover kvelden og natta er det ikkje naturleg å nevne i dette forumet...

0405

 

FREDAG 4. APRIL
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Olsskavlen (1576m) x 2 og Brattenuten (1209m)
Totaltid: 6t 20min
Akk. høgdemeter: 2680
Bjarte, Hans Inge, Brynjulv og eg på stortur på Raundalsryggen. Først frå Volli i Raundalen opp på Olsskavlen. Så ned Vestrebotnen til Botnen. Ingen var interessert å stoppe her, så me tok ein tur opp på Brattenuten for å få den flotte nedkøyringa til Botnen. Her skilde me lag og mens dei køyrte ned ved Espelandsfossen gjekk eg over Olsskavlen ein gong til for å henta bilen i Raundalen. Nedkøyringane i dag var akkurat som dei har vore kvar dag dei siste to vekene - heilt ubeskriveleg bra! Sidan 24. mars og fram til i dag har me hatt kanskje tidenes flottaste skiføre. Eg kan ikkje hugse ein så lang samanhengande periode med så bra føre. Dei siste 12 dagane må eg innrømma at jobbing og firma har blitt nedprioritert - det er store fjell og perfekt skikøyring som har vore i tankane mine natt og dag. 

0404 8

0404 8

0404 8

0404 8

0404 8

0404 8

0404 8

0404 8 

 

TORSDAG 3. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 7t 40min
Akk. høgdemeter: 3125 (3008 på Brynjulvs GPS-baserte høgdemålar)
Brynjulv og eg starta frå Liaset i Granvin. Det 31 km. lange skisporet etter oss vart til slutt liggande omtrent slik i terrenget: Liaset (350m) - Stavaskar (1349m) - Botnen (600m) - Brattenuten (1209m) - Sotebotnen (700m) - Hestastodnuten (1401m) - Nordbotnnuten (1471m) - Trollabotnen (980m) - Olsskavlen (1576m) - Stavaskarsnuten (1349m) - Liaset (350m). Fordi superlativa er brukt opp for lenge sidan skal eg nøya meg med å fastslå at det var ein flott tur. Perfekt slush i sørvendte flankar.

0403 5

0403 5

0403 5

0403 5

0403 5 

 

ONSDAG 2. APRIL
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 260
Stisykling i Bømoen.

 

TYSDAG 1. APRIL
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Rute: Odda til Jondal over Folgefonna
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1250
Brynjulv, Njål og eg. I dag gjekk me vidare frå Holmaskjer til Jondal via Midtre og Nordre Folgefonna. Faren til Brynjulv henta oss så langt opp det var mogeleg å komme med bil i Krossdalen.

0401 4

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Brynjulv Eide)

0401 4

0401 4

0401 4



Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.