• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

MARS 2014

 

MÅNDAG 31. MARS 
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Rute: Odda til Jondal over Folgefonni
Totaltid: 6t 20min
Akk. høgdemeter: 2400
Brynjulv, Njål og eg. Første etappe på denne todagarsturen var opp den bratte Tokheimslia frå Odda, som var herja av store snø- og jordras som gjorde det stadvis utfordrande å ta seg fram. Men vel over skoggrensa var det eit eventyrleg føre og vær resten av turen. Me gjekk ikkje straka vegen, men tok først turen opp på Tokheimsnuten (1346m) slik at me fekk ei flott nedkøyring til Øvre Kvanngrødvatnet. Deretter gjekk me brearmen opp til Homaskjer. Etter ein kjapp lunsj på hytta slapp me oss ned den fantastiske brearmen som går ned i Blåvatnet, og deretter vidare ned Støladalen, før me gjekk opp att til Holmaskjer via "normalruta".

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

0331 16

 

SUNDAG 30. MARS
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 295
Etter 11820 høgdemeter på tunge ski dei siste 6 dagane var det ein heilt annan aktivitet som lokka i dag. Stisykling på Voss i mars er nesten uhøyrt, men i dag var det som forventa perfekte forhold med knusktørre stiar i Bømoen. Faktisk er forholda på sitt aller beste no, før vekstsesongen er i gang. Utover sommaren kan vegetasjonen gje utfordringar både når det gjeld sikt og dekkgrep, i alle fall på meir tekniske stiar enn dei enn finn i Bømoen.

0330 

 

LAURDAG 29. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Seldalsnuten og Strutseggi x 3
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 2775
Liaset - Strutseggi - Fagnastøl - Seldalsnuten - Fagnastøl - Strutseggi - Olastøl - Strutseggi - Liaset. Fantastisk føre over 900 moh, men sugeføre av verste sort under. Skillet kom ekstremt brått - og som ein stor overraskelse fyrste gongen... Superflanken ned sørvestsida av Seldalsnuten var betre enn nokon gong.

 

FREDAG 28. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Diverse
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 2215
Gjekk frå Rong via Løkjane, der eg henta med meg ein turklar Njål som hadde budd på stølen nokre dagar. Sammen la me kursen først opp på Eggjane (1268m). Nordaustflanken er ca. 600 høgdemeter og har lenge vore ein av mine favorittar blant fjella nær Voss sentrum. I dag kunne me brenna på ned heile flanken i smørslush av beste sort. Så bratt opp fjellsida til punkt 1248 på Skjemmehovudet. Neste nedkøyring gjekk rett ned i Roksbotnen. Like bra føre som på den første. Opp att til ca. punkt 1279 og dagens tredje flanke gjekk ned i Horgaholet. Så ein kort stigning opp att på Eggjane for så å nyta den lange nedkøyringa heilt ned att til Rong. Det er rett og slett ikkje mogeleg å beskrive kor bra føret er akkurat no - me er inne i årets beste dagar på ski, utan tvil.

0328 3

0328 3

Den første halvparten av dei 600 høgdemetrane ned nordvestflanken på Eggjane var kanskje dagens høgdepunkt. Perfekt slush.

0328 3

 

TORSDAG 27. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Dobbeltur på Olsskavlen (1576m)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 2005
Ove, Olav og eg. Starta ved Espelandsfossen i Granvin. Først opp den bratte lia til Botnen og opp Vestrebotnen til Olsskavlen. Svært varmt i sola oppover den store sørvendte "parabolantenna" som Vestrebotnen er. Så ned nordsida til Trollabotnen. Fin køyring heile vegen, litt vindblåst oppe men heldigvis jevnt og fint så det var ingen problem å dra på nedover. Opp att ryggen til Rastiklov og vidare opp på toppen for andre gong. Nydeleg slush ned heile Vestrebotnen. To av dei flottaste nedkøyringane på Raundalsryggen på ein dag - kanontur!

0327 2

0327 2

 

ONSDAG 26. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Storebottseggi (1032m)
Totaltid: ca. 1t 25min
Akk. høgdemeter: 520
Guttorm, Martin og eg tok ein kveldstur opp på Storebottseggi. Flott nedkøyring i fint pudder det aller meste av lia.

 

TYSDAG 25. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Trippeltur på Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 2420
Tre flotte nedkøyringar frå ein av dei store toppane på Voss. Først vestflanken ned i Modalen, så nordaust heilt ned til skogsvegen i Horndalen og til slutt nord til Nedrestølen der eg starta dagens tur. Nesten 6 timar tar det å gå 2400 høgdemeter med tunge Stoke-ski, men når ein blir belønna med nedkøyringar i toppklasse i alle himmelretningar så klarer i alle fall ikkje eg å stoppe. Og når Guttorm ringte rett etter eg kom heim att og spurte om eg vart med på kveldstur var det rett før eg sa ja.

0325 2

0325 2



MÅNDAG 24. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Gråsidetoppen (1307)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1885
Brynjulv og eg hadde vinterens flottaste tur i dag. Dei som har fulgt med på værmeldingane den siste tida har sett at det var store ting på gang. Like viktig som dei store solene som både Yr og Storm har illustrert meldingane med, var det som skjedde i går, den siste dagen med "dårleg" vær. At dagen i går var såpass kald som den var, og at det var lite vind - var viktig med tanke på snøen som la seg i fjellet. Det pudderet som la seg i går blir nemleg liggande lenge. Dagen i dag var heilt optimal. 30 cm. pudder nede i fjellsidene, og 10 cm. på toppane. Me starta frå Tillung og køyrte totalt 1885 høgdemeter fordelt på tre lange nedkøyringar.

0324 2 

0324 9

0324 9

0324 9

0324 9

0324 9

0324 9 

 

SUNDAG 23. MARS
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 285
Rask tur på godt føre i Herresåsen.

 

LAURDAG 22. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: ca. 1125
Starta frå hoppbakken på Tillung og gjekk opp på Sandfjellet. Her herja vind og whiteout, så å fortsetta til topps på Gråsidetoppen frista lite. Mykje meir spennande å ta to turar ned den lange lia. Fint og jevnt føre.

 

FREDAG 21. MARS
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 395
Våt springetur i Storåsen.

 

ONSDAG 19. MARS
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 2295
Sidan eg nyter godt av ei uvanleg fleksibel flexitid-ordning, vart alle planar om ein maratondag framfor PC'en forkasta ved første blikk ut vindauga i dag tidleg. 15 cm. tørr pudder på Vangen er ikkje kvardagskost denne vinteren. Men skumle temperaturutsikter utover dagen gjorde at frukosten gjekk unna i rekordfart og kursen raskt vart sett mot Myrkdalen. Fem fantastiske nedkøyringar i Halvmeterskogen vart det før eg var fornøyd, 2295 høgdemeter med botnalaust pudder. Brynjulv slo seg med etter kvart, også han forsto at dette var ein heilt spesiell sjanse som ein ikkje kunne la gå frå seg. I kveld er nok alt øydelagt der oppe, så her var det snakk om å kjenna si besøkelsestid. No blir det nattskift framfor PC'en.

 

TYSDAG 18. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: ca. 1t 45min
Akk. høgdemeter: ca. 500
Inga og eg hadde ein kjempefin tur i den "nyoppdaga" pudderlia frå Tillung opp på Sandfjellet. I dag var det kun pudder over tregrensa, men raskt og kjempefint føre var det heile vegen ned att til bilen. Fullstendig vindstille var det også - for første gong i vinter... Denne lia blir berre betre og betre for kvar gong me køyrer den, absolutt ein ny favoritt.

 

MÅNDAG 17. MARS
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: ca. 500
Fin springetur i Storåsen.

 

SUNDAG 16. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 940
To turar opp Halvmeterskogen. Plaskregn heilt til topps. Heldigvis var den våte nysnøen av god kvalitet, så det var mogeleg å ha det artig likevel.

 

LAURDAG 15. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Sveindalsnuten (1065m) x 4 og Vetlafjellet (873m)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1955
Bjarte, Njål, Brynjulv, Taro og eg hadde eit håp om at været skulle tippa riktig veg i dag. Det gjorde det ikkje, og sjølv om føret var heilt ok så hjelper ikkje det så mykje når ein ikkje ser terrenget framfor seg pga. flatt lys. Vinden tok også kraftig på toppen, men akkurat det blir ein ikkje lenger overraska av denne vinteren... Til tross for dette var me einige om at det hadde vore ein bra tur, kanskje mest fordi me var innom hytta til Brynjulv eit par gonger mellom turane opp. Ei vedfyrt og varm hytte der Elisabeth stod klar med nysteikte lappar var dagens absolutte høgdepunkt. Det var kun det som gjorde at det vart nesten 2000 høgdemeter på oss i dag.

 

TORSDAG 13. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: ca. 950
Oppmuntra av gårsdagen flotte føre, starta Bjarte, Brynjulv og eg frå hoppbakken på Tillung og gjekk opp på kanten rett før ein kjem opp på Sandfjellet. I staden for å ta turen over dei lange slakke flatane opp til Gråsidetoppen, tok me heller to turar opp til dette punktet slik at me fekk mest mogeleg fin køyring. Nydeleg føre i dag også, sjølv om det nederst var meir vårslush enn pudder. Både i går og i dag køyrte me ned lia lenger sør enn det me vanlegvis gjer, dette er ei kjempefin rute gjennom åpen skog som gir endå flottare skikøyring enn via Tillungstølen.

 

ONSDAG 12. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Dobbeltur på Gråsidetoppen (1307)
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1585
Gjekk frå hoppbakken på Tillung. Fekk skikkeleg vårfølelse i dag. Varmt og fint, men likevel eit fantastisk pudderføre under 1100 moh. Ikkje meir enn 5 cm, men det var eit silkeføre som eg ikkje har opplevd før denne vinteren. På slikt føre føles sjølv dei lette Maestro-skiene som stabile storfjellsski. Det var berre å dra på. Køyrte først rett ned nordsida frå toppen, heilt ned til det nesten ikkje var snø lenger. Føret var flott heilt ned. Gjekk opp att Glimmesbotnen. Rett under toppen møtte eg Taro som var ute å lufta Brynjulv. Køyrte sammen med dei ned att.

 

TYSDAG 11. MARS
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 320
Starta på Oppheim og planen var å sykle heile Oppheimsdalen over til Myrkdalen og tilbake samme vegen. Men her hadde det ikkje vore noko trakkemaskin på veldig lenge, og det vart dermed tøffare og tøffare forhold. Klarte å komma meg opp til Skitlii og var dermed så godt som på det høgaste punktet, men her vart snøen så våt og vanskeleg at eg ikkje hadde mogelegheit til å ta meg fram lenger. Artig ned att, meir eller mindre kontrollerte tohjuls-sladdar gjennom svingane.

 

MÅNDAG 10. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1210
Kveldstur på Horgje. Føret var dårlegare enn for to dagar sidan. Vinden har atter ein gong feia vekk pudderet og det einaste ordet som dekkar føret er rugleskare.

 

SUNDAG 9. MARS
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 330
Årets første springetur, og det føltes som om det var i mai! 9 varmegrader og snøfrie stiar i Storåsen. Kjempefin avveksling, merkar eg har godt av denne type turar for å løysa opp stive skuldrar etter skigåing, sykling og ikkje minst pc-jobbing.

 

LAURDAG 8. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 1250
Brynjulv, Øyvind og eg trossa dårlege værmeldingar og utsikter til variabelt føre og labba opp på Horgje. Vinden kom først på veg ned att, det var tydeleg at det var ei kraftig værendring på gang. Fint å lufta seg litt igjen etter mange dagar på farten med informasjonsmøter mange stader i landet.

 

MÅNDAG 3. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Seldalsnuten (1548m) og Olsskavlen (1576m)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 2215
Flott tur på dei to stortoppane på Raundalsryggen. Gjekk frå Raundalen inn Mysedalen og via Rastiklov opp på Seldalsnuten. Så ned superflanken til Fagnastøl. Fantastisk flott føre øverst, skare nederst. Så inn Seldalen og opp på Olsskavlen. Ned att nordsida. I år må ein faktisk så langt inn i Raundalen før det er mogeleg å gå på ski heilt frå bilvegen.

Toppskavlen på Seldalsnuten,1548m (Bilete frå ein tidlegare tur, foto: Øyvind Birkeland)

 

LAURDAG 1. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Berakupen (1530m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1145
Deltakarar: Guttorm, Martin, Øyvind, Njål, Pål, Håvard, Lars Kristian
Dobbeltbryllupet til Guttorm og Martin vart feira skikkeleg på hytta til Guttorm på Hardangervidda denne helga. Laurdag fekk me oss ein flott tur over Hallingehaugane og opp på Berakupen, som verkeleg er ein stortopp på denne delen av Hardangervidda. Litt hardt føre lengst oppe, men fint nederste del av den lange nedkøyringa frå Berakupen.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.