• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

FEBRUAR 2014

 

ONSDAG 26. FEBRUAR
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 520
Rask tur i Herresåsen. Måtte nesten symja eit par plassar... Plaskregn og 12 grader i forgårs og nesten like mykje i går har gjort at det er mykje vatn i området. Ikkje bra forhold for ski, men heilt ok med fatbike!

 

LAURDAG 22. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1310
Øyvind og eg tok tre turar opp Halvmeterskogen. Kjempeforhold!

 

FREDAG 21. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 905
Frode og eg prøvde oss på Horndalsnuten frå Skaftedalen, men null sikt og aukande vind gjorde at me snudde 15 minutt før toppen. Måtte bruka gps'en ned att det øverste stykket, nesten fullstendig whiteout.

 

TORSDAG 20. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 725
Guttorm, Øyvind og eg sjekka ut Pudderlia. Topp forhold frå topp til bunn. Måtte derfor ta to turar.

 

ONSDAG 19. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 2385
Frode og eg på langtur frå Liaset i Granvin på vinterens til no flottaste dag - eller kanskje var det den første vårdagen? Vindstille sjølv på toppane, og sola varma verkeleg då me satte oss ned for ein liten matpause. Me gjekk til dels kun i innetrøya. Også føret var stort sett veldig bra, men på toppane var det avblåst. Først gjekk me 1000 høgdemeter rett opp på Stavaskarsnuten (1349m). Så nydeleg nedkøyring heilt ned til Botnen rett over Espelandsfossen. Neste lange motbakke var Hestastodnuten (1401m). Så ned den flotte, breie renna til dramatiske og ville Trollabotnen. Vidare ned til Nordrebotnen og så dagens siste motbakke opp att på Stavaskardnuten. Tungt pudderføre å gå mange høgdemeter oppover i, men det er det sjølvsagt verdt når ein skal ned att.

0219 5

Den store breie renna  bakgrunnen (litt til venstre over Frode) var dagens andre nedkøyring

0219 5

0219 5

0219 5

0219 5

 

TYSDAG 18. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Hatlekinni (900m), dobbeltur
Totaltid: ca. 2 timar
Akk. høgdemeter: 770
Deltakarar: Martin, Knut, Erlend, Øystein
Fantastiske pudderforhold på Hatlekinni. Når forholda er slik som no finns det ikkje flottare flankar på Voss. To turar til topps.

 

MÅNDAG 17. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 945
Øyvind og eg tok sjansen på at Halvmeterskogen var tilbake i toppform etter litt pudder-påfyll dei siste dagane også her på Vestlandet. Me vart skeptiske då me såg korleis snøen var der me parkerte bilen, men det viste seg at forholda var kjempebra over 700 meter. Kun i dei aller siste svingane nederst i henget var det dårleg snø.

 

LAURDAG 15. FEBRUAR
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 520
Rask økt i Herresåsen. Sjølv om det var litt vind var det likevel så mildt og fint at eg ikkje hadde stort meir klær enn på ein kald dag om sommaren. Våren er her...?

 

FREDAG 14. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Hauganøse (1275m)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1785
Tok 4 turar opp samme fjellsida som i går. Fann endå åpnare skog litt lenger vest. Har aldri tidlegare køyrt så mykje førsteklasses pudder på fire dagar som eg har gjort desse dagane.

 

TORSDAG 13. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Hauganøse (1275m)
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 2220
5 turar opp Hemsedals flottaste pudderfjell. Min beste pudderkveld nokonsinne? Kvar einaste av dei 2220 høgdemetrane var i perfekt pudderføre. Sjølv Halvmeterskogen på Voss kjem fullstendig i skuggen av denne lia. Bra styrketrening var det også, Kuro-skiene er ikkje akkurat lettvektsski. Om nokon lurar på kvifor me ofte går slike turar på kveldstid er forklaringa enkel. På dagtid gjer dagslyset ofte at snøen i terrenget framfor deg framstår konturlaus og med dårleg kontrast, det er rett og slett vanskeleg å sjå nøyaktig koleis terrenget er. Dette merkast spesielt når det er overskya, men tidleg på vinteren merkar ein det også godt sjølv på solrike dagar i skuggen i nordvendte fjellsider. Altså akkurat der pudderet som regel legg seg på grunn av dei framherskande vindane i Norge. Når du skal køyra verkeleg fort ned ei fjellside er det små marginar som avgjer om du har full kontroll eller om det blir litt "happy go lucky" med påfølgande spektakulære krasj... Med ei supersterk LED-lykt på skallen om kvelden forsvinn dette problemet fullstendig. Å ha ei lyskjelde berre 10 cm. over augene som badar fjellsida framfor deg i intenst kvitt lys gjer at du ser kvar minste nyanse og ujevnheit framfor deg. Derfor foretrekker eg ofte kveldsturar når føret er på sitt beste. Slike dagar kan ein sitta på kontoret heile dagen og gleda seg til skikøyring av aller beste kvalitet om kvelden.

 

ONSDAG 12. FEBRUAR
ØKT 1:
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Såta (1622m)
Totaltid: 4 timar
Akk. høgdemeter: 1520
Dagen første tur var pudderfråtsing av beste sort. Var opp på Såta som ligg på vestsida av dalen. På dette fjellet er det glissen skog mellom 700 og 1100 moh, og den delen måtte sjølvsagt køyrast to gonger. Men også på den lange slakke stigninga opp til toppen var det bra føre. Perfekt fjell for topptur når føret er så bra som det er no.
ØKT 2:
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 190
Kveldsøkt på sykkel i turløypene ved Helsingvatnet og Storevatnet. Dette området ligg i majestetiske omgivelsar 8-900 moh. rett sør for eit av Hemsedals mest kjente fjell, Skogshorn. Terrenget er typisk austlandsk fjellandskap, åpent og forholdsvis flatt med eit furutre her og der og mange vatn på rekke og rad. Når alt dette ligg bada i månelys og føret er hardt og raskt er det ikkje mykje som slår snøsykling. Å susa gjennom bølgande terreng i stor fart med feite dekk er rett og slett utruleg moro. Dette området heng sammen med turløyper heilt ned til langt forbi Storefjell, så det er definitivt eit område som har potensiale for lange maratonturar.

 

TYSDAG 11. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Storeskardnøse (1435m)
Totaltid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1465
Er pudderflyktning i Hemsedal nokre dagar. Nordvendte skogslier og fjellsider på rundt 30 grader er det ein ser etter akkurat no. Tre turar opp lia, den første var eg opp på toppen av Storeskarnøse. Som forventa var føret prima...



 

SUNDAG 9. FEBRUAR
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 460
Rask tur i Herresåsen. 9 grader på Vangen og vårfølelse.

 

LAURDAG 8. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Skreieggi (1324m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 920
Jan Olav og eg satsa på at det hadde komme nokre cm. nysnø i natt, og det hadde det heldigvis. Føret var bra over 700 moh, men flatt lys gjorde det umogeleg å setta fart.

 

TORSDAG 6. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 675
Inga og eg på vår etter kvart tradisjonsrike tur opp på Horgaletten. Nypreparerte løyper fristar mykje meir enn føret ellers i fjellet for tida.

 

ONSDAG 5. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Strutseggi (1137m) x 2
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1610
Hadde planar om fleire toppar i dag, blant anna Olsskavlen. Men første gongen på toppen av Strutseggi var vinden så kraftig at det frista lite, i alle fall når toppane stort sett er dekka av eit solid ispanser. Slapp meg likevel ned i Spildadalen, nesten heilt ned til Angershovden, der det var slutt på snøen. Føret var ikkje bra i dag, men linja eg fant har kjempepotensiale og i pudderforhold kan det bli ein klassikar. Åpne fine flankar oppe og ikkje altfor tett skog lenger nede.

 

TYSDAG 4. FEBRUAR
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 555
Starta ved Helgatun i Myrkdalen. Fulgte først skiløypa oppover mot Revhaugen, deretter i terrenget. Men rett under stølen vart det ein del fokksnø, og i motbakkar blir det for tøffe forhold sjølv med 12 cm. breie dekk nesten utan luft i. Suste derfor fort ned att gjennom småskogen (kjempemoro!) og tok meg nokre rundar i lysløypa.

 

SUNDAG 2. FEBRUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1200
Nokre få centimeter snø og føret er plutseleg heilt ok. Til og med snøskavlane er stort sett utjevna.

 

LAURDAG 1. FEBRUAR
Aktivitet: Snøsykling (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 500
To raske rundar i Juvelen i Herresåsen. Sterke vindkast gjorde forholda tunge både for meg og skiløparane. Fokksnø i løypa førte til ein solid krasj i ein sving, og det var nære på fleire gonger.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.