• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

JANUAR 2014

 

TORSDAG 30. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Bavallstoppen, Horgaletten og Slettafjellet
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1620
Øyvind og eg tok dagens trippel. Men rett skal vera rett - me juksa 400 av høgdemetrane. Haiking med trakkemaskin opp på Horgaletten vart for fristande når løypene var så raske og flotte som dei var i kveld.

 

TYSDAG 28. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1215
Njål og eg måtte opp å sjekka om føret hadde blitt betre. Det hadde det ikkje, men sikta var i alle fall veldig bra og det var berre liten kuling på dei mest utsatte plassane i dag, det er jo luksus...

 

LAURDAG 25. JANUAR
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 720
På joggesko frå Bavallen til Horgaletten i storm. Sjelden eg har finlandshette og stormbriller når eg spring, men det måtte eg ned att i dag.

 

TORSDAG 23. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1255
Ein av dei mest utfordrande turane på Lønahorgi nokon gong! Elendig føre, null sikt i snøføyka og opp mot 15-18 m/sek i vindkasta. Balansering på høge og skarpe vindskavlar i sterk vind både på veg opp og ned gjorde at farten vart låg. Det vert nok ikkje fleire turar på Horgje før det har komme store mengder snø og jevna ut ragnarokket.

 

ONSDAG 22. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horgaletten
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 435
Inga og eg hadde eigentleg planar om Lønahorgi, men det var ein mildt sagt kjølig kveld i høgda, så me tok til takke med Horgaletten og flott køyring ned løypene.

 

TYSDAG 21. JANUAR
Aktivitet: Fjellsykling (Surly Moonlander Fatbike)
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 595
Starta på Vikafjellet. Først innover Sendedalen. Fin og fast skare i starten men etterkvart vart den lausare og lausare og eg måtte ned i første gir for å komma meg framover sjølv på flatane - god styrketrening! Skar derfor oppover i retning Finnbunuten. Måtte av sykkelen ein del stader pga. vindskavlar, men til slutt stod eg på toppen. Kald vind, sikkert godt under 20 effektive. Kjempeartig ned att!


Lønahorgi (1410m) i bakgrunnen.

 

MÅNDAG 20. JANUAR
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1605
Brynjulv og eg på langtur. Starta på Fennestølen. Først opp på Byrseteggi og deretter ned att på austsida til Steindro. Så opp på Horndalsnuten mens sola gjekk ned i sørvest. Isete på toppen, ellers stort sett grei skare å gå motbakke på. Nedkøyringa til Modalstjørnane var prega av skaren oppe, men etter kvart som me nærma oss botnen kunne me setta fart. Så opp på Byrseteggi for andre gong i dag, og ned til Fennastølane.

 

SUNDAG 19. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Kaldafjellet (1411m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 995
Deltakarar: Øyvind og eg
Når det er dårleg med snø i låglandet må ein starta turen litt oppe i høgda. Me køyrde derfor til Brandsetdalen og tok turen opp på Kaldafjellet. Vinden er fortsatt svært kraftig i høgda, men heldigvis var det ikkje så mykje vindskavlar som me frykta. Faktisk er det stort sett fin skare å gå opp, men føret ned att innbyr ikkje til den voldsomme farten.

 

LAURDAG 18. JANUAR
Aktivitet: Terrengsykkel (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 595
Fin tur i Herresåsen.

 

FREDAG 17. JANUAR
Aktivitet: Ski (Åsnes Vetletind med Dynafit Low Tech binding og Scarpa Alien 1.0 sko)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1190
Brynjulv og eg skulle eigentleg berre på ein kortare tur, men havna på Horgje til tross for kraftig kastevind og dårleg føre. Austavinden har omdanna det fine føret som har vore i høgfjellet i vinter til vindskavlar og skare. Men artig tur likevel. Kjekt å kjenna på dei sterke naturkreftene når dei verkeleg herjar i fjellet. Dette var også første skikkelege turen med mine Scarpa Alien 1.0 ultralette rando-sko. Har hatt litt problem med at dei trykte for mykje på eit punkt på utsida av fotbladet, og har derfor fått dei modifisert slik at dei passar betre. Første turen var svært lovande, tippar eg kjem til å bruke desse ein god del på lange turar framover, spesielt når det ikkje er hovedfokus på raske nedkøyringar.

 

ONSDAG 15. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m) x 2
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1730
Øyvind og eg. Me starta på Tråstølen i nydeleg vær. Etter at toppen var nådd første gongen vart skituppane vendt nordover og ned til Kroni. Så på med fellene igjen og opp att til toppen akkurat i tide til å sjå sola gå ned. Og fullmånen opp.

0115 2

0115 2

0115 2

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Øyvind Birkeland)

0115 2

0115 yvind 2

0115 yvind 5

0115 yvind 4

0115 yvind 5

 

TYSDAG 14. JANUAR
Aktivitet: Terrengsykkel (Fatbike: Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 560
Vinterens første tur med Moonlanderen. Strålande forhold i Herresåsen. Fullmåne og ikkje alt for kaldt (ca. -10). Og på toppen av alt var det føre for å sykla utanfor langrennsløypene også.

0114 1

Kunne faktisk sykla utan hodelykt i kveld. Eg venta til etter kl. 22, både for ikkje å vera i vegen for skifolket, men først og fremst for å la fullmånen komma seg høgt opp på himmelen. Det er stor forskjell på lyset frå fullmånen tidleg på kvelden i forhold til midt på natta.

  

MÅNDAG 13. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Eggjane (1268m)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 1035 (trur klokka målte litt feil, skal vera ca. 900)
Brynjulv og eg starta frå Bordalen og gjekk opp via Kulset. Nordvestflanken på Eggjane er ein av dei flottaste nedkøyringane på Voss.

 

SUNDAG 12. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 930
Nydeleg ettermiddagstur på Horgje. Flott solnedgang og månelyst etterpå.

 

LAURDAG 11. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 995
Deltakarar: Brynjulv, Njål og eg
Gjekk frå Tillung. Heilt nederst var det i minste laget med snø, ellers flott føre heile vegen. Første turen på dagtid på lenge, artig det og når det endeleg er litt sikt.

 

FREDAG 10. JANUAR
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 930
Deltakarar: Brynjulv, Njål og eg
Me fekk to flotte nedkøyringar i Halvmeterskogen. Ikkje botnalaust, men det pudderet som låg var tørt og fint heilt ned til parkeringsplassen.

 

TORSDAG 9. JANUAR
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 815
Inga og eg gjekk først opp på Horgaletten, deretter over Slettafjellet på veg ned igjen. Nydeleg tur i fint vær (hadde nesten gløymt korleis blå himmel såg ut...)

 

ONSDAG 8. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 925
Deltakarar: Brynjulv, Øyvind og eg
Det vert mykje Lønahorgi for tida, men når været er slik det er no er det eit strålande alternativ. Og føret har stort sett vore nydeleg i heile vinter på dette fjellet. Ikkje minst i dag - me var vel einige om at det låg botnalaust med pudder frå toppen av Horgaletten og heilt til topps. Og løypene ned frå Horgaletten var også kjempefine. Då gjer det ikkje så mykje at me kjem ned til bilen våte som kråker. I dag gjekk me frå Tråstølen så det vart ein litt kortare tur enn vanleg.

 

MÅNDAG 6. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 35min
Akk. høgdemeter: 1165
Kveldstur på Horgje. Fortsatt greitt føre høgt oppe, men begredelege forhold i Bavallen. Såg eit ferskt skispor framfor meg oppover. Syns sporet såg ut som at det måtte vera Njål. Nokon kjenner igjen dyrespor, eg kjenner igjen skispor... Det stemte, møtte han på ca. 1200 moh. på veg nedover igjen.

 

LAURDAG 4. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1200
Ettermiddagstur på Horgje. Våt snø under 900 moh. men bra føre og flotte forhold lenger oppe.

 

TORSDAG 2. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Slettafjellet (917m)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 905
Deltakarar: Øyvind, Brynjulv og eg (og Taro sjølvsagt)
Frå Bavallen opp på Slettafjellet. Etter den første nedkøyringa på flott nypreparert løype til nedre stasjon, gjekk me opp att og tok den ein gong til.

 

ONSDAG 1. JANUAR
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 1185
Brynjulv og eg la årets første kveldstur til Horgje i stjerneklart vær og nydeleg føre.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.