• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG NOVEMBER 2013

 

LAURDAG 30. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 690
Starta i hyttefeltet i Bavallen. Snudde på Horgaletten. Det snødde stort sett heile tida. Ca. 10 cm. nysnø ned til 500 moh.

 

TORSDAG 28. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 2 timar
Akk. høgdemeter: 650
Starta på Mølster. Først opp til Hanguren, så rundt Hangurstoppen til Raude Kross-hytta. Via Kiseldur og Raugstadløypa ned att.


Mine nye VJ Integrator High med stålpiggar. Bra verktøy når fjellet er dekka med is og skare.

 

ONSDAG 27. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 675
Øyvind og eg starta i Bavallen og snudde på Horgaletten. Regnet kombinert med den milde vinden har effektivt fjerna det meste av snøen opp til 800 moh.

 

MÅNDAG 25. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1110
Ikkje ofte det er fullstendig vindstille på Lønahorgi, men det var det i dag. Flott solnedgang.

 

SUNDAG 24. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Horndalsnuten (1461m) og Byrseteggi x 2 (1025m)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1475
Frode, Brynjulv og eg på vinterens lengste topptur til no. Starta på Fennestølen. Først opp på Byrseteggi og deretter ned att på austsida til Steindro. Perfekt føre, men flatt lys. Så opp på Horndalsnuten, røffe vind- og temperaturforhold på toppen. Nydeleg nedkøyring til Modalstjørnane, sikta var no blitt mykje betre. Så opp att på Byrseteggi og ned att til Fennastølane. Kjempefin nedkøyring også her. Føret er verkeleg bra for tida, kan ikkje hugse at det har vore så bra skikøyring på dei første turane tidlegare år.

 

LAURDAG 23. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 680
Opp til Horgaletten frå Bavallen. Kraftig vind oppe.

 

FREDAG 22. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1090
Brynjulv og eg gjekk opp traseen til den nye ekspressheisen som skal gå opp på Storhaugen. Denne heisen skal stå ferdig til jul. Vidare opp Kråholet og opp på Finnbunuten. Veldig spesielt på toppen då me kom mellom to skylag. Eit låg nede i dalen mens det andre låg over oss. Nokre stader skein sola gjennom det øverste og ned på toppen av det nederste. Veldig flott! Ned att "normalruta" via Kari Traa-heisen. Fin rundtur og nydeleg pudderføre!

 

TORSDAG 21. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Bjørndalskamben (1402m)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 1030
Frode og eg tok turen til Myrkdalen. Bjørndalskamben var målet i dag. Litt skodde på det øverste partiet på veg opp, men det letta akkurat i det me stod på toppen. Likevel litt flatt lys ned att - men ein flott tur var det uansett!

1121 1 

 

ONSDAG 20. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 600
Starta på Mølster. Først opp til Hanguren, så rundt Hangurstoppen nesten til Raude Kross-hytta. Men snømengda gjorde også denne gongen at eg tok snarvegen ned stien ned til Heggjavad, og ikkje den lange runden om Kiseldur.

 

TYSDAG 19. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 700
Einar, Brynjulv og eg fulgte vegen frå Bavallen opp litt forbi utforstarten på Horgaletten. Det har komme litt nysnø dei siste to døgna, men sålen under er stort sett vekke under 800 moh.

 

LØRDAG 16. NOVEMBER
Aktivitet: Truger
Fjell: Lønahorgi, snudde 1 km. frå toppen
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1030
Kva som gjer det så fascinerande å gå uværsturar på Lønahorgi om vinteren etter det har blitt mørkt kan eg ikkje gi noko godt svar på. Kanskje er det den spesielle stemninga når snødrevet kostar forbi den vesle bobla med lys som hodelykta klarer å skape. Kanskje er det tanken på det lune rommet i den store fjernsynsmasta som du kan gå inn i på toppen, 1410 moh. Dermed slepp du å stå ute på det aller mest utsatte punktet å forbereda deg på turen ned att. Når uværet blir såpass kraftig som i kveld er det best med truger, du får uansett ingen glede av ski ned att. I kveld kom eg meg rett og slett ikkje heilt fram til masta, sikta vart omtrent null då eg kom opp der det flatar ut fram mot toppen. Fullmånen klarte å bryte gjennom snødrevet av og til og skapte ein magisk stemning der oppe. Overraskande mykje snø har forsvunne dei siste dagane. Og det fine føret som var er totalt ødelagt heilt opp. Håpar på litt meir kulde og snø før finværsperioden som kjem om nokre dagar.

 

FREDAG 15. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelløping
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 605
Starta på Mølster. Først opp til Hanguren, så rundt Hangurstoppen nesten til Raude Kross-hytta. Men snømengda gjorde at eg sprang stien rett ned til Heggjavad, og ikkje den lengre runden om Kiseldur.

 

TYSDAG 12. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 610
Planen var Lønahorgi men eg snudde på Horgaletten pga det dårlege været. Kjem nok ein del snø oppe no, men føret var forholdsvis dårleg i forhold til i helga. Såg heilt ferske spor etter ein liten reinsdyrflokk ved Nyestølen.

 

MÅNDAG 11. NOVEMBER
Aktivitet: Truger
Fjell: Lønahorgi, snudde rett under første kvilehytta
Totaltid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 805
Martin og eg på trugetur. Ein del mindre snø på Lønahorgi enn i Myrkdalen, så truger var det rette i dag sjølv om det hadde gått fint med ski over 800 meter.

 

SUNDAG 10. NOVEMBER
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1595
Brynjulv og eg åpna skisesongen 2013/2014 i dag. Og dersom ein skal dømma etter den første turen blir dette ein knallsesong. Meir enn nok snø og til dels nydeleg føre over 700 meter. På toppen av alt var det flott vær berre ein kom over skoddehavet nede i dalane. Starta frå Helgatun. Tok ein ekstra tur opp att til toppen etter den første nedkøyringa til nederste stasjon på Kari Traa-heisen.

 

LAURDAG 9. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengløping
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 320
Storåsen på Voss. Å springa på blaute og sleipe stiar i regn og kulde er utruleg fint når du kjem rett frå varmen og støvet i Mexico. Så lenge det varer...

 

TYSDAG 5. NOVEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 4t 55min
Akk. høgdemeter: 730
I dag var planen å gå frå skaret mellom Sierra Negra og Pico de Orizaba, og så langt opp på sistnevnte som mogeleg. Me køyrte delvis på samme vegen som eg sykla i går, og etter langt om lenge var me i skaret på rundt 4000m. Faktisk går det ein slags bilveg endå 500 høgdemeter til, men då måtte me hatt Jeepen som me hadde i starten av Mexico-turen. Nydeleg turterreng og fin temperatur – gjekk i t-skjorte stort sett heile tida. Me ga oss på 4720 meter, rundt 900 meter under toppen. Her gjekk stien over til grov, bratt steinur, og etter kvart is og snø. Men med utstyr skal det absolutt vera mogeleg å bestige Mexicos høgaste fjell også frå denne sida. Det er den andre sida - nordsida - som er normalruta på dette fjellet. Neste gong må det gjerast eit forsøk heilt til topps…

Utsikta frå taket på hotellet vårt i Orizaba. Pico de Orizaba kan skimtast nøyaktig midt i biletet, bak fjellet i horisonten.

Her har eg zooma inn....

1105

 

MÅNDAG 4. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 8t 50min
Akk. høgdemeter: 3970
Nokre turar blir hugsa lenger enn andre. I dag sykla eg frå byen Orizaba (1200m) opp på vulkanen Sierra Negra (4640m) som ligg rett ved sida av Mexicos høgaste fjell, Pico de Orizaba (5675m). Totalt vart det 3970 høgdemeter i motbakke – kan ikkje hugse at eg har tatt fleire høgdemeter med sykkel på ein dag før. Ned att tok eg sjansen på å sleppe meg ned på vestsida av vulkanen, hadde veldig lyst å sjå også den sida av fjellet. Etter nesten 3000 meter rett ned klarte eg heldigvis å finne ein liten landsby før det mørkna, der eg etter mykje att og fram fekk tak i ein taxi. Mexicanarar flest i innlandet forstår ikkje eit ord engelsk, og då er det berre fingerspråk som nyttar (rart dei forstår meg då forresten…). Å trille inn i ein liten og mørk Mexicansk landsby etter solnedgang med ein sykkel som kostar meir enn dei fleste husa i landsbyen er vel ikkje heilt etter reiseråda for Mexico, men etter 45 minuttar i taxi var eg i alle fall trygt tilbake på hotellet i Orizaba.

Som om ikkje dagens tur var surrealistisk nok frå før, møtte eg ein av verdas beste syklistar gjennom tidene rett under toppen. Italienaren Gilberto Simoni var saman med nokre venner på biltur opp på toppen, og då han såg ein syklist på veg oppover stoppa han og slo av ein lang prat. Artig! Han har venner i Mexico og hadde tidlegare sykla dei siste 1500 høgdemetrane frå den øverste landsbyen og opp på toppen av Sierra Negra på 1 time og 25 minutt... Eg brukte nok nesten det doble i dag, men til mitt forsvar må eg sei at eg allerede hadde 2470 høgdemeter i beina og over 4 timar på setet før eg i det heile tatt kom opp til denne landsbyen. Gilberto Simoni vant Giro d’Italia to gonger, har ein etappeseier i Tour de France samt fleire i Vueltaen. Og ikkje minst er han ein av ytterst få av dei verkeleg store som ikkje har alvorlege dopingsaker hefta ved seg. Han la opp i 2010.

1105 5

1105 5

1105 3

1105 5

1105 5

 

LAURDAG 2. NOVEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 545
Me har igjen forflytta oss, denne gongen heilt til fjella mot Mexicogolfen. Og det som lokka oss hit er sjølvsagt det aller høgaste fjellet i Mexico, den mektige stratovulkanen Orizaba (5675m). Me har ingen forhåpningar om å nå toppen denne gongen, til det krevst det god akklimatisering, klatreutstyr og ikkje minst svært varme klær. Me bur i byen som også heiter Orizaba (1250m), som ligg i skuggen av den bratte vulkanen. I dag tok eg meg ein tur med sykkelen oppover dei nedre delane av vulkanen, men vart stogga av kanskje det heftigaste regnværet/tordenværet eg har opplevd. Vegane vart bokstaveleg talt til elvar i løpet av kort tid og det var så voldsomt at eg aldri kjem til å gløyme dagens tur sjølv om den ikkje vart så lang som eg hadde planlagt.

Me feira Dia de Muerto (De dødes dag) i Mazamitla. Dette er ein tre dagars markering som er svært viktig for Mexicanarane. Denne tradisjonelle feiringa har få likheitstrekk med den kommersialiserte og påtvungne Halloween-feiringa som me har i Norge. Sjølv om dette er for å minnast sine døde, er det likevel med glede og fest - ingen dyster stemning litt utpå natta i alle fall...

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.