• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

SEPTEMBER 2013

 

LAURDAG 28. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1210
Den siste dagen i Vigo di Fassa vart ein minneverdig dag. Sykla først opp til Karerpass og vidare på asfalt på vestsida av den imponerande fjellkjeden som ledar opp mot Antermoa (3002m). Då eg kom til Nigerpass, svingte eg austover på ein bratt grusveg som tok meg oppover og oppover, heilt til eg stod ved startpunktet på dagens sti. Mine store forhåpningar vart innfridd - stien var blant dei beste eg har sykla i Dolomittane. Og den var lang! Den svinga seg rundt heile fjellmassivet, stort sett i samme høgda, til eg kunne sleppa meg rett ned til Vigo att. Denne skal syklast igjen, utan kamera, slik at ein får den gode flyt-følelsen utan stadige avbrekk for å ta bilete.

0928 2

0928 2

0928 1

0928 2

0928 2

0928 6

0928 2 

0917 3

0918

0918

0918

0918

 

FREDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1110
Sykla stien rundt fjellmassivet Sasso Lungo. Det einaste negative med denne runden er at ein heile tida må stoppe for å ta bilete... Omgivelsane er ubeskriveleg flotte. Ein av dei finaste stisyklingsturane i Alpane!

0927 5

0927 5

0927 3

0927 5

0927 5

 

ONSDAG 25. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 920
Flott tur opp på Piz Boè (3152m), det høgaste fjellet i Sella-massivet. Starta frå Passo Pordoi (2239m). Fantastisk utsikt frå toppen.

  

TYSDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 855
Melkesyre-tur opp Val de Contrin, dalen som går inn på sørsida av Marmolada-massivet. Imponerande utsikt opp mot toppen. Endå varmare i dag.

0924 

 

MÅNDAG 23. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1620
Først 1000 artige hårnåls-høgdemeter på asfalt opp til Passo di Pordoi (2239m) og deretter vidare på sti opp til Col de Cuch. Her startar ein spennande sti som heiter Viel dal Pan. Den går i den bratte fjellsida nord for Passo di Fedaia og du har heile tida ei fantastisk utsikt sørover mot Marmolada, det aller høgaste fjellmassivet i heile Dolomittane (3343m). Fulgte stien heilt fram til der heisen frå Arabba kjem opp på ryggen. Tanken var å sykla ned dit, men stien var så flott at eg returnerte samme veg. Samanhengande stisykling (få plassar eg måtte av sykkelen) i slike omgivelsar, med ei slik utsikt og i tillegg den varmaste dagen så langt... det blir ikkje betre!

0923 1

0923 1

Stien går kilometer etter kilometer bortover den bratte fjellsida

0923 1

0923 1

Marmolada-massivet (3343m) til høgre

0923 1

  

LAURDAG 21. SEPTEMBER
Aktivitet: Via Ferrata
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 1685
I dag hadde eg sett meg ut Via Ferrata Gadotti som me ser rett opp på over dalen frå leiligheita vår. Dette er ein lang via ferrata, ikkje spesielt vanskeleg, men den går i eit utruleg flott fjellmassiv. Endå flottare enn eg trudde på forhånd skulle det visa seg. Ved innsteget (der klatringa startar) møtte eg tilfeldigvis Giovanni, den sprekaste 63-åringen eg nokonsinne har møtt. Me var dei einaste som gjekk denne ruta i dag så me slo følge heile vegen. Giovanni var tidlegare ein ivrig berglaufer - fjellspringar, direkte oversatt. I Alpane er det mange lange fjellmaraton med massevis av høgdemeter å boltra seg i for dei som likar slikt. Onkelen hans deltok i langrenn i to Olympiadar på 50-talet og Giovanni var meir oppdatert på Petter Northugs bravader enn det eg er… Ved innsteget stod det eit skilt om at ruta var stengt, noko eg også hadde høyrt rykte om tidlegare. Men sidan den ikkje er spesielt vanskeleg betyr det at den også kan reverserast dersom ein blir tvinga til å snu. På ein tøff via ferrata kan det vera umogeleg. At ein via ferrata er stengt skuldast som oftast at steinsprang eller større ras har øydelagt deler av ruta eller sikringa. Giovanni hadde gått ruta 3-4 gonger før, men det var lenge sidan så me gjekk skikkeleg feil etter ein times tid og kom ned i svært utsatt terreng i eit stort gjel. Det var berre å klatre opp att og leite etter ruta på andre sida av ryggen. Etter å ha passert Sas Aut (2555m) gjekk ruta ned ei svært bratt og laus renne. Og no forsto me brått kvifor denne via ferrataen var stengt. Øverst i renna hadde regnvatn starta eit lite ras av stein og jord som i løpet av dei 200 høgdemetrane ruta fulgte renna hadde vakse seg til eit stort ras som hadde feid med boltar og wire fleire stader. Me var litt usikre om me burde fortsetta usikra, men ved å prøva oss sakte men sikkert nedover gjekk det greitt. Snart var me ferdige med sjølve via ferrataen og Giovanni kunne sleppa seg ned til heimstaden sin i Moena på ein sti som gjekk rett ned. Eg hadde fortsatt ein lang fjelltur framfor meg for å komma meg ned att til der bilen sto. Måtte ta fleire pausar for å nyta det storslagne terrenget - og utsikta til mange av dei store fjellmassiva i Dolomittane: Lagerai, Latemar, Antermoia, Sasso Lungo, Sella og Marmolada. Varmt og godt sjølv på dagens høgaste fjell, Punta Vallacia (2637m). Ned att rota eg lenge før eg fann inngangen til den svært bratte renna eg skulle gå ned. Eg veit det er usympatisk å skulde på dårleg kart, men i dag kan eg faktisk skulde på dei italienske kartmakarane som ikkje alltid har ein god dag på jobben virkar det som…

0921 1

Via Ferrata Gadotti går heile "hesteskoen" i biletet, frå høgre til venstre. Den oransje "boksen" til høgre er ei hytte som kan brukast i nødsituasjonar, og som er utplassert på strategiske stader i fjella her.

0921 1

Bestefaren til Giovanni kjempa mot italienarane i tre lange år i Marmolada-masivet i den første verdenskrigen. Ein krig som faktisk føregjekk i terreng som dette. Dei tapte - og alle innbyggarane i Dolomittane er no italienarar. Men ikkje i hjartet i følge Giovanni. Dei føler seg fortsatt som tyrolarar, ladinarar eller austerikarar.

0921 1

Vigo di Fassa i bakgrunnen, heimplassen vår denne hausten. Kvar kveld ser eg den fantastiske solnedgangen på Sasso Dodici (2446m), som eg står på toppen av på dette biletet.

0921 6

Ved utløpet av rutas mest overraskande parti, ein 15 meter djup tunnel rett ned mellom store steinar som var kilt fast i renna.

0921 6

0921 8

Deler av ruta sett frå det høgaste punktet Punta Vallacia (2637m). Sas Aut (2555m) er "stabben" midt i biletet.

 0921 8

 

TORSDAG 19. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1250
Sykla Val Jumela frå Vigo di Fassa til Alba, over passet Sela Brunech (2419m) med fantastisk utsikt mot Piz Boe (3152m), det høgaste fjellet i Sella-massivet. I Val di Fassa har driftige stisyklingsentusiastar laga eit genialt terrengsykkel/stisykkel-kart der du kan velga og vraka i flotte traséar langt til fjells. Me hadde eigentleg planar om å flytta oss i retning Bormio og Livigno snart, men her er det så bra at me blir ei stund til.

0919 4

0919 4

0919 4

Ein marmot-hann (murmeldyr) kan bli over fem kilo tung og kan bli nesten like sint som eit lemen. Må innrømma at eg meir enn ein gong har blitt jaga nedover fjellsida av desse lodne tassane.

 

MÅNDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 55min
Akk. høgdemeter: 1315
Sundagen vart brukt til å rusle rundt i skogen rundt - og i sentrum av - Pozza di Fassa, der det i helga vart arrangert italiensk mesterskap i trail-køyring med motorsykkel. Imponerande å sjå kva dei beste får til. Trail er tydelegvis svært stort i Italia. I dag sykla eg først inn til Ciampedel, så bratt opp dalen Val Duron. Innerst i dalen fortsatte eg endå lenger oppover på sti til Pas de Ciaréjoles (2279m). Så vidare på flotte stiar ned Val de Dona og rundt fjellmassivet til eg kom attende til Val Duron att. Stisykling på sitt beste!

0916 2

0916 2 

0915 1 

0916 2

 

LAURDAG 14. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1550
Sykla deler av traséen til eit av Alpanes største terrengsykkelritt, Dolomiti Lagorai. Begynte med å klatre oppover fjellsida på austsida av Vigo di Fassa, så inn dalane Val Monzoni og Val de sen Nicolo. Alpeidyll på sitt flottaste!

0914

Her bur me

 

FREDAG 13. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1225
På tross av at det er fredag den 13. i dag vart det igjen ein strålande tur i eit lite kjent, men svært imponerande fjellandskap. Planen i dag var å starte lågt sidan det fortsatt er kjøligt om morgonen. Kun 11 grader var det då me våkna i dag tidleg – uvant kost her nede i midten av september. Starta frå Predazzo vel 1000 moh. Temperaturen steig fort i sola oppover Val Travignolo og det meste av dagens tur vart gjennomført kun i kortarma, sjølv om eg var nesten opp til 2200 moh. Fant ein fin grusveg som gjorde at eg unngjekk asfalten store deler av dalen. Det siste stykket opp til Passo di Rolle gjekk på asfalt, før eg klatra endå lenger opp til Baita Segantini (2174m) på dårleg grusveg. Her begynte moroa for alvor då vegen stupte ned i ein av dei flottaste og villaste dalane eg har sykla i Dolomittane. Med fantastiske spir på over 3000 moh. som bakgrunn slynger vegen seg nedover i serpentinarsvingar. Ein flott sti bortover fjellsida fekk eg også med meg. Denne vegen skal utan tvil syklast i motsatt retning ein annan gong. Til slutt kom eg ned på asfalten igjen eit stykke under Passo di Valles, og fulgte denne ned att til Predazzo.

0913 1

0913 1

0913 3

0913 1

0913 1 

 

TORSDAG 12. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 1015
Gjekk ein tur frå Passo di Castelunga opp på Gole Negra (2744m). Flott vær og endå flottare utsikt. Artig og stupbratt sti ned att!

0912 1

0912 4

0912 4

0912 4

0912 5

Dagros og Litago vert for traust i Italia. Dette er i følgje øyremerket Blondine Alibaba

0912 6

Og dette må vera avkommet som tydelegvis er i trassalderen

 

ONSDAG 11. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1405
Kristina og eg har no forflytta oss til Vigo di Fassa, ein idyllisk liten landsby 1350 moh. i terrengsykkel-mekkaet Val di Fassa - den øverste delen av den lange dalen Val di Fiemme. I går regna det og sjølv om temperaturen falt kraftig utover kvelden var det likevel overraskande å sjå at snøen låg ned til 2200 moh. i dag tidleg. I dag satsa eg derfor på ein tur under 2000 moh. Starta nedover Marcialonga-traseen nesten til Cavalese. Så 1000 høgdemeter rett opp til Passo di Pampeago, eit pass som blir ofte brukt i Giro d'Italia. Vidare på grusveg og sti i artig fjellterreng til neste stigning opp til Passo di Castalunga (Karerpass). Frå dette passet går vegen rett ned til Vigo. Dagens høgdepunkt var å sjå dei store fjella over 3000 meter litt lenger aust, med nysnø mot den blå himmelen.

0911 3

 

0911 3

Etappevinnarar opp til Passo di Pampeago (Giro d'Italia). Lite visste eg då eg tok dette biletet at berre veker etterpå skulle eg møte Gilberto Simoni på ein øde fjellveg i Mexico (sjå 4. november)

 

LAURDAG 7. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1890
Starta i Livigno. Sykla først asfalten til Bormio over Passo d’Eira (2210m) og Passo di Foscagno (2291m). Då eg kom opp til Passo d’Eira var det dirtjumping (dvs. hopping med sykkel på monsterhopp) med heile verdenseliten på plass. Til og med den gamle gode helten Hans Rey var med. Snakk om flaks! Måtte berre setta meg ned ein times tid og la meg imponera over dei vanvittige hoppa – her var det doble saltoar og mange andre hopp som eg er altfor gammal til å vita navnet på... Fortsatte så til Bormio. Etter ein liten trille-sightseeing i den koselege gamlebyen, sette eg kursen oppover nokre hårnålssvingar som eg nesten aldri har sett maken til. Og det var ikkje vegen opp til det kjente Stelviopasset som også startar i Bormio, men ein mykje mindre kjent veg opp til Lago di Cancano. Dette området kjenner eg delvis frå før, og planen i dag var å sykla dalen Val Trela attende til Livigno. Dette er ein klassikar blant stisyklistar i Alpane og består av over ei mil med fantastiske stiar. Storslagen tur!
PS! Dessverre er kameraet mitt knust, så det blir ikkje bilete før eg får kjøpt meg nytt om forhåpentlegvis eit par dagar.

  

FREDAG 6. SEPTEMBER
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 770
Flott tur på stiar i fjellsidene omkring St. Moritz. Bratte fjellsider og smale stiar betyr høg puls uansett om ein prøver å ta det roleg...

 

TORSDAG 5. SEPTEMBER
Aktivitet: Landeveg (Diamant Apex Ltd. med landevegshjul)
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2215
Etter ei veke utan trening pga. informasjonsmøter, foredrag, reising, mykje arbeid og på toppen av alt ein liten forkjølelse, har eg no forflytta meg sørover til Alpane att. Endeleg i gang att - ei veke utan fysisk aktivitet er ikkje bra for denne kroppen… I dag var det to store og berømte pass som stod på programmet. Starta i Tiefencastel og tok først dei 1500 høgdemetrane opp til Albulapass (2316m), deretter ned til glamorøse St. Moritz og oppover dalen til Silvaplana der neste fjellovergang startar. Motbakkane opp til Julierpass (2288m) er ikkje like voldsomme, men totalt vart det godt med motbakkar i dag. 101 kilometer totalt. Trykkande varmt nede i dalane, 28 grader i Tiefencastel, og fullstendig skyfritt slik at dei store fjella i området verkeleg fekk vist seg fram.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.