• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

AUGUST 2013

 

TYSDAG 27. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1015
Brynjulv og eg tok runden inn Bordalen, opp over Almenningane, vidare på sti/myr til Grønlivatnet og Bulko. På sti gjennom Bømoen heim att. Fint og varmt. 

 

SUNDAG 25. AUGUST
Øyvind og eg gjekk den populære turen opp og ned Himmelstigen til Trolltunga.

0825 4

0825 7

0825 2

0825 7

0825 5

0825 7

0825 7

0825 8 

 

LAURDAG 24. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 945
Først opp til Stokksel og ut den nye anleggsvegen under mastene. Så til Tveito og inn til Måvatnet, deretter skogsvegar i Haugseåsen og inn til Vatnaset.

 

TORSDAG 22. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1580
Testa ut ny sykkeltrasé til Evanger! Starta frå Vangen og sykla først skogsvegen som startar frå Nesthus midt på Vangsvatnet over til Skjeldal. Deretter over åsen til Skjerveggi og vidare heilt ut til garden Hyljarås. Her har eg sett på diverse flyfoto at det må gå an å ta seg i terrenget over til Mykkeltveit og deretter på veg rett ned til Evanger. Det vart riktignok meir skogstur enn sykkeltur, men bugnande moltemyrer gjorde det til ein flott etappe uansett. Frå Evanger rett opp til Muggås og på kongevegen over til Edal. Ned att via Eidesmoen og Bulken attende til Vangen. Fin runde!

 

MANDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 595
Fin ettermiddagstur i området Fjellsætra, Fausa, Furnakken og opp til Sætra (537m) på baksida av Roaldshornet.

 

LØRDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1270
Starta på Strandafjellet. Først bratt rett ned til Furset og deretter på grusveg inn Habostaddalen til Liasætra og Habostadsætra. Her startar stien som går vidare inn til Patchellhytta og Slogen. Majestetiske omgivelsar! Eg tok sørsida av dalen ned att til hovedvegen. Men dagen var så fin at eg ikkje kunne gi meg no. Tok derfor ein tur opp Strandamolskreddalen til Instesætra. Hadde mange flotte toppturar i dette området i vinter. Sunnmørsalpane er fantastiske!

 

TORSDAG 15. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 540
For mange år sidan sykla eg og Trond frå Tysse i Samnanger over fjellet til Småbrekkevatnet øverst i Bergsdalen, nesten ved utløpet til Hamlagrøvatnet. Først på veg inn til Kvitingen og deretter på ein slags grov kjerreveg over heile fjellet. Mange stader er den så grov at det er nesten som ein sti, så fulldempar er ein fordel. I dag gjentok eg turen motsatt veg frå Bergsdalen, opp til Øvsta Dukavatnet der det går nedover mot Kvitingen. Snudde der og tok samme veg attende.

0815 3

0815 3

Kanskje ikkje så lett å sjå (i alle fall ikkje på det øverste biletet) men det går faktisk ein slags kjerreveg over heile fjellet frå Bergsdalen til Kvitingen i Samnanger.

  

ONSDAG 14. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 1015
Brynjulv, Bjarte og eg tok runden inn Bordalen, opp over Almenningane, vidare på sti/myr til Grønlivatnet og Bulko. Så over Skutleåsen heim att. Flott dag - strålande vær men litt skarpare i lufta - hausten er i emning!

 

LAURDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1865
Bjarte og eg på "ekstremtur" på Vikafjellet. I dag skulle endeleg planen om å sykla frå Vikafjellet over til Fresvikjordalen realiserast. Ein plan som eg og fleire andre har snakka om i årevis. Turen innebærer nemleg blant anna ca. 7 kilometer med skikkeleg høgfjellsykling, store deler av strekninga er det ikkje eingong sti. Me starta ved butikken på Vinje, det betyr ein brutal start på 800 høgdemeter opp på Vikafjellet - i alle fall når Bjarte på forhånd snakka om at han ville ha ein hard tur i dag... Rett før vegen stuper ned att til Vik svinga me inn på anleggsvegen som går inn til Muravatnet. Her starta offroad-delen av turen, først på dårleg sti - kanskje endå meir knotete enn det me hadde håpa på. Så, etter ein kilometer på denne stien smalt det plutseleg voldsomt bak meg, og Bjarte sto der med eit oppkutta bakdekk. Ein stakkars fotturist som me akkurat var i ferd med å ta igjen trudde nok at me skaut etter han... Han klarte å få i ein ny slange uten at det bula altfor mykje ut, men å fortsetta i dette terrenget var utenkeleg. Han måtte berre konsentrera seg om å komma seg den lange vegen ned att til Vinje utan fleire punkteringar. Eg fortsatte langs vatnet på litt betre sti, så eit lengre bratt trilleparti opp mot Svelgavatnet. Langs vatnet var det flott sykling, før det var av sykkelen igjen stupbratt ned i Vikjadalen. Nesten vanskeleg å ta seg ned på sykkelsko med sykkel trillande ved sida av meg. Så var det klart for turens flottaste parti, store men tørre myrer nedover Vikjadalen, til eg nådde anleggsvegen. Så ned den fine Fresvikjordalen, over Tverraldskaret og ned den like fine Brekkedalen til Stalheim. Etter kvart traff eg Bjarte som hadde sykla meg i møte på asfalten og me sykla sammen attende til Vinje. Kjempefin rundtur - anbefales så lenge du ikkje blir skremt av litt bæring/trilling av sykkel i høgfjellet, og nokre utfordrande stiparti.

0810 6

0810 6

0810 6

0810 6

0810 6

0810 6

Det var tydelegvis ein politisk demonstrasjon i Fresvikjordalen i dag. Såg ut som at dei kravde betre veg. Men etter litt godsnakk og kløing i hakeskjegget slapp dei meg heldigvis forbi.

 

FREDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 170
Kort tur på stiar i Bømoen og Prestegardsmoen.

 

ONSDAG 7. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 635
Rallarvegen, Haugastøl - Lågheller t/r. Rallarvegen er no fullstendig snøfri. Strålande vær!

0807

Finse

 

MANDAG 5. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 995
Starta frå Rikshospitalet. Først opp til Holmenkollen, så via Tryvannstårnet og deretter innover Oslomarka på grusvegar og stiar. Attende via Ullevåseter og Frognerseteren. Flott runde!

0805

 

SUNDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 525
Varma opp på fine sykkelvegar i området rundt Lillestrøm og Strømmen. Deretter satte eg kursen mot Gjelleråsen, der eg hadde klar eit gps-spor til ein 11 kilometer lang teknisk sti. Knusktørt og fint til tross for at det kom eit par skikkelege tordenbyger i går. Kanskje den finaste stien eg har sykla i Oslo-området.

 

FREDAG 2. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 800
Starta med ein 5 km. runde på flott og utfordrande sti nord for Stovner. Deretter på asfalt til Maridalsvannet og vidare på grusvegar i området Ullevålseter - Sognsvann. Fantastisk flott område for terrengsykling!

0802

Urban stisykling

  

TORSDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3 timar
Akk. høgdemeter: 785
Få hovedstader i verda har så bra stisykling rett utanfor bygrensa som Oslo. Når ein ikkje er kjent er det ikkje så enkelt å finne fram til dei aller beste stiane. Derfor har eg skaffa meg ein sykkelcomputer som eg lastar ned kart og ruter til på forhånd. Genialt å berre laste ned eit spor som ein stisyklist som er kjent i området har lagt ut på nettet tidlegare. Ved hjelp av kartet på skjermen - og ikkje minst lydsignal - held ein seg på rett kurs. Lydsignal er viktig fordi ein som regel ikkje bør bruke mange milisekund på å sjå ned på ein skjerm når ein syklar teknisk sti. I dag hadde eg meg ein fin runde i Lillomarka nord for Grorud, delvis på grusveg og delvis på sti. Svært varmt!

0801

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.