• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

JULI 2013

 

MÅNDAG 29. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 960
Bjarte og eg starta i Evanger. Først inn Teigdalen og deretter opp anleggsvegen til dammen ved Volavatnet. Det regna kraftig første halvtimen, men det vart heldigvis bra vær då me kom opp på fjellet.

 

LAURDAG 27. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1560
Bjarte, Rune og eg på langtur. Først på asfalt til Granvin, så grusveg opp til Velken og på Gamlevegen (sti) over Angerskleiv til Ulvik. Etter ein kort tur innom butikken i Ulvik for å fylla på med kaloriar satte me kursen bratt oppover lia forbi Ljono og over Gårhovden til Solsævatnet. Me fortsatte forbi stølen Solsæ så langt grusvegen går, før me snudde og sykla Espelandsdalen attende til Voss. Kjempetur! Eg og Rune trudde det skulle gå relativt roleg i dag sidan Bjarte skal sykla ritt i morgon - der tok me feil...

(Foto: Rune Herheim)

 

FREDAG 26. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 245
Kort tur på stiar i Bømoen og Prestegardsmoen.

 

TORSDAG 25. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 855
Brynjulv og eg. Inn vestsida av Bordalen og opp til Almenningane. Samme veg heimatt. Ei skikkeleg regnbyge rett før me reiste ut sørga for mykje meir behageleg temperatur i dag.

 

ONSDAG 24. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1100
Bjarte og eg tok runden inn Bordalen, opp over Almenningane, vidare på sti/myr til Grønlivatnet og Bulko. Så over Skutleåsen og i skiløyper over Sonvesåsen. Eg hadde ein tøff tur, spesielt den siste timen. Får av og til ikkje kroppen til å fungere optimalt når det blir så varmt som det var i dag (Voss var for tredje dag på rad Noregs varmaste stad med 30,8 grader). Pulsen fyk opp 10-15 slag høgare enn normalt og det føles som eg trenar i ein steikeovn. Trur det er eit problem med softwaren i termostaten...

 

MÅNDAG 22. - TYSDAG 23. JULI
Kva er vel betre når tropevarmen har senka seg over Vossagryta, enn å ta ein lett sovepose med seg opp på Gråsidetoppen og nyta den varme sommarnatta der, med solnedgangen i nordvest og fullmånen i søraust.

0722 6

0722 6

0722 6

0722 6

0722 6

0722 6

 

SUNDAG 21. JULI
Aktivitet: Landeveg (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 730
Rask tur opp til Hodnaberg. Svært varmt oppover lia, heldigvis var det god motvind.

 

LAURDAG 20. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 590
Starta frå bilen som no står med kjempeflott utsikt på Goppollen. Starta med stien som går over Goppollfjellet. Litt knot eit lite stykke men så vart den heilt suverent bra når eg kom opp på høgfjellet. Vidare på kjerreveg/sti tur/retur Hallandshytta. Så vidare til Skjelbua og det som kanskje overraskande nok vart rosina i pølsa, den siste lange etappen til Nedreåsta. Med diverse avstikkarar passerte eg heile tre mil på sti i dag. Og gradestokken viser 25 grader 1000 meter over havet... God medvind gjorde turen på fine grusvegar tilbake til leirplassen til ein høgdare også. No skal det grillast!

På den lange grusvegen frå Goppollen ned til Fåvang hadde eg forresten ein litt skremmande oplevelse under Slitz Challenge (sjå gårsdagen). Eg kom dundrande nedover på terrengsykkelen min midt på natta i svært lite lys og plutseleg hoppa det ein svær elgokse ut frå grøfta rett framfor meg. Han hadde stått og beita på buskane i vegkanten og var heilt skjult for meg. Han vart skremt når eg kom i stor fart og gjorde eit byks ut i vegen. At eg ikkje traff han eller køyrte i grøfta var berre flaks, eg hugsar at eg tenkte at no kolliderer eg faktisk med eit dyr på 4-500 kilo. Heldigvis klarte eg med eit nødskrik (og ein god porsjon griseflaks) å sladde forbi den. Kva ein skremt og forbanna elgokse kunne ha funne på, med meg liggande på bakken, tør eg ikkje tenka for mykje på.

0720 1

25 varmegrader 1100 moh.

0720 3

Artig balansetrening. Den enklaste måten å takle smale klopper på er å halda høg fart

0720 3

Rondane langt i nord

 

FREDAG 19. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 1480
For ein finværsperiode me er inne i her på austlandet! Strålande vær dag etter dag og endå varmare skal det bli framover... Starta i Fåvang og sykla opp via Brekkom og Romsåssætra. Så starta tre timar med kjempefin stisykling i høgfjellsområdet i Imsdalen statsalmenning, før eg enda opp på det store sæter-området Goppollen. For 12-13 år sidan deltok eg i Slitz Challenge, ein ultrasport-konkurranse over 250 kilometer (fjell-løping, terrengsykling og kajakk). Ein av etappane gjekk gjennom dette området, og eg såg at det måtte vera potensiale for strålande stisykling her. Ikkje for å sei noko negativt om Vestlandet - men når det gjeld stisykling er det austlandet som gjeld. Tørre, fine stiar uten røtter og alt for mykje stein. Sykkelen min er knapt nok skitten etter fire dagar og mange, mange mil på sti.

 

TORSDAG 18. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 620
Tok ein runde over Nevelfjellet, Hafjell og Reinsfjellet med diverse avstikkarar. Over 90% av dagen tur gjekk på sti av høg kvalitet! Forholdsvis kort tur i dag slik at eg fekk med meg mesteparten av kongeetappen i Tour de France.

0718 3

0718 3

Fakkelmannen har fått magesår på sine eldre dagar

Inspirert av årets vanvittige Tour de France tar eg med eit bilete frå Mont Ventoux som dei sykla opp på søndag. Eg var der for to år sidan og sykla opp både på vest- og austsida. At Froome hadde nesten 22 km/t i snitt opp fjellet og brukte under ein time er imponerande for å sei det mildt.

 

ONSDAG 17. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1185
Står med bilen nesten 1000 moh. med flott utsikt over Reinsvatnet aust for Hafjell. Her har eg eit sti-eldorado rett utanfor bildøra, og her er det i tillegg så raskt mobilt breidband at eg kan sjå Tour de France i tilnærma HD-kvalitet på PC’en etter at min eigen dagsetappe er unnagjort og før grillmaten blir fortært. Det kan ikkje bli betre enn dette! I dag starta eg med stien over Kriksfjellet og Hitfjellet. Akkurat slik eg likar det, stort sett fin flyt med nokre litt meir tekniske parti av og til. Bevega meg så nordover på grusvegar, kjerrevegar og stiar til Akksjøkampen, med nydeleg utsikt vidare nordover mot Goppollen-området. Attende ei anna rute lenger vest. Stort sett bra stiar heile vegen, men på nokre av dei var det litt vel mykje busk og kratt.

0717 1 

0717 5

0717 5

0717 5

 

TYSDAG 16. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1540
Starta i Lillehammer. Først gjennom Olympiaparken, forbi Lysgårdsbakkene og på stiar opp til Birkebeineren Skistadion. Vidare opp til Nordsetra og på ein kjempeartig og til tider utfordrande fjellsti over Nevelfjellet (1089m) og Slåsæterfjellet (1064m) til Hafjell. Ein av dei flottaste stiane eg har sykla i Norge! Runda Hafjell til Pellestova og på grusveg rundt Reinsvatnet og attende til Lillehammer.

0716

 

MÅNDAG 15. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 730
Brynjulv, Njål og eg utnytta eit kort opphald i regnværet og fekk oss ein tur i Bømoen og deretter på sørsida av Vangsvatnet og opp grusvegen frå Nesthus. Denne går nesten heilt over til Skjeldal på vegen mellom Voss og Hamlagrø. Attende samme vegen. No er eg lei regn og gråvær og evakuerer til Austlandet...

 

FREDAG 12. JULI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 180
Skulle eigentleg ha ein maratondag på kontoret etter den flotte turen på Rallarvegen i går. Men når forholda er så perfekte så måtte eg berre ta ein kveldstur på favorittstiane i Bømoen.

 

TORSDAG 11. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 05min
Akk. høgdemeter: 1815
Ny tur på Rallarvegen. Denne gongen starta eg i Flåm og planen var å sykla oppover til eg møtte den første snøfonna. Eg kom heldigvis heilt opp til ein kilometer forbi Grjotrust før eg møtte den. Eg starta forholdsvis seint på ettermiddagen for å få vegen mest mogeleg for meg sjølv, det er viktig når ein syklar "motsatt veg". Like varmt og fint i dag som på laurdag då eg sykla frå Haugastøl.

0711

Den gamle vaktarbustaden på Grjotrust. Jernbanen går ikkje lenger forbi dette punktet, men gjennom Finsetunnelen (10,3 km)

 

ONSDAG 10. JULI
Aktivitet: Landeveg (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 50min
Akk. høgdemeter: 235
Kort kveldstur frå Granvin til Voss.

 

MÅNDAG 8. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 755
Njål og eg på perfekte stiar gjennom Bømoen, opp til Øvre Lemme og vidare over og ned Singesetdalen til Kvitno. Ned att Raundalen og gjennom Bømoen for andre gong.

 

LAURDAG 6. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 580
Strålande dag på Rallarvegen. Starta på Haugastøl og sykla tur/retur det høgaste punktet ved Fagervatn (1343). Kryssa berre 3-4 snøfonner fram til det punktet, men det hadde nok blitt ein del fleire på veg ned mot Hallingskeid. Varmt og ikkje ei sky på himmelen!

0706

 

TORSDAG 4. JULI
Aktivitet: Landeveg (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 1220
På veg heimover stoppa eg i Vipiteno rett sør for Brennerpasset. Kjente dei raude blodlekamane bobla i blodet så eg trakka til skikkeleg opp den lange motbakken til Jaufenpass (2099m). Kjempeflott utsikt både nordover og sørover.

 

ONSDAG 3. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 2120
Starta i Cortina. Først nordover og opp Val Salata til Rifugio Bella alla Croda del Beco (2327 moh.) Eg fortsatte runden blant anna forbi Europas høgaste flyplass (gammal provisorisk krigsflyplass på den einaste flate plassen så langt oppe i fjella, 2115 moh.), så svært bratt ned til Val dai Tamersc, opp att Valun de Fanes og over til Val de Fanes. Her var eg igjen på kjente trakter og måtte sjølvsagt få med meg stien som gjekk heilt fram på kanten ned mot Plan de Furcia. Attende samme vegen, men no ned Val de Fanes og tilbake til Cortina. Dette er kanskje den flottaste og mest storslagne av alle rundane som det er mogeleg å sykle i fjella rundt Cortina. 95% av dagens tur gjekk på grusveg, kjerreveg og sti.

0703

 

TYSDAG 2. JULI
Aktivitet: Fjelltur/via ferrata
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 615
Gjekk den kjente Kasejager Steig frå Passo di Falzarego opp på Lagazuoi Pizo (2762m). Ein sti som slynger seg oppover fjellveggen frå hylle til hylle. Ikkje eigentleg ein via ferrata, men dei fleste ville nok foretrekt sikringsutstyr i alle fall på ein kort travers halvvegs. Storslagen utsikt, eg vart sittande ein time på toppen å nyta sola.

0702 2

0702 2

 

MÅNDAG 1. JULI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1795
Starta frå Passo San Pellegrino. Først opp til idylliske Rigugio Fuciade, deretter ned Val Biois og over Passo di Valles (2031 moh.). Så ned 500 høgdemeter på vestsida før eg begynte klatringa på ein “panorama-grusveg” opp mot Passo Lusia (2053 moh.). Dette er eit av mange flotte utsiktspunkt mot Val di Fassa-Dolomittane. Så 700 stupbratte høgdemeter ned i Val de San Pellegrino og runden var slutta etter ein lang stigning opp att til passet.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.