• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

JUNI 2013

 

SUNDAG 30. JUNI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1385
Bratt tur i fjellsida vest for Val di Fassa, opp til fjellhytta Rifugio Preuss (2243 moh.) som verkeleg ligg flott til på ein klippe midt i eit fjellpass mellom 3000 meter høge fjell. Val di Fassa og Val di Fiemme profilerer seg som terrengsykkel-mekka i Dolomittane. Her er det flotte ruter overalt , og stort sett panoramautsikt heile tida.

0630 3

0630 3

0630 3 

 

LAURDAG 29. JUNI
Aktivitet: Landeveg (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 2150
Var litt på etterskot med diverse arbeid, så torsdag og fredag vart satt av til intensiv jobbing. At vinteren kom på besøk att passa derfor bra. Fredag morgon låg det 10 cm. nysnø rundt bilen 2200 moh. og det var -1 grad på morgonkvisten. For ei veke sidan hadde eg +15 om natta på samme stad. Nysnøen låg heilt ned til rundt 1500 moh. Italienarane berre ristar på hovudet og forstår ingenting. Det er vel omtrent som at me skulle fått nysnø ned til rundt 500 moh. i slutten av juni heime i Norge. Men, det som er så fint her nede er at så fort sola viser seg att blir det godt og varmt og nysnøen forsvinn så fort at du nesten ser den krypa oppover. I dag la eg opp til ein lang asfaltrunde (men det vart ein god del grusvegar og litt sti i dag også…) som innbefatta to store fjellpass rundt det imponerande Marmolada-massivet med toppar opp til 3343 meter. Starta i Caprile og klatra først opp til Passo di Fedaia (2057 moh.). Dette passet ligg rett nord for dei høgaste toppane og store breer fløymer ned mot vegen. (Her står eg forresten med bilen i natt). Deretter raskt ned til Canazei og langs Marcialonga-traseen nedover Val di Fiemme. Då eg kom til Moena starta neste klatre-etappe opp til Passo San Pellegrino (1918 moh.). Her begynte det å regne litt og det vart ein kald utforkøyring ned til Cencenighe, men dei voldsomme omgivelsane gjorde at eg gløymte heilt at eg fraus. Uansett så fekk eg varmen att opp att til Caprile.

 

ONSDAG 26. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1615
Fekk eit tips hjå nokre stisyklistar eg møtte for nokre dagar sidan ang. ein kjerreveg/sti frå Croda da Lago til Borca di Cadore i fjella sør for Cortina. Og når stisyklistar har stjerner i augene mens dei snakkar lovar det som regel bra… Stien var av aller beste sort der den bukta seg mellom toppane langs fjellryggen. Stien gjekk over 2000 moh. stort sett heile tida, heilt til den stupte 1000 meter rett ned til Borca di Cadore. At det vart 20 minutt med bæring/trilling av sykkel ned den øverste ulendte og stupbratte stien - med tre dagar gammalt knekt ribbein - la ingen dempar på gleda. Så lenge ein har nok Ibux går det greitt. Fantastisk tur som skal gjentas!

0626 4

0626 4

0626 4

0626 4 

 

TYSDAG 25. JUNI
Aktivitet: Terrengsykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1215
Over det imponerande passet og høgfjellsplatået Prato Piazza til Toblach. Attende til Cortina fulgte eg den gamle jernbanelinja. Eg har dei siste nettene budd på eit hotell i særklasse. Alt stemmer: Basil stressar rundt i resepsjonen, Sybil kjeftar på han heile tida og den spanske kokken Manuel herjar på kjøkkenet. Til liks med kokken i fjernsynsserien forstår han absolutt ingenting når du spør om noko og klarar som regel å servere noko anna enn det du bestilte. Og han er verkeleg frå Spania… Det må vera her John Cleese fekk inspirasjonen til serien.

0625 3

0625 3

0625 3

 

SUNDAG 23. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1250
I dag repeterte eg turen som gjorde at eg for alvor vart ein ihuga stisyklist. Eg og Øyvind forvilla oss i 2007 ned Val Travenanzes utan eigentleg å vita kva me bega oss ut på. Gjennom den lange og dramatiske høgfjellsdalen går det ein sti som har alt ein stisyklist ser etter. Fine flytparti der ein kan gi full gass, men også tekniske og utfordrande parti som definitivt ikkje er for syklistar med høgdeskrekk. Diverse kuttskadar og eit knekt ribbein kosta turen meg, men det var det verdt. Reknar med det er knekt i alle fall, det endelege svaret får eg vel om ein dag eller to… Kombinert med over 3000 meter høge fjell på begge sider er dette verkeleg ein tur der du må stoppe ofte for å nyte omgivelsane. Det geniale med å reise rett før og etter sommarferien i Europa er at det er veldig lite folk i fjellet. Sjølv på ein sundag møtte eg ikkje eit menneske ned heile dalen, det er alltid ein fordel når ein kjem på sykkel så kan ein halde sitt eige uforstyrra tempo. Eg avslutta turen med å dra sykkelen opp att i passet sør for Col Rosa og fekk dermed med meg stien som slynger seg i fjellsida attende til Cortina. Såg både rev og gemse på turen. Gemse er ei stor fjellgeit som eigentleg høyrer til i oksefamilien.

0623 1

0623 1

0623 1

0623 4

0623 1

0623 6

0623 7

0623 7

0623 8

0623 8

0623 7

0623 7

 

LAURDAG 22. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 6t 05min
Akk. høgdemeter: 1820
Eg kunne ha budd i Cortina lenge, her er det så mykje å finna på at eg nesten har problem å velga. I dag tok eg ein dobbeltrunde, over både Forc. Lerosa og Passo Son Forcia. Begge turane er MTB-klassikarar i Dolomittanes flottaste natur. Mykje grove grusvegar og artige stiar. Kom akkurat attende til hotellet då det braka laus skikkeleg, og turens første regnvær var eit faktum.

0622 2

0622 2

 

TORSDAG 20. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 35min
Akk. høgdemeter: 1915
Ved å studere kartet litt på forhånd finn ein som regel mange stiar som er perekte for stisykling. I dag var eg igjen i Seiser Alm-området, eit eldorado for stisykling. Været har vore strålande på heile turen til no, og stiane er tørre og fine. Her er det flust av opparbeida stiar der du kan halda god fart, og meir tekniske parti der demparane kjem til sin rett. Køyrde over ein hoggorm-liknande slange som låg på stien i dag. Eg hadde ikkje sjanse verken til å stoppe eller å svinge unna. Den var forholdsvis stor og då den såg eg kom mot den i full fart gjekk den opp i hogg-stilling, men det gjekk så fort at den ikkje rakk å prøva seg. Litt spesiell opplevelse å sjå ein slange som gjer seg klar til å hogge mot deg… Den såg heldigvis ut til å vera uskada sjølv om det vart eit brutalt møte med dekket mitt.

0620

 

ONSDAG 19. JUNI
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 790
I dag gjekk eg ein av dei mest spesielle fjellturane i mitt liv. Lagazuoi Pizo (2762m) vart besteget via ein gammal militærtunnel som slynger seg i sikk sakk 300 høgdemeter opp gjennom ei smal skulder på fjellet. Over alt var det skytestillingar gjennom små hol i fjellet, litt av ei ingeniørbragd å bygge denne for nesten 100 år sidan. Tunnelen er klassifisert som via ferrata, men bortsett frå nokre luftige hyller før sjølve tunnelåpninga nede var det greitt å gå utan sikringsutstyr. Men hjelm og hodelykt var obligatorisk. Det var denne tunnelen som seinare vart forlenga til punktet der italienarane detonerte 33 tonn med sprengstoff for å fjerna heile toppen av fjellet, og dermed fienden (sjå treningsbloggen for 17. juni). Flott utsikt frå toppen over mange av 3000-metringane i Dolomittane.

0619 

 

TYSDAG 18. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1550
Roleg tur rundt Cristallo-massivet som ligg nordaust for Cortina. Fulgte først den gamle jernbanetraseen som no er ein grusveg som buktar seg gjennom den storslagne naturen. Så eit stykke på asfalt til Misurina der eg begynte den svært bratte klatringa opp til Tre Cime de Lavaredo (Drei Zinnen). Det var i denne mördarbakken Nibali pulveriserte konkurrentanes siste håp i snødrevet i den siste fjelletappen i årets Giro d’Italia for nokre veker sidan. Eg måtte ned på aller lågaste gir for å unngå høg puls, hadde bestemt meg for å halda pulsen låg i dag. Tre Cime (‘Tre klokker’) er det aller mest kjente fjellet i Dolomittane, og heilt frå eg og Øyvind sprang rundt fjellet for mange år sidan har eg hatt lyst til å ta med terrengsykkelen opp hit. Det går nemleg ein gammal militærveg som rundar fjellet på austsida og fortsetter nordover til Rifugio Locatelli (2405m). Rifugio betyr hytte, og desse hyttene som ein finn overalt i fjella i Alpane, tilsvarar DNT’s hyttenett i den norske fjellheimen. Men dei fleste hyttene er private og dei er også betjente med full middagsservering. Dei fleste hyttene ligg så spektakulært til at det ikkje er veg fram, men nokon har ein slags kjerreveg som eigaren nyttar for å få fram forsyningar. I dag var det verkeleg eit krevande prosjekt å sykla opp til denne hytta då snøsmeltinga delvis gjorde vegen om til ein bekk. Kun traktor kan ta seg fram til hytta no – perfekt for terrengsykkel altså! Utsikta i det ein kjem opp i passet aust for Tre Cime er heilt eineståande. Fjellet reiser seg rett opp av terrenget på ein måte som ein ikkje ser nokon andre stader i Alpane. Det siste stykket ned att til Cortina vart det også ein del fin stisykling.

0618 4

0618 4

0618 4

0618 4

0618 5

 

MÅNDAG 17. JUNI
Aktivitet: Via ferrata
Totaltid: 2t 45min
Akk. høgdemeter: 505
Klatra via ferrataen frå Passo di Falzarego opp på Col de Bois (2559m). Ein bratt, eksponert og til tider utfordrande via ferrata. Spesielt dei første vertikale 30 metrane var krevande, og det var ingen hjelpemiddel i veggen, kun sikringswire. Ruta fortsatte 350 høgdemeter opp ein luftig rygg og utsikten frå toppen var strålande, både mot nabofjellet Tofana de Rozes (3225m), eit av dei største fjella i Dolomittane, og Lagazuoi Pizo (2762m). Sistnevnte fjell vart under første verdenskrig rett og slett sprengt i stykker av italienarane. Dei østerikske styrkane hadde befesta toppen og ved hjelp av blant anna dette strategiske punktet var det umogeleg for dei italienske styrkane å rykka lenger nordover. Men italienarane bygde ein tunnel frå foten av fjellet og fleire hundre høgdemeter oppover mot toppen, fylte den med 33 000 kilo sprengstoff og detonerte alt i ein kjempesmell. Store deler av toppen og den voldsomme veggen ned mot Passo di Falzarego raste ut, men østerikarane hadde fatta mistanke og evakuert stillingane sine på toppen. Dermed var det ingen som omkom i smellen, men fjellet vart for alltid endra og spora etter eksplosjonen og raset ser heilt ferske ut den dag i dag.

 

SUNDAG 16. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 1585
Fantastisk dag med stisykling av aller beste kvalitet i natur som verkeleg tar pusten frå deg! Runden eg tok i dag har eg sett fram til heilt sidan sist eg og Øyvind var i Cortina for mange år sidan. Starta frå Passo de Falzarego og sykla stiar ned til Cortina og vidare nordover til Podestagno. Frå dette punktet går det ein lang grusveg og sti over heile fjellet via Le Gran Plan og bratt ned til Plan de Furcia. På veg tilbake til bilen måtte eg over passet Passo di Valparola (2183m). Lang og minneverdig tur!

0616 3

0616 3

0616 3

 

LAURDAG 15. JUNI
Aktivitet: Landeveg (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1910
Rundtur på asfalt, der eg fekk med meg to kjente pass i Giro de Italia-historien, Passo di Falzarego og Passo di Giau, begge på godt over 2000 meter. Omgivelsane er så flotte, med pinnaklar og storveggar overalt, at ein verkeleg må ta seg sammen i dei lange nedoverbakkane for å halda auga på vegen framfor seg. Kink i nakken er ein reell risiko...

 

FREDAG 14. JUNI
Aktivitet: Fjelltur / via ferrata
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 670
Dolomittane er opprinnelsesstaden til via ferrataen. Via ferrata («veg av jern») er klatreruter med påmontert stålwire for sikring med spesielt sikringsutstyr. Mange av via ferrataene i Dolomittane vart opprinneleg laga av soldatane i den første verdenskrigen, då italienske og østerikske troppar kjempa ein knallhard og årelang kamp om grensa mellom dei to landa. Ein krig som kravde utrulege 60 000 soldatliv berre i snøskred… I dag er via ferrata ein populær aktivitet blant unge og gamle i Alpane, og den fins i alle variantar og med eige graderingssystem. Dei lettaste kan du ta med heile familien i, mens dei tøffaste er storveggar på over 1000 tilnærma vertikale meter kun for erfarne klatrarar. Dei tøffaste gir ingen hjelp til sjølve klatringa, kun wire for å gjera sikringsprosessen enklare, mens dei enkle ofte har armeringsjern og andre konstruksjonar som stigar, hengebruer osv. for å gjera sjølve klatringa enklare. I dag tok eg to toppar, Gran Cir (2592m) og Piz da Zir (2520m). Spesielt sistenvnte gav mykje fin klatring oppover eksponerte ryggar.

0614 2

0614 2 

 

TORSDAG 13. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1815
I dag tok eg for meg av stiar og grusvegar på sjølve Seiser Alm-platået. Trur nesten minnekortet gjekk varmt av alle bileta eg tok. Flottare omgivelsar skal ein leita lenge etter! Avslutta med den lange motbakken opp att til passet Passo Sella på 2240m der "campingbilen" står. Akkurat no er det ein fantastisk solnedgang i alle retningar...

0613 1

0613 1

0613 1

0613 1

0613 1

0613 1

0613 1

 

ONSDAG 12. JUNI
Aktivitet: Landeveg (Giant Anthem X)
Totaltid: 3t 50min
Akk. høgdemeter: 1625
I dag bestemte eg meg for å sykla den berømte Sella Ronda, ein tur som landevegssyklistar frå heile Europa drøymer om. Fire fjellpass skal ein over på veg rundt det imponerande Sella-massivet. Sidan eg hadde ein lang og tøff dag i går tok eg det med ro i dag og koste meg på lette gir i dei majestetiske omgivelsane. Dolomittane er verkeleg noko for seg sjølv - dagens tur er sannsynlegvis min flottaste asfalttur nokonsinne! Og det er faktisk ikkje så dumt med terrengsykkel sjølv på landevegen her nede. Det er ikkje lenger berre i Norge me klagar over asfaltkvaliteten. I krisetidene som herjar i Europa vert vegvedlikehaldet nedprioritert og mange stader er asfalten dårleg, spesielt oppe i fjella. Då er det greitt å åpna demparen både framme og bak og berre dundra over alt av ujevnheiter. I dag køyrte eg fleire gonger forbi landevegssyklar som måtte ta det med ro i nedoverbakkane. På god asfalt klarer ikkje ein terrengsykkel å halda følge med ein landevegssykkel nedover.

0612 3

0612 3

0612 2

Etappevinnarar gjennom tidene over Passo Pordoi i Giro d'Italia 

 

TYSDAG 11. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 8t 15min
Akk. høgdemeter: 2325
Kremtur i Dolomittane! Eit av områda som stod øverst på lista denne gongen var Seiser Alm vest i Dolomittane. Starta heilt nede ved i Chiusa og tråkka meg først opp til Ortisei. Vidare på spennande og nervepirrande stiar oppe i fjellsida opp til Seiser Alm-platået. Seiser Alm er sjølve inkarnasjonen på Alpe-idyll. Eit stort forholdsvis flatt fjellplatå med grøne enger, fargerike blomar, beitande kyr, sauer og geiter og eit aktivt stølsmiljø der det vert produsert melk heile sommaren. Og sjølv om denne idyllen ligg 2000 moh. er det likevel omgitt av fjelltindar som reiser seg endå 1000 dramatiske meter rett opp. Fjella i Dolomittane er kanskje mine favorittfjell i heile Alpane. Eg leika meg på fine stiar og spennande grusvegar blant voldsomme fjell i fleire timar, før eg satte kursen for rosina i pølsa - den legendariske (blant sti-syklistar) Friedrich-August-Weg, ein spektakulær sti som heng langt oppe i fjellsida på sørsida av Sasso Piatto-massivet. Denne stien gir enorme og til dels luftige naturopplevelsar, og er stort sett mogeleg å sykle heile vegen. Då eg til slutt kom ned på asfalten i Passo di Sella (Sella-passet) hadde turen vart i over 7 timar og det var berre å setta fart ned utalelege hårnålssvingar og gjennom koselege alpe-landsbyar i Val Gardena-området for å nå ned att til bilen før det mørkna.

0611 2

0611 2

 

MÅNDAG 10. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 5t 10min
Akk. høgdemeter: 1785
Monte Lessinia er eit naturreservat som ligg heilt sør i Dolomittane. Eit nesten 2000 meter høgt fjellplatå som i motsetning til Dolomittane kan minna meir om Hardangervidda i miniatyr. Bølgande udramatiske fjelltoppar, heilt ulikt det meste i Alpane, og perfekt for terrengsykkel! Fine grusvegar og stiar snor seg over alt i dette spennande landskapet. Dyrelivet er også spesielt, i dag såg eg både ørn, hauk, hjort og murmeldyr frå sykkelsetet. Turen i dag starta med 1500 meter rett opp på asfalt og etter kvart grus. Rett opp er ingen overdrivelse. Eg såg fleire stader skilt med 20% stigning oppover hårnålssvingane, og på kartet står det at det er 22%. Det betydde at eg måtte ned på aller lettaste giret sidan planen i dag var å ta ein roleg tur. Nokre timar vart brukt på dei fine bølgande vegane oppe på platået før bremsane vart rødglødande ned att samme vegen. I kveld har eg køyrt bilen opp att på Monte Castelberto, eit av fjella som eg sykla over tidlegare i dag. Kom meg så vidt opp med bilen på dårleg grusveg. Flott plass å overnatte, med ljoset frå Verona og alle dei andre italienske storbyane på den store Po-sletta langt under meg i sør.

0610 4

0610 4

0610 4

0610 4

 

FREDAG 7. JUNI
Aktivitet: Landevegssykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 1t 40min
Akk. høgdemeter: 650
Når eg setter landevegshjul på Diamanten min blir det nesten som ein landevegssykkel, det er kun bukkestyret som manglar. Både vekt og stivheit er omtrent på høgde med ein god landevegssykkel. Artig med litt avveksling frå sti og terreng og å kjenna litt på fartsfølelsen ein får med smale dekk på asfalt. I dag var eg ein runde rundt Lønavatnet, over Kyte og opp mot Skutle til slutt.

 

TORSDAG 6. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 230
Stisykkel-runde i Prestegardsmoen, Gjernesmoen og Bømoen.

 

ONSDAG 5. JUNI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 465
Martin og eg leika oss på fine stiar i Bømoen. Me klarte faktisk å mista kvarandre der inne, men etter 20 minutt møtte me tilfeldigvis på kvarandre igjen...

 

TYSDAG 4. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 1610
Langtur i dag. Først på asfalt til Granvin, så opp til Velken og på gamlevegen over Angerskleiv til Ulvik. Denne stien er eit funn for terrengsyklistar - ein klassikar for min del i alle fall. Vel nede i Ulvik sentrum satte eg kursen oppover lia forbi Ljono og over Gårhovden til Solsævatnet. Etter ein kjapp lunsj i solveggen på stølen Solsæ sykla eg Espelandsdalen attende til Voss.

 

MÅNDAG 3. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 995
Brynjulv, Einar, Njål og eg. Inn Bordalen til Almenningane og opp til det høgaste punktet rett før Helgaset. Ein av dei finaste "høgfjellsvegane" på Voss, med flott utsikt til fjella i Hardanger.

 

LAURDAG 1. JUNI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 1t 45min
Akk. høgdemeter: 785
Rask tur på stiar og traktorvegar i Herresåsen og Songvesåsen.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.