• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

MAI 2013

 

FREDAG 31. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 425
23 varmegrader! Stisykling i Bømoen, Gjernesmoen og Prestegardsmoen.

 

TORSDAG 30. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1040
22 varmegrader i dag! Njål og eg satte kursen innover grusvegen på vestsida av Bordalen etter ein liten tur i Gjernesmoen. Opp til Tesdal og på traktorveg vidare. Me var opp til hytta til Njål på Løkjane før me sette kursen mot Herresåsen. Rundt på framsida av Songvesåsen og på sti ned til Haugo.

 

TYSDAG 28. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 360
Har "nyoppdaga" mange av dei gamle og gode stiane i Bømoen dei siste dagane. Med fulldempa sykkel og med dei forholda som er no, kan ein ha mange timar med moro på eit forholdsvis begrensa område som Bømoen er.

 

MÅNDAG 27. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 675
Njål og eg tok for oss av fine stiar i Bømoen og ikkje fullt så fine stiar over Grauaåsen. Kjempefine forhold for stisykling på Voss no.

 

SUNDAG 26. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 560
Stisykling over Storåsen og i Bømoen i skikkeleg sommarvarme og på tørre, fine stiar. Sjeldan kost på Voss!

 

LAURDAG 25. MAI
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Finnbunuten (1358m)
Totaltid: 3t 15min
Akk. høgdemeter: 1270
Brynjulv og eg satsa på Finnbunuten frå Vikafjellet i dag. Etter ein fin tur opp via Finnbugjuvet bestemte me oss for å ta ein tur ned på sørsida sidan været var så flott. Til vår overraskelse var det veldig bra føre, ingen tendensar til suging før me kom langt ned. Eit stykke over Myrkvesstølen la me på att fellene og tusla opp til toppen for andre gong. Inspirert av den fine nedkøyringa bestemte me oss for å ta ein tur ned den bratte vestsida til Fjærestadbotnane også. Opp att for tredje gong, og deretter ned att "normalruta" på nordryggen.

 

TYSDAG 21. MAI
Aktivitet: Fjelltur
Fjell: Stromboli (924m) nord for Sicilia
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 955
Full uttelling på Stromboli! Me gjekk med ei guida gruppe opp til toppen av vulkanen, sidan det av sikkerheitshensyn er ulovleg å gå utan guide. På toppen fyrte vulkanen opp skikkeleg og gav oss eit par magiske timar med solnedgangen i Middelhavet som bakgrunnskulisse. Ein utruleg opplevelse som me aldri kjem til å gløyme!

0521 1

Stromboli (til venstre), eit par mils båttur nordover, er ein 3000 meter høg vulkan målt frå havbotnen, 924 meter stikk opp av havet

0521 1

0521 1

0521 1

0521 1

Med ca. 10 minuttars mellomrom eksploderte det i nordaustkrateret

0521 1

Dei største eksplosjonane kasta store mengder magma opp til 150 meter opp i lufta

0521 1

Stromboli er ein av dei mest aktive vulkanane i verda

0521 1

Etter at sola gjekk ned lyste magmaen intenst i nattemørket

 

LAURDAG 18. MAI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1170
Gjekk frå Rifugio Citelli (1735m) opp til det gamle observatoriet (2820m) på nordsida av Etna. Store mengder svart tefra (vulkansk nedfall) dekkar no nordsida av Etna etter dei kraftige utbrota dei siste månadane. Røyken som steig opp frå det nye søraust-krateret levnar liten tvil om at det snart eksploderer igjen.

0518 3

Månelandskap på nordsida av Etna

0518 3

Fersk tefra dekkar snøen som kom i vinter. Snøen stikk berre fram nokre få stader. Frå den nederste snøfonna opp til toppen er det ca. 600 høgdemeter

0518 3

Eit tynt lag med tefra dekkar vegen 2000 meter under toppen der utbrota skjer. Tefra er svært glatt og er derfor farleg når det ligg på svingete bilvegar.

 

FREDAG 17. MAI
Aktivitet: Symjing
Totaltid: ca. 30 min.
For første gong har eg notert aktiviteten symjing i treningsbloggen. Mellom øktene med soling og avslapping ved bassenget, følte eg behov for å gjera noko fysisk... 1000 meter bassengsymjing er uvant men god trening!

 

ONSDAG 15. MAI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 875
Krisrina og eg er tilbake på Sicilia med håp om å få sjå Etna i fullt utbrot! Akkurat no ligg den og kviler, men den har vakna med jamne mellomrom dei siste tre månadane. Eg følger med på online jordskjelvmålingar for å prøva å forutsei akkurat når det smell. Jordskjelvfrekvensen bygger seg opp ei fleire dagar før det smell. Då pumpar den lava 2-300 meter rett opp i lufta i nokre timar til trykket er avlasta. Men ein skal sjølvsagt ha litt flaks for å vera på rett plass til rett tid. Frå leiligheita vår har me panoramautsikt mot toppen, så eg har i alle fall full visuell kontroll på det som skjer. I dag gjekk eg frå sørsida oppover mot Torre de Filosofico, der Giambattista (som eg vart kjent med i november i fjor) var på jobb i dag. Men eg måtte snu eit par hundre høgdemeter før eg nådde hytta hans som ligg 400 høgdemeter under toppen av Etna, då kraftig vind gjorde det vanskeleg å gå. Denne svært kraftige vinden fekk eg og Mads oppleve også i fjor. Det er berre å kasta seg ned på bakken når vindkasta treffer med full styrke.

0515 1

Endelause motbakkar i vulkangrusen

0515 2 

 

FREDAG 10. MAI
Aktivitet: Stisykling (Giant Anthem X)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 335
Stisykling i Bømoen med min nye fulldempa storhjuling. Normale terrengsyklar har fram til no hatt 26" hjul, men no er det 29" som gjeld. Fordelen i teknisk terreng er merkbar, den klatrar over det meste. Der ein før måtte snirkla seg mellom stein og røtter er det no berre å gi flat pedal. Skøy!

0510

Giant Anthem X 29er

 

ONSDAG 8 MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 2440
Starta ca. 0630 frå Liaset på Espelandsdalen. Grunnen til at eg starta så tidleg var for å få best mogeleg føre. Nattefrost gjer at ein unngår mykje av den sugeeffekten som oppstår under skia når snøen er våt. Dersom det er plussgrader heile natta slik at snøen ikkje frys, kan sugeeffekten verta så kraftig at det er heilt umogeleg å ha det moro på ski. Nattefrosten gjer snøkrystallane slik at det tar mange timar med sol og varme før snøen igjen sug skia fast. Det gjeld altså å vera tidleg ute på slike dagar. Første 1000 meter høge motbakke gjekk opp til Stavaskardsnuten (1349m). Så flott nedkøyringa til Vestrebotnen, på igjen med fellene og rett opp på Olsskavlen (1576m). Ned i Rastaklov og vidare opp på Seldalsnuten (1548m). Til no hadde føret vore kjempebra, men nederst i superflanken på sørvestsida av Seldalsnuten (nesten 1000 høgdemeter i ein smell...) hadde sola fått jobba så lenge med snøen at det begynte å bli sugeføre. Ein liten lunsjpause i den varme sola før siste motbakke opp på Strutseggi (1137m). Nedatt sørsida til Liaset var det stort sett berre å legga seg bakpå og køyra rett ned, farten var likevel aldri høgare enn at eg måtte kjempa for å ikkje sovna...

0508 5

Eg var ikkje den einaste som var tidleg ute i dag

0508 5

0508 5

0508 5

0508 6

  

MÅNDAG 6. MAI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 50min
Akk. høgdemeter: 475
Frå Mølster opp på Hanguren. Like vått og glatt som sist.

 

SUNDAG 5. MAI
Aktivitet: Ski (Trab Maestro)
Fjell: Strutseggi (1137m)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1410
Starta frå Liaset i Granvin. Opp på Strutseggi og ned i Spildadalen på nordsida. Opp att på samme toppen og ned att til Liaset. Det trengs berre to ord for å beskriva denne turen: regn og sugeføre. Ikkje vinterens finaste tur med andre ord.

 

FREDAG 3. MAI
Aktivitet: Ski (Völkl Kuro)
Fjell: Eggjane (1182m)
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 1060
Gårsdagens pudderforhold lokka meg opp att til Brandsetdalen. To turar opp denne gongen, men første gongen snudde eg før toppen pga. kraftig vind. Andre gongen hadde det løya litt så eg kom meg opp. Litt fuktigare snø enn i går, men med Kuroen var det likevel tendensar til jubling og gledeshyl nedover lia.

 

TORSDAG 2. MAI
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Eggjane (1182m)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 705
Brynjulv, Øyvind og eg på puddertur i Brandsetdalen. Vinteren vil ikkje sleppa taket, og maken til pudderforhold som me hadde i dag har me vel aldri tidlegare opplevd i mai.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.