• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

MARS 2013

 

LAURDAG 30. MARS
Aktivitet: Ski (One Foot Miniski)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1020
Sidan dei fleste skia mine er inne til reparasjon og preparering, fant eg ut at det var tid for å teste dei nye One Foot miniskia som eg kjøpte tidlegare i vinter. Fordi eg ikkje heilt skjønte vitsen med å stå på ei ski (som ein ifølge konseptet skal) kjøpte eg likegodt to. Men... det var ikkje akkurat grasiøs køyring ned att frå øvste kvilehytta på Lønahorgi. Vanskeleg med så små ski utan stålkantar når føret er så glatt. Har aldri brukt så lang tid ned att frå Lønahorgi. Men ein flott solnedgang var det i alle fall.

0330 2

0330 2 

 

FREDAG 29. MARS
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 315
Starta i Stryn og sykla til Loen og inn langs Loenvatnet. Litt varmare i sola i dag. Artig opplevelse då eg brått såg ei vaksen havørn på isen ute på vatnet. Eg forsto raskt kva den var ute etter då eg like etter sykla forbi tre nyskotne revar som var hengt opp på eit naust.

0329 7

Mektig natur rundt Loenvatnet. Ramnefjellet som raste ut i 1905 og 1936 er fjellet til høgre i biletet. Flodbølga i 1905 var 40 meter høg og tok 61 menneskeliv, mens den i 1936 var 70 meter høg og tok 74 menneskeliv.

0329 7

Havørn på revejakt

 

TORSDAG 28. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Roaldshornet (1230m)
Totaltid: 1t 25min
Akk. høgdemeter: 845
Fullmånetur på Roaldshorn. Skyer nede i dalane, men alle stortoppane i Sunnmørsalpane stakk opp av skylaget og bada i intenst månelys. Fantastisk flott! Vindstille og mildt på toppen.

 

TYSDAG 26. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Skopphornet (1226m) / Storheia (1086m), Sunnmørsalpane
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1500
Superhøgtrykket held stand - dette må snart kallast tidenes påske! I dag starta eg på Riksem, også det berre få meter over havet. Først opp på Skopphornet, eit fjell som eg har sett den imponerande sørflanken av på mange av mine andre turar dei siste dagane. Frå toppen har ein litt av ei utsikt til bl.a. Kolåstind, Sætretindane og Jønshornet på andre sida av Hjørundfjorden. Og i nordvest ser ein rett ned på Ålesund. Endå meir imponerande vart utsikta til Ålesund frå Storheia som ligg litt lenger nord. På veg tilbake måtte eg opp på Skopphornet igjen før eg fekk nyta den flotte nedkøyringa heilt ned til Riksem.

0326 10

0326 10

0326 10

0326 10

0326 10

0326 10

0326 10

0326 10 

0326 13 

 

MÅNDAG 25. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Råna (1586m), Sunnmørsalpane
Totaltid: 5t 30min
Akk. høgdemeter: 1585
Starta 20 moh. i Velledalen. Den bratte Regndalen baud på ein imponerande motbakke. Den siste timen gjekk eg med stegjern og isøks til eg stod i eit eksponert skar rett nord for toppen. Her var det stopp for vidare framdrift, ca. 80 høgdemeter under toppen. Fantastisk utsikt! Nedturen gjekk stort sett i flott pudder, faktisk heilt ned til 50 moh. Den låge temperaturen gjer at pudderet held seg heilt ned, i alle fall i nord- og austvendte fjellsider.

0325 5

0325 5

0325 5 

0325 5

 

SUNDAG 24. MARS
Aktivitet: Sykkel (Diamant Apex Ltd.)
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 560
Neste veke drar Bjarte, Njål og eg til Italia med terrengsyklane. Dermed må det syklast litt mellom alle toppturane i påsken for å unngå total kollaps i dei knallharde motbakkane rundt Gardasjøen - og gnagsår i baken... I dag var det første turen i år på asfalt. Starta i Velledalen og syjla t/r Hundeidvik. Fantastisk vær, men kaldt.

 

LAURDAG 23. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Storhornet (1309m), Sunnmørsalpane
Totaltid: 3t 35min
Akk. høgdemeter: 1185
Starta frå Svemork, kun 170 meter over havet. Lang motbakke til topps på Storhornet. Utruleg utsikt frå toppen. Endeleg varma sola slik at eg ikkje trengte å ha det travelt på toppen. Kjempefin nedkøyring frå Samfunnskaret ned att til Svemork.

0323 1

0323 1

0323 1

0323 1

0323 1 

 

FREDAG 22. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Svartetindane (1307m), Sunnmørsalpane
Totaltid: 2t 40min
Akk. høgdemeter: 1025
Flott tur frå Emdalen opp Emdalsdalen til Svartetindane. Måtte snu rett under toppen på den skarpe eggen pga. ustabil snø på vestflankane. Stort sett det samme føret som heime på Voss, hardt høgt oppe men fint pudder ned gjennom skogen.

0322 3

0322 3

0322 3

 

ONSDAG 20. MARS
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 605
Njål, Brynjulv og eg starta frå Bavallen - dei på ski og eg på sykkel. Me gjekk koffertløypene oppover for at eg skulle sleppa dei verste kneikane - Moonlanderen er ein skikkeleg traktor, men det er betrakteleg tyngre å trakke seg opp bratte snøbakkar enn asfalt! Eg snudde nesten på høgde med Horgaletten då temperatur og vind tilsa at det kom til å bli ein svært kjølig utforkøyring nedatt.

 

TYSDAG 19. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1240
Sein kveldstur på Lønahorgi. Fløyelspreparerte løyper frå toppen av Horgaletten heilt ned i Bavallen.

 

MÅNDAG 18. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 3t 25min
Akk. høgdemeter: 1410
Njål, Brynjulv og eg testa ny rute frå Glimme ved Vangsvatnet opp på Gråsidetoppen. Kraftig vind og hard skare på toppen, men nedover lia var det i alle fall periodevis fint føre. Nedatt via Hindertveit og rett ned til Mølsterteigen. Ruta vert kanskje ikkje gjentatt då det var til dels kraftig buskvekst i skogsvegen opp frå Glimme, men dette er ein av dei lengste samanhengande motbakkane på Voss.

 

SUNDAG 17. MARS
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 430
Starta frå Skutle og sykla gjennom Juvelen til Otlebogane. Vind og fokksnø i løypa, men traktorsykkelen kjem seg fram over alt! 4 forvirra hjortar klarte ikkje heilt å bestemma seg om eg var skummel eller ikkje, eller så vart dei blenda av lykta mi - eg passerte dei i alle fall på 30 meters avstand.

 

LAURDAG 16. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Horndalsnuten (1461m)
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1645
Njål og eg gjekk frå Kvåle via Nedrestølen opp på Horndalsnuten. Vind på toppen, men temperaturen var heldigvis litt høgare enn den har vore dei siste par vekene. Så køyrde me ned til Modalstjørni. Eg har opplevd betre føre ned denne flotte flanken, men ei flott nedkøyring var det uansett. Opp att på ryggen og ned til startpunktet. Til tross for 30 høgdemeter med litt kronglete terreng bratt ned elva Ljosåni er dette ein av dei flottaste rutene ned frå Horndalsnuten.

0316 

 

TORSDAG 14. MARS
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 1030
Strålande fjellsykkeltur frå Myrkdalen over Tjørnarhovden ned til Oppheim og attende. Sykla opp på Bergshaugen og køyrde artige skogsløyper i alpinanlegget rett ned til Oppheim sentrum. Flott langtur der snøsykkelen min verkeleg fekk vist kva den duger til.

0314 2

0314 2

0314 2

0314 2

0314 2 

 

ONSDAG 13. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 5t 50min
Akk. høgdemeter: 1955
Knut og eg på langtur i Jordalen. Eg har lenge hatt ein plan om å køyra ned framsidene av fjella på sørsida av Slettedalen, altså ned til kanten av stupet 1000-1200 meter over Nærøydalen. Først gjekk me opp på Høgberget (1471m). Dagens første nedkøyring var storslagen langs kanten av stupet ned i Giljabotnen. Ein utruleg kulisse som gjorde det vanskeleg å konsentrera seg om å setta fine svingar. Etter ein kort lunsj tok me fatt på motbakken opp på eit av dei aller høgaste fjella på Voss, men som faktisk står utan navn på kartet (1499m). Nedkøyringa ned til Solbjørgastølen kjem me til å hugsa lenge. 500 høgdemeter rett ned mot stupet. Solbjørgastølen er stølen til den fråflytta fjellgarden Solbjørga, som vart dreven frå ca. 1770 til 1870. Ein fjellgard som til samanlikning får sjølv Kjeåsen til å framstå som lettdreven og urban. Så opp på Solbjørganipa (1464m) og dagens siste nedkøyring gjekk ned forbi Mjølkehaugane til Jordalen. Stort sett kvar einaste meter nedkøyring i dag skjedde i nær perfekt pudderføre.

0313 1

0313 1

0313 1

0313 5

0313 1

0313 1

0313 1

0313 1

(Foto over: Jarle Trå / Foto under: Knut Horvei)

0313 1



MÅNDAG 11. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Torfinnshorgi (1343m)
Totaltid: 2t 50min
Akk. høgdemeter: 1110
Gjekk frå Tesdalen med to mål i dag: Det eine var toppen av Torfinnshorgi og det andre var å henta skia som eg måtte legga igjen langt oppe i lia for nokre dagar sidan. Gjekk rett opp den fine flanken/renna på vestsida av Roksbotnen. Fint føre oppe, men litt meir varierande lenger nede. Nydeleg utsikt frå toppen.

 

SUNDAG 10. MARS
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 635
Rundtur i området Raugstadløypa, Hangursrestauranten, Hangurstoppen og Raude Kross-hytta. Å sykla over snøkledte vidder mens det raude ljoset frå solnedgangen fargar terrenget er litt av ein naturopplevelse. Etter at sola gjekk ned sank temperaturen drastisk og det var nok 15 minusgrader då eg begynte den lange og raske nedkøyringa til Raugstad. Kald men flott tur!

0310

 

LAURDAG 9. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Totaltid: 8t 30min
Akk. høgdemeter: 3420
Frode, Ove og eg starta frå Liaset på Espelandsdalen med planar om ein maratondag som skulle inkludera dei flottaste nedkøyringane i Granvin og Voss. Første 1000 meter høge motbakke gjekk opp til Stavaskardsnuten (1349m). Nedkøyringa rett ned til Vestrebotnen og vidare ned i Nordrebotnen var veldig bra. Deretter opp Vestrebotnen til Olsskavlen (1576m), det høgaste fjellet både i Granvin og Voss. Nedkøyringa til Trollabotnen er ein favoritt men i dag var det litt skare her. Opp att til Rastaklov og vidare opp på Seldalsnuten (1548m), det nest høgaste fjellet i Granvin og Voss. Superflanken 1000 høgdemeter rett ned på sørsida var ikkje heilt i toppslag heller, fin øverst og nederst men litt skare i eit parti midtvegs. Så siste motbakke opp på Strutseggi (1137m). Nedatt sørsida til Liaset fekk me igjen smaka på pudderet og det var med fornøyde smil om munnen at ein skrensa opp framfor bilen på Liaset. Høgdemålaren hadde summert heile dagen og talet på displayet var endå høgare enn forventa, 3420 høgdemeter. For ein dag!

0309

 

FREDAG 8. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Volafjellet (1308m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 1060
Volafjellet frå Dyrvedalen er til vanleg like greitt å ta på turski, men sidan eg frykta skare valgte eg dette fjellet i dag. Men det var stort sett nokre centimeter pudder på skaren heile vegen så det vart ein nydeleg nedkøyring. Strålande sol og blå himmel.

 

TORSDAG 7. MARS
Aktivitet: Ski (Trab Race Aero World Cup)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 550
Tesdalen var igjen utgangspunktet. I dag sikta eg meg inn på ei ny renne opp frå Roksbotnen som ledar opp til Torfinnshorgi (1343m), men dit skulle eg aldri komma. "Gripekloa" på den eine sida av frambindingen knakk tvert av under traversering med skarejern på knallhard skare. No var det riktignok den ultralette Low Tec Race-bindingen, men likevel... belastninga var ikkje spesielt stor! Dermed hadde eg eit problem. Å køyra ned igjen på ei ski kan vera vanskeleg nok med ei lang og stabil ski på godt føre og lett terreng, men no hadde eg den korte og smale Trab-skia, det var gjennombrotsskare og terrenget var delvis bratt og vanskeleg. Eg satte igjen den øydelagde skia der det skjedde, nedkøyringa hadde blitt endå verre om eg skulle hatt ei ski i hånda i tillegg (hadde lett sekk uten mogelegheit for å feste den). Eg kom meg ned til slutt , men det tok si tid og det vart ikkje akkurat eit elegant skispor bak meg.

 

ONSDAG 6. MARS
Aktivitet: Ski (K2 Wayback)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 1t 50min
Akk. høgdemeter: 990
Tesdalen var utgangspunktet for ei ny rute til topps på Gråsidetoppen. Njål, Øyvind, Brynjulv og eg gjekk rett opp den store renna frå Roksbotnen. Flott trasé og i tillegg var føret mykje betre enn dei siste dagane.

 

TYSDAG 5. MARS
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 55min
Akk. høgdemeter: 600
Rundtur i området Raugstadløypa, Hangurstoppen og Hangursrestauranten.

 

SUNDAG 3. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Strutseggi (1137m) x 2 og Seldalsenuten (1548m)
Totaltid: 6t 30min
Akk. høgdemeter: 2465
Knut, Øyvind og eg starta på Liaset i Granvin. Ruta vart: Liaset - Strutseggi - Fagnastøl - Seldalsnuten - Fagnastøl - Strutseggi - Liaset. Flott tur sjølv om føret ikkje var det beste.

 

LAURDAG 2. MARS
Aktivitet: Sykkel (Surly Moonlander)
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 530
Sykkeltur opp Raugstadløypa til Hangurstoppen (818m), ned alpinløypa til Hangursrestauranten og rundt til eg møtte Raugstadløypa att. Snøfenner, knekkebrødskare og vind er ingen problem med 12 cm. breie dekk. Med den nye traktor-sykkelen min går det meste an.

 

FREDAG 1. MARS
Aktivitet: Ski (Dynafit Stoke)
Fjell: Gråsidetoppen (1307m)
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 945
Guttorm og eg måtte til fjells for å sjekka om pudderet forsvann med varmegradene det siste døgnet. Det gjorde det til gagns, og i dag var det årets verste føre! Knekkebrødskare gjorde kvar sving til ein kraftprøve og syrenivået nådde nye rekordar. Me gjekk frå Tillung via Kalvatjørni til topps.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.