• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG OKTOBER 2012

 

Sjå bilete frå turen til Alpane og Sicilia.

 

TYSDAG 30. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 20min
Akk. høgdemeter: 775
Frå kystbyen Nizza de Sicilia innover fjella i naturreservatet Orientata Fiumedinisi e Monte Scuderi. Smalare og smalare kjerrevegar tok meg opp i eit flott fjellområde ulikt alt anna eg til no har sykla i på Sicilia. Denne øya har verkeleg ein variert natur! Sykla gjennom landsbyen Fiumedinisi både på veg opp og ned. Atmosfæren i denne byen var som tatt rett ut av ein mafiafilm. Dystert og mørkt, og med ein følelse av at nokon fulgte meg med augene i det eg snodde meg gjennom dei svært smale folketomme gatene.

 

SUNDAG 28. OKTOBER
Mads og eg på kort sundagstur blant ferske vulkanske krater på nordsida av Etna. Gjennom desse "ventilane" på 2500 moh. pumpa Etna for 10 år sidan ut enorme mengder lava som flaumde nesten ned til landsbyen Linguaglossa på 550 moh. Lavaspruten stod plutseleg fleire hundre meter rett opp i lufta kl. 0500 om morgonen ein oktoberdag i 2002. I løpet av få timar vart eigarane hjelpelause vitne til at den massive lavaflaumen knuste skiheisar, restaurantar og hotell. Nokre timar seinare øydela den også vegen som gjekk litt lenger nede. Denne vegen kunne ikkje gjenbyggast før etter fire år pga. varmen som fortsatt var i det 6 meter tjukke lavalaget.

 

LØRDAG 27. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 2200
I dag var det tid for den store rundturen rundt Etna. I mellom 1400 og 2000 meters høgde går det ein flott skogsveg (type Rallarveg) rundt heile vulkanen, av og til under skogsgrensa og av og til over. Nokre parti er det også sti, spesielt gjennom dei mange lavaflaumane som ligg som storkna elver nedover fjellsida. Starta i Zaffarena og dermed var det 1300 meter rett opp før sjølve rundturen kunne starte. Utruleg flott og varierande landskap. Kraftig men mild vind, og utruleg nok hadde eg medvind stort sett heile vegen rundt (?)

 

FREDAG 26. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 30min
Akk. høgdemeter: 860
Starta i Taormina. På dårlegare og dårlegare asfaltvegar og grusvegar over fjellryggar og ned i dalar, til landsbyane Mongiuffi og Roccafiorita (fantastiske stadsnavn her nede...). Veldig spennande terreng i dette området, stupbratte fjellsider og tronge dalar.

 

TORSDAG 25. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: Opp: 1145 / Ned: 2700
I dag hadde eg ein avtale med Giambattista som eg møtte for nokre dagar sidan, om å bli med på ein storslagen rundtur over toppen og rundt mesteparten av Etna. Eg møtte han heilt oppe på 2900 moh. der han jobbar som alpin guide. I det me stod og gjorde oss klare til å klatre det siste stykket opp mot 3100 moh. kom det eit voldsomt smell som i alle fall fekk meg til å lure. Giambattista kunne smilande fortelle at det var ein underjordisk eksplosjon under toppkrateret ca. 1 kilometer frå oss. Utruleg! Me sykla så rundt sjølve toppkrateret, kun 200 meter under toppen av Etna. På det høgaste var dei ein uverkeleg stemning i det me satte fine spor i 5 cm. nysnø, mens snøen smelta fort rundt oss pga. varmen frå vulkanen og skapte ein spesiell dis. I det me runda rundt på nordsida starta den lange nedoverbakken. Først på grov kjerreveg i den svarte lavaen, så på nydeleg sti nedover skogen. Me var nede ved huset hans rett før det mørkna etter 2700 høgdemeter med fantastisk sykling. Ein tur eg aldri kjem til å gløyme!

Sjå bilete

 

 

ONSDAG 24. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 3t 40min
Akk. høgdemeter: 1245
Fin tur gjennom dei heilt spesielle "Flåklypa-byane" Taormina og Castelmole som delvis ligg på kvar sin fjelltopp, og vidare opp i fjella bak. Kontrasten til populære og dyre Taormina er svært stor når ein kjem inn i fjellandskapet eit stykke frå kysten. Dette er eit av Europas aller fattigaste områder og ein kan av og til lure på om ein verkeleg fortsatt er i Europa.

 

TYSDAG 23. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1705
I dag var eg opp til Provenzana på 1816 moh. på nordsida av Etna. Mellom Provenzana og Etna Sud (som eg var opp til for nokre dagar sidan) går det ein kjerreveg nesten over toppen av Etna. Vegen går heilt opp til 3120 moh. (Etnas hovedkrater er akkurat no 3349 moh. men endrar seg fortløpande pga. stadige utbrot og kollapsar). Håpet mitt er at snøen skal halda seg vekke frå toppen nokre dagar til slik at eg får sykla over heile vulkanen, men det spørs om det er for seint på hausten. I dag sykla eg fine lavastiar i fascinerande vulkansk landskap og strålande sol i området rundt Provenzana før eg slapp meg ned att i den grauttjukke skodda under 1500 meter til Monterosso der eg hadde parkert bilen.

 

MÅNDAG 22. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Eg og Mads tok skiheisen heilt opp til 2500 meter på Etna og tok oss ein liten fjelltur i ferskt vulkanlandskap. Veldig spesielt å gå på eit fjell som rett og slett ikkje var der for 30 år sidan. Store utbrot har dei siste åra blant anna øydelagt den gamle skiheisen og skapt heilt nytt landskap i området. Me opplevde varmen og energien frå magmaen som fortsatt ligg rett under overflata gjennom den varme vanndampen som fleire stader kjem opp gjennom lavasanden og varmar steinar og sand opp til temperaturar som gjer at det nesten ikkje er mogeleg å ta på det.

 

LAURDAG 20. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 45min
Akk. høgdemeter: 1980
I dag var det på tide å starte utforskinga av Etna. Det betydde ein samanhengande bakke på 2000 høgdemeter frå kysten opp til Etna Sud, skianlegget som vart tatt av lavaflommen for nokre år sidan. Fascinerande tur i trykkande varme i eit heilt spesielt landskap. Vegen slynga seg oppover gjennom enorme størkna lavaelvar. Og til min store glede såg eg at det var forholdsvis stor aktivitet på toppen, røyken står høgt til værs i atmosfæren over vulkanen. 2. oktober åpna det seg ei sprekk og eit nytt utbrot er no sannsynlegvis under oppbygning. Etna er ein svært aktiv vulkan og har hatt mange store utbrot dei siste 50 åra. Dette som no er på gang er etter all sannsynlegheit eit mindre utbrot, men eg håpar det når sitt klimaks i løpet av dei vekene me er her...

 

FREDAG 19. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 1t 30min
Akk. høgdemeter: 645
Etter å ha plukka opp Mads i Roma, køyrte me gjennom heile støvellandet og med ferja Vestfold (ei av ferjene som før gjekk mellom Moss og Horten) over Messinastredet til Sicilia. Bortsett frå at eg vart påkjørt av ein 65 år gammal bulgarsk trailersjåfør har køyreturen heilt ned til Europas sørlige kant gått smertefritt. No har me leigd ein fin leilighet i den vesle fiskerlandsbyen Aci Trezza ved foten av vulkanen Etna. I dag måtte eg ut å utforske nærområdet og den spennande vulkanske kystlinja. Sør-Italiensk trafikk er meir hektisk enn både i Nord-Italia og Spania. Her er det berre ein måte å gjera det på - vera minst like frekk og frampå som alle andre rundt deg. Og det gjeld både om du køyrer bil eller om du er på sykkel.

 

TYSDAG 16. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 40min
Akk. høgdemeter: 2170
I går høljeregna det, men det passa perfekt for no var kroppen etter kvart klar for ein kviledag. I dag var det igjen strålande vær og eg bestemte meg for å starta i Limone sul Garda. Målet var stien som går over Monte Zenone og Bocca di Fobia. Hadde fått tips av nokre tyske terrengsyklistar eg snakka med om denne stien. Dei smilte når dei snakka om den, så eg forsto at den var spesiell. Den starta heilt ordinært med ein lang stigning på god sti. Så snodde den etter kvart litt smalare stien seg bortover den skarpe fjellryggen, ei stund heilt på toppen, seinare på til dels naturlege og dels menneskeskapte fjellhyller litt nede i lia. Det var til og med tunnelar fleire stader på stien. Mange stader måtte ein verkeleg konsentrere seg på dei smale hyllene. Stien var ikkje spesielt vanskeleg teknisk, men når det er eit voldsomt stup berre 40 cm. frå sykkelhjulet tar ein det seriøst uansett... Vel framme i Bocca di Fobia var adrenalinnivået så høgt at eg fortsatte på stien heilt opp til Passo della Cocca (1461m). Denne stien visste eg ingenting om på forhånd, men også den var flott. Og når eg først var så høgt fortsatte eg liksågodt over Passo di Val Marza (1889m) før eg stupte over 1800 bratte høgdemeter rett ned igjen til Gardasjøen. Bremsane får verkeleg køyrt seg her nede...

Sjå bilete

 

 

SØNDAG 14. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 55min
Akk. høgdemeter: 665
Her er det fint vær sjølv når det for ein gongs skuld er meldt dårleg. I dag hadde eg planlagt fjelltur sidan det skulle regne. Regn og sykkel er ein dårleg kombinasjon. Gjekk opp i fjella vest for Riva del Garda og det skulle visa seg å bli litt av ein tur i stort sett solskinn og flott vær. Eg visste at det var Via Ferrata-ruter i området, men hadde ingen anelse om kor vanskelege dei var. Heldigvis var dei av det forholdsvis enkle slaget, sidan eg ikkje hadde sikringsutstyr med meg. Men luftig og storslagent var det, og med ein voldsom utsikt. Heldigvis er det mange andre tilsvarande ruter i dette området, så det blir ikkje siste turen her.

 

LØRDAG 13. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 6t 10min
Akk. høgdemeter: 2155
I går kveld køyrte eg bilen opp på Passo Tremalzo (1708m) og overnatta der. Dermed vart det ein omvendt tur i dag, først ei lang nedkøyring og til slutt motbakke opp att. Fordelen er at ein er tørr og varm når ein startar på toppen, mens normalt er ein ofte dyvåt av sveitte og dermed kan nedkøyringa bli kald. Sjølv om det er nesten 20 grader nede ved Gardasjøen er det forholdsvis kjølig på nesten 2000 meter. Ulempen er at dersom du har ein dårleg dag så merkar du ikkje det før du er nede og har nesten to vertikale kilometer opp igjen til der bilen står… Men i dag fungerte kroppen optimalt, og eg fekk ein minneverdig tur ned og opp stupbratte fjellsider. Eg såg på kartet på forhånd at dei siste 400 høgdemetrane ned til Campione ved Gardasjøen var meir eller mindre vertikale og at vegen gjorde nokre merkelege krusedullar på kartet. Eg trudde at dei italienske kartmakarane hadde hatt ein dårleg dag på jobben, men det var ikkje årsaka. Denne vegen får Trollstigen til å virka som ein motorveg! Heilt ufatteleg kva ingeniørane i si tid tenkte på då dei bestemte seg for å legga vegen akkurat der. Den må berre opplevast. Om du er i traktene så ta sikte på Campione på vestsida av Gardasjøen og følg skiltinga opp til Pieve. Aller flottast er turen på sykkel då du mange stader kan sykla gamlevegen på utsida av tunnelane. Dei fem siste dagane har det blitt over 9000 høgdemeter totalt – det må bli ein litt rolegare dag i morgon.

 

FREDAG 12. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 05min
Akk. høgdemeter: 2035
Samme start som i går, på kjerrevegen som på ubegripeleg vis klorar seg fast i berghylla rett over Gardasjøen. Frå den vesle landsbyen Pre rett opp til Passo Guil (1208m). Ordet motbakke får ny betydning i dette området… Deretter på den gamle militærvegen (type Rallarveg) som har blitt svært populær blant mountainbike-entusiastar frå heile Europa. Eg fulgte den heilt opp til Bocca di Val Marza (1889m) og ned igjen til Passo Tremalzo. Vegen slynger seg via små tunnelar att og fram på begge sider av den smale fjellryggen, og omgivelsane og utsikta er heile tida storslagen.

Sjå bilete

 

 

TORSDAG 11. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 1335
Turen frå Riva del Garda opp i fjella over Limone sul Garda og ned igjen til Pregasina må ein berre gjennomføra ein gong i livet dersom ein likar terrengsykling. Voldsomme stup, bratte kjerrevegar/stiar og ein utsikt ned mot Gardasjøen som er verdt all slitet. Møtte mange likesinna med store smil om munnen. Eg hadde nok det også.

 

ONSDAG 10. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 3t 45min
Akk. høgdemeter: 1405
Sykla klassikaren frå Riva del Garda over Monte Velo på fine grusvegar. I dag var det litt skyer rundt fjelltoppane, så eg fekk ikkje den storslagne utsikta som eg hadde her for to år sidan då eg sykla nesten samme ruta.

 

TYSDAG 9. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 15min
Akk. høgdemeter: 2085
Er no i Riva del Garda ved Gardasjøen i Italia. I dag starta eg ved strandkanten (65m) og sykla den kjente panoramavegen/stien som går i ein samanhengande stigning rett opp på toppen av Monte Altissimo (2079m). Ikkje eit flatt parti undervegs, men heldigvis jevn fin stigning. Litt bæring det øverste partiet då stien etter kvart blir veldig grov. Ned igjen på austsida av fjellet gjennom små landsbyar høgt oppe i fjellsida.

 

SUNDAG 7. OKTOBER
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: 2t 10min
Akk. høgdemeter: 915
I dag var første dagen det var skikkeleg overskya, men regndråpane heldt seg heldigvis andre stader enn akkurat der eg var. Gjekk frå Alp Languard opp på Piz Languard (3262m) som ser bratt ut på avstand, men ein til dels oppmurt sti ledar heilt til topps. Flott utsikt mellom skyene mot Piz Bernina og Piz Pälu, dei to storfjella i denne regionen.

 

LAURDAG 6. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 4t 35min
Akk. høgdemeter: 1400
Høgt i fjellsida over St. Moritz går det ein sti som bokstaveleg talt tar pusten frå deg. Både pga. den storslagne utsikta mot den idylliske jetset-byen langt der nede med snøkledte fjell i bakgrunnen, men også fordi ein er heilt oppe i 2700 moh. Dermed merkar ein effekten av høgda når du f.eks. må gi full gass for å komma deg opp ein liten bratt kneik – det blir rett og slett tyngre. Etter å ha traversert heile fjellet runda eg inn i Val de Suvretta (Val betyr Dal). Rundt fjellet Piz Nair (3056m) var stien til tider slik at ein ikkje bør ha høgdeskrekk sjølv om ein går til fots. Den perfekte stien fortsatte ned heile dalen, men nokre stader var det så teknisk utfordrande at eg måtte av sykkelen. Utruleg flott runde! Temperaturane overraskar fortsatt. Varmt og godt i sola sjølv på 2700 moh, i alle fall så lenge det er vindstille. Sjå bilete
Sjå bilete

 

FREDAG 5. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 1915
Storslagen dag på stiar i fjella rundt Passo del Bernina og Livigno. Dette området er det flottaste for stisykling av alle stader i Alpane eg har vore til no. Ingen tvil.

 

TORSDAG 4. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 4t 10min
Akk. høgdemeter: 940
Utforska dalane aust for St. Moritz i dag. Først opp Val Roseg som gav fantastisk utsikt mot Piz Bernina-massivet. Piz Bernina (4020m) er det einaste fjellet over 4000 meter i Engadin-området. Så ned igjen dalen og opp til Passo del Bernina (2329m). Skulle eigentleg ha ein litt kortare og roleg dag, men det er vanskeleg når ein har så fine forhold som her. Over halvparten av dagens tur gjekk på sti.

 

ONSDAG 3. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 55min
Akk. høgdemeter: 1665
Sveits er første skikkelege stoppestad på denne turen, dvs. i dag var eg også over i Italia. Starta i Zernez med store forhåpningar om mykje «ekte» stisykling. Og det slo til. Etter den lange stigninga opp på fjellet (via Ofenpass), var det berre å boltra seg på fantastiske stiar av aller høgaste kvalitet. 4 av dagens 6 timar vart tilbrakt på sti. 12-13 grader i sola sjølv 2300 meter over havet er ikkje å forakte for ein klimaflyktning frå Vestlandet. Og omgivelsane var noko av det flottaste eg har sett i Alpane. Nasjonalparken Schweizerischer er ei skjult perle mellom meir berømte områder i Alpane. Snøkledte fjell på langt over 3000 meter gir majestetiske omgivelsar. Såg ein stor kronhjort og høyrte fleire, det er tydelegvis midt i brunstida no så brunstbrøla hjallar mellom fjella i dei tronge dalane.

 

TYSDAG 2. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 25min
Akk. høgdemeter: 670
I fjella bak det fantastiske slottet Neuschwanstein i Bayern, er det nydelege vegar og stiar for terrengsykling. 20 grader og flotte Alpefjell - lengtar definitivt ikkje heim…

 

MÅNDAG 1. OKTOBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 1t 35min
Akk. høgdemeter: 5 (maksimum…)
Eg giddar aldri å ta den lange køyreturen til Alpane i ein jafs, så treningsturar må leggast inn undervegs. Denne gongen vart det ein tur i området rundt Kastrup flyplass i København. Høyres kanskje kjedeleg ut, men det er spennande naturområder med artig dyreliv rett i nærleiken av flyplassen. Men definitivt få kategoriserte stigningar… Og for dei som aldri har stått rett utanfor gjerdet til ein flyplass når ein 747 tar av eller landar, så anbefales også det. Adrenalin-nivået stig raskt når den store maskina passerer få meter over hovudet ditt i 300 km/t.

Sjå bilete

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.