• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG SEPTEMBER 2012

 

TORSDAG 27. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 2 timar
Akk. høgdemeter: ca. 900
Bjarte og eg stoppa ikkje før me stod på Hangurstoppen. Regn og kaldt.

 

MÅNDAG 24. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 1t 20min
Akk. høgdemeter: 700
Nydeleg vær på Voss for ein gongs skuld. Rask tur opp forbi Kyte og Øvre Lemme til Liaset.

 

SUNDAG 23. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 2t 55min
Starta ved Robru nord for Gol og konsentrerte meg om fjellområda sørvest for Reineskarvet.

 

 

LAURDAG 22. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 1t 35min
Stiar og fjellvegar på Golsfjellet.

Har alltid hatt lyst på bobil. Kanskje ein slik?

 

 

FREDAG 21. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 3t 20min
Akk. høgdemeter: 1020
Frå Hemsedal opp gjennom Holleskaret forbi Flævatn og Gyrinosvatnet til Lyserbotn nord for Reineskarvet. Attende og opp i skaret ved Lauvdalen der du ser ut over heile det imponerande fjellplatået sør for Reineskarvet. Utruleg flott område, spesielt i haustfargar og nydeleg vær som denne dagen.

 

 

MÅNDAG 17. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 585
Fortsatt drittvær heime, så ingen grunn til å køyra over vannskillet endå. I dag var det kjøligare (7 grader då eg starta), så eg prøvde å finna ein tur der eg ikkje kom altfor høgt over tregrensa. Starta litt vest for Bismo og sykla inn Mysubyttdalen forbi Sota Sæter og inn til Mysubytta der grusvegen sluttar. Intense haustfargar prega turen, måtte nesten konsentrere meg for å halda blikket på vegen.

 

 

SUNDAG 16. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 3t 30min
Akk. høgdemeter: 850
I dag var eg på Dovrefjell og tok runden over Vålåsjøhøe og Svånådalen. Flott utsikt mot Snøhetta og alle dei andre 2000-metringane på Dovrefjell. Toppane var dekka med nysnø, noko som gav ein flott kontrast mot haustfargane lenger nede. Dagens høgdepunkt var då Dovregubbane sjølv plutseleg sto rett ved sida av vegen - to flotte moskusar. Eg var mange gonger på Dovrefjell i yngre år for å ta bilder av moskus, så dette var eit flott gjensyn. Dei var nok ikkje like glade for å sjå meg. Blikket til ein moskus seier meir enn 1000 ord: Kom deg vekk - no!

 

 

LAURDAG 15. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling
Tid: 6t 55min
Akk. høgdemeter: 1485
Norske haustfjell er no på sitt flottaste - og her oppe er været faktisk fint... Starta i Oppdal og sykla først opp Olmdalen til Orkelsjøen. Vidare til Hånåbekksætra og på kjerreveg vidare til Såtållia. Så sør for vatnet Fundin til Bekkelægret. På sti vidare til eg kom inn på vegen som går ned Vinstradalen. Kjempefin 100 kilometers rundtur på flott fjellveg, avbrutt av artige parti med kjerreveg og sti.

 

 

FREDAG 14. SEPTEMBER
Fjelltur i Sunndalsøra. Skulle eigentleg opp på Litlkalkinn som ragar 1389 meter rett over sentrum. Men skikkeleg sur vind og etterkvart regn (sjølvsagt) gjorde at eg heller gjekk eit stykke innover i Hareimdalen i staden for å gå det siste stykket til toppen.

 

TYSDAG 11. SEPTEMBER
Fjelltur opp på Sandfjellet over Roset. Det var som å gå i ein samanhengande bekk heile vegen. No er eg definitivt klar for sørlegare strøk med stabilt vær igjen...

 

SUNDAG 9. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling
Tid: 5t 20min
Akk. høgdemeter: 880
Km: 41 (i følge Øystein sin GPS)
Dagens tur var kanskje årets flottaste stitur, i alle fall i Norge! Tur/retur Mårbu frå Sønstevatnet på Imingfjell.

Øystein har feitthunger etter den lange turen inn til Mårbu

Men fjellsvina vil ha kos...

 

LAURDAG 8. SEPTEMBER
Aktivitet: Fjellsykling
Tid: 7 timar
Akk. høgdemeter: 1230
Km: 68 (i følge Øystein sin GPS)
Øystein og eg møttes på Solheimsstulen og la i veg innover traktorslepa mot Lågaros. Nydelege forhold! Sterk motvind innover betydde tilsvarande medvind på returen. Me snudde ved Feitfisktjønnan. Denne turen anbefalast til alle som syns Rallarvegen blir for puslete. Fulldempar er obligatorisk dersom du vil bruka rumpa til å sitta med dei nærmaste dagane etterpå.

 

 

ONSDAG 5. SEPTEMBER
Fiske- og hyttetur med Mads og Lucas. Heldigvis hadde Mads kjøpt med rikeleg med mat frå butikken. Me fekk bruk for det.

 

MÅNDAG 3. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: ca. 1250
Njål, Bjarte og eg lot kongeetappe vera kongeetappe i Vueltaen og la ut på vår eigen miniversjon til tross for regn og ufyseleg vær. 3 bakkar av tredje kategori (?) vart tilbakelagt. Over Herresåsen, opp til Fennastølane og over Skutle heim igjen. Tygg på grus endå...

 

SUNDAG 2. SEPTEMBER
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 4t 20min
Akk. høgdemeter: 1370
Rallarvegen i flotte, men kalde forhold. Starta i Flåm og snudde ved Finsetunnelen ved Lågheller. Det var ikkje mange gradene der eg snudde, men heldigvis var regnbygene greie og lot Rallarvegen i fred.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.