• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG AUGUST 2012

 

FREDAG 31. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 6t 55min
Akk. høgdemeter: 1790
Starta i Flåm, men "mot normalt" starta eg utover fjorden til Aurland og opp til Vassbygdi. Heldigvis var det mogeleg å sykla gamlevegen utanfor Vassbygdtunnelen. Frå Vassbygdi eit lite stykke innover Aurlandsdalen, så sørover opp Stondalen på bratt men fin kjerreveg. Vel oppe ved riksvegen Hol - Aurland var det på med diverse lykter og deretter gjennom den 2,2 km lange Stondalstunnelen. Så på anleggsveg opp Låvisdalen til dammen ved nordenden av Fretheimsdalsvatnet. For ein del år sidan sprang eg ein lang tur i dette området, og oppdaga då ein spennande "rallarveg" også her. Frå dammen går det ein gammal kjerreveg på austsida av Fretheimsdalsvatnet mot den "ekte" Rallarvegen ved Seltuft. Først bratt heilt opp til 1350 moh, deretter slynger den seg fint i terrenget i fjellsida mange hundre høgdemeter over vatnet langt der nede. Kjerrevegen er betrakteleg grovare enn Rallarvegen, og det er også eit parti på nesten 6 km i luftlinje uten kjerreveg (men med meir eller mindre synleg sti) før du er nede på kjerrevegen som ledar ned til Seltuftsvatnet. Vel nede ved Seltuftsvatnet går det ikkje lange tida før ein er nede i Flåm igjen. Super høgfjellsrunde, men anbefalast kun til dei som likar litt teknisk sykling (og ein god del bæring/trilling...).

Kjerrevegen opp Stondalen. Ukjent perle for terrengsyklistar som likar bratte kneiker.

Alternativ rallarveg! Eg går ut frå at denne kjerrevegen vart bygt i forbindelse med kraftutbygginga i området.

Denne litt ufokuserte luringen fulgte nøye med då eg tok ein liten matpause.

Og denne gjengen hadde tatt kvelden.

 

MÅNDAG 27. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 4t 25min
Akk. høgdemeter: 1095
I dag var det kanonvær, og dermed klart for skikkeleg fjellsykling. Inn Bordalen til Almenningane, deretter på sti via Kvanngjelsfossen til Helgastøl i Folkedal. Stien var veldig bra den første halvdelen, men deretter vart det litt bæring her og der. Frå Folkedal inn Granvinsfjorden og attende til Voss. Absolutt ein tur som skal gjentas.

 

SUNDAG 26. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 1t 05min
Akk. høgdemeter: 610
Rask tur opp Gjelle til Tesdal og over Skutlesåsen.

 

FREDAG 24. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 2t 15min
Akk. høgdemeter: 760
Nesten samme tur som på måndag, men i dag tok me rett ned frå den nedlagte garden Nedre Skjervo til Saghaugen. Ein gong har dette vore ein flott kjerreveg, men her går det desverre ikkje folk lenger så den var overvokst med gras og bregner. Til slutt over ei mildt sagt falleferdig bru, før me var nede på E16 att.

 

TORSDAG 23. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1030
I dag var det Engjaland og Holbygdi-området som skulle utforskast. Turen begynte med sprutregn oppover E16 mot Sundve. Heldigvis vart det bra då me begynte på stigninga opp til Engjaland og vidare opp til stølen Reppane. Flott plass! Så ned att til Engjaland og på kjerreveg/sti over til Breiaset (Google Earth er eit fantastisk verktøy til å finna stiar og gjengrodde skogsvegar...). Vidare opp til Kaset, og deretter fin "myrsykling" over skogsgrensa til Steinset over Skreiavatnet. Dermed stod me øverst i Holbygdi og det var berre å følga denne vegen ned att til sivilisasjonen og vidare heim. Kjempeflott rundtur som anbefalast for dei som likar terrengsykling av den litt røffare typen.

 

TYSDAG 21. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 2t 05min
Akk. høgdemeter: 910
Njål og eg på motbakketur til stølane Flyane og Øyane langt oppe i fjellsida sør for Bulken. Så på den fine skogsvegen i retning Skjeldal, til me tok rett ned ein atig kjerreveg til Liland og vidare heim.

 

MÅNDAG 20. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 3t 05min
Akk. høgdemeter: 1160
Njål og eg utforskar Vossebygda for tida! I dag starta me med å sykla opp til Skjeldal, deretter over Skarahaugen og inn til Flagestølen. Her var me på velkjente trakter, men så bar det over Skarahaugen att og ned til Hosås. Stien rett ned til Saghaugen ved Evanger var dagens nye prosjekt. Som forventa var det for bratt og steinete til at me kunne sykla noko særleg, men 10-15 minutts bæring seinare sto me nede ved E16. Deretter heim att over Eidesåsen og Bulken. Flott rundtur!

 

SUNDAG 19. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 4t 30min
Akk. høgdemeter: 1310
Njål og eg møttes som vanleg på Langebrua i Voss sentrum. I dag tok me turen til Granvin og vidare på gamlevegen til Ulvik over Vatnaset/Angerskleiv. Flott tur på terrengsykkel, mykje sti og grusveg. Over Heiane på veg ned igjen Espelandsdalen, slik at ein unngjekk asfalt der også.

 

FREDAG 17. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 4t 45min
Akk. høgdemeter: 1070
Dagens tur har eg planlagt lenge, men eg kjem nok aldri til å ta den igjen... Satte først kursen mot Bulko og Stuvaset. Planen var deretter å følga stien på austsida av Krokavatnet til Olastøl og dermed til Granvin. Hadde håpa at dette kunne bli ein ny klassisk terrengsykkel-runde. Men stien var for grov, det vart 95% bæring i ein time før eg kom til kjerrevegen på Nyastøl. Deretter bar det vidare over Skålsete før eg fulgte den bratte vegen ned til Granvinsvatnet. På veg ned til vatnet tok eg eit tur opp til Bilde, men klarte ikkje å finna kjerrevegen som i følge kartet skal føra ned til Nesheim. Vidare fulgte eg asfalten opp att til Voss. Fin tur, men som sagt blir den nok ikkje gjentatt.

 

TORSDAG 16. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 1t 55min
Andreas og eg sykla tur/retur Ulvik sentrum frå Granvin.

 

ONSDAG 15. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 2t 15min
Tur/retur Granvin sentrum. Nydeleg sommardag! Medsyklistar: Bjarte, Hans Inge, Brynjulv og Einar.

 

SUNDAG 12. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Tid: 3t 30min
Rallarvegen i strålande sol og vindstille – sommarens flottaste dag? Starta på Haugastøl og snudde 2-3 kilometer forbi Fagernut då snøfonnene etter kvart låg tettare og tettare. Har aldri opplevd maken til snø på Rallarvegen så seint på sommaren.

 

LAURDAG 11. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 5t 25min
Akk. høgdemeter: 975
Dobbeltur i dag. Starta ved Gjuvenes i Jønndalen. Hadde sett meg ut nye potensielt artige stiar og kjerrevegar innover Austvidda. Først inn til Solheimstulen og vidare sørover opp til Kruketjønne. Ned att til Solheimsstulen og opp på Skarvsfetjan til Tøddølsvatnet. Her kan ein faktisk sykla vidare på traktorsleper heilt inn til Lågaros nesten midt inne på Vidda – over 8 mil tur/retur så det blir ein solid tur sidan terrenget er krevande. Ned igjen til bilen og ein rask lunsj, før dagens andre økt. Hadde sett meg ut ein rundtur, først rett opp til Ryggehovde, så vestover rundt Rundenut og ned igjen til Solheimstulen og Jønndalen. Litt vel teknisk sti nokre stader på den 3 km lange stien vestover frå Hæratjønn, men 80% var perfekt. Nydeleg rundtur! Blir ikkje lenge til eg kjem tilbake til Austvidda, men då blir det dempar bak også, og feite dekk... Mykje artig stisykling i dette området, og på toppen av alt oppleves også traktorslepene som sti.

 

FREDAG 10. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 3t 45min
Starta ved Sønstevatn og sykla først inn Imingdalen til Kvonnevieren. Deretter sykla eg diverse traktorsleper innover vidda. Sykla også på Store Nordmannsslepa. Mykje snadder for terrengsyklistar på Austvidda!

 

TORSDAG 9. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 6t 15min
Akk. høgdemeter: 1590
Langtur på Hardangervidda. Grusvegen frå Gausetdalen forbi Kalhovd og sørover til øvre stasjon av Krossobanen rett over Rjukan er kanskje ein av dei lengste og flottaste høgfjellsvegane i Norge. Totalt vart denne turen 12 mil og stort sett heile turen går i flott høgfjellsterreng. Fantastisk utsikt mot Gaustatoppen etter kvart som ein kom lenger og lenger sør på vidda. Fint vær men kjølig.

 

ONSDAG 8. AUGUST
Fjell: Gaustatoppen (1883m)
Aktivitet: Terrengsykkel/Fjelltur
Totaltid: 4t 50min
Akk. høgdemeter: 2010
Starta i Rjukan og sykla den lange motbakken "rundt" Gaustatoppen opp til Flisetjønnskaret. Fint vær då eg starta men det begynte sjølvsagt å regne noko voldsomt då eg nærma meg toppen. Sikkert ikkje meir enn 6-8 grader der oppe så det var ein rimeleg nedkjølt og frustrert syklist som kom ned igjen til bilen etter ein lang og iskald nedkøyring. Så, etter ein god middag i Rjukan, tok eg ein kveldstur opp på Gaustatoppen. Kveldssola kasta eit heilt spesielt lys inn over fjella i nord, aust og sør. Det er verkeleg ei heilt unik utsikt frå Gaustatoppen.

 

LAURDAG 4. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 3t 10min
Akk. høgdemeter: 1120
Starta på Nesheim i Eksingedalen. Fin tur på fjellvegar heilt inn til Holskardvatnet. Sjølv om ein berre såvidt passerer 1000 moh. på denne turen var det utruleg kor mykje snø som ligg igjen. Kunne ha gått på ski i nordvendte hellingar. Gavlavatnet på 981 moh. er fullstendig islagt endå og det såg ut som om ein kunne ha gått over det på ski (men det må ein sjølvsagt ikkje finna på å gjera...). Brøytakantar på 3-4 meter ved Askjellsdalsvatnet.

 

FREDAG 3. AUGUST
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: Ca. 2t
Gjekk frå Olastøl på Espelandsdalen i Granvin opp på Stavaskard (1258m).

 

ONSDAG 1. AUGUST
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 30min
Fin tur på vegar og stiar i Herresåsen og i Bømoen. Etter 18 dagar i varmen i spanske fjell, opplevdes 19 grader her heime som kaldt!

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.