• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG JULI 2012

 

13. - 30 JULI: STISYKLING I SIERRA NEVADA I SPANIA: SJÅ BILETE

 

TYSDAG 12. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 15min
Var med Cykleklubben til Fyrjo og Jonsstølen.

 

MÅNDAG 9. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel
Akk. høgdemeter: 1010
Totaltid: 1t 45min
Sykla den lengste og brattaste motbakken på Voss, opp til Kvilehytta på Lønahorgi.

 

LAURDAG 7. JULI
Aktivitet: Ski
Fjell: Blåskavlen (1809m)
Me vakna av regndråpar i ansiktet og sjølv om værmeldingane for dagen var bra, fortsatte det å småregne utover formiddagen. Me hivde likevel skia på ryggen og traska oppover mot snøgrensa. Etter 15 minutts bæring var det på med skia, og me hadde ein flott skitur på Blåskavlen trass litt regn. Føret ned att var faktisk kjempebra. Dette var sesongavslutninga på ski, nøyaktig 8 månader og 23 dagar etter eg og Martin hadde sesongens første topptur på Vikafjellet.

 

FREDAG 6. JULI
Aktivitet: Fjelltur
Totaltid: Ca. 2t
Øyvind og eg gjekk frå Høgåsen i Aurland opp på Prest, der dramatiske kløfter i fjellet gir ein heilt spesiell utsikt ned til fjorden 1400 meter lengre nede. Me hadde med soveposar opp på Høgåsen og natta vart tilbrakt i lyngen der.

Aurland og Flåm i bakgrunnen


Liggeunderlag unødvendig. Tilnærma fullmåne i bakgrunnen.

I Aurlandsfjella er det ikkje varulv ved fullmåne, men varsau.

 

TORSDAG 5. JULI
Aktivitet: Terrengsykkel
Akk. høgdemeter: 950
Totaltid: 2t 10min
Motbakke-tur forbi Tverrberg opp til stølen innerst i Budalen. Deretter opp til Potten. Gjennom Bømoen heim igjen.

 

TYSDAG 3. JULI
Fjell: Lauvnostind (1950m)
Gjekk opp Soleibotn. I natt var det minusgrader så føret var perfekt ned att. Nydeleg vær. Gjekk på ein flokk store reinsbukkar på veg ned att. Dei gjekk på samme plass som eg såg 200 reinsdyr i påsken.

 

MÅNDAG 2. JULI
Fjell: Steindalsnosi (2025m)
Det er juli, men ingen grunn til å legge skia på hylla. Snøen ligg fortsatt jevnt på Sognefjellet. Gjekk frå Prestesteinsvatnet og opp nordryggen på Steinsdalsnosi. I fjor gjekk eg den samme turen ei veke tidligare (25. juni), men likevel var det mykje meir snø igjen i år.










Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.