• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG MAI 2012

 

ONSDAG 30. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Vassdalsnipa (1430m) og Vatnaskredfjellet (1403m) på Gaularfjellet
Akk. høgdemeter: 1700
Totaltid: 6t 10min
Fjella på sørsida av Gaularvegen stod for tur, og Nystølsskaret var utgangspunktet for dagens tur. Prøvde først å gå rett opp på Såfossenipa, men knallhard skare og 30 graders helling med stup under gjorde att eg ikkje turte å gå vidare sjølv med skarejern. Eg måtte derfor gå vestover langs Nystølsvatnet og inn Vetle Eikjadalen. Etter ein lang motbakke stod eg på toppen av Vassdalsnipa. For ein utsikt ned mot Fjærlandsfjorden og Sognefjorden! Så var det hovedmålet for dagens tur, rett ned den bratte men vide Eikjadalen. Denne såg på kartet ut til å vera heilt perfekt for stor fart, og det var den verkeleg... Med eit stort smil om munnen labba eg opp igjen 700 høgdemeter til Vatnaskredfjellet. Bratt ned att i Vetle Eikjadalen og ut denne og over vatnet attende til bilen.

Utsikt frå Vassdalsnipa (1430m) ned i Sognefjorden

TYSDAG 29. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Sunnfjordbjørnen (1615m), Gottopphesten (1492m) og Vardeggi (1406m) på Gaularfjellet
Akk. høgdemeter: 2385
Totaltid: 6t 25min
Etter eit informasjonsmøte i Fjaler passa det perfekt å ta eit par dagar på Gaularfjellet. Har lenge studert kartet over dette området og funne ut at det må vera fantastiske flankar i området. Første dagen konsentrerte eg meg om fjella på nordsida av vegen. Gjekk først opp på Vardeggi, deretter ned breen og opp på Gottopphesten. Full fart ned den gigantiske «halfpipen» Skaddalen, ein av dei flottaste linjene eg har køyrt i år. Eg fortsatte nordover over vatnet og bratt opp Vetlefjordbreen til Sunnfjordbjørnen, det høgaste punktet på Jostefonn. Samme veg ned att. Igjen ei utruleg flott nedkøyring. Opp att Skaddalen til skaret vest for Gottopphesten og rett ned sørover til Vasshaugane og bilen som sto i ein av dei øverste hårnålssvingane. For ein tur – og for eit område for toppturar!

Nydeleg nedkøyring ned Skaddalen. Sunnfjordbjørnen (1615m) er den store kuppelen til venstre.

Vetlefjordbreen går heilt ut i vatnet.

Bratt opp på austsida av brefallet på Vetlefjordbreen. Verkeleg vill natur i dette området, og langt frå nærmaste veg eller andre former for sivilisasjon.

LAURDAG 26. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Olskavlen (1576m), Nordbotnnuten (1471m) og Stavaskardsnuten (1349m)
Akk. høgdemeter: 2505
Totaltid: 6t 30min
Starta på Liaset i Granvin. Først opp på Stavaskardsnuten, så rett ned Vestrebotnen til Nordrebotnen. Opp igjen via Hestastodnuten til Nordbotnnuten og rett ned den store renna til Trollabotnen. Dagens høgdepunkt! Neste motbakke var bratt opp via Sauanuten til Olskavlen. Klarte ikkje å motstå fristelsen til å dra på ned den utruleg flotte Vestrebotnen, sjølv om føret på dette tidspunktet begynte å bli litt vel sugande. Så opp igjen på Stavaskardnuten og ned Fagerbrekkeberget til Liaset. For ein dag!

TORSDAG 24. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Olsskavlen (1576m) x 2
Akk. høgdemeter: 1715
Totaltid: 5t 10min
Dobbelttur på Raundalsryggen. Starta frå Voll. Skiene låg lagra ved snøgrensa, ca. 10 min. å gå frå bilen. Først opp på Olsskavlen, så nordaustover ned i Vetlebotnen. Flott rute opp igjen det tronge skaret til Trollavatnet, har aldri gått opp her på ski før, og vidare rett opp att på Olsskavlen. Den siste nedkøyringa gjekk rett ned den bratte flanken på nordvestsida mot Mysedalen. Nydeleg dag!

ONSDAG 23. MAI
Aktivitet: Landevegssykkel
Totaltid: 1t 30min
Bjarte, Brynjulv, Einar, Lars og eg satte kursen mot Granvin, men turen enda for meg forholdsvis brutalt i første svingen i Skjervet. Dramatisk nok i det eg slo kollbøtte over muren, men heldigvis var det kun setet som fekk seg ein smell. Kunne fort ha ødelagt både meg sjølv og karbonramma. Problemet er at det er nokre tidels milimeter forskjell i tjukkelsen på bremseskivene på terrenghjulsettet og landehjulsvegsettet mitt, dermed har eg ein utfordring med justering av bremsar kvar gong eg skiftar hjulsett. Umogeleg å fortsette utan sete, og eg måtte sykle ståande heim igjen. På toppen av alt pungterte eg på Langebrua. I dag skulle eg visst holdt meg heime og hekla...

TYSDAG 22. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Skipadalsnuten (1497m) x 3 og Seldalsnuten (1548m)
Akk. høgdemeter: 2695
Totaltid: 7t 35min
Øyvind og eg starta frå Voll i fantastisk sommarvær. I dag var det nordsida på Raundalsryggen som var i fokus. Me visste at sola ville føra til sugeføre på sørflankane utover dagen. Først gjekk me opp Skorafjellet til Skipadalsnuten (punkt 1497), deretter rett ned den flotte flanken innerst i den austre armen på Dyrebotnen. Så opp igjen på hovedtoppen på Skipadalsnuten (1497m). Ei bratt renne frå dette punktet rett ned i Fribotnen var neste utfordring. Me (i alle fall eg…) var litt usikre på denne dramatiske renna, men perfekte forhold gjorde det til ein leik. Eit minutt eller to seinare stod me 400 meter lenger nede med store smil om munnen. Perfekt! Rett opp igjen den smale ryggen vest for Fribotnen til Skipadalsnutens vestre topp (1496m). Superflanken ned nordvestsida måtte sjølvsagt køyrast når me først var på Skipadalsnuten, og den var like flott som alltid. Opp igjen samme rygg som ein time tidligare , så kort nedkøyring før dagens siste motbakke opp til Seldalsnuten. Herifrå svært bratt rett ned i Trollabotnen. Mange fine flankar i dag, men dette vart verkeleg dagens høgdepunkt. Denne flanken kan kun køyrast under gode forhold.

MÅNDAG 7. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Gråsidetoppen (1307m) x 2
Akk. høgdemeter: 1370
Totaltid: 3t 10min
Njål, Brynjulv og eg starta ved hoppbakken på Tillung og gjekk via Kalvatjørni opp på Gråsidetoppen. Eit mildt sagt skiftande vær viste seg heldigvis frå si beste side då me nærma oss toppen, og me bestemte oss derfor for å køyra rett ned flanken på framsida, rett ned mot Vangsvatnet. Til dels flott føre gjorde at me var heilt nede i Glimmesbotnen før me la på fellene igjen. Opp på Sandfjellet att og samme veg ned til Tillung som me kom opp.

SUNDAG 6. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Lønahorgi (1410m)
Akk. høgdemeter: 1130
Totaltid: 2t 20min
Kveldstur. Fekk nokre glimt av ein fin solnedgang mellom snøbygene i det eg nærma meg toppen. Flott føre nedatt, 5 cm. pudder på hard skare.

LAURDAG 5. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Stavaskardsnuten (1349m)
Akk. høgdemeter: 1015
Totaltid: 2t 25min
Gjekk frå Liaset opp på Stavaskardsnuten. Planen var å sleppa seg rett ned i Vestrebotnen, men ei kraftig snøbyge akkurat i det eg stod på toppen gjorde at eg måtte fram med GPS’en, og då var det ikkje aktuelt å køyra ned ei bratt og ukjent linje. Men 100 meter under toppen skein sola, så dagens vær var i høgste grad skiftande. Flott føre under 1200 meter.

TORSDAG 3. MAI
Aktivitet: Terrengsykkel
Totaltid: 2t 40min
Roleg sykkeltur den siste varme dagen på ei stund i følgje værmeldinga. Snudde ved Espelandsfossen i Granvin.

ONSDAG 2. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Stavaskardnuten (1349m) og Strutseggi (1137m)
Akk. høgdemeter: 1485
Totaltid: 3t 55min
Frode og eg starta frå Liaset på Espelandalen i Granvin og gjekk først opp på Stavaskardnuten. Derifrå slapp me oss bratt rett ned til Fagnastøl i Spildadalen. Den 700 høgdemeter store flanken var bada i fantastisk flott kveldssol, noko som gjorde nedkøyringa heilt spesiell. Deretter luska me opp igjen på Strutseggi for så å avslutta med den flotte fjellsida ned igjen til Liaset.

TYSDAG 1. MAI
Aktivitet: Ski
Fjell: Øvsthusnipa (1259m), punkt 1295 og Kaldanuten (1437m)
Akk. høgdemeter: 2175
Totaltid: 6t 15min
Brynjulv og eg feira 1. mai med å gå i tog i fjellsidene sør for Nærøydalen. Eit kort tog riktignok… Me starta frå Fyre ved Stalheim og gjekk først opp på Øvsthusnipa. Frå den slapp me oss ned den store gryta mot nordaust, delvis på ein stor flanke, delvis i ei flott renne. Me bremsa ikkje før me stod heilt på kanten av stupet rett over Nærøydalen. Middagshovden er ei hylle ut i dalen som har stup på tre sider - utruleg utsikt! Her har det nesten heilt sikkert aldri vore folk på ski før. Deretter opp igjen på fjellet utan namn aust for Øvsthusnipa (punkt 1295m). Utsikta og været var så flott at me vart sittande på toppen å eta lunsjen vår. Så var det den flotte flanken mot sørvest som sto for tur. Føret var fortsatt perfekt smørslush. Med store smil om munnen la med på igjen fellene, turen var på ingen måte over endå. Først litt innover Øvsthusdalen, så bratt opp ei renne til Kaldanuten, dagens høgaste. Så ned sørvestsida i blaut snø, men heldigvis ikkje antydning til sug under skia. Fellene måtte på igjen ei siste gong for å komma oss over ryggen til Øvsthusdalen, som var nordvent og dermed mykje fastare sjølv om det no begynte å bli seint på dagen. Ei flott avslutning på ein stor dag.

Me har akkurat køyrt ned renna i bakgrunnen (rett over hovudet mitt) frå Øvsthusnipa (1295m). (Foto: Brynjulv Eide)

På kanten av stupet ved Middagshovden. Rett under oss er Nærøydalen (Foto: Brynjulv Eide)

(Foto: Brynjulv Eide)

Opp att mot punkt 1295, aust for Øvsthusnipa (Foto: Brynjulv Eide)

For ein dag! (Foto: Brynjulv Eide)

Brynjulv på toppen av Kaldanuten (1437m), dagens tredje fjell.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.