• Kilimanjaro
  • Inka Trail
  • Newtontoppen
KILIMANJARO

KILIMANJARO

Me går Machame-ruta, den flottaste ruta på fjellet.

Les meir

ACONCAGUA

ACONCAGUA

Aconcagua er det høgaste fjellet i Sør-Amerika.

Les meir

MERA PEAK

MERA PEAK

Ny tur til det høgaste trekking-fjellet i Nepal!

Les meir

INKA TRAIL

INKA TRAIL

Denne turen er verkeleg Sør-Amerika i eit nøtteskall.

Les meir

ELBRUS

ELBRUS

Elbrus er Europas høgaste fjell.

Les meir

ATLASFJELLA

ATLASFJELLA

Atlasfjella i Marokko er alpine, eksotiske og varierte.

Les meir

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

EVEREST BC / LOBUCHE EAST

På denne turen kan du pirka verdas aller høgaste fjell på leggen.

Les meir

SVALBARD SKITUR

SVALBARD SKITUR

Svalbard er kanskje eit av dei flottaste arktiske naturområda i verda.

Les meir

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

NEWTONTOPPEN SKIEKSPEDISJON

Ein litt lenger og tøffare tur enn Svalbard skitur.

Les meir

MOUNT KENYA

MOUNT KENYA

Bli med til Mount Kenya-massivet i Afrika!

Les meir

SVALBARD FOTTUR

SVALBARD FOTTUR

Svalbard eksploderer i ein intens og kort sommar nokre få veker i august.

Les meir

MSAMARIA

MSAMARIA

Hjelp barna på Msamaria Center for Street Children ved foten av Kilimanjaro.

Les meir

TRENINGSBLOGG 2010

 

Sjå bilete frå Italia-turen i oktober/november 2010.

 

TIRSDAG 19. OKTOBER
Fin sykkeltur i området rundt landfestet til Storebelt-brua i Sverige (Malmø). Fantastisk byggverk! Hadde håpt at det gjekk an å sykle over, men det var ikkje lovleg. Nå sit eg på eit hotell midt i Tyskland og ventar på at bilen min er klar for neste etappe sørover. Fekk totalt motorhavari på autobahn. Men no får eg heilt ny motor og turbo på garantien, så då er det eigentleg ikkje så verst likevel...
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: Nesten ingenting

 

FREDAG 15. OKTOBER
Bømoen.
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 390

 

TIRSDAG 12. OKTOBER
Frå Totland i Samnanger opp til Kvitingen.
Totaltid: 1t 25min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 560

 

SØNDAG 10. OKTOBER
Hard tur opp til Katlavatnet på Aurlandsfjellet. Mildt til å vera 10. oktober, 10-12 grader i sola 1400 moh.
Totaltid: 1t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 480

 

LØRDAG 9. OKTOBER
Restitusjonstur Geilo - Nystøl - Gamle Skurdalsvegen. Rundt Ustedalsfjorden til slutt.
Totaltid: 2t 03min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 525

 

FREDAG 8. OKTOBER
Hard tur opp på fjella både nord og sør for Ål. Storslagen utsikt.
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1605

 

TORSDAG 7. OKTOBER
Roleg tur i fjellet vest for Bromma. Etter årets våtaste og suraste dag i går, var det i dag kort-trøye forhold. Lenge sidan sist.
Totaltid: 3t 48min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1410

 

FREDAG 1. OKTOBER
Rallarvegen frå Flåm. Snudde ved tunnellen ved Klevavatnet. Til tross for det fine været tok den iskalde vinden her så kraftig at eg fleire gonger nesten vart feid av vegen. Møtte ikkje ein einaste syklist.
Totaltid: 3t 30min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1230

 

TORSDAG 30. SEPTEMBER
Roleg tur i "skjærgården" i Øygarden.
Totaltid: 2t 25min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 780

 

TIRSDAG 28. SEPTEMBER
Brynjulv, Einar og eg inn Bordalen til Rong og opp til Almenningane. Over Herresåsen på veg heimatt.
Totaltid: 2t 20min
Intensitet: Nokon vil nok insistera på at eg skriv "høg"...

 

SUNDAG 26. SEPTEMBER
Hausten i fjella blir ikkje finare enn akkurat no. Sykla Rallarvegen Flåm - Hallingskeid - Flåm. Lite syklistar igjen i fjellet i forhold til sist tur tidleg i september.
Totaltid: 3t 25min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1370

 

LAURDAG 25. SEPTEMBER
Flott tur i nydeleg haustvær frå Stalheim opp Brekkedalen og Jordalen.
Totaltid: 3t 32min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1460

 

TIRSDAG 21. SEPTEMBER
Råsdalen i Lærdal.
Totaltid: 1t 10min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 545

 

MANDAG 20. SEPTEMBER
Roleg tur i fjella sør for Gol og Ål.
Totaltid: 2t 30min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 860

 

SUNDAG 19. SEPTEMBER
Lang tur i området Blåfjell/Vassfaret i Hallingdal. Lange motbakkar...
Totaltid: 4t 55min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 2150

 

TORSDAG 16. SEPTEMBER
På veg til Oslo stoppa eg på Sokna, dein einaste plassen det ikkje sprutregna. Fin tur oppover grusvegar mot Pipenatten.
Totaltid: 1t 18min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 580

 

MANDAG 13. SEPTEMBER
Overnatta på Valdresflya. Ei stjerneklar og kald natt vart avløyst av varm morgonsol - i alle fall varm til å vera midt i september. I dag starta eg frå Hegge i Valdres og sykla den lange fjellvegen inn til stølen Skindro ved Vinstervatnet. Norsk natur blir vel ikkje flottare enn Valdresfjell i haustfargar og strålande solskinn.
Totaltid: 2t 25min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 995

 

SUNDAG 12. SEPTEMBER
Når værmældingane lovar regn over heile landet, er det likevel stort sett alltid fint vær nord for Jotunheimen. Og heldigvis er det i dette området fantastiske mogelegheiter med terrengsykkelen. I dag hadde eg planlagt ein roleg tur opp Finndalen. I starten vart det eit kappløp oppover lia mellom meg og ei gammal dame i elektrisk rullestol. Ho hadde nok trimma den, for det var ikkje så lett å komma forbi. Til slutt seig eg forbi, men eg måtte stadig kikka meg over skuldra for å sjå om ho tok innpå igjen. Oppå fjellet måtte eg også fleire gonger vika for store saueflokkar på heimveg, tydelegvis sankedag i området.
Totaltid: 3t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 775

 

LAURDAG 11. SEPTEMBER
Hard tur opp Lundadalen i Skjåk. I kveld vidare til Turtagrø der eg skal ha foredrag på Fjellfilmfestivalen.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 635

 

MANDAG 6. SEPTEMBER
Rallarvegen i begynnande haustfargar, men i sommartemperatur. Kan ikkje bli stort betre enn det. Starta frå Haugastøl og snudde på Hallingskeid. Mange andre hadde sett værmeldingane også, så eg var ikkje akkurat åleine.
Totaltid: 4t 28min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1100

 

SUNDAG 5. SEPTEMBER
Framleis strålande haustvær. Etter den harde turen i går var det i dag ein lang roleg tur som stod på programmet. Rundt Storfjorden opp til Larsgarden. Timane går fort når fjellnaturen er så flott som her. Attende Panoramavegen som verkeleg lever opp til navnet sitt. Satsar på at solnedgangen blir like flott i kveld som i går kveld. I morgo blir det sannsynlegvis Rallarvegen frå Haugastøl.
Totaltid: 3t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 820

 

LAURDAG 4. SEPTEMBER
Overnatta ved Tisleifjorden på Golsfjellet. Og for ein leirplass - utruleg flott då sola gjekk ned bak Skogshorn. I dag har eg hatt ein av sommarens flottaste turar. Over Flæin og rundt Grønsennknipa. Nesten litt rart at eg aldri før har tenkt tanken at det må vera bra terrengsykkel-mogelegheiter i dette området. Nokre kilometer på sti vart det også. Leiren er flytta opp på Flæin, her ser eg mesteparten av fjella i Norge (føles i alle fall slik...). Jotunheimen, Reineskarvet, Hallingskarvet, Hardangervidda osv.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 890

 

FREDAG 3. SEPTEMBER
Frå Filefjell inn Valdresdalen og ned Vikadalen mot Naddvik i Årdalsfjorden. Denne lange anleggsvegen kan måla seg med Rallarvegen når det gjeld naturopplevingar. Det var eit par minusgrader i natt, og det er eit friskt haustdrag i lufta også på dagtid. 2000-meter toppane i Jotunheimen lyser kvitt i bakgrunnen, og haustfargane har begynt å komma fram. Kan det bli flottare?
Totaltid: 3t 27min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1065

 

TORSDAG 2. SEPTEMBER
Motbakke-dag! Frå Borgund opp anleggsvegen nesten opp til 1500 moh. Ned Nesdalen på andre sida av fjellet. Dette er ein blindveg, så eg måtte opp igjen nesten 400 høgdemeter på returen.
Totaltid: 2t 41min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1405

 

SØNDAG 29. AUGUST
Rask runde innover Bordalen.
Totaltid: 50 min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 410

 

TORSDAG 26. AUGUST
Andreas og eg starta i Trå. Fin tur over Espelandsdalen ned til Ulvik sentrum. Pøsregn der gjorde at me ville heim til Granvin igjen. Rundt Granvinsvatnet til slutt.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 675

 

MANDAG 23. AUGUST
Gjennom Bømoen, bratt opp til Skredhovden.
Totaltid: 1t 43min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 685

 

TORSDAG 19. AUGUST
Opp via Hjelle, inn Bordalen og opp over Almenningane til Helgaset.
Totaltid: 2t 12min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1015

 

MANDAG 16. AUGUST
Løyper og stiar i Bømoen, og ein tur opp til Fennastølane.
Totaltid: 2t 02min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 775

 

SUNDAG 15. AUGUST
Inn Raundalen til Mjølfjell og opp den flotte Rjoandalen. Ein av sommarens varmaste dagar.
Totaltid: 3t 36min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1160

 

LØRDAG 14. AUGUST
Arne og eg sykla inn Raundalen til Urdland og vidare opp til stølen Fyrjo. Så ned igjen på Vangen og opp Bordalen via Hjelle. Strålande sommarvær!
Totaltid: 3t 02min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1185

 

ONSDAG 11. AUGUST
Rundt Vangsvatnet, opp Dyrvedalen til stølane Dale og Kviting.
Totaltid: 1t 42min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 755

 

TIRSDAG 10. AUGUST
Trond, Ørjan og eg tok nesten identisk rute som i går (inn Bordalen via Gjelle og over Herresåsen) + ein runde rundt Vangsvatnet.
Totaltid: 3t 12min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 885

 

MANDAG 9. AUGUST
Rask tur inn Bordalen via Gjelle og over Herresåsen.
Totaltid: 1t 35min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 785

 

SØNDAG 8. AUGUST
Bulken - Bergsdalen - Bulken
Totaltid: 2t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 940

 

ONSDAG 4. AUGUST
Hadde leiren på ein liten fjelltopp aust for Nesheimsfjellet. Starta dagens etappe med å trilla ned til Nesheim. Deretter inn til Gullbrå og vidare opp til Grøndalsvatnet. Ned igjen og bratt opp til bilen på Nesheimsvatnet igjen. (Såg forresten nordljoset i natt, mellom skyene langt i nord).
Totaltid: 1t 41min
Intensitet: Middels

 

TIRSDAG 3. AUGUST
Lang tur frå Mo inn Modalen og opp forbi Stølsvatnet så langt anleggsvegen går. 15 grader, vindstille og skya = perfekt sykkelvær.
Totaltid: 3t 35min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1105

 

MANDAG 2. AUGUST
Været er stadig betre enn værmeldingane, så eg tar igjen sjansen på ein tredagers. I kveld starta eg på Nesheim innerst i Eksingedalen. Dei som kjenner meg veit at eg alltid har likt dårleg å sykla på asfalt, men av og til er det greit med litt avveksling. I dag bar det derfor nedover dalen til Eidslandet. Fine sykkelforhold i den øde Eksingedalen, det var ikkje mange bilane eg møtte i løpet av turen.
Totaltid: 3 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 580

 

LØRDAG 31. JULI
Rask tur over Kyte, innover Raundalen og opp til Jonsstølen og deretter Fyrjo.
Totaltid: 2t 24min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1095

 

TORSDAG 29. JULI
Satsa på å sykla Råsdalen (i Lærdal) til endes denne gongen. Det er lang tur som innebærer nesten 1500 meter stigning. Få andre vegar i Noreg går så høgt som denne. Men på samme måten som tidleg i juni var vegen også no steng i Hola pga. rassikringsarbeid oppe i den stupbratte fjellsida. Dagens tur vart derfor ein god del kortare enn planlagt.
Totaltid: 1t 17min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 505

 

ONSDAG 28. JULI
Overnatta på Valdresflya. Hadde tenkt meg vidare til Lom, men værmeldingane i dag tidleg lova regn der, men fortsatt sol og varmt sør for Jotunheimen. Og ein kjapp titt nordover og sørover bekrefta dette. Beslutninga om å køyre sørover igjen var derfor lett. Huldreheimen, det store fjellområdet mellom Valdresflya og Gudbrandsdalen, er eit eldorado for lange turar med terrengsykkelen. Fine og grove fjellvegar går over alt, og når du kjem opp på toppane har du eit vidsyn som nesten tar pusten frå ein vestlending som er vant med stupbratte fjellsider. Starta på Hegge sør for Beitostølen. Storeskag var endestasjonen, men var også blant anna inn til Kjølastølen og Bergset.
Totaltid: 3t 35min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1180

 

TIRSDAG 27. JULI
Overnatta i bilen i Båtskardet nordvest for Beitostølen. Sykla rundt Øyangen og på skogs- og fjellvegar over til Vang i Valdres. Så opp fjellvegen som går over Slettefjellet, heilt opp til eit utruleg flott utsiktspunkt på 1300 m. Her ser du mykje av Jotunheimen i nord, men utsikta sørover er nesten like imponerande. Så inn til Sleipestølen før eg la kursen mot Beitostølen igjen, og opp til Båtskardet.
Totaltid: 5t 20min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1895

 

MANDAG 26. JULI
Frå Lærdal opp gamlevegen (over Aurlandsfjellet). Lang motbakke!
Totaltid: 2t 01min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1190

 

LØRDAG 24. JULI
Flott tur i perfekt vær frå Nesheim på anleggsvegane nord for Eksingedalen, til Holskardvatnet og Askjedalsvatnet.
Totaltid: 3t 12min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1100

 

FREDAG 23. JULI
Starta frå Evanger sentrum. Inn Teigdalen og over Nesheimsfjellet til Nesheim øverst i Eksingedalen. Hadde skikkeleg gode bein i dag, så det gjekk fort begge gongene over fjellet.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 995

 

SØNDAG 18. JULI
Inspirert av Schleck og Contador vart det hard "mini-fjelletappe" i dag. Opp Bordalen via Gjelle og vidare opp til Herresåsen og innover langrennsløypa eit stykke.
Totaltid: 1t 05min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 615

 

LØRDAG 17. JULI
På asfalt frå Vinje opp på Vikafjellet, så inn anleggsvegen til Kvilesteinvatnet.
Totaltid: 3t 48min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1435

 

ONSDAG 14. JULI
Rask tur frå Gol over Skifuruåsen til Nesbyen. Flotte øde fjellvegar, såg 3 elgar.
Totaltid: 2t 20min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 720

 

LØRDAG 10. JULI
Rask tur opp Råsdalen i Lærdal til Øydalsfossen.
Totaltid:1t 15min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 570

 

FREDAG 9. JULI
Starta på Tuv rett nord for Hemsedal og sykla inn Mørekvamdalen til Kljåen Turisthytte, dei siste 5 kilometrane på kjerreveg/sti. Var også inn Bulidalen. I dag hadde eg medvind begge vegar. Veldig spesielt – som regel er det jo motsatt.
Totaltid: 3t 17.min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 650

 

TORSDAG 8. JULI
Frå Borgund i Lærdal går det ein anleggsveg rett til himmels, opp til 1425 meter over havet. Sykla ikkje heilt til endes i dag, men snudde omtrent på det høgaste. Vart liggande bak ei stor gravemaskin i 10 minuttar før eg kom forbi på veg nedatt, den køyrte i 2 km/t… Såg ein rev i skogen.
Totaltid:1t 50min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 950

 

TIRSDAG 6. JULI
Kort, rask tur på skogsvegen frå Skjeldal i retning Vannjolo. Skremde ein hjort skikkeleg, han sto i veggrøfta i det eg kom rundt svingen.
Totaltid: 1t 20min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 400

 

LØRDAG 3. JULI
Lang tur på øde fjellvegar og stiar i området sør for det majestetiske Reineskarvet. Her er det mogeleg å vera i dagevis utan å sykla dei samme vegane og stiane meir enn ei gong. Varmt og fint i dag også, men flaks skal ein jo ha... akkurat då eg kom tilbake til leiren kom det ei kraftig regnbyge som varte i over ein time.
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 890

 

FREDAG 2. JULI
Overnatta på ei 15 cm. tjukk og superkomfortabel lavseng i fjella sør for Reineskarvet. I dag sykla eg heilt inn til Mjølgevatnet nord for Tovik og Djup. I dette området kryr det av flotte grusvegar som ledar langt innover i det øde fjell-landskapet. Møtte fire bilar totalt i løpet av fire timar! Også mange fine stiar å sykle på i dette området.
Totaltid: 4 timar
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 920

 

TORSDAG 1. JULI
Starta i Vassbygdi i Aurland. Opp den flotte Midjedalen går det ein bratt stølsveg/anleggsveg heilt opp til 1050 meter over havet. Og å beskrive den som bratt er ikkje å overdrive… Ei kongeørn sirkla høgt over meg mens eg tok ein liten kvil på det høgaste punktet, før bremsane fekk gjennomgå på veg nedatt..
Totaltid: 1t 50 min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 995

 

TIRSDAG 29. JUNI
Vakna i Lyngen ved Tyinvatnet etter ei uroleg natt. Ein rypestegg og ein gjøk som tydelegvis konkurrerte om kven som hadde den akustiske kontrollen i den varme sommarnatta, sørga for det. På toppen av alt vakna eg på morgonkvisten med eit rykk av at ein katt satt og titta ned på meg i soveposen. Etter det innledande sjokket (for oss begge) fant me tonen og han låg rett ved sida av meg fram til eg sto opp. Etter frukost køyrde eg til Vang og la i veg oppover lia mot Helin-vatnet. Vidare over Smådalsfjellet og ned Smådalen til Øynannstølen. Lang, hard tur i fantastisk flott fjellnatur.
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1445

 

MANDAG 28. JUNI
Regna hølja ned på Voss, men i Jotunheimen var det varmt og flott vær. Sykla frå Tyin langs Tyinvatnet, inn Koldedalen til foten av Falketind.
Totaltid: 2t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 450

 

SUNDAG 27. JUNI
Flott tur i Brekkedalen og Jordalen.
Totaltid: 3t 34min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1140

 

TORSDAG 24. JUNI
Hard tur frå Øvre Eidfjord opp den spektakulære gamlevegen i Måbødalen. Vidare opp og inn Isdalen.
Totaltid: 2t 10min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 905

 

ONSDAG 23. JUNI
Kveldstur på Rallarvegen. Starta frå Haugastøl, snudde 3-4 km forbi Finse. Måtte krysse eit par små snøfenner men ellers perfekte forhold. Varmt og fint, sykla i kort heile vegen.
Totaltid: 3t 40min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 585

 

SUNDAG 20. JUNI
Rjoandalen er ei perle av ein dal som forsvaret stenger oss ute frå til vanleg. Derfor lurt å satsa på ein sundag om ein vil unngå å bli levande blink...
Totaltid: 2t 41min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 860

 

LØRDAG 19. JUNI
Roleg tur på asfalt frå Bulken til Hamlagrø og attende.
Totaltid: 2t 36min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 730

 

TORSDAG 17. JUNI
Starta på Skjeldal. Kort tur på bratte grusvegar opp til Flagastølen og Hyljarås.
Totaltid: 1t 25min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 675

 

ONSDAG 16 JUNI
Lang tur frå Stalheim inn Brekkedalen og Jordalen. Så ned i Nærøydalen (hadde med hodelykt til tunnellane). Måtte ein tur ned og sjå på det store steinraset som gjekk frå toppen av Nebbet i dag tidleg. Steinstøvet dekka det meste. Hard avslutning av turen rett opp Stalheimskleiva.
Totaltid: 3t 50min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1420

 

MANDAG 14. JUNI
Sykla frå Oppheim rundt Oppheimsvatnet og opp Brandsetdalen.
Totaltid: 1t 25min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 475

 

SUNDAG 13. JUNI
Frå Bulken rett opp til Steine og vidare innover til stølane i Lauvdalen. Så inn neste dal til Kvitlastølen.
Totaltid: 2 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 885

 

TORSDAG 10. JUNI
Eg og Brynjulv sykla Rallarvegen frå Flåm til Hallingskeid og ned igjen. Kjempeflotte forhold og nydeleg vær.
Totaltid: 4 timar
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1325

 

MANDAG 7. JUNI
Starta på Urdland. Sykla inn til Gravhalstunnellen på Upsete. Snøfritt heilt inn.
Totaltid: 3t 22min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 845

 

SØNDAG 6. JUNI
Fjelltur på Finnbunuten på Vikafjellet. Første litt lengre fjelltur. Nydeleg vær, men kjølig vind.
Totaltid: 1t 34min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 435

 

LØRDAG 5. JUNI
Sykla først inn Dyrvedalen og på diverse skogsvegar på vestsida av dalen. Så på asfalt opp til Hodnaberg, der eg tok eit par timars pause på besøk hjå Brynjulv og familien på hytta.
Totaltid: 3t 36min
Intensitet: Høg
Akk. høgdemeter: 1410

 

FREDAG 4. JUNI
Sykla inn Bordalen via Gjelle. Frå Rong opp grusvegen over Almenningane og vidare på den nye vegen som går rundt til andre sida av Veskreshorgi, til Helgaset. Eit einsleg reinsdyr gjekk i lia over stølen.
Totaltid: 2t 59min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 995

 

ONSDAG 2. JUNI
Rallarvegen. Starta i Flåm sentrum. Kom heilt opp til den korte tunnellen under jernbanelinja ved Klevavatnet før snøen stoppa meg (tunnellen var ful av snø). Roleg tur, men vanskeleg å halda pulsen nede rett opp den stupbratte Myrdalssvingane, For så vidt vanskeleg å halde pulsen nede ned igjen også...
Totaltid: 4t 13min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1200

 

TIRSDAG 1. JUNI
Lærdal. Først opp den ville Råsdalen, men 550 moh. var det stengt for all ferdsel. Det hang klatrarar langt oppe i det vertikale berget som dreiv og bora og sprengte ned store, lause blokker. Deretter ein runde nede i Lærdal, og så til slutt inn Tynjadalen til tunnellen (tverrslaget for Lærdalstunnellen).
Totaltid: 4t 10min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 1050

 

MANDAG 31. MAI
Lang motbakke i den flotte sommarvarmen. Starta i Aurland sentrum og sykla gamle Lærdalsvegen til topps. Vegen var stengt litt over tregrensa, men den var likevel brøyta heilt opp til det høgaste punktet rett over 1300 moh. Det var også ei vegstenging lenger nede, men den var på grunn av eit stygt uhell rett før eg sykla forbi på veg oppover. Ei gravemaskin hadde gått kast i kast nedover den stupbratte lia. Tre store kranbilar prøvde å dra den store maskina den lange vegen opp igjen til bilvegen, men det var definitivt ikkje eit enkelt prosjekt. Så vidt eg forsto hadde førareren klart å hive seg ut før det gjekk heilt gale. Englevakt!
Totaltid: 3t 07min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1305

 

LØRDAG 29. MAI
Starta på Evanger og sykla inn Teigdalen og oppover anleggsvegen mot Volavatnet. Var usikker på kor høgt til fjells eg ville komme, men eg kom faktisk nesten heilt opp til dammen før ei stor snøfonn stoppa vidare framdrift.
Totaltid: 2t 54min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 835

 

FREDAG 28. MAI
Fin tur innover Espelandsdalen i Granvin/Ulvik, rundt Solsævatnet og på mange andre fine skogsvegar i området.
Totaltid: 2t 42min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 695

 

ONSDAG 26. MAI
Lett intervalltrening på den fine skogsvegen mellom Vannjolo og Skjeldal.
Totaltid: 1t 40min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 605

 

TIRSDAG 25. MAI
Sykla frå Urdland nesten til ungdomsherberget på Mjølfjell. Regn (og snø!) gjorde at eg snudde der og satsa heller på grusvegen innover Rjoandalen. Men der var det skyteøvelse, og då det begynte å snø også der var det full fart ned igjen til bilen.
Totaltid: 2t 18min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 635

 

SØNDAG 23. MAI
Starta på Tingvang i Valdres. Vegen gjekk først bratt opp til Rollistølen. Så på raske grusvegar over flyer og fjell innover viddene. Trudde dette ville bli ein kjølig tur, men sola varma og utsikta både til Jotunheimen og andre fjellområder var formidabel. Sykla inn til Fullsenn før eg snudde.
Totaltid: 3t 34min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 765

 

LAURDAG 22. MAI
I går kveld hadde eg eit informasjonsmøte i Lom med ei stor gruppe som har bestilt ein privat ski-ekspedisjon til Svalbard neste vår. Sidan eg først var på desse kantar og været definitivt var betre aust for vannskillet enn på Vestlandet, tok eg meg i dag ein fin sykkeltur frå Randsverk. Starta ved det kjente Ridderspranget og sykla etter kvart oppover Murudalen til Nysætrin (920m) der det ikkje var brøyta lenger. Fin tur på delvis raske og delvis dårlege grusvegar. Dagens dyre-episodar innbefatta to orrhøner og ein rev. Spesielt opplevelsen med reven var uforgløymeleg. Eg kom oppover ein dårleg skogsveg då eg såg den langt framfor meg. Han (eller ho) gjekk i same retning som eg sykla og dermed såg han ikkje meg. Etter kvart vart det eit mål å komma så nærme som mogeleg før han oppdaga meg. På omlag 30 meters avstand knakk eg ein kvist og i løpet av nokre milisekund var han langt inne i skogen. Artig – det er definitivt lettare å sjå ville dyr på austlandet enn i fjella heime, hat faktisk sett tre revar og to elgar den siste veka.
Totaltid: 3t 11min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 675

 

TORSDAG 20. MAI
I dag var utgangspunktet Herad rett aust for Gol. Vegen over til Bagn er ei perle for lange treningsturar på terrengsykkel. 25 varmegrader og bratt motbakke den første halvtimen gjorde at eg fekk både sveitta og slita skikkeleg. Men etter kvart som den verste stigninga var tilbakelagt merka eg at musklane verkeleg begynner å komme i humør igjen. Det gjekk unna innover mot det aller høgaste punktet litt over 1000 meter, der det begynner å nedover mot Bagn igjen. Eg koste meg i lyngen i varmen med ein medbrakt mini-piknik før eg returnerte ned igjen til bilen. Dagens dyremøte var ein stor flott rev som kryssa vegen rett framfor meg.
Totaltid: 2t 24min
Intensitet: Middels
Akk. høgdemeter: 860

 

ONSDAG 19. MAI
I forbindelse med eit informasjonsmøte som eg holdt i Nesbyen i går kveld, valgte eg å ta eit par treningsdagar i området. Fjella på austsida av Hallingdalen innbyr til lange terrengsykkelturar på både raske og gode grusvegar, men det er også mange grovare og utfordrande traktorvegar og stiar. I dag var eg nesten opp på Vardefjell, men måtte snu på rundt 940 meter då det vart for mykje snø. Fantastisk utsikt sørover mot Vassfaret og vestover mot Hardangervidda. Ein ung forvirra elg og ei stor røy i vegkanten toppa opplevelsen denne første verkeleg varme dagen i år.
Totaltid: 3t 36min
Intensitet: Roleg
Akk. høgdemeter: 1005

 

TRENINGSBLOGGEN I GANG IGJEN
Etter over 10 månader i ro begynte eg så smått å sykle igjen i begynnelsen av april. Formen var som forventa laber, men det gjekk fort framover. Det einaste eg måtte gjera med terrengsykkelen var å snu bremsehendlane på baksida slik at eg bremsar med tommelen. Bremsing er uansett kun for pysar... Etter kvart vart turane lenger og smått om senn begynte musklane å svare når eg ba dei om litt trøkk. Det var utruleg godt å komma i gang igjen. Aldri har våren lukta så godt og løvet vore så grønt som denne våren. På oppfordring drar eg derfor i gang treningsbloggen min igjen.

Nyheitsbrev

Registrer epost-adressa di her for å motta nyheitsbrev med jamne mellomrom.